Gå til innhold
Arkivverket

Johannes Iversen i Leirvik, Stord (1824-1912) og huslyden hans - bygdebokoppslag??


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #82453 frå det gamle Brukarforum (https://forum.arkivverket.no/topic/167788-82453-johannes-iversen-1824-1912-skomakar-fraa-sogndal-til-stord-bygdebokoppslag/?hl=%2Bjohannes+%2Bingeborg+%2Bstord+%2B%C3%B8yane), og vil nytta høvet til ein sein, men like hjarteleg takk til Norodd, Agnar og Grethe for spennande opplysningar!

 

Då emnet var oppe i 2010, fortel mellom anna innlegg #5 og #6 om lensmann Johannes Iversen (jr) og syner til bygdebøkene for Fitjar (band II, side 250) og Stord (band III, side 184 og 185), men opplysningane om lagnaden til denne lensmannen er uklåre...

 

Elles vonar eg at bygdeboki kan hjelpa til med fleire detaljar, særleg om sonen Peder Andreas, men òg om dotteri Johanna Elisabeth og sonen Bjørn!?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingeborg Pedersdotter {Urnes}, f. {Hafslo} 20.11.1825,

Ingeborg Pedersdotter flytte i ung alder til Stord der ho 29.12.1852 gifte seg med Johannes Iverson frå Rutlin i Sogndal, på Stord kjend som Johannes Iversen.  Han var son av husmann Iver Johannesson på Bakken under Rutlin, opphavleg frå Elvehjem, og kona Christi Olsdotter frå Gunvordal og f. i Sogndal 21.3.1824.  Johannes Iversen var skomakar, og han og Ingeborg busette seg i Leirvik på Stord der Ingeborg d. 4.4.1906.  Johannes Iversen d. same staden 24.4.1912.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Kristine Johannesdotter Iversen, f. på Stord 3.4.1853, d. i Bergen 9.6.1909.  Ho gifte seg på Stord 30.12.1875 med Andreas Christenson frå Bortneim i Fjaler, kjend som Andreas Christensen, f. i Fjaler 22.7.1848.  Han d. som enkjemann på Dale i Fjaler 15.6.1925.  Andreas Christensen var snikkarmeister, og han og Kristine budde seg i Bergen, men som enkjemann flytte Andreas til Dale i Fjaler.  Dei fekk fem born i lag.

b. Peder Andreas Johannesson Iversen, f. på Stord 4.9.1854,

 

     ¤¤¤¤¤ (levde 1865 – lagnaden hans?)

 

c. Johanna Elisabeth, kjend som Elisabeth Johannesdotter Iversen, f. på Stord 18.1.1856, d. som enkje på eit sjukehus i Bergen 12.11.1918.  Elisabeth gifte seg på Stord 16.5.1879 med Johannes Helgeson Lillebø frå Litlabø nedre på Stord, f. på Stord 6.6.1848.  Han d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1891/før 1900!)

 

     Johannes og Elisabeth Lillebø var nokre år gardbrukarar på Hystad på Stord, men Johannes var elles skipsførar i utanriksfart, medan Elisabeth som enkje livnærte seg med strikking.  Dei budde i Leirvik på Stord og fekk sju born i lag,

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka dette talet? – Helge 28.11.1879, Petra Margrethe 3.10.1881, Ingeborg 13.4.1883, Johanne 11.2.1885, Dagny 12.1.1887, Øivind 3.7.1891)

 

     mellom anna denne sonen:

- Alf Johannesson Lillebø (1893-1972), vart gift med Anna Larsdotter Frugaard (1895-1989), ei dotter av gardbrukardotteri Andrea Hansdotter frå Urnes (bnr. 6, a) (1870-1932) (s.d.).

d. Iver Olai Johannesson Iversen, f. på Stord 9.11.1857, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans?)

 

     15.5.1943.  Iver flytte i 1871 til Bergen, men gifte seg på Askøy 29.3.1887 med Axeliane Olsdotter Nielsen frå Alvøen, Askøy, f. på Askøy 28.10.1863.  Ho d. under opphald på Håkonshella, Askøy 31.10.1940.  Iver var skomakarmeister, og han og Axeliane busette seg i Bergen.  Dei fekk tre born i lag.

e. Johannes Johannesson Iversen, f. på Stord 24.2.1859, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1927)

 

     Johannes gifte seg i Bergen 13.5.1891 med Bolette Georgine Hansdotter Johannessen frå Bergen, f. i Bergen 5.3.1869.  Ho d. på Hystad på Stord 6.9.1927.  Johannes var først kontorist hjå sorenskrivaren på Stord og sidan fullmektig hjå amtmannen i Hordland til han i 1888 fekk stilling som lensmann i Fitjar, og han og Bolette budde ei tid på Nygård på Fitjar.  Johannes var so frå 1903 lensmann på Stord, og parfolket busette seg på Orninggard, Leirvik på Stord. 

 

     ¤¤¤¤¤ (budde der 1910 – kva sidan? – 1927: Hystad, Stord – var ei tid vaktmeister ved distriktsfengselet på Stord og budde der – etter han slutta som lensmann, flytte han til Døso – kvar er det?)    

 

     Dei fekk to søner i lag.

f. Fridtjof Johannesson Iversen, f. på Stord 20.6.1861, d. på sjukehuset i Haugesund 3.11.1934.  Fridtjof gifte seg i Skånevik 6.12.1900 med enkja Ragna Elise Christiansdotter f. Gulbrandsen, opphavleg frå Namsos og f. der  29.6.1856.  Ho gifte seg første gongen i Skudesnes 19.11.1885 med Carl Johan Nilsson Johannessen frå Skudesneshavn, f. i Skudesnes 21.8.1859.  Carl var styrmann og sidan skipsførar i utanriksfart, og han og Ragna budde i Skudesneshavn, Skudesnes, men Carl d. under eit opphald i Halifax, Nova Scotia 27.6.1895, og Ragna flytte kort tid etter til Leirvik på Stord.  Ho d. i Leirvik 27.6.1933.  Fridtjof Iversen var blekkslagar, og han og Ragna vart buande levetidi ut i Leirvik på Stord.  Dei fekk ei dotter i lag, men Ragna hadde òg fire born frå første ekteskapet sitt.

g. Bjørn Johannesson Iversen, f. på Stord 13.7.1866, d. som kontormann i Ålesund 27.1.1897. 

 

     ¤¤¤¤¤ (busett Ålesund – kontormann hjå futen! – opplysningar elles?)

 

h. Anna Marie, kjend som Marie Johannesdotter Iversen, f. på Stord 4.9.1869, d. i Bergen 18.3.1919.  Marie gifte seg på Stord 5.2.1892 med Gjert Lasseson frå Lihaug i Gulen, kjend som Gjert Lihaug, f. i Gulen 28.9.1863.  Gjert d. i Bergen 24.2.1915.  Gjert Lihaug var ei tid brannkonstabel, men vart sidan formann ved vegstellet.  Han og Marie budde i Bergen og fekk ei dotter i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

I januar la eg ut eit emne om søsteri Christi Pedersdotter (https://forum.arkivverket.no/topic/200250-christi-pedersdotter-urnes-f%C3%B8dd-i-hafslo-1824-konfirmert-1840-forsvinn-lagnaden-hennar-ei-skikkeleg-utfordring/?hl=%2Bchristi+%2Bpedersdotter), men ho er framleis som «sokki i jordi»...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle detaljar som kan finnast om dei manglande leddi i desse huslydane!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

b. Peder Andreas Johannesson Iversen, f. på Stord 4.9.1854,

 

     ¤¤¤¤¤ (levde 1865 – lagnaden hans?)

 

Han ble i alle fall konfirmert i 1869 - se nr. 16

 

Hordaland fylke, Stord i Stord, Ministerialbok nr. B 1 (1862-1877), Konfirmerte 1869, side 105. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8304&idx_id=8304&uid=ny&idx_side=-86
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070222700019.jpg

 

 

Peder og broren Bjørn er også nevnt sammen med foreldre og søsken i 1875:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052269001249

 

Bjørn er å finne i Stord, ugift, i 1891 - sedvanlig bosted: Sauland i Telemark: 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052964001372

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for kjempefine opplysningar!

 

Då veit me at Peder Andreas framleis levde og budde heime i 1875, medan Bjørn i 1891 arbeidde på sorenskrivarkontoret i Sauland i Telemark.  Dette er jo skikkeleg spennande!

 

Eg vonar på fleire opplysningar og takkar på ny for flott hjelp!

 

Har ikkje bygdeboki for Stord noko å by på?

 

PS: Kan Peder Andreas kanskje ha utvandra til Amerika?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Johannes og Elisabeth Lillebø var nokre år gardbrukarar på Hystad på Stord, men Johannes var elles skipsførar i utanriksfart, medan Elisabeth som enkje livnærte seg med strikking.  Dei budde i Leirvik på Stord og fekk sju born i lag,

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka dette talet? – Helge 28.11.1879, Petra Margrethe 3.10.1881, Ingeborg 13.4.1883, Johanne 11.2.1885, Dagny 12.1.1887, Øivind 3.7.1891)

 

I bygdeboka for Stord, bind II, side 442, Nedra Litlabø:

 

Johannes var gift med Elisabeth Iversen. De eide bnr. 3 på Hystad noen år, men Johannes reiste snart til Amerika. Der mistet han livet i en præriebrann i 1894. Johannes og Elisabeth hadde disse barna:

  • Helge, maskinist, bor i Bærum
  • Petra Margrete, sykepleier, har bnr. 82 på Hystad
  • Ingeborg, sykepleier
  • Johanne, g.m. hamnebetjent Olav Olsen
  • Dagny, g.m. Sigurd Botnen (se gnr. 27, bnr 129 og 134). Han tok til med Botnens boktrykkeri. Barn: Øystein, Finn, Sigurd
  • Øyvind, verksmester Kirkenes, g.m. Marta Fredriksen
  • Alf, typograf, g.m. Anna Frugård, barn: Johannes, postekspeditør, g.m. Margun Flesland, 1 barn; Leif, arb. Stord verft, g.m. Olga Myklebostad, 4 barn; Solveig, g.m. Magnus Geitle, 4 barn. 

Alf er nevnt i f.t. 1900: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037303001427

 

Hordaland fylke, Stord i Stord, Ministerialbok nr. B 2 (1878-1913), Fødte og døpte 1893, side 45. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2156&idx_id=2156&uid=ny&idx_side=-49
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050808020792.jpg

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

e. Johannes Johannesson Iversen, f. på Stord 24.2.1859, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1927)

 

     Johannes gifte seg i Bergen 13.5.1891 med Bolette Georgine Hansdotter Johannessen frå Bergen, f. i Bergen 5.3.1869.  Ho d. på Hystad på Stord 6.9.1927.  Johannes var først kontorist hjå sorenskrivaren på Stord og sidan fullmektig hjå amtmannen i Hordland til han i 1888 fekk stilling som lensmann i Fitjar, og han og Bolette budde ei tid på Nygård på Fitjar.  Johannes var so frå 1903 lensmann på Stord, og parfolket busette seg på Orninggard, Leirvik på Stord. 

 

     ¤¤¤¤¤ (budde der 1910 – kva sidan? – 1927: Hystad, Stord – var ei tid vaktmeister ved distriktsfengselet på Stord og budde der – etter han slutta som lensmann, flytte han til Døso – kvar er det?) 

 

  

 

 

 

 

Døso:https://www.google.no/maps/place/D%C3%B8so/@59.7896669,5.5127019,17z/data=!3m1!4b1!4m2!3m1!1s0x463c79140686d463:0x49da297f3008b68b

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Sven for nye spennande innlegg!

 

Når me veit at lensmann Johannes Iversen budde på Hystad, so ser me at Døso faktisk må vera ein del av Hystad?  Det er då merkeleg at ikkje dødsfallet hans skal vera mogeleg å finna nokon stad?  Kan han vera flytt frå Stord på sine eldre dagar?

 

Elles var det overraskande å sjå at Johannes Lillebø utvandra til Amerika og skal vera avliden i ein præriebrann i 1894.  Eg finn ikkje noki utvandring for han, og ikkje heller finn eg han avliden i Amerika...  Men no er vel ikkje dødsregisteri frå Amerika dei mest «komplette», i alle fall ikkje på den tidi...  Uansett, utvandringi hans burde jo vera «protokollert»?

 

Elles er eg framleis forundra over at ikkje bygdeboki for Stord har ein omtale av foreldregenerasjonen, Johannes Iversen og kona Ingeborg?  Problemet er kanskje at dei budde i sjølve tettstaden i Leirvik, o?g at huslydane som budde der, ikkje er 100% medkomne i bygdeboki?

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp og vonar på fleire funn...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegg!  Det var godt å få denne utvandringi «på plass».

 

No har eg sendt eit spørsmål til «Norway»-lista med von om at nokon der kan hjelpa meg vidare...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet, som har lege «i dvale» sidan i fjor vår.

 

Eg fekk aldri noki avklaring frå Amerika med omsyn til lagnaden til Johannes Lillebø (jmf. innlegg #4 og #7), men kanskje er det nokon i Brukarforum som greier dette?

 

Når det gjeld Bjørn Iversen, lyt me gå ut ifrå at han var ugift, sidan han vart lagd til kvile heime på Stord, og me finn ikkje spor etter han i kyrkjebøkene i Ålesund!

 

Når det gjeld lagnaden til Iver Olai Iversen, har eg i kveld sendt eit spørsmål i Arkivforum til Statsarkivet i Bergen og vonar at dei kan klara opp i den saki...

 

Dei siste store «utfordringane» i dette emnet er lagnadane til:

 

** Peder Andreas Iversen, fødd på Stord 4.9.1854, sist nemnd i FT1875, og

 

** Johannes Iversen (Jr), fødd på Stord 24.2.1859, sist nemnd som enkjemann på Stord i 1927.

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden slik det ser ut i kveld:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye innkomne opplysningar om denne huslyden har eg no førebutt eit oppdatert manuskript som følgjer i innlegg #14 nedanfor!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips som kan bidra til å «tetta» dei siste hòli i denne biografien og vil gleda meg over kvart einaste vesle «gullkorn» som måtte dukka opp...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sjå det:

 

Eg tenkte eg ville sjå litt etter Peder Andreas Iversen i Amerika, og eg fann vigsli hans i Gloucester, MA 9.1.1893 med enkja Mary Banks f. Ryan, fødd i Noca Scotia i 1862:

 

https://www.ancestry.com/interactive/2511/41262_b139395-00321?pid=4198388&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D2511%26h%3D4198388%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4228%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4228&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Peter Iverson er då nemnd «fisherman»...

 

Han budde same stad då han i 1883 vart naturalisert:

 

https://www.ancestry.com/interactive/1629/31191_129637-01060?pid=3649646&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D1629%26h%3D3649646%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4229%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4229&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Det er nok ogso han som her fekk «2nd mate» certificate i North Shields, England i mars 1879:

 

https://www.ancestry.com/interactive/2271/31936_1831101883_0213-01170?pid=431092&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26db%3DGBMastersCertificates%26h%3D431092%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4229%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26rhSource%3D1629&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4229&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

I 1910 er han enkjemann og bur som pasient på ein sjømannsheim i Chelsea, Suffolk Co., MA:

 

https://www.ancestry.com/interactive/7884/31111_4330107-00196?pid=11681361&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26db%3D1910USCenIndex%26h%3D11681361%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4229%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26rhSource%3D2271&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4229&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

I 1915 er han flytt inn på ein heim i New York, Richmond Co., NY:

 

https://www.ancestry.com/interactive/2703/32848_B094116-00190?pid=8974068&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26db%3D1915NYStateCensus%26h%3D8974068%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4229%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26rhSource%3D7884&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4229&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

og der døydde han 11.9.1925:

 

https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=182278444&ref=acom

 

Desse funni var skikkeleg spennande, og no er eg sjølvsagt spent om det er mogeleg å finna Peter A. Iverson og kona Mary samt eventuelle born etter dei i andre kjelder, som til dømes FT1900?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

22 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Johannes Johannesson Iversen, f. på Stord 24.2.1859, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1927)

 

Johannes Iversen døde i Oslo i 1942:

 

59f239fc1f84a_Skjermbilde2017-10-26kl_21_39_09.png.c3fc3adcf1e6a372fcc189663f775d9a.png

 

Her er lenke til dødsfallsprotokollregisteret (nr. 789, død 16.6.1942): https://media.digitalarkivet.no/view/27253/31?indexing=

 

Endret av Lars Waaltorp
Lenke til kommentar
Del på andre sider

22 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Eg tenkte eg ville sjå litt etter Peder Andreas Iversen i Amerika, og eg fann vigsli hans i Gloucester, MA 9.1.1893 med enkja Mary Banks f. Ryan, fødd i Noca Scotia i 1862

 

Dette er kanskje sønnen Peter Iver Iverson, født 1893 i Massachusetts: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FX6P-161

Han giftet seg i Gloucester i 1924: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N46T-XBY

Gravstedet, hvor det også står at moren døde i 1898 (men det står at faren døde i 1910?): https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=143835070

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for fantastiske og spennande innlegg!  Eg er imponert!

 

Ikkje berre har du finne lagnaden til Johannes Iversen, men òg har du presentert interessante detaljar om Peder Andreas i Amerika!  I mellomtidi er òg opplysningar om Iver Olai Iversen komne på plass, og her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #9 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ingeborg Pedersdotter (Urnes), f. i Hafslo 20.11.1825,

Ingeborg Pedersdotter flytte i ung alder til Stord der ho 29.12.1852 gifte seg med Johannes Iverson frå Rutlin i Sogndal, på Stord kjend som Johannes Iversen.  Han var son av husmann Iver Johannesson på Bakken under Rutlin, opphavleg frå Elvehjem, og kona Christi Olsdotter frå Gunvordal og f. i Sogndal 21.3.1824.  Johannes Iversen var skomakar, og han og Ingeborg busette seg på Orninggard ved Leirvik på Stord der Ingeborg d. 4.4.1906.  Johannes Iversen d. same staden 24.4.1912.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Kristine Johannesdotter Iversen, f. på Stord 3.4.1853, d. i Bergen 9.6.1909.  Ho gifte seg på Stord 30.12.1875 med Andreas Christenson frå Bortneim i Fjaler, kjend som Andreas Christensen, f. i Fjaler 22.7.1848.  Han d. som enkjemann på Dale i Fjaler 15.6.1925.  Andreas Christensen var snikkarmeister, og han og Kristine budde seg i Bergen, men som enkjemann flytte Andreas til Dale i Fjaler.  Dei fekk fem born i lag.

b. Peder Andreas Johannesson Iversen, kjend som Peter A. Iverson, f. på Stord 4.9.1854, reiste sommaren 1871 ut som sjømann og fekk i 1879 godkjenning som matros i Shields, England.  Kort tid etter utvandra han til Amerika

 

     ¤¤¤¤¤ (detaljar om flyttingi hans?)

 

     der han 9.1.1893 gifte seg i Gloucester, Mass. med enkja Mary Ann Banks, f. Ryan, f. i Mulgrave, Guysborough Co., Nova Scotia

 

     ¤¤¤¤¤ (exact date of her birth? – 1861?! – father Edward Ryan)

 

     1862.  Peter livnærte seg på den tidi som fiskar («fisherman»), og parfolket vart buande i Gloucester, Essex Co., Mass. der Mary d. 2.9.1898.  Som enkjemann flytte Peter sidan inn på ein sjømannsheim i Chelsea, Suffolk Co., Mass. og derifrå kring 1912 vidare til ein annan sjømannsheim i New York City, Richmond Co., N.Y. der han d. 11.9.1925.  Peter og Mary fekk ein son i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (did she have children from her 1st marriage?)

 

c. Johanna Elisabeth, kjend som Elisabeth Johannesdotter Iversen, f. på Stord 18.1.1856, d. som enkje på eit sjukehus i Bergen 12.11.1918.  Elisabeth gifte seg på Stord 16.5.1879 med Johannes Helgeson Lillebø frå Litlabø nedre på Stord, f. på Stord 6.6.1848.  Han d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1891/før 1900! – utvandra 1893 til Minnesota – skal vera omkomen i ein præriebrann i 1894!)

 

     Johannes og Elisabeth Lillebø var nokre år gardbrukarar på Hystad på Stord, men Johannes var elles skipsførar i utanriksfart, medan Elisabeth som enkje livnærte seg med strikking.  Dei budde i Leirvik på Stord og fekk sju born i lag, mellom anna denne sonen:

- Alf Johannesson Lillebø (1893-1972), vart gift med Anna Larsdotter Frugaard (1895-1989), ei dotter av gardbrukardotteri Andrea Hansdotter frå Urnes (bnr. 6, a) (1870-1932) (s.d.).

d. Iver Olai Johannesson Iversen, f. på Stord 9.11.1857, d. på Håkonshella, Laksevåg 15.5.1943.  Iver flytte i 1871 til Bergen, men gifte seg på Askøy 29.3.1887 med Axeliane, kjend som Janne Olsdotter Nielsen frå Alvøen, Askøy, f. på Askøy 28.10.1863.  Ho d. på Håkonshella, Laksevåg 31.10.1940.  Iver var skomakarmeister, og han og Janne budde i Bergen, men flytte som pensjonistar til Håkonshella på Laksevåg.  Dei fekk fem born i lag.

e. Johannes Johannesson Iversen, f. på Stord 24.2.1859, d. i Oslo 16.6.1942.  Johannes gifte seg i Bergen 13.5.1891 med Bolette Georgine Hansdotter Johannessen frå Bergen, f. i Bergen 5.3.1869.  Ho d. på Hystad på Stord 6.9.1927.  Johannes var først kontorist hjå sorenskrivaren på Stord og sidan fullmektig hjå amtmannen i Hordaland til han i 1888 fekk stilling som lensmann i Fitjar.  Han og Bolette budde ei tid på Nygård på Fitjar, men i 1903 vart Johannes tilsett som lensmann på Stord, og parfolket busette seg på Orninggard, Leirvik på Stord.  Etter han slutta som lensmann var Johannes ei tid vaktmeister ved fengselet på Stord, og dei budde på Døso ved Hystad på Stord, men siste leveåri sine tilbragte Johannes i Oslo.  Han og Bolette fekk to søner i lag.

f. Fridtjof Johannesson Iversen, f. på Stord 20.6.1861, d. på sjukehuset i Haugesund 3.11.1934.  Fridtjof gifte seg i Skånevik 6.12.1900 med enkja Ragna Elise Christiansdotter f. Gulbrandsen, opphavleg frå Namsos og f. der  29.6.1856.  Ho gifte seg første gongen i Skudesnes 19.11.1885 med Carl Johan Nilsson Johannessen frå Skudesneshavn, f. i Skudesnes 21.8.1859.  Carl var styrmann og sidan skipsførar i utanriksfart, og han og Ragna budde i Skudesneshavn, Skudesnes, men Carl d. under eit opphald i Halifax, Nova Scotia 27.6.1895, og Ragna flytte kort tid etter til Leirvik på Stord.  Ho d. i Leirvik 27.6.1933.  Fridtjof Iversen var blekkslagar, og han og Ragna vart buande levetidi ut i Leirvik på Stord.  Dei fekk ei dotter i lag, men Ragna hadde òg fire born frå første ekteskapet sitt.

g. Bjørn Johannesson Iversen, f. på Stord 13.7.1866, d. som fogdekontorist i Ålesund 27.1.1897.  Bjørn var kontormann og budde ei tid i Sauland i Telemark, men flytte sidan til Ålesund.  Han var visstnok ugift.

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka at dette stemmer?)

 

h. Anna Marie, kjend som Marie Johannesdotter Iversen, f. på Stord 4.9.1869, d. i Bergen 18.3.1919.  Marie gifte seg på Stord 5.2.1892 med Gjert Lasseson frå Lihaug i Gulen, kjend som Gjert Lihaug, f. i Gulen 28.9.1863.  Gjert d. i Bergen 24.2.1915.  Gjert Lihaug var ei tid brannkonstabel, men vart sidan formann ved vegstellet.  Han og Marie budde i Bergen og fekk ei dotter i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien.  No manglar det ikkje so mange detaljane før det heile er 100% «i boks»!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 26.10.2017 den 22.32, Lars E. Øyane skrev:

  der han 9.1.1893 gifte seg i Gloucester, Mass. med enkja Mary Ann Banks, f. Ryan, f. i Mulgrave, Guysborough Co., Nova Scotia

 

     ¤¤¤¤¤ (exact date of her birth? – 1861?! – father Edward Ryan)

 

     1862.  Peter livnærte seg på den tidi som fiskar («fisherman»), og parfolket vart buande i Gloucester, Essex Co., Mass. der Mary d. 2.9.1898.  Som enkjemann flytte Peter sidan inn på ein sjømannsheim i Chelsea, Suffolk Co., Mass. og derifrå kring 1912 vidare til ein annan sjømannsheim i New York City, Richmond Co., N.Y. der han d. 11.9.1925.  Peter og Mary fekk ein son i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (did she have children from her 1st marriage?)

 

Jeg har funnet litt mer om Mary Ann Ryan:

 

Hun var bosatt i Nova Scotia med foreldrene og 7 søsken i FT 1871: http://data2.collectionscanada.ca/1871/pdf/4396281_00434.pdf

 

Hun giftet seg med John Clark Banks i Nova Scotia 6.9.1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:JVS2-KNT

De giftet seg katolsk, og John C. Banks ble døpt dagen før: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:JVSV-NMY

De fikk en sønn, John James Banks, f. 2.6.1881: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:JVSK-S7L

På findagrave.com står det at Mary Ann og John C. fikk tre barn (https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=143833916). Jeg har imidlertid ikke klart å finne de to andre barna.

 

John Clark Banks står oppført som gift i FT 1881, men Mary Ann og sønnen var ikke registrert på den samme adressen. John C. bodde sammen med søsknene til Mary Ann: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MV62-K2R (skannet versjon: http://data2.collectionscanada.gc.ca/e/e325/e008116965.pdf)

 

Sønnen John James bodde sammen med søsknene til moren i FT 1891: http://central.bac-lac.gc.ca/.item/?app=Census1891&op=pdf&id=30953_148115-00315

Jeg har ikke klart å finne John C. eller Mary Ann i den samme tellingen.

 

I 1871 bodde Mary Ann i Guysborough i Nova Scotia. Hun giftet seg også der. Da er det stor sjanse for at det er hun som kommer opp øverst i dette søket på Ancestry (jeg har ikke abonnement): http://search.ancestry.ca/cgi-bin/sse.dll?db=NovaScotiaBirths&gss=sfs28_ms_r_db&new=1&rank=1&gsfn=mary ann&gsfn_x=0&gsln=ryan&gsln_x=0&msbpn__ftp=Guysborough%2C Nova Scotia%2C Canada&msbpn=1654151&msbpn_PInfo=7-|0|1652393|0|3243|0|5005|0|1654151|0|0|0|&MSAV=1&uidh=000&msbpn__ftp_x=1&msbpn_x=1

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for eit spennande og interessant innlegg!

 

Den Mary Ann Ryan som du fann i fødselsregisteret for Nova Scotia, var fødd i 1872, so ho kan det ikkje vera...

 

Derimot ser eg at John James Banks, «painter», gifte seg i Boston, MA 11.4.1909 med Myra Julia Deveau,

 

https://www.ancestry.com/interactive/2511/41262_b139551-00065?pid=2913908&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4275&_phstart=successSource

 

og dei busette seg i Gloucester, Essex Co., MA der John døydde 26.2.1936.  Eg finn òg ein merknad om at han i 1901 budde i Anne Arundel, Canada, men Anne Arundel er då vitterleg eit County i Maryland!!

 

Uansett, dei to søskeni hans var tydeleg:

 

* Annie May Banks, fødd i Mulgrave, NS 11.4.1883, gift i Gloucester, MA 17.3.1900 med Harold F. Nelson

https://www.ancestry.com/interactive/2511/41262_b139462-00357?pid=3990216&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26db%3DMAMarriageRecords%26h%3D3990216%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4282%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26rhSource%3D7884&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4282&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Men i 1900 budde ho framleis hjå stefaren Peter A. Robinson(!) i Gloucester, MA, der innflyttingsåret hennar er oppgjeve til 1886: https://www.ancestry.com/interactive/7602/4113826_00429?pid=23330926&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx4284%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3D1900usfedcen%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DAnnie%20May%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln%3DNelson%26gsln_x%3DNP_NN%26msbpn__ftp%3DCanada%26msbpn__ftp_x%3D1%26msrpn__ftp%3DEssex%20County,%20Massachusetts,%20USA%26msrpn%3D987%26msrpn_PInfo%3D7-%7C0%7C1652393%7C0%7C2%7C0%7C24%7C0%7C987%7C0%7C0%7C0%7C%26msrpn_x%3D1%26msrpn__ftp_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D35%26fh%3D0%26h%3D23330926%26recoff%3D%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4284&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

* Hugh Robert Banks, fødd i Mulgrave, NS 28.2.1890, gift i East Montpelier, VT 18.7.1914 med Florence Brazier - merk at fødestaden hans der er oppgjeven til Gloucester, MA, medan faren er fødd i ENGLAND:

https://www.ancestry.com/interactive/1606/31394_203794-01793?pid=60574&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D1606%26h%3D60574%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4288%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4288&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

I 1920 er han oppgjeven fødd i Canada med far fødd i England:

https://www.ancestry.com/interactive/6061/4390959_01179?pid=37280685&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26db%3D1920usfedcen%26h%3D37280685%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4288%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26rhSource%3D1606&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4288&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

og både WW1 draftet og WW2 draftet oppgjev Nova Scotia, Canada og Mulgrave, so han var nok fødd før dei flytte til Masssachusetts!

 

Men dødsfallet til John Clark Banks er det visst ingen som har finne...!  Kanskje døydde han i Mulgrave, NS?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å kartleggja denne huslyden!  Eg er imponert!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

11 timer siden, Lars Waaltorp skrev:

John Clark Banks står oppført som gift i FT 1881, men Mary Ann og sønnen var ikke registrert på den samme adressen. John C. bodde sammen med søsknene til Mary Ann: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MV62-K2R (skannet versjon: http://data2.collectionscanada.gc.ca/e/e325/e008116965.pdf)

 

Når jeg ser litt nøyere etter, ser jeg at Mary Ann var registrert sammen med moren Ann og broren Neil i familien rett over John. Her er registreringen på Family Search: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MV62-K25

 

 

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

 

Kan legge til at Hugh Robert ble skilt, og i 1930 bodde han sammen med sønnen Robert i Vermont. Da er det oppgitt at han var født i Canada: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XMZ8-D2S

 

Han giftet seg med Flossie Mae Bingham i 1934. Ved vielsen står det at han var født i Boston, MA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XFKG-J98

 

Men i 1940 står det igjen at han var født i Nova Scotia: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:VYHJ-YSL

 

Han døde i 1950. På gravstedet står det også at han ble født i Mulgrave, NS: https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=126361873

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for eit nytt interessant innlegg!

 

Jau, eg trur me kan slå fast at Hugh Banks var fødd i Mulgrave, NS, men truleg flytte dei kort etter til Gloucester, MA, utan at dette har so mykje å seia for biografien til Peder Andreas Iverson...

 

Samstundes kan me slå fast at faren John Clark Banks må vera fødd i England, men med so mange John Banks'es fødde i England på den tidi, er det ikkje mogeleg å seia kva for ein det kan vera...  Eg ser at han på eit family tree er kalla John Stuart Banks, og der har me ein fødd i Islington, London i 2dre kvartal 1856...  Men heller ikkje dette er «livsviktig» for Iverson-biografien, sjølv om det sjølvsagt hadde vore kjempebra om desse detaljane kunne føyast til, på same vis som dato og stad for dødsfallet hans, samt den nøyaktige fødselsdatoen til Mary Ann Ryan...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.