Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Skuleson Bagge på Urnes i Hafslo (1631-1710) og dei seks borni hans - med greiner til m.a. Årdal, Lærdal, Vågå og Bergen - utfordrande ætt?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Delar av denne huslyden, som er ein del av bygdebokmanuskriptet mitt for Luster (Hafslo), har vore drøfta i tidlegare debattar, mellom anna:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/111299-25644-martha-marit-olsdotter-bagge-hafslo-gift-2-x-paa-skjesvold-i-vaagaa-oppl/?hl=%2Bmarit+%2Bv%C3%A5g%C3%A5+%2B%C3%B8yane

 

https://forum.arkivverket.no/topic/188962-tyding-av-skifteaarotokoll-vaagaa-1763/?hl=%2Bmarit+%2Bv%C3%A5g%C3%A5+%2B%C3%B8yane

 

https://forum.arkivverket.no/topic/188943-hans-johnson-og-guri-olsdotter-fraa-grov-i-hafslo-til-bergen-1740-aari-lagnad/?hl=%2Bmarit+%2Bv%C3%A5g%C3%A5+%2B%C3%B8yane#entry1600054

 

og stykkevis ogso fleire andre stadar.  No har eg etter beste emne freista samla dei «lause» trådane i dette nye emnet der eg vonar det let seg gjera komma fram til eit samla oversyn over denne ætti med opphav i den gamle embetsmannsætti BAGGE!

 

Eg saksar frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Skuleson Bagge, opphavleg frå Urnes, var f. kring 1631 og d. truleg på Urnes kring 1710.  Han gifte seg kring 1665 med Guri Knutsdotter frå Hæri i Luster.  Ho var f. i Luster kring 1642 og d. kan henda på Urnes kring 1700.  Ole og Guri var først gardbrukarar på Urnes fram til kring 1673, då dei byte seg til indre Eikjo, men kring 1687 kom dei attende til Urnes, og her vart dei buande levetidi ut.  Dei fekk seks born i lag:

 

 1. Gro Olsdotter, f. kring 1666,

Gro Olsdotter flytte

 

¤¤¤¤¤ (gift første gongen med Christen Soue i Sogn, sidan attgift med Sjur Flammer – bustad og lagnad? – Gro d. før 1740!)

 

Gro fekk to døtrer, ei frå kvart av ekteskapi:

a. Mari Christensdotter (1690-1750), vart gift med husmann Thomas Clemmetson på Farnes i Årdal (1685-1750), opphavleg husmannsson frå Hamni under Sjøtun i Hafslo (s.d.).

b. Margretha Sjursdotter, f. kring 1695,

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka alder, 73 år ved dødsfallet!)

 

     gravlagd frå Sandviken i Bergen 18.5.1768.  Ho gifte seg i Årdal 13.10.1726 med Torsten Einerson frå Dalaker i Årdal, f. i Årdal kring 1697.  Han vart gravlagd frå Sandviken i Bergen 25.2.1769. 

 

     ¤¤¤¤¤ (budde ei tid i Amla i Sogndal, var 1751 i Nordhordland – frå før 1763 i Sandviken)

 

     Dei fekk

 

     ¤¤¤¤¤ (kor mange born? – inkl.:

            * Ingeborg Torstensdotter, døypt i Årdal 24.6.1727

            * Einer Torstenson, døypt i Sogndal 1.3.1732

            * Sjur Torstenson, døypt i Sogndal 6.5.1734

            * Gjertrud Torstensdotter, døypt i Sogndal 2.7.1735

            * Gjertrud Torstensdotter, døypt i Sogndal 19.8.1736

            * NN Torstensdotter, døypt i Sogndal 8.3.1739)

 

 2. Kari Olsdotter, f. kring 1669,

Kari Olsdotter flytte í ung alder til Lærdal der ho 27.12.1711 gifte seg med enkjemannen Lars Lasseson frå Hauge i Lærdal.  Han var son av gardbrukar Lasse Larsson på Hauge og den ukjende kona hans og f. i Lærdal klring 1662.  Han gifte seg første gongen i Lærdal kring 1695 med Gjørond Bårdsdotter frå Hegg i Borgund, Lærdal.  Ho var dotter av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hennar?)

 

og f. i Lærdal kring 1670, men d. på Hauge kring 1705. 

 

¤¤¤¤¤ (sjekka leveåri hennar?)

 

Lars tok over som gardbrukar på heimebruket på Hauge i Lærdal og budde der levetidi ut.  Lars vart gravlagd frå Hauge 29.3.1736, medan Kari vart gravlagd same staden 10.12.1739.  Lars fekk ein son, som var frå første ekteskapet hans.

 

 3. Martha Olsdotter, f. kring 1674.

Marit Olsdotter flytte rimeligvis som tenestejente til Vågå i Gudbrandsdalen og gifte seg truleg der

 

¤¤¤¤¤ (år for vigsli? – før 1740!)

 

med enkjemannen Knut Arneson frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hans?)

 

og truleg f. i Vågå kring 1663.  Han gifte seg første gongen

 

¤¤¤¤¤ (detaljar kring første vigsli med Marit Rasmusdotter – leveår m.m.?)

 

Knut var gardbrukar på

 

¤¤¤¤¤ (tidleg bustad? – kvar budde han i 1723?)

 

men han og Marit Olsdotter flytte sidan til Skjesvold nordre i Vågå der Knut d. ?.9.1749.  Marit gifte seg 19.7.1753 att i Vågå med enkjemannen Thore Johnson frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?).

 

Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hans?)

 

og f.

 

¤¤¤¤¤ (fødselsåret hans?)

 

¤¤¤¤¤ (opplysningar om første ekteskapet hans?)

 

Thore hadde før vore gardbrukar på Holen i Vågå, men flytte med Marit til Skjesvold søndre der Marit d. ?.4.1762.  

 

¤¤¤¤¤ (seinare lagnad for Thore? – dødsfallet hans?)

 

Marit fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men Knut hadde ei dotter frå første ekteskapet sitt, medan Thore hadde

 

¤¤¤¤¤ (kor mange?)

 

born frå første ekteskapet sitt.

 

 4. Gunnhild Olsdotter, f. kring 1677,

Gunnhild Olsdotter har sikkert vore gift ein gong i ung alder, men første mann hennar d. truleg kring 1730, for 2.12.1731 gifte Gunnhild seg (att) i Lærdal med Isak Andersson frå Fodnes i Lærdal.  Han var son av husmann Anders Isakson på Fodnes og kona Anna og f. i Lærdal kring 1698.  Isak og Gunnhild fekk ein husmannsplass i Hagen under Hauge i Lærdal der Gunnhild d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsfallet hennar?)

 

Isak gifte seg våren 1750 att, truleg i Lærdal, med ei Guri Nilsdotter, som visstnok var frå Lærdal.  Ho var truleg dotter av ein Nils Østenson

 

¤¤¤¤¤ (Nils Østenson gifte seg i Lærdal 1.11.1732 med ei Kari Thomasdotter – var ho mor til Guri?

       * son Thomas døypt i Lærdal 14.9.1738 . gift to gonger i Lærdal – budde 1801 som innerst på Hynjum i Tønjum sokn, Lærdal!)

 

og vart døypt i Lærdal 27.9.1727.  Isak og Guri flytte til Fortun på Lærdalsøyri i Lærdal og budde der som strandsitjarar levetidi ut. 

 

¤¤¤¤¤ (dødsfalli deira?)

 

Gunnhild fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sin, men Isak fekk to born i andre ekteskapet sitt.

 

 5. Knut Olson, f. kring 1680,

Knut Olson flytte truleg i ung alder til Lærdal.  Me ser ikkje noko til han i manntalet frå 1701, men han gifte seg i Lærdal 20.11.1718 med ei Martha Andersdotter, som me ikkje kjenner opphavet til. 

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

Ho var f. kring 1695.  Knut og Martha tok kring 1718 over som plassfolk på Fodnes i Lærdal etter foreldri til svogeren Isak Andersson, og dei vart buande der levetidi ut.  Knut vart gravlagd frå Fosnes 15.4.1745, medan Martha

 

¤¤¤¤¤ (dødsfallet hennar?)

 

Dei fekk åtte born i lag:

 

¤¤¤¤¤ (sjekka talet på born? – sjå Martha og Peder!!)

 

a. Anna Knutsdotter, døypt Lærdal 14.10.1719, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – Bergen e. 1777!? – kan henda gravlagd som enkje frå 11-116 Bergen 25.2.1782, 61 år – eller gravlagd som enkje Bergen 5.6.1788, 78 år? – eller gravlagd frå enkehuset i Bergen 15.5.1786, 69 år?)

 

     Anna gifte seg

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar?)

 

     med Johannes Iverson frå

 

     ¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans?)

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1777!? – fleire alternativ!!)

 

     ¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – Bergen!)

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – finn ikkje nokon!)

 

b. Ole Knutson, døypt i Lærdal 4.10.1721,

 

     ¤¤¤¤¤ (d. før 1745?)

 

c. Anders Knutson, døypt i Lærdal 28.10.1724, d. i Tønjum sokn i Lærdal 7.1.1799.  Han gifte seg truleg i Lærdal kring 1750 med Ingeborg Olsdotter frå

 

     ¤¤¤¤¤ (opphavet hennar? – kan ho vera dotter av Ole Clemmetson?? – neppe, om me ser på namni til borni! – Knut 1751, Ragnhild 1753, Anna 1756, Anna 1757)

 

     Ho var f.

 

     ¤¤¤¤¤ (fødsli hennar? – kring 1715?)

 

     og d. i Hauge sokn i Lærdal 24.1.1785.  Anders og Ingeborg tok først over heimeplassen på Fodnes i Lærdal, men flytte i 1762 som paktarar til Lærdals prestegard. 

 

     ¤¤¤¤¤ (seinare bustader?)

 

     Dei fekk fire born i lag.

d. Guri Knutsdotter, døypt i Lærdal 11.2.1727, gravlagd i Lærdal 7.4.1727.

e. Hans Knutson, døypt i Lærdal 19.6.1728, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dødsfallet hans? – e. 1745, men før 1762)

 

f. Guri Knutsdotter, døypt i Lærdal 4.11.1731, d. i Årdal 6.12.1764.  Guri tente melom anna på Øvstetun i Årdal, men var ugift.

g. Martha Knutsdotter, døypt i Lærdal 11.7.1734,

 

     ¤¤¤¤¤ (mor Anna?! – budde i Årdal – tente 1762 på Hæreid – 1777: 45 år, ugift! – dødsfallet hennar?)

 

h. Peder Knutson, døypt i Lærdal 26.12.1734,

 

     ¤¤¤¤¤ (mor ikkje oppg. – høyrer han til her? – i so fall d. før 1745!)

 

i. Margretha Knutsdotter, døypt i Lærdal 8.12.1736, d. som husmannskone under Hæreid i Årdal hausten 1777.  Margretha flytte i ung alder til Årdal og tente mellom anna på Øyri og gifte seg i Årdal 5.11.1769 gifte seg med enkjemannen Thomas Torstenson, opphavleg frå Aspreim i Årdal, f. i Årdal kring 1727. 

 

     ¤¤¤¤¤ (gift første gongen med ei Dordi Sjursdotter – detaljar?)

 

     Han d. i Årdal 25.3.1785.  Thomas var husmann på Norra under Hæreid, men fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

 

 6. Inga Olsdotter (1683-1730), vart første kona til gardbrukar John Jacobson i Grov, Valaker (bnr. 1, a) (1675-1742).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein stor og utfordrande ætt dette, men eg har tru på at det let seg gjera fylla fleire av dei hòli som står att, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.