Gå til innhold
Arkivverket

Carl O. Urness (1921-1993) - utfordring i Canada - hjelp?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg slit med biografien til denne personen:

 

Carl O. URNESS
fødd 23.11.1921 - anten i Prince George, BC eller i Chauvin, AB
døydde 12.2.1993 - i Vancouver, BC

 

foreldri var Ole Knutson Urness frå Hafslo (1862-1951) og Mary Christofferson frå Nebraska (1883-1926), vigde i Prince George, BC 7.12.1920, frå kring 1922 busette i Chauvin, AB!

Carl var ei tid brubyggjar, men vart sidan sagbruksarbeidar. 

Han budde kring 1957 i Kamloops, BC og kring 1965 i Cariboo, BC.  Sidan hamna han so i Vancouver, BC

Carl var gift to gongar:

 

* Nicola var kona hans kring 1957

* Louise var (den fråskilde) kona hans då han døydde i 1993

Ingen born i nokon av ekteskapi.

 

Er det mogeleg å finna fleire detaljar om Carl og konene hans, som til dømes:

 

** Fødestaden til Carl?

** Datoar og stadar for vigslene til Carl?

** Fulle namn til konene hans?

** Datoar og stadar for fødslene deira?

 

** Datoar og stadar for dødsfalli deira?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne «utfordrande» huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for spennande og interessante innlegg!

 

Eg har i dag vore i telefonkontakt med ei søsterdotter av Carl Urness, som fortel meg at Carl kring 1959 flytte til Prince George i Caraboo district, BC og at han på den tidi var gift med andre kona si, Louise.

 

Om Louise visste ikkje søsterdotteri noko som helst, men eg trur det godt kan vera ho som du, Ann-Mary, fann i nekrologen til Arthur Reimer.  Eg har lokalisert telefonnummer til to av dei personane som er nemnde i nekrologen, men so langt har eg ikkje greidd å finna nokon av dei heime.  Likebvel, eg gjev ikkje opp.

 

Takk igjen, Ann-Mary, for god hjelp so langt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har eg endeleg fått kontakt med Reimer-ætti i Alberta, og den nemnde Louise URNES er i dag venta på vitjing til eine søsteri si som bur i Medicine Hat, AB!  Eg snakka nettopp med søsteri, og ho kunne fortelja følgjande:

 

Louise Reimer var gift med NYER URNESS, og dei budde i Washington state!  Nyer er avliden, men han høyrde til ei anna ætt frå Urnes i Hafslo!  Verdi er sanneleg ikkje so stor...!

 

Louise Reimer synte seg altso vera eit «blindspor», so me er attende der me børja...

 

Eg takkar igjen so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne huslyden som kort vart drøfta i januar 2016, men som sidan har lege i full «dvale»...

 

Ein og annan detalj er kanskje komen til sidan den gongen, og eg vil her gjerne få syna fram den samla huslyden frå garden Urnes i Hafslo:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ole Knutson {Urnes}, f. {i Hafslo} 17.5.1862,

Ole Urness utvandra til Amerika med husmann Johannes Olson i Kreken 2 under Urnes i 1869 og voks sidan opp hjå Andrew J. Urness og kona hans i Urness township, Douglas Co., Minn. der han var farmarbeidar («farm laborer») til han i 1908 flytte til Midale, Sask.  Han tok i 1910 «homestead» i Edinglassie District nær Chauvin, Wainwright, Alta., men flytte sidan til ein ny «homestead» nær Prince George, B.C. der han 7.12.1920 gifte seg med Mary

 

¤¤¤¤¤ (middle name?)

 

Christofferson, f. i Pottawattamie Co., Ia.

 

¤¤¤¤¤ (exact date of Mary’s birth? – IA! – parents Charles Christofferson and Ann Jensen – both born in Denmark!)

 

.10.1884.  Alt kring 1922 fór Ole med kona Mary og borni attende til farmen nær Chauvin, Alta. der Mary d. 14.10.1926.  Ole Urness flytte sidan til Edmonton, Alta. der han d. 7.10.1951.  Ole og Mary fekk ein son i lag, men Mary hadde òg ei dotter frå før:

a. Neoma Christofferson Urness, dotter av Mary, f. i Buffalo Co., Neb. 27.6.1915, d. i Lillooet, B.C.

 

     ¤¤¤¤¤ (exact date of her death? – Mar. 2010?)

 

     Neoma gifte seg i Saskatoon, Sask. 21.10.1936 med Edward Thue.  Han var f. i Langham, Sask. 24.8.1913 og d. i Lillooet, B.C. 4.5.1993.  Edward og Neoma farma i kortare periodar nær Chauvin, Alta., Rocky Mountain House, Alta. og Edmonton, Alta., men farma elles for det meste nær Prince George, B.C. der Edward òg livnærte seg som lastebileigar og møllearbeidar («truck owner and millworker»).  I 1968 flytte parfolket so til Lillooet, B.C. der Edward livnærte seg som mekanikar («mechanic»).  Dei fekk ni born i lag.

b. Carl O. Urness, f. i Prince George, B.C. 23.11.1921, d. i Vancouver, B.C. 12.2.1993.  Carl gifte seg første gongen

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of Carl’s 1st marriage?)

 

     ¤¤¤¤¤ (Carl’s 1st wife’s first, middle and maiden/premarital last names?)

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of Carl’s 1st wife’s birth?)

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of Carl’s 1st wife’s death?)

 

     Carl gifte seg so att

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of Carl’s 2nd marriage? – prior to 1960!)

 

     ¤¤¤¤¤ (Carl’s 2nd wife’s first, middle and maiden/premarital last names? – Louise!)

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of Carl’s 2nd wife’s birth?)

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of Carl’s 2nd wife’s death? – divorced!)

 

     Carl Urness var ei tid brubyggjar («bridge construction worker»), men vart sidan sagbruksarbeidar («sawmill worker»). 

 

     ¤¤¤¤¤ (place of his residence? – 1957/1958 Kamloops, BC! – 1959 at Prince George, BC, later at Vancouver, B.C.!)

 

     Han fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Eg meiner det dei seinare åri er tilkomme nye kjelder frå Canada, so kanskje det no let seg gjera løysa nokre av dei «gåtene» som framleis står som «blanke»?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

For ordens skyld:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:JDZB-T4L

Name: Ole Knutson Urness
Event Type: Marriage
Event Date: 07 Dec 1920
Event Place: Prince George, British Columbia, Canada
Gender: Male
Age: 57
Marital Status: Bachelor
Birth Year (Estimated): 1863
Birthplace: Bergen, Norway
Father's Name: Knutson Crokan Urness
Mother's Name: Martha
Spouse's Name: Mary Christofferson
Spouse's Gender: Female
Spouse's Age: 36
Spouse's Marital Status: Spinster
Spouse's Birth Year (Estimated): 1884
Spouse's Birthplace: Iowa, United States
Spouse's Father's Name: C Christofferson
Spouse's Mother's Name: Anna Jenson
Certificate Type: License
Registration Number: 20 09 224217
Record Number: 2088
 

 

Giftermål 1920.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Gisle for nye spennande innlegg!

 

Vigselsstaden til Neoma og Edward Thue mangla eg i manuskriptet, men denne opplysningi har eg no lagt inn i manuskriptet i innlegg #6 over!

 

Det er tydeleg ektskapi og konene til Carl Urness som frameis er dei største utfordringane i denne huslyden, men korleis skal me finna meir ut der?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Innlegg #10:

 

Eg vil i dag gjera ein siste freistnad på å henta fram att dette emnet som syner seg vera svært so vanskeleg på gjera noko meir med...

 

Eg syner til innlegget mitt frå i innlegg #6 over (frå 12.6.2020) med oppdaterte opplysningar om denne huslyden so langt som eg kjenner dei pr. i dag, og eg takkar på ny for alle gode tips!

 

* Kan til dømes ein liktale (obituary) finnast for Neoma Thue frå kring 2010?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Innlegg #11:

 

Eg har svært liten lyst til å gje opp all von om å løysa nokre av dei «flokene» som står att når det gjeld denne huslyden, so eg freistar endå ein gong å henta fram denne kjempeutfordringi!...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.