Gå til innhold
Arkivverket

Eksekusjonsforretning


Kai Løseth
 Del

Recommended Posts

 

 

I Pantebok 17 for Nordre Sunnmøre sorenskriveri side 314, sak No 19, omhandler ei eksekusjonsforretning. Der er sett kryss over innføringa og skrive noko i margen.

 

Eg er usikker kva dette tyder. Kan det vere at mannen har greid å skaffe pengane han skulda, og at innføringa er sett ut av kraft?

 

http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=22555&uid=ny&idx_side=-316

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du spør ikkje kva ei eksekusjonsforretning er, så det reknar eg med du veit.

 

Det som står i margen les eg som "udsl. l. 6/3 69 §1"

som eg tolkar som "udslettet ifl. lov av 6/3 1869 §1".

 

Dersom du greidde å finne denne lova, ville det kanskje forklare noko. Men lovbøker frå 1870-talet er kanskje ikkje så lette å finne(?)

 

Ein grunn til sletting kan vere at slike rettar av natur er mellombelse. Når kreditor har drive innfordringa si, så er det ikkje meir. 

Neste dokument, eit skjøyte, er varigt:  det gjeld heilt til det vert avløyst av eit nytt skjøyte.

Slettinga kan vere gjort rutinemessig etter ei viss tid (10? 20? år - lovteksten ville kanskje seie noko om det.)

 

Du kunne sett om du fann andre eksekusjonssaker, og sett korleis desse var førte og evt. kommenterte og sletta.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for svar!

Då kan vi vel gå ut frå at innhaldet er sett ut av kraft med ei eller anna grunngjeving. Eg har ein "murstein" av ei bok med tittel NORGES LOVER 1682-1965. I 1869 finn eg desse nye lovene:

Lov om Tilvirkning og Stempling av Spillekort (6/3)

Lov om Kontrol med Befordring af Udvandrere til fremmede Verdensdele (22/5)

Lov om visse Ladestedsgrunders Udslettelse af Landets Matrikul (5/6)

Lov om Udvidelse af Lov 26de Mai 1866, Indeholdende adskillige Bestemmelser om Politivæsenet i Christiania, til at gjælde ogsaa for Rigets øvrige Kjøbstæder (17/6)

Lov om Ret til at udvinde Guld m. V. 17/6)

Lov angaaende udvidede Rettigheder for gjensidige Brandforsikrings-Foreninger for Bygninger (17/6)

 

Og så skal eg sjå på tipset om å finne andre eksekusjonssaker.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Uttrykket "sett ut av kraft" kan vere misvisande. Det er heller ei avslutta sak - men framleis "i kraft" på den måten at kreditoren hadde hand om husa (og leigeinntekter), evt. hadde hand om salssummen.

 

"Mursteinen" inneheld nok berre lover som (framleis) galdt i 1965.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.