Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Mary Martinius alias Mary Nelson (1853-1932) - utvandra kring 1887 og gifte seg i La Crosse, WI 1890 - kven var ho? - frå Stange? - utfordring frå USA

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har nettopp motteke ei spennande melding frå Amerika der denne utfordringi kjem fram:

 

Denne vigsli er å finna i La Crosse, WI 22.2.1890:

 

Iver Andrew - parents: Andrew Iverson and Annie Nelson med

Mary Martinius - parents: Martin Hanson and Johanna Anderson

 

Ved FT1900 bur dei i La Crosse, WI:

 

ANDERSON, Ivar  born Aug. 1845 Nor Nor Nor emigrated 1865  day laborer - married 10 years

ANDERSON, Mary  born Jun. 1853  Nor  Nor Nor emigrated 1886  wife - married 10 years - 3(3) children

ANDERSON, Julia  born Jan. 1884  Nor Nor Nor emigrated 1886  servant

ANDERSON, Anna M  born Jun. 1891  WI Nor Nor  at school

ANDERSON, Arthur  born Apr. 1894  WI Nor Nor

 

I 1910 er dei òg i La Crosse, WI.  Då er Iver vorten 69 år gamal, medan Mary er 56 år gamal.  Utvandringsåri er oppgjevne til 1885 for båe!

 

Iver Andersson er identifisert som Iver Andersson Lofthus, fødd i Ullensvang 8.8.1841 av foreldri Anders Johannesson og Anna Nilsdotter, men kven var Mary, som i Amerika gjekk under namnet Mary f. NELSON?

 

Etterslekti meiner Mary hadde vore gift før, men me kan ikkje finna noki dekning for denne «påstanden»!

 

Det næraste eg kjem ved søk hjå FamilySearch er denne:

 

Maria, fødd 12.6.1854, døypt i Stange 22.7.1855 «uægte» av pige Johanna Andersdotter Næstereiget og ungkar rid. jæger og daglønar Martinus Pederson Sændre Nøttestadseiget

 

Kildeinformasjon: Hedmark fylke, Stange, Ministerialbok nr. 12 (1852-1862), Fødte og døpte 1855, side 46.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8860&idx_id=8860&uid=ny&idx_side=-51
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070123320561.jpg

 

Kan det vera ho??  Eg ser ikkje Maria i FT1865..., med mindre det er ho som her har fått namnet Marie NILSdotter: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038035002204

 

Johanna Andersdotter gifte seg i Stange 18.9.1857 med svensken Nils Larsson!

 

Kildeinformasjon: Hedmark fylke, Stange, Ministerialbok nr. 12 (1852-1862), Ekteviede 1857, side 265.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8860&idx_id=8860&uid=ny&idx_side=-188
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070123330010.jpg

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om det norske opphavet til Mary og dotteri Julia!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for spennande innlegg!

 

Denne Marie Nilsen ser jo «mistenkeleg» ut, både med Nilsen-namnet og med barnet, bortsett ifrå at Julius burde ha vore Julia!

 

MEN, eg finn ikkje nokon barnedåp i nokon av dei tre kyrkjesoknene i Stange i 1884 som høver!  Kan barnet vera født ein annan stad?

 

Eg takkar på ny for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet.  Eg har ingen nye opplysningar, men lurer på om det seg gjera finne fødsli eller dåpen til denne Julius (skal vel vera Julia!) som følgde med Maria til Amerika i 1885?  FT1900 syner ho som Julia fødd i januar 1884!

 

Eg takkar igjen so mykje for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Litt på siden - halvbroren til Marie, Nils Johan, ble døpt i Vang:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N4P6-V6J

 

Jeg ser at Johanne Andersdatter var fattigunderstøttet i 1865. 

 

I 1875 ser det ut som Nils Johan er fange og forsørges av fengslet på Hamar!

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=0401&kenr=002&bnr=0087&lnr=00

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegg frå i går!

 

Dtte høyrest jo ut som ein skikkeleg spennande huslyd, og eg lurer på:

 

Finst det ikkje bygdebøker for Stange der desse er nemnde?  Kanskje Maria var innom Hamar eller Christiania før ho utvandra til Amerika?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no endeleg fått ei melding frå Amerika, og etterkomarane meiner denne Maria frå Stange høyrest ut som eit godt alternativ, men diverre har dei ikkje vore i stand til å skaffa fleire opplysningar.  Dødsattesten til Mary Loftus har berre alder og ingen fødselsdato, og me har heller ingen fødselsdato for dotteri Julia!

 

Men kanskje det er mogeleg å henta fram fleire opplysningar frå Stange eller kvar no enn Maria kan ha butt (og fått dotteri Julia) før ho utvandra til Amerika?

 

Eg står «bom fast» i denne saki, men vonar på eit «gjennombròt» og takkar nok ein gong so mykje for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg i kveld motteke ei melding frå Indiana som fortel at:

 

Julia, dotteri til Mary Nelson, skal vera fødd på LILLEHAMMER 22.1.1884.  Eg har no vore inne og sett på Fåberg prestegjeld med Lillehammer, men utan resultat.  Kanskje er Julia fødd ein eller annan stad mellom Stange og Lillehammer?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.