Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Carl O. Urness (1921-1993) - utfordring i Canada - hjelp?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg slit med biografien til denne personen:

 

Carl O. URNESS
fødd 23.11.1921 - anten i Prince George, BC eller i Chauvin, AB
døydde 12.2.1993 - i Vancouver, BC

 

foreldri var Ole Knutson Urness frå Hafslo (1862-1951) og Mary Christofferson frå Nebraska (1883-1926), vigde i Prince George, BC 7.12.1920, frå kring 1922 busette i Chauvin, AB!

Carl var ei tid brubyggjar, men vart sidan sagbruksarbeidar. 

Han budde kring 1957 i Kamloops, BC og kring 1965 i Cariboo, BC.  Sidan hamna han so i Vancouver, BC

Carl var gift to gongar:

 

* Nicola var kona hans kring 1957

* Louise var (den fråskilde) kona hans då han døydde i 1993

Ingen born i nokon av ekteskapi.

 

Er det mogeleg å finna fleire detaljar om Carl og konene hans, som til dømes:

 

** Fødestaden til Carl?

** Datoar og stadar for vigslene til Carl?

** Fulle namn til konene hans?

** Datoar og stadar for fødslene deira?

 

** Datoar og stadar for dødsfalli deira?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne «utfordrande» huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for spennande og interessante innlegg!

 

Eg har i dag vore i telefonkontakt med ei søsterdotter av Carl Urness, som fortel meg at Carl kring 1959 flytte til Prince George i Caraboo district, BC og at han på den tidi var gift med andre kona si, Louise.

 

Om Louise visste ikkje søsterdotteri noko som helst, men eg trur det godt kan vera ho som du, Ann-Mary, fann i nekrologen til Arthur Reimer.  Eg har lokalisert telefonnummer til to av dei personane som er nemnde i nekrologen, men so langt har eg ikkje greidd å finna nokon av dei heime.  Likebvel, eg gjev ikkje opp.

 

Takk igjen, Ann-Mary, for god hjelp so langt!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

No har eg endeleg fått kontakt med Reimer-ætti i Alberta, og den nemnde Louise URNES er i dag venta på vitjing til eine søsteri si som bur i Medicine Hat, AB!  Eg snakka nettopp med søsteri, og ho kunne fortelja følgjande:

 

Louise Reimer var gift med NYER URNESS, og dei budde i Washington state!  Nyer er avliden, men han høyrde til ei anna ætt frå Urnes i Hafslo!  Verdi er sanneleg ikkje so stor...!

 

Louise Reimer synte seg altso vera eit «blindspor», so me er attende der me børja...

 

Eg takkar igjen so mykje for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.