Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Jørgine Offerdal frå Årdal (1896-1980) gift med Harald Kalsæg frå Eidsvoll (1899-1987) - busette på Eidsvoll - vigsli deira? - dødsannonser?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Jørgine Jensdotter Offerdal, fødd i Kvamsøy 16.7.1896, døydde 8.1.1980

 

mannen:

 

Harald Hansson Kalsæg, fødd på Eidsvoll 15.11.1899, døydde 21.3.1987

 

Båe ligg gravlagde på Eidsvoll.

 

Er det mogeleg å finna ut:

 

* Dato og stad for vigsli deira?

 

* Dødsannonsene deira?

 

* Eg er òg interessert i yrke og bustad samt talet på søner og døtrer som dei fekk?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

I "Gardene på vestsida av Vorma (forts.)" av Birger Kirkeby står det noe om Harald Kalsæg og kona under Nord-Arstun samlet

post-541-0-46079800-1456340945_thumb.jpg

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Ein sein, men like hjarteleg takk til Grethe og Terje for interessante innlegg om denne huslyden!

 

Det ser for meg ut som om det var to personar med namn Harald Kalsæg, ein fødd i 1889, son av Edvard, som vart trelasthandlar, og ein fødd i 1899, son av Hans, som gifte seg med Jørgine Offerdal og vart gardbrukar på Nord-Arstun på Eidsvoll?

 

Er Nord-Arstun ein matrikkelgard eller eit bruk under ein annan større gard?

 

Eg har sendt deg ein PM, Terje, og vonar du kanskje kan hjelpa meg med fleire detaljopplysningar om denne huslyden.

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Leif B. Mathiesen

Harald er døpt Harald Anton. (nr.2)

Kildeinformasjon: Akershus fylke, Eidsvoll i Eidsvoll, Ministerialbok nr. 4 (1891-1900), Fødte og døpte 1900, side 175. 
Permanent sidelenke:   http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2921&idx_id=2921&uid=ny&idx_side=-184

 

Han heter Harald Kristiansen i FT1910

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036388007959

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Leif for interessant kommentar!

 

Her er det likevel noko som ikkje synest heilt å stemma:

 

I bygdeboki vert garden omskriven som Nord-Arstun, men FT1910 seier då tydeleg at dei budde på Kalsegg!  Er det same garden?

 

Dette er nok eit døme på korleis lokal kunnskap spelar inn...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne-Lise Hansen

Gårdsnummer 139 er Kalsegg og her er det to to bruk på samme gård. (139/1,2) (Det er også flere bruk under gården.)
1910: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/tellingskrets/tf01036388007680. - se 0034
1900: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/tellingskrets/tf01037041000007. - se 0068
.
"Arstun" er ikke et matrikkelnavn, men ble brukt om "det andre" bruket på gården (på Romerike og Solør.)
Se gammel tråd om bruken av "Arstun": https://forum.arkivverket.no/topic/165329-79991-bruken-av-arstun/

Fra Lokalhistoriewiki (Frode Myrheim):https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Arstun

"Arstun Kalsegg 139/1, 2 og 3
Kalsegg vart delt i to like store luter i 1645 som innbyrdes har kalla einannan Arstun.
Andreas Holmsen:Eidsvoll Bygds Historie Gårdshistorien III (1961), s. 79 og 82-85."

Endret av Anne-Lise Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne-Lise for denne interessante avklaringi av gardsnamnet på Eidsvoll!  Dette fenomenet kjenner eg ikkje frå Vestlandet, bortsett ifrå at ein kunne tala om «Oppigarden» eller «Nedigarden»...

 

So er altso gardsnamnet her Kalsegg!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.