Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Anna Eriksdotter Offerdal - fødd i Årdal 1830 - mor siste gong 1872 - forsvinn før 1900 - kvar vart det av ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som bygdebokskrivaren for Årdal tydeleg ikkje har finne ut av.  Eg står likeins «bom fast», men kanskje nokon i Brukarforum greier løysa denne?

 

Anna Eriksdotter Offerdal, fødd i Årdal 24.4.1830 av foreldri Erik Knutson, opphavleg frå Hove i Feios, Leikanger, og kona Guri Pedersdotter frå Fodnes i Lærdal, husmannsfolk ved Sjøen i Offerdalen, visstnok plass under garden Hovland.

 

Anna gifte seg i Årdal 13.4.1862 med Johannes Sjurson frå Svalheim, fødd i Årdal 7.12.1838, og dei tok over heimeplassen hennar ved Sjøen i Offerdalen.  Dei fekk fem born:

 

* Erik Johannesson (1862-1917) - budde i Feios 1890, men vart sidan skreddar på Vangen i Aurland

 

* Sjur Johannesson (1865-1883)

 

* Ranvei Johannesdotter (1868-1868)

 

* Ranvei Johannesdotter (1869-1954) - gift med båtbyggjar Jens Halvorson (1870-1943) - budde ved Sjøen i Offerdalen etter foreldri hennar.

 

* Ole Johannesson (1872-1938) - utvandra til Amerika i 1892 og vart farmar i Minnesota.

 

FT1900 syner Johannes Sjurson som enkjemann busett på Sætene i Vik prestegjeld: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037342003197

 

Johannes flytte sidan til Hafslo der han i 1904 gifte seg att med ei husmannsenkje på Urnes.  Han døydde i Hafslo 25.11.1930.

 

Eg har leitt etter Anna Eriksdotter's dødsfall både i Årdal og i Aurland, men har ikkje sjekka avlidne i Vik...; der er so mange sokner...

 

* Er det mogeleg å finna dato og stad for dødsfallet til denne Anna Eriksdotter?

 

* Kanskje kan ho finnast i FT1891? - Sogn og Fjordane er visstnok enno ikkje tilgjengeleg for søk...?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Vigdis for nytt interessant innlegg!

 

Då kan me altso fastslå at Anna framleis levde i 1891, og at huslyden då framleis budde i Årdal!  Eg prøvde nettopp å finna namnet på bustaden, men noko ser ut til ikkje å stemma med teljingi, for eg fekk ikkje til å bla...  Eg går likevel ut ifrå at bustaden var i Offerdalen...

 

I mellomtidi har eg òg studert FT1900 for Vik, og eg er komen til at bustaden til Johannes Sjurson i 1900, Sætene, må liggja nær Nese i Arnafjorden sokn, men heller ikkje der finn eg noko dødsfall registrert for Anna Eriksdotter mellom 1891 og 1900!

 

So kvar ho gjorde av seg, er framleis ei stor utfordring!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mer om Ft 1891. Her er tellingskretsen Offerdalen  http://arkivverket.no/URN:db_read/ft/53008/4/

Neste side viser at Johannes Sjursen er ført opp som bosatt med husstand men uten noe navn på plassen  http://arkivverket.no/URN:db_read/ft/53008/5/?size=bigger&mode=0

 

Jens og Ranneis førstefødte Johan er døpt er i 1894  nr 15 http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?uid=16200&urnread_imagesize=full&show=27#toppen

Det ser ut til at bestefar Johannes er fadder men ikke bestemor Anna.

Deretter har Jens og Rannei bodde i Ytre Kvamsøy hvor de neste to barna er født, se FT 1910 http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036723000268

 

Kan Anna være død utenbygds, feks på sykehus, el?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Vigdis for eit nytt spennande innlegg!

 

Eg var ikkje merksam på at Jens og Ranvei hadde butt i ytre Sogn, men no finn eg dåpane til både Jørgina og Anna Erikke i Kvamsøy sokn som den gongen høyrde til Vik, men som sidan vart ein del av Balestrand, og ved dåpen til Anna Erikke er Anna Eriksdotter Offerdahl fadder!!

 

Og her finn eg dødsfallet til Anna, som kårkone på Nesse i Kvamsøy (altso ikkje Nese i Arnafjorden!) 20.8.1900:

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kvamsøy i Balestrand, Ministerialbok nr. D 2 (1891-1907), Døde og begravede 1900-1901, side 63.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2050&idx_id=2050&uid=ny&idx_side=-57
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050811030775.jpg

 

Då har me finne svaret på spørsmålet om lagnaden til Anna, og problemet er rett og slett løyst!

 

Nok ein kjempetakk til Vigdis for framifrå hjelp!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.