Gå til innhold
Arkivverket

Johan Olaus Johansen/Johannessen - fødd Hadsel 1868 - utvandra 1900/1904 - kone og born omkom ved Rockall 1904 - utvandringi hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Johan Olaus Johansen, òg kjend som Johan Johannessen, fødd på Haukenes i Hadsel 18.10.1868, gifte seg i Hadsel 26.6.1890 med:

 

Elina Sophie Hansen, fødd på Vik i Hadsel 3.1.1867.

 

Johan var fiskar, men parfolket budde nokre år som gardbrukarar på Vik i Hadsel (inkl. 1900), men so utvandra Johan til Amerika, og i 1904 følgde Elina etter, MEN Elina og dei seks borni deira omkom då emigrantskuta D/S Norge forliste ved Rockall 28.6.1904!

 

Den seinare lagnaden til Johan i Amerika er ukjend.

 

Eg har to spørsmål her:

 

* Er det mogeleg å finna utvandringi til Johan Olaus Johansen/Johannessen mellom 1900 og 1904?

 

* Er det mogeleg å finna ut noko om lagnaden til Johan i Amerika?  Der er eg heilt «blank»!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for imponerande oppdagingar!

 

Eg hadde ikkje tenkt på at John kunne kalla seg for Vik i Amerika, og med eitt kjem det fram mange spennande opplysingar på ancestry.com, mellom anna fleire family trees!  Desse har gjeve meg alle dei opplysningane som eg treng om lagnaden til John og andre kona hans, bortsett ifrå ein einaste detalj:

 

* Nøyaktig dato og stad for dødsfallet til John Vik i 1958?

 

Men dette svaret lyt me nok henta frå arkivi i Wisconsin...

 

Nok ein kjempetakk, Sven, for eit nytt «gullskòt»!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Pål for interessant kommentar!

 

Eg ser at Johan var busett i Sortland då han utvandra i 1903 (sjå innlegg #3 over), men FT1900 syner då at huslyden budde i Hadsel: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037541005206

 

So no vart eg i stuss...  Kva for ein gard Vik var det Johan og Eline budde på?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Pål for ny melding!

 

Etter det du seier, lyt me tru at det var Vik i Hadsel denne huslyden budde på, noko som òg høver bra med FT1900...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.