Gå til innhold
Arkivverket

Ole Skuleson Bagge på Urnes i Hafslo (1631-1710) og dei seks borni hans - med greiner til m.a. Årdal, Lærdal, Vågå og Bergen - utfordrande ætt?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Delar av denne huslyden, som er ein del av bygdebokmanuskriptet mitt for Luster (Hafslo), har vore drøfta i tidlegare debattar, mellom anna:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/111299-25644-martha-marit-olsdotter-bagge-hafslo-gift-2-x-paa-skjesvold-i-vaagaa-oppl/?hl=%2Bmarit+%2Bv%C3%A5g%C3%A5+%2B%C3%B8yane

 

https://forum.arkivverket.no/topic/188962-tyding-av-skifteaarotokoll-vaagaa-1763/?hl=%2Bmarit+%2Bv%C3%A5g%C3%A5+%2B%C3%B8yane

 

https://forum.arkivverket.no/topic/188943-hans-johnson-og-guri-olsdotter-fraa-grov-i-hafslo-til-bergen-1740-aari-lagnad/?hl=%2Bmarit+%2Bv%C3%A5g%C3%A5+%2B%C3%B8yane#entry1600054

 

og stykkevis ogso fleire andre stadar.  No har eg etter beste emne freista samla dei «lause» trådane i dette nye emnet der eg vonar det let seg gjera komma fram til eit samla oversyn over denne ætti med opphav i den gamle embetsmannsætti BAGGE!

 

Eg saksar frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Skuleson Bagge, opphavleg frå Urnes, var f. kring 1631 og d. truleg på Urnes kring 1710.  Han gifte seg kring 1665 med Guri Knutsdotter frå Hæri i Luster.  Ho var f. i Luster kring 1642 og d. kan henda på Urnes kring 1700.  Ole og Guri var først gardbrukarar på Urnes fram til kring 1673, då dei byte seg til indre Eikjo, men kring 1687 kom dei attende til Urnes, og her vart dei buande levetidi ut.  Dei fekk seks born i lag:

 

 1. Gro Olsdotter, f. kring 1666,

Gro Olsdotter flytte

 

¤¤¤¤¤ (gift første gongen med Christen Soue i Sogn, sidan attgift med Sjur Flammer – bustad og lagnad? – Gro d. før 1740!)

 

Gro fekk to døtrer, ei frå kvart av ekteskapi:

a. Mari Christensdotter (1690-1750), vart gift med husmann Thomas Clemmetson på Farnes i Årdal (1685-1750), opphavleg husmannsson frå Hamni under Sjøtun i Hafslo (s.d.).

b. Margretha Sjursdotter, f. kring 1695,

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka alder, 73 år ved dødsfallet!)

 

     gravlagd frå Sandviken i Bergen 18.5.1768.  Ho gifte seg i Årdal 13.10.1726 med Torsten Einerson frå Dalaker i Årdal, f. i Årdal kring 1697.  Han vart gravlagd frå Sandviken i Bergen 25.2.1769. 

 

     ¤¤¤¤¤ (budde ei tid i Amla i Sogndal, var 1751 i Nordhordland – frå før 1763 i Sandviken)

 

     Dei fekk

 

     ¤¤¤¤¤ (kor mange born? – inkl.:

            * Ingeborg Torstensdotter, døypt i Årdal 24.6.1727

            * Einer Torstenson, døypt i Sogndal 1.3.1732

            * Sjur Torstenson, døypt i Sogndal 6.5.1734

            * Gjertrud Torstensdotter, døypt i Sogndal 2.7.1735

            * Gjertrud Torstensdotter, døypt i Sogndal 19.8.1736

            * NN Torstensdotter, døypt i Sogndal 8.3.1739)

 

 2. Kari Olsdotter, f. kring 1669,

Kari Olsdotter flytte í ung alder til Lærdal der ho 27.12.1711 gifte seg med enkjemannen Lars Lasseson frå Hauge i Lærdal.  Han var son av gardbrukar Lasse Larsson på Hauge og den ukjende kona hans og f. i Lærdal klring 1662.  Han gifte seg første gongen i Lærdal kring 1695 med Gjørond Bårdsdotter frå Hegg i Borgund, Lærdal.  Ho var dotter av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hennar?)

 

og f. i Lærdal kring 1670, men d. på Hauge kring 1705. 

 

¤¤¤¤¤ (sjekka leveåri hennar?)

 

Lars tok over som gardbrukar på heimebruket på Hauge i Lærdal og budde der levetidi ut.  Lars vart gravlagd frå Hauge 29.3.1736, medan Kari vart gravlagd same staden 10.12.1739.  Lars fekk ein son, som var frå første ekteskapet hans.

 

 3. Martha Olsdotter, f. kring 1674.

Marit Olsdotter flytte rimeligvis som tenestejente til Vågå i Gudbrandsdalen og gifte seg truleg der

 

¤¤¤¤¤ (år for vigsli? – før 1740!)

 

med enkjemannen Knut Arneson frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hans?)

 

og truleg f. i Vågå kring 1663.  Han gifte seg første gongen

 

¤¤¤¤¤ (detaljar kring første vigsli med Marit Rasmusdotter – leveår m.m.?)

 

Knut var gardbrukar på

 

¤¤¤¤¤ (tidleg bustad? – kvar budde han i 1723?)

 

men han og Marit Olsdotter flytte sidan til Skjesvold nordre i Vågå der Knut d. ?.9.1749.  Marit gifte seg 19.7.1753 att i Vågå med enkjemannen Thore Johnson frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?).

 

Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hans?)

 

og f.

 

¤¤¤¤¤ (fødselsåret hans?)

 

¤¤¤¤¤ (opplysningar om første ekteskapet hans?)

 

Thore hadde før vore gardbrukar på Holen i Vågå, men flytte med Marit til Skjesvold søndre der Marit d. ?.4.1762.  

 

¤¤¤¤¤ (seinare lagnad for Thore? – dødsfallet hans?)

 

Marit fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men Knut hadde ei dotter frå første ekteskapet sitt, medan Thore hadde

 

¤¤¤¤¤ (kor mange?)

 

born frå første ekteskapet sitt.

 

 4. Gunnhild Olsdotter, f. kring 1677,

Gunnhild Olsdotter har sikkert vore gift ein gong i ung alder, men første mann hennar d. truleg kring 1730, for 2.12.1731 gifte Gunnhild seg (att) i Lærdal med Isak Andersson frå Fodnes i Lærdal.  Han var son av husmann Anders Isakson på Fodnes og kona Anna og f. i Lærdal kring 1698.  Isak og Gunnhild fekk ein husmannsplass i Hagen under Hauge i Lærdal der Gunnhild d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsfallet hennar?)

 

Isak gifte seg våren 1750 att, truleg i Lærdal, med ei Guri Nilsdotter, som visstnok var frå Lærdal.  Ho var truleg dotter av ein Nils Østenson

 

¤¤¤¤¤ (Nils Østenson gifte seg i Lærdal 1.11.1732 med ei Kari Thomasdotter – var ho mor til Guri?

       * son Thomas døypt i Lærdal 14.9.1738 . gift to gonger i Lærdal – budde 1801 som innerst på Hynjum i Tønjum sokn, Lærdal!)

 

og vart døypt i Lærdal 27.9.1727.  Isak og Guri flytte til Fortun på Lærdalsøyri i Lærdal og budde der som strandsitjarar levetidi ut. 

 

¤¤¤¤¤ (dødsfalli deira?)

 

Gunnhild fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sin, men Isak fekk to born i andre ekteskapet sitt.

 

 5. Knut Olson, f. kring 1680,

Knut Olson flytte truleg i ung alder til Lærdal.  Me ser ikkje noko til han i manntalet frå 1701, men han gifte seg i Lærdal 20.11.1718 med ei Martha Andersdotter, som me ikkje kjenner opphavet til. 

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

Ho var f. kring 1695.  Knut og Martha tok kring 1718 over som plassfolk på Fodnes i Lærdal etter foreldri til svogeren Isak Andersson, og dei vart buande der levetidi ut.  Knut vart gravlagd frå Fosnes 15.4.1745, medan Martha

 

¤¤¤¤¤ (dødsfallet hennar?)

 

Dei fekk åtte born i lag:

 

¤¤¤¤¤ (sjekka talet på born? – sjå Martha og Peder!!)

 

a. Anna Knutsdotter, døypt Lærdal 14.10.1719, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – Bergen e. 1777!? – kan henda gravlagd som enkje frå 11-116 Bergen 25.2.1782, 61 år – eller gravlagd som enkje Bergen 5.6.1788, 78 år? – eller gravlagd frå enkehuset i Bergen 15.5.1786, 69 år?)

 

     Anna gifte seg

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar?)

 

     med Johannes Iverson frå

 

     ¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans?)

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1777!? – fleire alternativ!!)

 

     ¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – Bergen!)

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – finn ikkje nokon!)

 

b. Ole Knutson, døypt i Lærdal 4.10.1721,

 

     ¤¤¤¤¤ (d. før 1745?)

 

c. Anders Knutson, døypt i Lærdal 28.10.1724, d. i Tønjum sokn i Lærdal 7.1.1799.  Han gifte seg truleg i Lærdal kring 1750 med Ingeborg Olsdotter frå

 

     ¤¤¤¤¤ (opphavet hennar? – kan ho vera dotter av Ole Clemmetson?? – neppe, om me ser på namni til borni! – Knut 1751, Ragnhild 1753, Anna 1756, Anna 1757)

 

     Ho var f.

 

     ¤¤¤¤¤ (fødsli hennar? – kring 1715?)

 

     og d. i Hauge sokn i Lærdal 24.1.1785.  Anders og Ingeborg tok først over heimeplassen på Fodnes i Lærdal, men flytte i 1762 som paktarar til Lærdals prestegard. 

 

     ¤¤¤¤¤ (seinare bustader?)

 

     Dei fekk fire born i lag.

d. Guri Knutsdotter, døypt i Lærdal 11.2.1727, gravlagd i Lærdal 7.4.1727.

e. Hans Knutson, døypt i Lærdal 19.6.1728, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dødsfallet hans? – e. 1745, men før 1762)

 

f. Guri Knutsdotter, døypt i Lærdal 4.11.1731, d. i Årdal 6.12.1764.  Guri tente melom anna på Øvstetun i Årdal, men var ugift.

g. Martha Knutsdotter, døypt i Lærdal 11.7.1734,

 

     ¤¤¤¤¤ (mor Anna?! – budde i Årdal – tente 1762 på Hæreid – 1777: 45 år, ugift! – dødsfallet hennar?)

 

h. Peder Knutson, døypt i Lærdal 26.12.1734,

 

     ¤¤¤¤¤ (mor ikkje oppg. – høyrer han til her? – i so fall d. før 1745!)

 

i. Margretha Knutsdotter, døypt i Lærdal 8.12.1736, d. som husmannskone under Hæreid i Årdal hausten 1777.  Margretha flytte i ung alder til Årdal og tente mellom anna på Øyri og gifte seg i Årdal 5.11.1769 gifte seg med enkjemannen Thomas Torstenson, opphavleg frå Aspreim i Årdal, f. i Årdal kring 1727. 

 

     ¤¤¤¤¤ (gift første gongen med ei Dordi Sjursdotter – detaljar?)

 

     Han d. i Årdal 25.3.1785.  Thomas var husmann på Norra under Hæreid, men fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

 

 6. Inga Olsdotter (1683-1730), vart første kona til gardbrukar John Jacobson i Grov, Valaker (bnr. 1, a) (1675-1742).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein stor og utfordrande ætt dette, men eg har tru på at det let seg gjera fylla fleire av dei hòli som står att, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne store og utfordrande ætti som høyrer til garden Urnes og som skal verta omskriven i siste bandet av Gards- og Ættesoga for Luster kommune.

 

Ætti har mykje «samkvem» med både Årdal og Lærdal og inneheld fleire skikkelege nøtter, som til dømes heilt i børjingi med dei to ekteskapi til Gro Olsdotter med ei dotter frå kvart ekteskap.  Utifrå namni på dei to ektemakaned hennar skulle me tru dei hadde butt på nabogardane Søvde og Flahammar i Luster, eller dei var fødde der.  Når det gjeld Flahammar, var det frå 1653 futegard med Christopher Gjertson (Morgenstjerne) (1619-1679) som brukar, og etter han kom svigersonen Georg Fredrik von Krogh (1653-1721).  Båe desse hadde rett nok rådsmenn eller paktarar som styrte garden for dei, men desse veit me lite eller inkje om...

 

Her følgjer ein oppdatert siste verson av dette manuskriptet slik det i dag ser ut hjå meg.  Det ville vore kjempeflott om ein og annan detalj kunne føyast til.  Større julegave kan eg vanskeleg førestilla meg...!

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Skuleson Bagge, opphavleg frå Urnes og son av føregåande brukar, var f. kring 1631 og d. truleg på Urnes kring 1710.  Han gifte seg kring 1665 med Guri Knutsdotter frå Hæri i Luster.  Ho var f. i Luster kring 1642 og d. kan henda på Urnes kring 1700.  Ole og Guri var først gardbrukarar på Urnes

 

     ¤¤¤¤¤ (Ole Skuleson nemnd som seljar av eit bruk på Seim i Årdal 1672, men budde neppe der)

 

     fram til kring 1673, då dei byte seg til indre Eikjo, men kring 1687 kom dei attende til Urnes,

 

     ¤¤¤¤¤ (som gardbrukarar eller kva? – 1701: innerst (kårmann) Urnes!)

 

     og her vart dei buande levetidi ut.  Dei fekk seks born i lag:

 1. Gro Olsdotter, f. kring 1666,

Gro Olsdotter flytte

 

¤¤¤¤¤ (gift første gongen med Christen Soue i Sogn, sidan attgift med Sjur Flammer – bustad og lagnad? – Gro d. før 1740!)

 

Gro fekk to døtrer, ei frå kvart av ekteskapi:

a. Mari Christensdotter (1690-1750), vart gift med husmann Thomas Clemmetson på Farnes i Årdal (1685-1750), opphavleg husmannsson frå Hamni under Sjøtun i Hafslo (s.d.).

b. Margretha Sjursdotter, f. kring 1703, vart gravlagd frå Sandviken i Bergen 18.5.1768.  Ho gifte seg i Årdal 13.10.1726 med Torsten Einerson frå Dalaker i Årdal, f. i Årdal kring 1697.  Han vart gravlagd frå Sandviken i Bergen 25.2.1769.  Torsten og Margretha budde første åri på Hæreid i Årdal, men flytte kring 1731 til Amla øvre på Kaupanger i Sogndal og derifrå kring 1742 til Sandviken i Bergen. 

 

     ¤¤¤¤¤ (kva yrke hadde Torsten?)

 

     Dei fekk

 

     ¤¤¤¤¤ (kor mange born? – minst ni born!)

 

            * Ingeborg Torstensdotter, døypt i Årdal 24.6.1727 – konf. KK, Bergen 1745 (døypt

               Birkeland!) – gift i KK, Bergen 12.9.1751 med Svend Svendson – born:

               ** Dorthea Marie, f. KK, Bg. 15.5.1752 – far reipslagar

               ** Claus, f. KK, Bg. 26.2.1754 – fadder Gjertrud Torstensd.

               ** Margrete, f. KK, Bg. 24.5.1759 – fadder Agathe Torstensd.

               ** Torstine, f. KK, Bg. 10.1.1762 – fadder Torsten Einerson

            * Mari Torstensdotter, døypt Hæreid, Årdal 27.2.1729 – mor Margrethe intr. 19.4.1729

            * NN Torstens.. f. Hæreid, Årdal ?.7.1730 – mor Margrethe intr. 3.9.1730

            * Einer Torstenson, døypt i Sogndal 1.3.1732 – konf. KK, Bg. 1751!!

            * Sjur Torstenson, døypt i Sogndal 6.5.1734, gravl. Øvre Amla 15.8.1734

            * Gjertrud Torstensdotter, døypt i Sogndal 2.7.1735, gravl. Øvre Amla 31.7.1735

            * Gjertrud Torstensdotter, døypt i Sogndal 19.8.1736 – gift i KK, Bergen 30.5.1757 (lysing

               12.4.) med Ole Nilsson – ved alle barnefødslene kalla Mons Nilsson! – born:

               ** Maria, f. KK, Bg. 30.11.1757 – fadder Bodel Torstensd. og Torsten Einerson

               ** Magnus, f. KK, Bg. 17.10.1760 – fadder Boel Torstensd. og Torsten Einerson

               ** Synneve, f. KK, Bg. 11.8.1762 – fadder Christine Torstensd.

               ** Margretha, f. KK, Bg. 1.7.1765 – fadder Kirstine Torstensd.

               ** Magnus, f. KK, Bg. 11.12.1768 – fadder Nils Svendson

               ** Margretha, f. KK, Bg. 8.6.1770

            * Botilda Torstensdotter, døypt i Sogndal 8.3.1739 – konf. KK, Bg. 1757

            * Kirstine Torstensdotter, døypt KK, Bergen 26.6.1746 – konf. KK 1762)

 

            Høyrer desse ogso til denne huslyden?

            * Anna Torstensdotter gift i KK, Bergen 6.1.1757 (lysn. 28.11.1756) med Nils Svendson –born:

               ** Sven, f. KK, Bg. 23.4.1757 – fadder Agathe Torstensd. og Svend Svendson

               ** Anna Dorothea, f. KK, Bg. 17.7.1765 – fadder Agathe Torstensd.

            * Agatha Torstensdotter gift 1.g. i DK, Bergen  9.3.1749 med matros Jacob Torgerson – som

               enkje attgift i KK, Bergen 9.11.1766 (lysn 19.2.1764) med enkjem. Gunder Andersen Rødberg – born:

               ** Torger, døypt NK, Bg. 5.8.1750

               ** Randie, døypt NK, Bg. 16.3.1753 – fadder Anna Torstensd.

               ** Torsten, døypt NK, Bg. 17.1.1755

               ** Randine Carine, f. KK, Bg. 15.12.1758

            * Nils Torstensen gift med Brynnilde Andersdotter – born:

               ** Anna Elisabeth, f. KK, Bg. 11.4.1763 – fadder Ingeborg Torstensd.

            * Sjur Torstensen nemnd som fadder KK 1770!

 

            Desse dødsfalli er registrerte:

            * Agathe Torstensdotter, 58 år, bus. 19-50 – gravl. 11.2.1774 StM

            * Gjertrud Torstensdotter, 38 år, bus. Sandviken, Mons Nilssons kone –gravl. 2.6.1779 StM

            * Boll Torstensdotter, 36 år, «av sygehuset» – gravl. 7.4.1783 StM

 

 2. Kari Olsdotter, f. kring 1669,

Kari Olsdotter flytte í ung alder til Lærdal der ho 27.12.1711 gifte seg med enkjemannen Lars Lasseson frå Hauge i Lærdal.  Han var son av gardbrukar Lasse Larsson på Hauge og den ukjende kona hans og f. i Lærdal kring 1662.  Han gifte seg første gongen i Lærdal kring 1695 med Gjørond Bårdsdotter frå Hegg i Borgund, Lærdal.  Ho var dotter av gardbrukar Baard Monsson på Hegg og kona Britha Andersdotter frå Hatleberg og rimelegvis f. i Lærdal kring 1670, men d. på Hauge kring 1705.  Lars tok over som gardbrukar på heimebruket på Hauge i Lærdal og budde der levetidi ut.  Lars vart gravlagd frå Hauge 29.3.1736, medan Kari vart gravlagd same staden 10.12.1739.  Lars fekk ein son, som var frå første ekteskapet hans.

 3. Martha Olsdotter, f. kring 1674.

Marit Olsdotter flytte rimeligvis som tenestejente til Vågå i Gudbrandsdalen og gifte seg der kring 1719 med enkjemannen Knut Arneson frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hans?)

 

og truleg f. i Vågå kring 1663.  Han gifte seg første gongen

 

¤¤¤¤¤ (detaljar kring første vigsli med Marit Rasmusdotter – leveår m.m.?)

 

Knut og første kona Marit budde på

 

¤¤¤¤¤ (bustaden deira? – nemnd i skoskatten 1711?)

 

men med andre kona Marit Olsdotter var Knut frå 1721 gardbrukar på Skjesvold nordre i Vågå der han d. ?.9.1749.  Marit gifte seg 19.7.1753 att i Vågå med enkjemannen Thore Johnson frå Holen i Vågå.  Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (John Holen – foreldri hans?)

 

og f. i Vågå kring 1692. 

 

¤¤¤¤¤ (hadde før vore gift med Anna Johnsdotter Sønsteng – f. kring 1696, d. ?.8.1744 – oppl.?)

 

Thore hadde i mange år vore gardbrukar på Holen i Vågå, men flytte i 1753 inn hjå Marit på Skjesvold søndre der Marit d. ?.4.1762.  Thore flytte kan hende attende til Holen då han på ny vart enkjemann, men d. alt ?.6.1765.  Marit fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men Knut hadde ei dotter frå første ekteskapet sitt, medan Thore visstnok hadde åtte born frå første ekteskapet sitt.

 4. Gunnhild Olsdotter, f. kring 1677,

Gunnhild Olsdotter har sikkert vore gift ein gong i ung alder, men første mann hennar d. truleg kring 1730, for 2.12.1731 gifte Gunnhild seg (att) i Lærdal med Isak Andersson frå Fodnes i Lærdal.  Han var son av husmann Anders Isakson på Fodnes og kona Anna og f. i Lærdal kring 1698.  Isak og Gunnhild fekk ein husmannsplass i Hagen under Hauge i Lærdal der Gunnhild d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsfallet hennar?)

 

Isak gifte seg våren 1750 att, truleg i Lærdal, med ei Guri Nilsdotter, som visstnok var frå Lærdal.  Ho var truleg dotter av ein Nils Østenson

 

¤¤¤¤¤ (Nils Østenson gifte seg i Lærdal 1.11.1732 med ei Kari Thomasdotter – var ho mor til Guri?

       * son Thomas døypt i Lærdal 14.9.1738 . gift to gonger i Lærdal – budde 1801 som innerst Hynjum i Tønjum sokn, Lærdal!)

 

og vart døypt i Lærdal 27.9.1727.  Isak og Guri flytte til Fortun på Lærdalsøyri i Lærdal og budde der som strandsitjarar levetidi ut. 

 

¤¤¤¤¤ (dødsfalli deira? – NB: ser dei ikkje som plassfolk i Lærdal prestegjeld i 1762!)

 

Gunnhild fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men Isak fekk to born i andre ekteskapet sitt.

 5. Knut Olson, f. kring 1680,

Knut Olson flytte truleg i ung alder til Lærdal.  Me ser ikkje noko til han i manntalet frå 1701, men han gifte seg i Lærdal 20.11.1718 med ei Martha Andersdotter, som me ikkje kjenner opphavet til. 

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

Ho var f. kring 1695.  Knut og Martha tok kring 1718 over som plassfolk på Fodnes i Lærdal etter foreldri til svogeren Isak Andersson, og dei vart buande der levetidi ut.  Knut vart gravlagd frå Fodnes 15.4.1745, medan Martha

 

¤¤¤¤¤ (dødsfallet hennar?)

 

Dei fekk åtte born i lag:

 

¤¤¤¤¤ (sjekka talet på born? – sjå Martha og Peder!!)

 

a. Anna Knutsdotter, døypt Lærdal 14.10.1719, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – Bergen e. 1777!? – kan henda gravlagd som enkje frå 11-116 Bergen 25.2.1782, 61 år – eller gravlagd som enkje Bergen 5.6.1788, 78 år? – eller gravlagd frå enkehuset i Bergen 15.5.1786, 69 år?)

 

     Anna gifte seg

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar?)

 

     med Johannes Iverson frå

 

     ¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans?)

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1777!? – fleire alternativ!!)

 

     ¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – Bergen!)

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – finn ikkje nokon!)

 

b. Ole Knutson, døypt i Lærdal 4.10.1721,

 

     ¤¤¤¤¤ (d. før 1745?)

 

c. Anders Knutson, døypt i Lærdal 28.10.1724, d. i Tønjum sokn i Lærdal 7.1.1799.  Han gifte seg truleg i Lærdal kring 1750 med Ingeborg Olsdotter frå

 

     ¤¤¤¤¤ (opphavet hennar? – kan ho vera dotter av Ole Clemmetson?? – neppe, om me ser på namni til borni! – Knut 1751, Ragnhild 1753, Anna 1756, Anna 1757)

 

     Ho var f.

 

     ¤¤¤¤¤ (fødsli hennar? – kring 1715?)

 

     og d. i Hauge sokn i Lærdal 24.1.1785.  Anders og Ingeborg tok først over heimeplassen på Fodnes i Lærdal, men flytte i 1762 som paktarar til Lærdals prestegard. 

 

     ¤¤¤¤¤ (seinare bustader?)

 

     Dei fekk fire born i lag.

d. Guri Knutsdotter, døypt i Lærdal 11.2.1727, gravlagd i Lærdal 7.4.1727.

e. Hans Knutson, døypt i Lærdal 19.6.1728, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dødsfallet hans? – e. 1745, men før 1762)

 

f. Guri Knutsdotter, døypt i Lærdal 4.11.1731, d. i Årdal 6.12.1764.  Guri tente melom anna på Øvstetun i Årdal, men var ugift.

g. Martha Knutsdotter, døypt i Lærdal 11.7.1734,

 

     ¤¤¤¤¤ (mor Anna?! – budde i Årdal – tente 1762 på Hæreid – 1777: 45 år, ugift! – dødsfallet hennar?)

 

h. Peder Knutson, døypt i Lærdal 26.12.1734,

 

     ¤¤¤¤¤ (mor ikkje oppg. – høyrer han til her? – i so fall d. før 1745!)

 

i. Margretha Knutsdotter, døypt i Lærdal 8.12.1736, d. som husmannskone under Hæreid i Årdal hausten 1777.  Margretha flytte i ung alder til Årdal og tente mellom anna på Øyri og gifte seg i Årdal 5.11.1769 gifte seg med enkjemannen Thomas Torstenson, opphavleg frå Aspreim i Årdal, f. i Årdal kring 1727.  Han gifte seg første gongen i Årdal 12.11.1758 med Dordei Sjursdotter,

 

     ¤¤¤¤¤ (kven var ho? – konf. i Årdal 1747 - d. i Årdal 16.10.1767, 36 år – detaljar?)

 

     Han d. i Årdal 25.3.1785.  Thomas var husmann på Norra under Hæreid, men fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

 6. Inga Olsdotter (1683-1730), vart første kona til gardbrukar John Jacobson i Grov, Valaker (bnr. 1, a) (1675-1742).

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Ole Skuleson Bagge, opphavleg frå Urnes og son av føregåande brukar, var f. kring 1631 og d. truleg på Urnes kring 1710.

 

Aner en liten "usemje" mellom bygdebok skriver i Luster og han i Aurland 🙄

 

Gardsoga for Aurland

image.png.061570d0615fcfa0fddd12e812908c8e.png

 

image.png.86855d54f1565aeb937db09c84ff824d.png

 

image.png.4cc291fffb390c6be6b0b2699f52207e.png

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for eit spennande og utfordrande innlegg!

 

Dette med Aurland var nytt for meg, og eg lurer på om du kan fortelja meg kvar for ein gard i Aurland (bnr. 12 av kva gard?) dette dreier seg om?

 

Når det gjeld alderen hans, ser eg det står om han i 1701 at han var 70 år gamal innerst:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=1701nba&gardpostnr=16571&merk=16571#ovre

 

Kanskje er alderen hans overdriven, men so svært mykje yngre enn dette kan han ikkje ha vore.  Faren Skule Bagge gifte seg visstnok til eit bruk på Urnes kring 1620, og fekk truleg minst fire born.  I tillegg til Ole Skuleson var det:

 

* Mads Skuleson (1633-1685) - gardbrukar på Lomheim i Hafslo.

 

* Anders Skuleson (1626-    ) - gardbrukar i Offerdalen i  Årdal.

 

Truleg hadde Skule òg ei dotter som var gift med Anders Knutson (1634-1715) på Fåberg øvre i Jostedalen.

 

Under Offerdalen i Årdal har Jon Laberg ein interessant merknad om Skule Bagge:  I 1641 hadde Skule i lag med Torsten Hæreid i Årdal vortne eigarar av ein del av Offerdal, og denne delen makeskifte Skule sidan med futesonen Anders Sørenson og fekk att ein parsell av Ramsøy i Aurland.  Utsnittet som du, Ivar, nemner i innlegg #3 skulle vel aldri vera frå garden Ramsøy?

 

Uansett er eg på leiting etter prov for at det var den same Ole Skuleson som flytte til Aurland.  Han var i so fall «stygg-gamal» om han framleis dreiv gard der ute i 1730!

 

Ein ny kjempetak for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 22.1.2016 den 0.20, Lars E. Øyane skrev:

Gjørond Bårdsdotter frå Hegg i Borgund, Lærdal.  Ho var dotter av

¤¤¤¤¤ (foreldri hennar?)

og f. i Lærdal kring 1670, men d. på Hauge kring 1705. 

 

I Lærdal bygdebok. 1 : Heim og ætt : Borgund sokn er hun oppført under Hegg, som datter av Bård Monsen (ca. 1626-1699) og Brita Andersdatter Hatleberg (ca. 1647-1724). 

Hegg .jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Dette med Aurland var nytt for meg, og eg lurer på om du kan fortelja meg kvar for ein gard i Aurland (bnr. 12 av kva gard?) dette dreier seg om?

 

Loven28.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Leif for dei siste innleggi frå i går.

 

Bygdebokmaterialet frå Aurland er for tidi diverre ikkje tilgjengeleg, men forfattaren fortel meg at det finst ei skattelist som referer til ein Ole Bagge på Loven i Aurland frå kring 1700, so kanskje heitte han ikkje Skuleson i det heile?  Men saki bør uansett undersøkast nærare...  Det var på 1600-talet samband mellom fleire ætter i Aurland og i Hafslo.  Dette kjem fram av gamle skøyte, men diverre er kjeldegrunnlaget tunt, og eg manglar oversyn over dette...

 

Men eg har nettopp oppdaga noko anna: På Ramsøy i Aurland finn me in 1701 ein gardbrukar, og han heitte Anders Skuleson og var 70 år gamal, og når me tenkjer attende til innlegg #4 om gardsbytet mellom Skule Bagge og futensonen Anders Sørenson - Offerdalen mot Ramsøy - er det vel ikkje so urimeleg å gissa på at Anders Skuleson på Ramsøy var son av «gamle» Skule Bagge på Urnes.  I 1701 var det dessutan ein Ole Andersson på 50 år som var bonde på Loven i Aurland.  Dersom han var son av Anders Skuleson (Bagge), kan han godt ha skrive seg for Ole Bagge!?  Ole Andersson døydde på Loven i 1733, noko som tidmessig høver godt med omtalen av Ole Skuleson Bagge frå den nye bygdeboki...

 

Opphavet til denne ætti børjar verta svært so spennande, og det hadde vore supert om nokon kunne skaffa oss eit nokolunde oversyn over dei!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg har endeleg motteke frå Bergen utdrag frå bytingsprotokollen frå 22.8.1763 der desse vitneforklaringane om ervingane etter Marit Olsdotter Skjesvold i Vågå skal vera medtekne.  Eg har skumlese desse sidene men utan å finna det eg leitte etter.  Kanskje andre lesarar greier dette betre?

 

Kanskje me endeleg skal komma nærare ei løysing når det gjeld huslyden til Ole Skuleson?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Byting2-compressed.pdf

Byting3-compressed.pdf

Byting4-compressed.pdf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På sida "Byting 4" er det et avsnitt litt over fingeren på bildet som begynner med "Procurator Reutz indgaf Ole Thomesen, Johanes Thomesen" og Thosten Einersen" osv. men dette er visst bare et kort referat. De ni spørsmålene i skiftet etter Marit Skjesvold der navna Christen Soue og Sjur "Flammer" er nevnt er ikke gjengitt i bytingprotokollen etter det jeg kan se. Så da er vi vel like langt?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.