Gå til innhold
Arkivverket

Karen Klemetsdatter Ulvedal

HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

Karen Klemetsdatter Ulvedal er tipptipp-oldemora mi, og eg skulle gjerne ha visst meir om slekta bakover. Men der møter eg problem. Kanskje nokon kan hjelpe meg med det.

Ifølgje bygdeboka for Sande og Rovde bind 3 er Karen Klemetsdatter dotter av Klemet Ulvedal frå Homedal i Sunnfjord. Ho er fødd i 1795 og gift med Jakob Sjurson Syvdsnes pflytta dei til Rovde 4å Syvdsnes 1. Seinare flytta dei til Rovde 4. Karen hadde også ei syster, Helga, som var fødd i 1781 og gift med Peder Ivarson Sundnes på Sundnes 4. 

Ifylgje bygdeboka var Marte og Helga born frå første ekteskapet til Marte Tolleivsdatter Ulvedal.  Marte var gift andre gong med Hans Anderson Sandvik, og hadde med han borna Nille Pernille gift Nedreberg i Syvde og Peter Elias (Spelar-Peter) som gifta seg til Eikrem i Syvde. Første barnet vart fødd i 1809, så dei må ha gifta seg litt før det. Bygdeboka fortel at Hans selde garden på Syvdsnes i 1835 og at han og Marte truleg flytta attende til Bergen.

Om faren Klemet Ulvedal fortel bygdeboka at han fall i slaget på Københavns red , dvs. 2. april 1801, og dei hadde hus i Bergen og budde tydelegvis der. Når han var fødd veit eg ikkje, men reknar vi ca 25 år frå første dottera vart fødd (1781), kjem vi til ca. 1756. 

Eg har søkt i 1801-teljinga for Bergen: utan å finne Marte der. Heller ikkje i listene over avdøde.

I kjeldene har eg funne ein Clemet Sørenson Ulvedal som gifta seg med ei Kari Tollaksdatter Marosen 19.mai 1799. To kjelder viser dette:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sognvigd&gardpostnr=36024&merk=36024#ovre

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000002275072

Det ser ut til at den same Clemet får ei dotter, Synnøve,  5. september same året: http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000008394290 

Dette viser vel at det ikkje er denne Klemet som var første mannen til Marte Tolleivsdatter. Namnet på kona hans er ellers oppgitt som Kari Tollaksdatter. Det kan vel tenkjast at etternamna Tolleivsdatter og Tollaksdatter kunne forvekslast og at Marte også heitte Kari, eller at namna er forveksla. Men kva med dottera Synnøve som ifølgje kjeldene vart fødd same året dei gifta seg (1799), og kva då med Karen, fødd i 1795 og Helga fødd i 1781?

Eg har også funne ein Søren Klemetsen i folketelling 1815  for Ytre Holmedal. Han er då kårmann og 70 år gammal: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01070683002505

Han var då fødd ca. 1745. Kan han vere far til Klemet, første mannen til Marte Tolleivsdatter?

I 1801-teljinga for Ulvedal, Ytre Holmedal finn vi att same mannen: 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f18011429

Han er 59 år. Her ser det ut som om det er sonen Ole Sørensen og kona Orlou Halversdatter som driv garden. Dei har borna Giertru og tvillingane Synneve og Helga. Tvillingane er då fødde i 1799 og Giertru i 1796. Sjølv om vi her finn att namnet Helga, er det vel ikkje truleg at Ole er den same som den før nemnde Klemet.

Eg har også funne ein Ifver Haldorsen Ulvedal i manntal 1701 for Nordre Bergenhus amt. Han har borna Haldor og Endre Ifversen på 6 og 4 år. 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=1701nba&gardpostnr=2168&merk=2168#ovre

Elles er  det litt forvirrande at det i folketellinga for Store Rovde for 1865 er det skrive at Karen er fødd i Herø prestegjeld. Dette må vere feil.

Har nokon meir opplysningar som kan hjelpe meg vidare?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kari Clemetsdtr. vart fødd med ugifte foreldre Clemet Ulvedal og Kari Maros i 1792 (sjå oppe på høgre side):

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Fjaler, Ministerialbok nr. A 2 (1779-1798), Kronologisk liste 1792, side 148.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1981&idx_id=1981&uid=ny&idx_side=-203
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050818030869.jpg

Ved folketellinga i 1801 har Kari/Karen Tollefsdtr. vorte førd som Karen Andersdtr.: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390000487
 
Clemet Sørensen døydde 15.12. i 1804:
Kildeinformasjon: Bergen fylke, Nykirken, Klokkerbok nr. A 3 (1775-1820), Døde og begravede 1804, side 83.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8732&idx_id=8732&uid=ny&idx_side=-84
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070416660407.jpg
 
Hans Andersen og Karen Tollefsdtr. vart gifte i 1806:

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. A 8 (1776-1814), Ekteviede 1806, side 150.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8724&idx_id=8724&uid=ny&idx_side=-156
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070416620615.jpg

I klokkarboka står namnet til brudgommen som Hans Andersen Sandvig (nr. 33 på høgre side):

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Nykirken, Klokkerbok nr. A 2 (1782-1847), Lysninger 1806, Ekteviede 1806, side 53.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8736&idx_id=8736&uid=ny&idx_side=-54
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070416670384.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Søren Christian, døpt 1819, sønn av Jacob Sjursen og Karen Klemmetsdatter: 

Møre og Romsdal fylke, Rovde i Herøy, Ministerialbok nr. 504A01 (1816-1861), Fødte og døpte 1820, side 6. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15947&idx_id=15947&uid=ny&idx_side=-7
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070829630702.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kona til Peder Iversen Sundnes, heitte Helge Tollefsdtr. (sjå nr. 3 i 1820):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Rovde i Herøy, Ministerialbok nr. 504A01 (1816-1861), Ekteviede 1818-1821, side 188.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15947&idx_id=15947&uid=ny&idx_side=-139
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070829640110.jpg

Ho var då sjølvsagt ikkje dotter til Clemet Sørensen og Kari Tollefsdtr. Ho kan ha vore syster til sistnemnde.

Skiftet etter Elling Tollefsen Marosen/Hatlebrekke i 1797 nemner iallefall ei søster Kari Tollefsdtr. på 27 år og ei søster Helge Tollefsdtr. på 17 år: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24197/559/

Hei Inge. Mange takk for interessante opplysningar. Dette tyder at Sande og Rovde -soga har feil opplysningar.  Forstår eg det rett heiter mor til Karen ikkje Marte, men Kari, og den Helga som i bygdeboka gifte seg med Peder Iversen Sundnes hadde det uvanlege namnet Helge og var eigentleg tante til Karen.  Karen vart altså fødd i 1792 og foreldra var ikkje gifte. Er det dei som gifter seg i 1799: 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000002275072

og er det ei anna syster til Karen som vart fødd seinare det same året?  http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000008394290

Helge

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eldre bygdebøker som t.d. Sande og Rovde-boka er ofte fulle av feil, særleg når det som her er snakk om innflyttarar. Opplysninga om at Hans Andersen og Kari Tollefsdtr. flytte til Bergen att, er og feil. Det var skifte etter Hans Andersen Syvdsnes busett på Myklebust i Vanylven (Syvde??) i 1844: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24586/204/

Då er det vel dødsfallet vi finn i kyrkjeboka her (sjå nr. 7):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Vanylven, Ministerialbok nr. 501A05 (1831-1844), Døde og begravede 1844, side 214.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2237&idx_id=2237&uid=ny&idx_side=-194
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050728010194.jpg

Kari Tollefsdtr. døydde i 1850 på Nedreberg i Syvde, der dottera Nille Pernille var busett (sjå nr. 19):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Syvde i Vanylven, Ministerialbok nr. 502A01 (1844-1873), Døde og begravede 1851, side 207.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2239&idx_id=2239&uid=ny&idx_side=-201
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050728010817.jpg

Giftermål og dåp i 1799 som du oppgjev er nok rette personar.

Elles nemner skiftet etter Elling Tollefsen i 1797 også mora Siri (eller Sigrid) Ellingsdtr. I FT1801 finn vi ho gift for andre gong på Marosen: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058401002168

Hei Inge

Takk for endå fleire opplysningar. Det er tydeleg, som du skriv, at Sande og Rovde-boka ikkje har sjekka kjeldene særleg godt. 

Er det råd å finne ut noko om Clemet Søernsen og Kari Tollefsdatter si dotter Synnøve, som vart fødd etter at Clemet og Kari gista seg i 1799: http://digitalarkive...d00000008394290 

Er den Clemet Sørensen som vert nemnd i folketeljinga for Ulvedal i 1815 som kårmann på 70 år: http://gda.arkivverk...lnamn=f18011429  og i folketeljinga 1801, der den same mannen er 59 år?

Eg har også leitt etter Helge Tolleivsdatter i dåpsregistera, men finn ho ikkje. Helge er elles eit uvanleg kvinnenamn, men etter det eg ser i listene over fødde i det distriktet desse kom frå, var det mykje brukt. Interessant for meg som sjølv heiter Helge. 

Er det mogeleg å finne ut noko om far til Clemet Sørensen? Han må då sjølvsagt ha heitt Søren. Eg veit ikkje kva kjelder som finst for den tida, men kanskje eksisterer det noko.

Mvh

Hei.

Eg kom over dette frå Aal bygdebok om

Gurigard gnr. 63 bnr. 1 : http://www.aal-bygdebok.no/063001-.htm

Eg kopierer  det som gjeld Kari Tollevsdatter f. Gurigard:

{3450} År: 1768
Tolleiv Halvorson Gurigard Springslåtta 1744-1790
Foreldre: Halvor Johanneson Halsteinsgard Gurigard og Guri Aslesdtr. Gurigard.
Gm Sigrid Ellingsdtr. Løken Gurigard 24.07. 1746-
Foreldre: Elling Olson Løken og Kari Nilsdtr. Sehl Løken. 
*Barn
1. Kari Tolleivsdtr. Gurigard 27.03. 1769-
Gm snikkar Klemet Sørensen, Bergen. Gm Hans Anderson Sandvigen, Bergen. 
    I 1833 budde dei på Løvsnes i Herøy i Romsdal. I 1865 var Kari truleg enkje og husmor på Ringåsen under Hønen Østre. 
2. Kristian Tolleivson Springslåtta 1770c-
Gm ... ... , Jylland. Kristian vart konfirmert i Guddal (Sunnfjord) som 15-åring. Kom sidan til systera Kari i Bergen.
    Kristian vart utkommandert til kanonbåt-tenest i 1808 og avskjediga kring 1813. Han vende ikkje heim att etter krigen, i 1833 var han gift og busett på Jylland. 
    Prokurator Christen Christensen møtte Kristian på Jylland i juli 1833 ("en meget brav, men tillige meget Fattig Mand"). Med hans hjelp arva Kristian 34 spd etter ein barnlaus farbror Halvor.
3. Halvor Tolleivson Springslåtta 10.01. 1773-

Barn fødde utanfor Ål: Helge gm Halstein Rasmusson Viig, Vanylven; Guri ; Helge ; Anne gm Karl Johanneson Huseklepp; Guro gm Markvard Ivarson Skidnevig; Kari gm Tolleiv Jørgenson Lindelien. 
    Tolleiv var hestehandlar. Han kjøpte Gurigard (6 laupsbol) hjå broren Johannes i 1768. Pris: 540 rd. Tolleiv selde frå Langåkeren til Arne Oleivsgard, men denne åkeren kom attende til Gurigard bnr. 6.
    Tolleiv selde Gurigard for 750 rd og kom til Springgard i 1772. Han må ha hatt noko gjeld, for då Tolleiv kjøpte 'Springslåtta', greidde han ikkje å reise kjøpesummen. Handelen vart difor omgjort i 1773. 
    Tolleiv reiste til Holmedal i Sunnfjord før 1781. Han kjøpte plassen Haslebrekke i Gudalen i Sunnfjord. Karl Huseklepp skreiv i 1834: Tolleiv hadde 6 døtre som alle var gifte. Sonen Kristian (på Jylland) er ikkje nemnt. Sigrid levde i 1834. (1301) nr 354 

Utifrå dette kan det sjå ut som slekta til Kari kom frå Ål i Hallingdal, Buskerud.

Kan dette verifiserast?

Helge

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her var det mange opplysningar, og det er ingen tvil om at dette er rette folka. Med opplysningane frå bygdeboka, kan ein lettare sjå kva som er mogleg å finne, Her er t.d. dokumentet som viser at Tollef Halvorsen Gurigard frå Hallingdal kjøpte Hatlebrekke i Sunnfjord i 1774:

Kildeinformasjon: Protokollnummer: II.B.7a, Sted: Sunnfjord sorenskriveri, Oppbevaringssted: SAB
Merknader: Gardar under Svanø birk, pag. 2-480
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20070808181611.jpg
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=11863&uid=ny&idx_side=-93

Ein kan og finne skiftet etter Halvor Halvorsen Arnegard i Hallingdal, som nemner mellom arvingane borna til halvbroren Tollef Halvorsen.

(sjå heilt til høgre her på side 565. Dei er og nemnde på side 569. Skiftet startar på side 562):

Kildeinformasjon: Buskerud fylke, Hallingdal sorenskriveri, Skifteprotokoll 2 (Hba 0002), 1832-1836, oppb: Statsarkivet i Kongsberg.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/25313/288/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081121320677.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Inge

Dette oppklarte mykje når det gjeld ætta på Kari si side. 

Eg har leitt litt i Sogeboka for Syvde for å finne spor etter Hans Andersson Sandvik og Kari Tollefsdotter sine siste år. Det ser ut til at dei selde garden på Syvdsnes i 1835 og flytta til Syvde, der både dottera Nille Pernille og sonen Peter var gifte og budde. I kyrkjeregisteret over døde i Syvde er Hans kalla Hans Andersson Myklebost. Det er litt rart, sidan han tidlegare er kalla Hans Andersson Sandvik. Han åtte heller aldri nokon av Myklebost-gardane i Syvde. Det som kan vere forklaringa er at kona til sonen Peter, kalla "Spelar-Petter", var dotter til Paul Pederson Myklebost, frå Myklebost 29. Det ser ut som om Peter tok dette namnet (Myklebost) sjølv om han budde på og dreiv Eikrem 3. 

Det ser ut som om Hans og Kari har flytta frå Syvdsnes til Eikrem og sonen Peter. Hans døde i 1844 medan han budde hos sonen som kalla seg Myklebost. Difor står han med dette namnet i kyrkjeboka. Kari har nok halde fram med å bu hos sonen fram til han døde i 1852. Då flytte ho til dottera Nille Pernille, som var gift og budde på garden Nedreberg inst i Sørdalen. Difor er ho oppført i dødsregisteret som Kari Tollefsdatter Nedreberg.

Det som no står att å få orden på er kva som skjedde med Synnøve, dottera til Klemet Sørensen og Kari Tollefsdatter som var fødd i 1799. 

Dessutan er spørsmålet om vi kan greie å spore Klemet Sørensen si ætt vidare bakover.

Helge

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

Eit anna problem eg har støytt på er kvar Hans Andersson Sandvik kom frå. Eg finn broren Jakon Andersson Sandvik på Halle Ytre 5, men når eg leitar under Sandvik  i Gursken finn eg verken han eller broren. Kan det vere at dei kjem frå ein annan plass som heiter Sandvik i Herøy eller Sande? 

Helge

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hans Andersen er nemnd under Sandvik på Hakallestranda: http://www.nb.no/nbsok/nb/d0e1b1a5f3bfe962403a5d7641fb8d7e.nbdigital?lang=no#619

Også her er det noko feil i bygdeboka når det gjeld Hans sine foreldre. Anders Olsen Molvik frå Hakallestranda vart gift med Pernille Hansdtr. Drage (rett nok med mor frå Salt) i 1773 i Selje:

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Selje, Ministerialbok nr. A 5 (1760-1782), Kronologisk liste 1773, side 109.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11646&idx_id=11646&uid=ny&idx_side=-111
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070515640095.jpg

Endret av Inge Nygård
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for dei siste opplysningane, Inge. Eg trur kanskje eg har funne fødselsattesten til Pernille Hansdatter:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?show=38&uid=693186&urnread_imagesize=gigant&hode=nei&ls=1&lc=x%259CK%25B42%25B2%25AA.%25B62%25B4R%25CAT%25B2.%25B62%25B5R24431%2505%25B1%2581b%25C5J%25D6%2599V%25C6%2516%25D6%25B5%2500%25C8%2595%2509%25EF

Oppføring nr. 2 på venstre side.

Elles høyrest det mykje meir naturleg ut at far til Hans Andersson Sandvik kom frå nabogarden Molvig enn frå Matvik i Geirangerfjorden, slik Sandesoga antydar.

Det som no står att å få orden på er kva som skjedde med Synnøve, dottera til Klemet Sørensen og Kari Tollefsdatter som var fødd i 1799, og som var rett syster til Karen Klemetsdatter Syvdsnes, seinare Rovde, fødd Ulvedal. 

Dessutan er spørsmålet om vi kan greie å spore Klemet Sørensen si ætt vidare bakover.

Mvh

Helge

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er nok feil Pernille du har funne dåpen til. Pernille Hansdtr., dotter til Hans Ingebrigtsen Stave, vart gift i 1772 med Samuel Simensen Sjåstad.

Dette er dåpen i 1751 til Pernille Hansdtr., dotter til Hans Pedersen Drage og Rachel Samundsdtr. (f. Salt). I kyrkjeboka er foreldra innskrivne med gardsnamnet Salt (nedst på høgre side):

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Selje, Ministerialbok nr. A 4 (1743-1759), Fødte og døpte 1751, side 98-99.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11645&idx_id=11645&uid=ny&idx_side=-52
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070515630386.jpg

Skiftet etter Hans Pedersen i 1761 føregjekk på Drage: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24230/419/

Elles fekk Clemet Sørensen og Kari Tollevsdtr. ein son i 1802 som vart kalla Ole (sjå nr. 54):

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. A 5 (1775-1808), Fødte og døpte 1802, side 150.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8719&idx_id=8719&uid=ny&idx_side=-154
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070416610538.jpg

Ole Clemetsen og Synneve Clemetsdtr. vart begge to konfirmerte i 1816:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Herøy, Ministerialbok nr. 507A03 (1789-1825), Kronologisk liste 1816, side 95.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15944&idx_id=15944&uid=ny&idx_side=-99
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070829630179.jpg
 
Ole Clemetsen vart gift i 1825 med enka Anne Erichsdtr. med Hans Andersen som trulovar (sjå nr. 7):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Vanylven, Ministerialbok nr. 501A04 (1816-1831), Ekteviede 1826, side 199.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15937&idx_id=15937&uid=ny&idx_side=-135
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070829610436.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Inge

Takk for korreksjon når det gjeld Pernille Hansdatter. Det gjeld å vere oppmerksom, for det er lett å ta feil.

Veit du noko meir om kvar Ole Clemetsen enda opp?

Og har du peiling på om Synneve Clemetsdatter gifta seg, og kvar ho busette seg?

Helge

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Hvis den Søren Klemetsen det referes til er rette far til Clemet Sørensen, så fant jeg muligens videre slekt bakover under "Slekten Yndestad": www.levie.no/yndestad0008.htm    # 142. ii.

Her ser vi at Synneve Olsdatter Yndestad f. 1733, giftet seg med Søren Klemetsen Ulvedal den 11/7/1767 på Ytre Holmedal. Hun døde i 1799 på Fjaler. Far hennes var Ole Johannesson Yndestad f. c.1712.

Endret av magne-fi@online.no
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Dette va litt artig å finne. Eg er og av ættegreina frå Tolleiv Halvorsen Gurigard Springslåtta og Sigrid Ellingsdtr. Løken. Dottera Guro vart gift med Marqvard Skidnevig. Det rette er ein husmannsplass under Skitnevik som heiter Langeneset. Kari gift med Tolleiv Jørgensen Lindelid(Husmannsplassen Naustet.) I fylgje bygdeboka for Fjaler budde huslyden Tollev Halvorsen i Hatlebrekka frå 1764- 1791. Etter det finn vi familien att på garden Marosen. Ei tid brukte dei begge nabogardane. Dei to døtrene som eg har nemnt over er ein del av mi slekt.

 Kari som vart gift med Jørgen Tollaksen fekk ein son med han før ho døydde. Tollak gifte seg att og fekk 5 søner med siste kona. Så skjer det at sonen i siste ekteskap Jørgen fekk plassen og gifte seg med Johanne Marqvardsdatter Skidnevig altså dottera til Guro Tollevsdotter. Stemor til Jørgen var altså tanta til den han gifte seg med.

Tolleiv Halvorsen døydde i 1797. Kona Sigrid gifte seg oppatt i 1797 med Endre Gullaksen Hovland Øvre. Han døydde i 1829 og Sigrid overlevde han og og døydde i 1851. I sommar har eg tenkt meg ein tur til Ål og sjå kvar dette paret kom frå. Både Gurigard og Løken der Sigrid kom frå. 

Hei Oddvv.

Takk for nytt innlegg og interessante opplysningar. Kari Tollefsdatter Ulvedal er tipptipp-oldemora mi.  Eit interessant moment er at om mora Sigrid Ellingsdatter Gurigard, fødd Løken døde i 1851, så må ho ha levd i 105 år, sidan ho var fødd i 1746 etter dei opplysningane eg har. Ho vart med andre ord steingammal.

Veit du noko om dei andre søskena til Kari utanom Guro?

Kva med dei to borna som Kari hadde med Clemet Sørenson Ulvedal, Synneve og Ole? Veit du noko om dei?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var 2 søstre som heitte Karen eller Kari, ifølge skiftet frå 1834 nemnt i innlegg #11.

Borna etter Tollef Halvorsen var nemnde som:

Christian Tollefsen

Karen Tollefsdtr. med mand Hans Andersen Sø[vd]snes

Helge Tollefsdtr. med mand af Søndre Søndmøer

Guri Tollefsdtr.

Anne Tollefsdtr. med mand Carl Johannessen Huseklep

Guro Tollefsdtr. med mand Marqvart Iversen Skidnevig

Kari Tollefsdtr. med mand Tollef Jørgensen Lindelien

Sigrid Ellingsdtr. døydde i 1839 (sjå nr. 34):

SAB, Fjaler Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 6, 1835-1884, s. 325
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20050818031306
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen.

Eg har leita litt i kyrkjebøkene for Fjaler og funne dødsattesten til Sigrid Ellingsdatter. Det viser seg at ho ikkje døde i 1851, men 10. august 1839. Det er notert at ho vart 98 år, og då vert fødselsåret 1741, som ikkje stemmer med det bygdeboka for Ål seier, nemleg 1746.

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050818031306.jpg

Eg har også funne dødsattesten til Guri Tolleifsdatter. Ho døde 21. september 1851, og vart 83 år gammal, dvs. at ho vart fødd ca. 1768.

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050818031347.jpg

Oppholdssted for begge to er Marous.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kari (Karen) Tollefsdatter Ulvedal gift med Clemet Sørenson Ulvedal i 1799 hadde utanom dottera Karen som vart gift med Jakob Sjurson Syvdsnes, seinare Rovde, to born til med Clemet Sørenson Ulvedal.

Desse var Synneve, fødd i 1799 og Ole fødd i 1802. Begge følgde mora til Rovde og dei vart konfirmerte der i 1816. Dei er då registrerte med etternamnet Rovdebøen.

Vi finn att Ole i registeret over vigde i Vanylven i 1825. Han gifte seg då med Anna Erichsdatter Krogevig (Krokvik på Fiskå i Vanylven). Truleg er ho enkje, men det er ukjent  kva første mannen heitte.

Her er lenkja: https://media.digitalarkivet.no/kb20070829610436

Eg har leitt for å finne ut kva som skjedde med desse to søskena vidare, men eg finn ingenting. Dei forsvinn i lause lufta. Spørsmåla er mange: Gifte Synneve seg, og fekk ho etterkomarar. Fekk Ole og Anna born? Og kvar vart dei av?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.