Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Jan Pederson Teiste, f. Kroken ytre i Hafslo 1694 - flytte kring 1745 til Sæbygaard på Sjælland der han døydde mellom 1753 og 1759? - opplysningar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne huslyden vart teken opp til drøfting for snart fem år sidan som ein del av eit større tema om Teiste-ætti (https://forum.arkivverket.no/topic/171295-teiste-ctti-fraa-kroken-i-hafslo-del-ii-1600-1700-talet-fleire-detaljar/?hl=s%C3%A6bygaard).  Diverre kom det den gongen ingen svar, so eg kjem no til å ta denne ætti opp att i ei «delt» form.  Først av alt vil eg gå inn på denne huslyden:

 

Jan Pederson Teiste, odelsbonde på storgarden Kroken ytre i Hafslo, var fødd i Hafslo kring 1694 og gifte seg kring 1720, kan henda i Danmark, kan henda med ei jente med namn Bentzen(?).  Dei tok over som gardbrukarar på Kroken ytre i Hafslo og fekk tre born:

 

* Peder Janson Teiste, døypt i Hafslo 23.9.1722

 

* Søren Janson Teiste, døypt i Hafslo 8.10.1724

 

* Maren Jansdotter Teiste, døypt i Hafslo 12.5.1726

 

Kring 1745 flytte Jan Teiste og kona hans til Danmark, og me har ei fråsegn om at dei skal ha butt i Sæbygaard på Sjelland i 1753, men Jan var avliden før 1759.  Om kona vert det sagt at ho skal vera avlidi i Gjærlev på Sjælland ein gong i 1750-åri.

 

Gjennom eit skifte frå 1759 får me greie på at dei to sønene nemnde ovanfor, Peder og Søren, var avlidne, medan dotteri Maren var gift med Zacharias Davidson Svabo i Kroken indre i Luster (1709-1780).  Ho døydde i Luster i 1812.

 

Ufordringane her er følgjande:

 

** Let det gjera å finna vigsli til Jans Pederson Teiste kring 1720 - kan henda i Danmark?

 

** Eg er òg svært interessert i namn og opphav til den ukjende kona hans - Bentzen?

 

** So er eg interessert i detaljar kring dødsfalli til Jan, kona og dei to sønene deira?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Gjennom eit skifte frå 1759 får me greie på at dei to sønene nemnde ovanfor, Peder og Søren, var avlidne, medan dotteri Maren var gift med Zacharias Davidson Svabo i Kroken indre i Luster (1709-1780).  Ho døydde i Luster i 1812.

 

Hvem var dette skiftet etter? Nær familie av Jan Pedersen Teiste?

 


Finner dette: http://www.danskeherregaarde.dk/manorholder/s/saebygaard-(sjaelland)/ejerraekke.aspx

 

I eierrekken er blant annet disse to: 

  • (1720-1742) Lars Benzon
  • (1742-1761) Niels Benzon

 

Brødre av kona til Jens P Teiste?

 

Litt mer her om Lars Benzon: https://da.wikipedia.org/wiki/Lars_Benzon 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for spennande innlegg!

 

Eg har no sett litt meir på grunnlaget for dei opplysningane eg har, og finn følgjande:

 

** Jon Laberg seier i den gamle bygdeboki for Hafslo at Jan Pederson Teiste i 1745 var busett på Sæbygaard på Sjælland.  Kjelda hans for denne opplysningi kan eg ikkje finna.  Derimot:

 

** Det vart 9.1.1745 på plassen Stenen under Ytre Kroken i Hafslo halde registreringsforretning etter Øllegaard Pedersdotter Teiste, ei søster av Jan, som då var avlidi.  Ho let etter seg enkjemannen Henrik Jonasson Nitter og sju søsken:

 

1) Jan Teiste - «formenes være død» - nærverande var berre dotteri Maren Teiste 18 1/2 år gamal - «de andre hendes søskende hadde fuldt(!) med foreldrene til Danmark - vides ikke hvor mange eller hvor de opholder sig»

 

2) Jens Teiste - «reiste for over 20 aar siden til Holland - vides ikke om han lever eller om han efterlater børn»

 

3) Peder Teiste - «ligesom broren Jens reist herifra»

 

4) Søren Teiste - boende i Indre Sogn og nærverande

 

5) Anne Teiste - enkje etter Petter Pettersen i Bergen

 

6) Maren Teiste - avlidi, hadde vore gift med Johan Fredrik Brandt, klokkar i Sløidre i Valdres - let etter seg ein son Dominicus Brandt

 

7) Margrethe Teiste - enkje i Bergen

 

Det trekte ut i tid før skiftet vart slutta, men då vart det sett av arvemiddel med tre brorlodder til Jan, Jens og Peder Teiste som Lars Nitter fekk ansvaret for.

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Indre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 5b , 1741-1748, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Fol. 228-459. Register.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24137/196/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081120700425.jpg

 

** So vart det 7.4.1759 av Lars Nitter forlangt halde skifte etter Jens og Peder Teiste, og her vert det mellom anna attgjeve eit brev som Jan Pederson Teiste skreiv 28.5.1753 med adresse «ud i Løve Hjordet(?) i Sæbygaards amt, Sjællands stift».  I brevet går det mellom anna fram at Jan overdreg til dotteri Maren gift med Zacharias Svabo sin arv, ikkje berre etter søsteri Øllegaard frå 1745, men òg etter mori Maren Teiste (skifte 1730!).

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Indre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 7a , 1751-1762, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Fol. 1-432.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24138/342/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081120700810.jpg

 

Eg kan IKKJE sjå at vert sagt noko som helst om at søskeni til Maren skulle vera avlidne, so eg trur følgjande må vera tilfelle:

 

Jan Pederson Teiste og kona er flytte frå Kroken til Danmark alt kring 1728 eller i alle fall før 1730, og dei kan godt ha fått fleire born i Danmark, særleg på bakgrunn av at dei i 1745 ikkje visste kor mange søsken Maren Jansdotter Teiste hadde!  Maren må ha vorte att i Kroken, kan henda hjå bestemori og sidan hjå fasteri Øllegaard!

 

Truleg var brørne Jens og Peder Teiste framleis «forsvundne», og dette var so bakgrunn for skiftet i 1759!

 

MEN, eg tek gjerne i mot ytterlegare kommentarar om nokon tolkar dese skifti på andre vis enn kva eg har gjort!

 

Eg takkar nok ein gong for alle innspel i denne saki!

 

PS: Kanskje nokon kan hjelpa meg med å tolka bustaden til Jan Teiste frå 1753?  Sjå høgre side høgre spalte linje 8:

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Indre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 7a , 1751-1762, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Fol. 1-432.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24138/343/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081120700811.jpg

 

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Michael for svært interessant innlegg!  Det var jamen godt å få andre auge til å sjå på dette brevet, so no har me ganske nøyaktig bustad på denne huslyden!

 

Er det nokon med ekspertise på danske kyrkjebøker og andre danske kjelder som kan hjelpa vidare?

 

Dette vert berre meir og meir spennande....

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no freista følgja opp referansen frå brevet frå 1753, og i kyrkjeboki for Gjørløv (i dag skrive Gørlev) finn eg under 1755 at «Fredagen d. 28 Febr blev Jan Teistes hustrue af Giørløv, jordet i Giørløv kierchegaard»

 

http://www.danishfamilysearch.dk/sogn466/churchbook/source139917/opslag15413287

 

So, ved ei vigsle i Gjørløv i oktober 1763 opptrer «Monsr. Theisted af Gjørløv» opp som forlovar

 

http://www.danishfamilysearch.dk/sogn466/churchbook/source139917/opslag15413307

 

Det er i det minste eit par steg vidare...

 

Elles har eg òg lagt dette problemet ut i det danske DIS-forum!

 

https://www.slaegtogdata.dk/forum/index.php/topic,106347.0.html

 

Eg takkar på ny for alle innspel!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Nye spennande funn i kyrkjebøkene for Gørlev sokn i Løve herad i Danmark:

 

Jan Teistes son Peder vart konfirmert her i 1737: http://www.danishfamilysearch.dk/sogn466/churchbook/source8113/opslag2713317

 

Jahn Teistes son Hans vart konfirmert her i 1747: http://www.danishfamilysearch.dk/sogn466/churchbook/source8113/opslag2713319

 

Og so er det ein eg har store vanskar med å tyda, sjå heilt nedst på denne sida, som visstnok er ein dåp frå 1731 - eg les Monsr. Jan Teistes ..., og so står det Fredrik på neste linje (?)...: http://www.danishfamilysearch.dk/sogn466/churchbook/source140660/opslag15539802

 

Uansett kva det står; desse funni provar at huslyden flytte alt sist på 1720.-talet til Gørlev på Sjælland!

 

Kan det finnast noko meir?

 

Korleis er det med skifteprotokollar frå Danmark?

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

I Nygaards sedler i Dansk Demografisk Database finner jeg registreringer på en kirkurg Peder Theiste/Teiste/Tejste, som døde i Nykøbing i 1801, 78 år gammel, f. ca. 1723. Ugift.

 

http://www.ddd.dda.dk/nygaard/visning_billed.asp?id=377042&sort=e

http://www.ddd.dda.dk/nygaard/visning_billed.asp?id=377043&sort=e

http://www.ddd.dda.dk/nygaard/visning_billed.asp?id=377044&sort=e

http://www.ddd.dda.dk/nygaard/visning_billed.asp?id=377045&sort=e

 

Det behøver ikke å ha noe med dine folk å gjøre, men aldersmessig kunne denne Peder ha vært konfirmert ca. 1737-1738, jf. #7. 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nytt spennande innlegg!

 

Eg er ganske so overtydd om at du har finne den «rette» Peder Teiste.  Som det går fram av innlegg #1, vart han døypt i Hafslo 23.9.1722.  Han vart altso konfirmert i Gørlev i 1737.  Han studerte tydeleg til kirurg og busette seg i Nykøping der han altso d. i november 1801, ugift.

 

Det vart tydeleg halde skifte etter han, men kan henda testamenterte han heile formuen sin til «andre»?

 

Dette vil eg gå vidare med på den danske DIS-sida, der det forresten er dukka opp eit anna spennande innlegg:

 

~~~~~~~~~~

 

«Dåben i 1731, jeg læser det samme - den er svær at læse

http://ao.salldata.dk/vis.php?bsid=148205&side=257&kb=KB: Holbæk, Løve, Gørlev 1680-1733 FVD (EM)&height=695

Har fundet dette skifte, men desværre ikke fundet skifte efter Jan Teiste eller hustru:

Hans Jansen Theiste bartskier/chirurgus i Holbech      9 Mar/25 May 1707              pg 662
WIFE:    Ellen Jensdtr
BRO:     Peder Theister borgm. & raadmand i Kraagen/Krogen, Inder sogn, Bergenhuus stift, Norge
SIS:     Kirsten Theiste  minor
         Margrethe Theiste
         Ollegaard Theiste
         ... Theiste (dod) i Norge
            CH:
STEPCH:  Niels Jacobsen Wilslef
gd: Johan Johansen Aldewelt
wgd: Borge Mogensen Bring procurator
[Holbaek Byfoged; Bk 4 1703-1710; film 49313]
------
Måske en af slægten?

København, København (Staden), Snarens Kvarter, , Nye Gaden 151, 2, FT-1787, B5768
Magdalena Elisabeth Thomsen 77 Enke(mand) Konen Faar Pension af Assistent Huuset 
Magdalena Elisabeth Rode 46 Enke(mand) Hendes Datter Pension af Post Cassen 
Dorethea Friderica Guldager 27 Ugift Hendes Datter Datter   
Kistine Hans Datter 26 Ugift  Pigen 
Magnus Theiste 57 Ugift Hosbonde Faar Pension
Kommentarer: Forhen Amtmand i Nordre Bergenhuus Amt

Joh.Friderich Stabel 18 Ugift Hans Tiener,gebreklig»

 

~~~~~~~~~~

 

Denne Hans Janson Theiste, som døydde som bartskier/chirurgus i Holbæk på Sjælland (det er ikkje so langt ifrå Gørlev!!), var FARBROR av Jan Pederson Teiste.  Mor til Jan var forresten Maren Jensdotter Engesleg, som truleg òg var frå Danmark, so det er heilt klart samband mellom desse folki...  Kan henda var Maren søster av Elen Jensdotter, kona til Hans Janson Theiste??

 

Dette vert berre meir og meir spennande...

 

Eg takkar på ny for alle gode innspel og tankar om denne ætti!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ola Teige
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ola for siste spennande innlegg!

 

Eg lyt studera desse skifti nærare, men eg ville gjerne fortelja at det på DIS-forum Danmark er dukka opp eit nytt spenannde «element» - kjelde: Skifteregister for Nykøping:

 

Johan Teist chirurgus 22 Feb 1777 pg 74
of Giorlov sogn, Saebyegaard amt, Sjelland in 1756
CH: Peder Johansen Teiste chirurgus i Nyekiobing, paa moos i Jylland
Marie Agatha Johansdtr Teiste (dod) = Andreasen muurer i Hirschholms Slot, Sjelland (both dod)
CH: Morten Andreasen tiene for Kock hos Schimmelmand
Frederich Andreasen snedkersv i Khvn
Christian Andreasen snedkersv i Khvn
Maren Johansdtr Teist = Z. Svaboe i Inder Kroger skovgaard, Bergen, Norge / Tjdet, Aardahl, Norge
gd: Jacob Jensen Kampe
[Nykobing Byfoged; Book 2 1769-1806; film 49399]

 

Etter dette byrjar «saker og ting å komma på plass»!  Jan Pederson Teiste var m.a.o. «chirurgus», og eg vil tru han kanskje har vore student i Danmark då han gifte seg, og at ekteskapet hans vil vera å finna der!?  Namnet til kona hans er jo framleis ei «gåte»...

 

Skiftet nemner den eine sonen Peder (1722-1801) og dotteri Maren gift med Zacharias Svabo i Sogn.  Dessutan hadde han ei dotter Marie Agatha som må ha vore gift med ein murar på Hirschholms slott!!  Dei andre borni hans, Søren (1724), Hans (konf. 1747) og eventuelt Fredrik (1731) må alle vera avlidne før faren utan å etterlata seg born...!

 

Neste oppgåvene her vert no å finna:

 

* Ein nøyaktig dato for dødsfallet eller gravferdi til Jan (Johan) Teiste i Nykøping 1777?

 

* Kan Jan (Johan) Teiste eventuelt finnast som student i København?

 

* Vigsli til Jan (Johan) Teiste, og kven kona hans var, er framleis eit «mysterium»?

 

* Let det seg gjera finna fleire detaljar opm Marie Agatha Teiste og mann hennar (Andreas eller Andreassen?)?

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi med denne huslyden, som no verkeleg byrjar «ta form»!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg oppdaga det er komme nok eit innspel frå Danmark:

 

«Peder Johansen Teist er i Nykøbing Mors i Jylland (der er 3 købsteder der hedder Nykøbing i DK.
-----
Her er én af samme navn:
Desværre ingen fornavn, Hørsholm kirkebog går ikke så langt tilbage, men en del af Hørsholm skulle være under Birkerød sogn, har dog ikke fundet ham død indtil ca.1776.

Kilde:  OE-1771
Mandens navn:  Theiste Mandens erhverv:  Feldskiær
Mandens alder:  80 Mandens civilstand:  Enkemand
Mandens nr. ægteskab:  1 Mand død (ja/nej):  Nej
Hustru død (ja(nej):  Ja
Enkestand antal år:  13 Antal uforsørgede børn:  3
Sogn:  Hørsholm Herred:  Lynge-Kronborg
Amt:  Frederiksborg Stednavn:  3
-------
http://www.ddd.dda.dk/soeg_oeders.asp»

 

Dette må eg studera litt nærare..., men eg ville gjerne dela det med dykk!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg motteke følgjande frå Danmark, gravferdi til Jan (Johan) Teiste:

 

«Han blev begr. 27 Febr.1777 i Nykøbing Sj:

http://ao.salldata.dk/vis.php?bsid=154178&side=86&kb=KB: Holbæk, Ods, Nykøbing Sjælland 1741-1777 FVD (EM)&height=728»

 

Elles har eg no teke til med lesingi av det kjempestore skiftet etter Hans Theiste frå Holbæk 1707, og so vidt eg kan forstå, er i alle fall eine fasteri til Jan Teiste òg busett i Danmark...

 

Dette er teke opp i eit anna tema; https://forum.arkivverket.no/topic/200920-s%C3%B8ren-jensson-engesleff-og-%C3%B8llegaard-jansdotter-teiste-gifte-kring-1700-budde-i-bergen-1702-sidan-i-k%C3%B8benhavn/?p=1697004

 

Denne «internasjonale» ætti frå Hafslo er skikkeleg spennande å forska på, og eg takkar på ny for alle positive innspel!!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Som eg var inne på ovanfor i innlegg #11, har me oppdaga eit ekstra barn etter Jan Pederson Teiste som heitte Marie Agatha!  Og med dette namnet i erindring har eg no truleg endeleg fått eit aldri so lite «gjennombròt» når det gjeld å spora opp kona til Jan:

 

FamilySearch syner denne fødsli:

Name    Maria Aagata Teisen
Gender    Female
Christening Date    22 Aug 1719
Christening Place    Garnison Sogn, København, København, Denmark
Father's Name    Johann Teisen
Mother's Name    Anna Maria Teisen

Om eg går inn i denne kyrkjeboki (http://ao.salldata.dk/vis.php?bsid=150057&side=143&kb=KB:%20K%C3%B8benhavn,%20Sokkelund,%20Garnison%201707-1725%20F%20%28EM%29&height=1104), finn eg ikkje denne dåpen, men derimot har eg finne ei vigsle som KAN vera relevant:

 

Name    Johan Theist

Spouse's Name    Ane Marie Peters
Event Date    21 Jul 1719
Event Place    Tjæreby, Sorø, Denmark

Skulle gjerne visst kven forlovarane var...

Denne huslyden vert berre meir og meir spennande å forska i, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no for oversikti si skuld sett opp ei oppstilling som syner kva me i kveld veit om denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

NB: Dette manuskriptutdraget er erstatta av eit nytt i innlegg #22!

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg trur det enno er mogeleg å finna ut litt meir om denne huslyden, og eg takkar nok ein gong for alle tips...

 

PS: Manuskriptet redigert etter stadfesting av opplysningar frå Danmark!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Erlend E. Mæhlum

Skannet utgave av skiftet etter Jan/Johan finner du her: https://www.sa.dk/ao-soegesider/billedviser?bsid=133066#133066,33371042

Holbæk amt, Nykøbing Sjælland byfogd. Protokoll 1769-1806, s 74, oppslag 78.

Noen nyttige danmarkslinker:

Link til hovedsiden over skannede skifter i Danmark https://www.sa.dk/ao-soegesider/geo/index/18

Link til skannede skifteprotokoller som mormonerne har filmet: https://familysearch.org/search/image/index#uri=https://familysearch.org/recapi/sord/collection/2015318/waypoints

Endret av Erlend E. Mæhlum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ola Teige

Peder Teiste døde i Nykøbing Mors, dvs. på Jylland og ikke på Sjælland. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Christian Arentz

#18. Får ikke til noen link. Dom 3 p. Epiph 1719

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Erlend, Ola og Christian for nye interessant og utfordrande innlegg!

 

Eg har no lese gjennom skiftet etter Johan Teiste frå Nykøbing på Sjælland 1777 og har oppdaga ein par mindre saker, som eg gjerne vil få dela med dykk.  Det gjeld den avlidne dotteri Marie Agathe:

 

Marie Agathe Johansdatter Teiste, fødd i København 1719, døydde før 1777, var gift med gibsar og murar Andresen på Hirschholms slott på Sjælland, som ogsaa var avliden.  Desse let etter seg FEM søner:

* Morten (Marten?) Andresen, tener for «kock» hjå geheimråd Hr Baron Schimmelmand

* Frederich Andresen skal vera snikkarsvein i København

* Christian Andresen skal òg vera snikkarsvein i København

* Hans Andresen skal òg bu i København

* Peder Andresen skal likeins bu i København

Eg vil gissa på desse gutane må vera fødde mellom kring 1740 og kring 1755.

Er det mogeleg å komma på sporet etter dei?  FT1787 eller FT1801?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Etter nye interessante opplysningar frå Danmark, særleg om eldste dotteri Marie Agatha og huslyden hennar, presenterer eg her eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jan Pederson Teiste, son av føregåande brukar og herifrå garden, var f. kring 1694 og gifte seg i Tjæreby, Sorø amt på Sjælland 21.7.1719 med Anna Marie Peters frå

 

     ¤¤¤¤¤ (opphavet hennar? – truleg tysk!)

 

     $$$$$ (gardbrukarar Kroken frå kring 1721 til kring 1728)

 

Alt i 1719 hadde Jan Teiste vore barbergesell i København, og kring 1728 flytte han og Anna Marie attende til Danmark.  Dei busette seg då i Gørlev, Løve herad i Sæbygaard amt på Sjælland der Jan heldt fram som feltskjer (kirurg).  Anna Marie vart gravlagd i Gørlev 28.2.1755, og som enkjemann flytte Jan Teiste kring 1765 til Nykøbing på Sjælland der han vart gravlagd 27.2.1777.  Dei fekk visstnok seks born i lag:

a. Marie Agathe Jansdotter Teiste, døypt i København, Danmark 22.8.1719, vart gravlagd frå Hirschholm, Birkerød, Sjælland 2.6.1772.  Ho gifte seg

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar? - kring 1741)

 

     med Andreas Jørgensen frå

 

     ¤¤¤¤¤ (opphav? – fødd kring 1709?)

 

     Han vart gravlagd frå Hirschholm 29.8.1764.  Andreas var gipsarbeidar og mursvein ved Hirschholms slott i Birkerød, Lynge-Kronborg herad i Frederiksborg amt på Sjælland der parfolket budde.  Dei fekk visstnok åtte born i lag.

b. Peder Janson Theiste, døypt i Hafslo 23.9.1722, voks opp i Gørlev, Sæbygaard amt på Sjølland, men vart sidan feltskjer (kirurg) og busette seg i Nykøbing på Mors, Jylland der han d. ugift 26.11.1801.

c. Søren Janson Teiste (1724-1725), f. og d. i Hafslo.

d. Maren Jansdotter Teiste (1726-1812), voks visstnok opp hjå fasteri Øllegaard i Stein under Kroken og vart sidan gift med gardbrukar Zacharias Davidson Svabo i Kroken i Luster (1709-1780) (s.d.).

e. Hans Janson Teiste, f.

 

     ¤¤¤¤¤ (1729? – konf. Gørlev 1747 – d. barnlaus før 1777)

 

                    f. Fredrik Janson Teiste, døypt i Gørlev 19.11.1731, truleg sonen som vart gravlagd i Gørlev 6.4.1740.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dei største «utfordringane» som no står att å løysa i denne huslyden er;

 

** Finna opphavet til Anna Marie Peters?

 

** Finna vigsli til Marie Agathe og mannen Andreas Jørgensen samt opplysningar om opphavet hans?  (Dei synest vera flytte til Hirschholms slott kring 1744... med eldste son Morten, fødd kring 1742)

 

** Finna dåpen og andre opplysningar om sonen Hans

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.