Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

USA utfordring: Huslyden til Nils (1826-1878) og Johanna (1836-1880) Christenson i Wisconsin?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne huslyden har eg slite med i over 30 år.  No tykkjer eg det er på tide å freista mellom ekspertane i Brukarforum!

 

Nils Christenson Urnes (Bakkane), fødd i Hafslo 28.12.1826

gift i Hafslo 21.4.1862 med

Johanna Rasmusdotter Kroken, fødd i Luster 11.5.1836

Dei utvandra til Amerika i 1862 og slo seg ned som farmarar i Vermont township, Dane Co., WI, kjende som Nels og Jennie Christenson - Nels døydde i Dane Co., WI 14.7.1878, medan Jennie døydde same staden ?.8.1880.

 

Dei fekk tre born i lag:

 

a. Hans Christian Christenson, fødd i Dane Co., WI 9.7.1868, døydde i Dane Co., WI 14.10.1895.  Hans var gift, men eg har ikkje finne denne vigsli og veit ikkje kva kona heitte.  Dei tok over heimefarmen i Vermont township, Dane Co., WI etter foreldri hans, men denne vart seld i desember 1899 av «Mrs. Hans Christenson», og ho flytte bort, uvisst kvar.  Om dei hadde born, er uvisst!

 

b. Betsy Maria Christenson, fødd i Dane Co., WI 25.9.1871, er ikkje nemnd i skiftet etter far sin i 1878 og må soleis vera avlidi før.

 

c. John Olaus Christenson, fødd i Dane Co., WI 16.9.1876, var framleis ilive i 1899 og var då visstnok ugift, men den seinare lagnaden hans er heilt ukjend!

 

Eg har søkt folketeljingar, særleg 1900-teljingi, «på kryss og tvers», men finn ikkje nokon som høver med John og ei eventuell enkje etter Hans, men ho kan sjølvsagt ha gift seg att....  Kanskje endra John ættenamnet sitt (Nelson eller Urness?)..., eg veit ikkje!

 

Om nokon er i stand til å komma på sporet etter Hans og huslyden hans og/eller John, ville det verta for meg som julaften og påske på same tid!  Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har ergra meg so lenge over denne huslyden at eg i dag bestemte meg for å gjera eit inngåande studium av kyrkjebøkene for Vermont kyrkjelyd i Dane Co., WI, online hjå ancestry.com, og dette gav overraskande og uventa resultat!  Etter 30 år i uvissa har eg langt på veg greidd å løysa utfordringi!

 

* Sonen Hans vart konfirmert i 1882 som Hans Nilson

 

* Sonen John vart konfirmert i 1890 som John MOEN

 

* Hans C. MOEN, fødd Vermont 9.7.1868, gifte seg i Vermont 24.3.1893 med Kari Berger, fødd Vermont 30.12.1870

 

* Hans C. MOEN døydde i Vermont 14.10.1895.

 

Eg hadde namnet hans som Hans C. Christenson frå dei offisielle eigedomsregisteri i Dane Co., WI og har difor gått ut ifrå at han nytta dette namnet.  Difor var overraskingi mi stor då eg gjorde desse oppdagingane!

 

Den einaste orsaki til denne namneendringi, som eg kan tenkja meg, er at dei to gutane, som 12 og 4 år gamle sat att heilt utan nær slekt då mori døydde i 1880, må ha vakse opp som fosterborn eller adoptivborn hjå ein huslyd MOEN, utan at eg i dag kan finna prov for dette.

 

No syner det seg at Carrie 14.1.1909 gifte seg att med Andrew O. Lokke, fødd kring 1870 og omskriven i eit anna emne!  Ho døydde i Black Earth, WI 20.1.1958, barnlaus!  Ho hadde to søner med Hans, som døydde kort etter fødsli!  Alle er gravlagd i Black Earth, Dane Co., WI!

 

Men eitt stort spørsmål står att å løysa:

 

KVAR VART DET AV JOHN OLAUS MOEN?

 

Eg har finne han att i FT1900 som ugift «college student» i Valparaiso, Porter Co., IN, men so forsvinn alle spor!  Ein John Moen med «passande» personalia var i 1910 ugift «chief» i eit «rooming house» i Seattle, WA, men eg er ikkje so sikker på om det er rett person.

 

Etter denne kjempemessige oppdagingi er eg sjølvsagt svært takksam for alle nye tips om John Moen's lagnad!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.