Gå til innhold
Arkivverket

Johan Albert Jakobsen, fødd i Borge 1867 - konfirmert 1882 - kvar vart det sidan av denne karen? - Amerika?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Johan Albert Jakobsen, fødd på Smedvik i Borge, Lofoten 6.5.1867 som son av fiskar Jacob Bardo(son) og kona Beret Larsdotter, vart konfirmert i Borge i 1882

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Borge, Ministerialbok nr. 880A06 (1869-1887), Konfirmerte 1882, side 225.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6651&idx_id=6651&uid=ny&idx_side=-223
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070209660599.jpg)

 

men forsvinn so for meg!  Eg finn han ikkje i FT1900 og heller ikkje i FT1910, eller har eg kan henda oversett noko?

 

Dei fleste søskeni hans vart buande i Borge; berre ein yngre bror flytte til Bø i Vesterålen, medan ein eldre bror utvandra i 1905 til Amerika.

 

Er det mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden til Johan Albert?  Kanskje utvandra ogso han til Amerika?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...

Det er ei glede for meg i kveld å henta fram att dette emnet frå januar som til i dag har stått utan svar.

 

Eg greidde aldri å finna Johan nemnd mellom emigrantane til Amerika over Trondheim, men i kveld freista eg ancestry.com med «random search» etter Johan Albert Jacobson, og jamen fann eg han so å seia med ein gong!  Faktum er eg fann alt eg mangla av opplysningar bortsett ifrå ein detalj:

 

* Utvandringsåret hans?

 

Her følgjer eit utdrag frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johan Albert Jacobson, kjend som John A. Jacobson, f. i Borge 6.5.1867, utvandra til Amerika i

 

     ¤¤¤¤¤ (utvandringsåret hans? – 1892 eller 1893? – FT1930 seier 1887!)

 

     og gifte seg i Grand Forks Co., N.D. 5.11.1901 med Albertine Christine, kjend som Christine Hanson, f. i Houghton Co., Mich. 14.8.1877.  John og Christine slo seg kring 1903 ned som farmarar i Cedarhome precinct, Snohomish Co., Wash., men flytte på 1910-talet til ein farm i Cliff precinct, Snohomish Co., Wash. der dei sidan budde levetidi ut.  John d. i Snohomish Co., Wash. 9.3.1942, medan Christine Jacobson d. i Mt. Vernon, Wash. 24.12.1969.  Dei fekk sju born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Greier nokon å finna utvandringi hans, ville eg verta svært so glad!

 

Eg takkar nok ein gong so mykje for hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Ann-Mary for interessante innlegg!

 

Alderen stemmer då ganske so bra på denne emigranten frå 1887, 21 år.  Eitt års avvik må ein godta, men er det han?

 

Som Ann-Mary seier, FT1910 gjev utvandringsår 1893, medan FT1920 gjev utvandringsår 1892.  So har me FT1930 som seier han utvandra i 1887!  Dødsattesten hans frå 1942 seier han hadde vore 45 år i Amerika!

 

Eg veit ikkje; kyrkjeboki for Borge har ingen emigrantar som høver med Johan Albert...

 

Kan namni på dei Johan Jacobsen reiste i lag med i 1887 hjelpa oss på veg?  Og kvar siglde den skuta ifrå?

 

Eit kjapt søk syner at:

 

* Abraham Olson, f. i Farsund 1859

* Martinus Gunvaldson, f. i Kristiansand 1855

* Jonas R. Andreason, f. i Farsund 1865

 

alle utvandra over Kristiansand med Thingvalla Line 4.3.1887, og på same lista finn me òg ein

 

* Johan Jakobsen, f. i Farsund 1866

 

Då er det heilt klart at «kandidaten» til Grethe frå 1887 IKKJE kan vera «vår» mann!

 

So kva gjer me no?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra Geni.com:

https://www.geni.com/people/John-Albert-Jacobsen/5604885528990128422

 

About John Albert Jacobsen

Came from Lofoten Norway at about age 19. He had 6 brothers. He came to Astoria, Oregon and went to Canada or Alaska -- ran a trading post.. Stories are that he traveled with an Indian friend around the area. John & Christina came by boat from Ballard to Stanwood about 1910. He helped build the locks in Ballard.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for eit spennande og utfordrande innlegg!

 

Det er absolutt mogeleg at Johan kan ha utvandra til Astoria, OR og at han òg ei tid budde i Canada, men han gifte seg i Grand Forks Co., ND i 1901 og budde nær Grand Forks, ND til han og Christine flytte til Snohomish Co., WA eit par år etter!

 

Dersom det er rett at Johan var 19 år ved utvandringi, skulle han ha reist over i 1886, men kvifor er han ikkje i nokon passasjerlister?

 

Faren til Johan Albert var kjend som Jacob BARDO, og fleire av søskeni skal tidvis ha skrive seg Bardo.  Kan Johan vera registrert med Bardo som ættenamn då han utvandra?  Eg har ikkje sett han med dette namnet heller, men eg kan ha oversett han, eller namnet er «forvanska»...?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips om Johan Albert og held framleis fingri krossa...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Johan Albert Jacobsen is my Great Grandfather. I have been trying to find his travels from Borge, to USA to marry Albertina in Grand Forks, ND.... Her family is from Norway, Her father Jakob LInd Hansen 1852-1945 , son of Marit Hermansdattter Coucheron, 1818-1863.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Thank you very much. Mark, for your messageon this topic!

 

As you may have noticed, the emigration year for Johan Albert Jacobsen is indeed a big «challenge»...  If he could only be located in passenger records in Canada or in the US...

 

As far as Albertina is concerned, her parents were Jakob Lind Hansen, born Apr. 21, 1852 at Lavik in Gratangen parish and Jakobine Marie Andreasdatter, born May 27, 1852 at Selnes in Gratangen parish.  They emigrated in 1876:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/6725/389

 

Thanks again for your interest.  A friend of mine is actively trying to locate further details about Johan Albert's emigration!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jakob and Jakobine both immigrated to USA also, lived with Johan and Albertina in Stanwood , WA, they show on Census. They are also buried in Freeborn Church Cemetary and Albertina (Christine) is buried in Mount Vernon, WA. I found Johan father, Jacob Bardo and the brothers and sisters and will be going to Svolvear, Norway in June to visit many unknown family...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.