Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Søren Jensson (Engeslef?) og Øllegaard Jansdotter Teiste - gifte kring 1700 - budde i Bergen 1702 - sidan i København?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Søren Jensson, som eg trur er identisk med ein Søren Jensson Engeslef som kort før 1700 var gardbrukar på Marheim i Hafslo, gifte seg kring 1700 (eller kanskje før?) med:

 

Øllegaard Jansdotter Teiste, fødd i Hafslo kring 1674 som dotter av gardbrukar Jan Janson Teiste på Kroken ytre i Hafslo og kona Maren Pedersdotter f. Hanning, prestedotter frå Sogndal.  Ein bror hennar, Peder Janson Teiste, var gift med ei søster til Søren Jensson Engesleff, Maren!

 

Me veit at Øllegaard framleis levde i 1707, og då budde Søren Jensson Engesleff i København!  So dei må nok vera flytte dit!!

 

Men eg har fått opplyst at denne dotteri var fødd i Bergen:

 

* Margretha Sørensdotter, døypt i Bergen 16.6.1702, lagnad ukjend

 

Er det mogeleg å finna noko meir om denne huslyden?  Kan dei sporast i København?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

PS: Emnet endra etter nye oppdagingar i eit skifte frå Danmark frå 1707!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

En Øllegaard Theiste  ble gift i Hafslo 21. jan. 1728, med Henrich Nitter

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Ministerialbok nr. A 1 (1717-1755), Kronologisk liste 1728, side 22.
Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11455&idx_id=11455&uid=ny&idx_side=-23
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070305360613.jpg

 

Endret av Lars Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. for siste innlegg!

 

Eg har nettopp, i samband med eit anna emne (https://forum.arkivverket.no/index.php?app=forums&module=post&section=post&do=reply_post&f=6&t=200874), gjort ei oppdaging som har ført til ei endring av dette emnet.  Elles er den Øllegaard som du fann, ei brordotter av den Øllegaard som eg leiter etter i dette emnet...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg heilt tilfeldig oppdaga at Søren Jensson Destillerer og Øllegaard Teiste fekk fire born melloim 1704 og 1709, som alle vart døypte i Nikolajkyrkja i København:

 

* Jan Sørensen, tvilling, døbt i Nikolaj, København 13.8.1704

* Mette Chrstine Sørensdatter, tvilling, døbt i Nikolaj, København 13.8.1704

* Johan Sørensen, døbt i Nikolaj, København 16.9.1706

* Søren Sørensen, døbt i Nikolaj, København 30.4.1709

 

Då kan me altso slå fast at denne huslyden flytte til Danmark, men eg er sjølvsagt like interessert i å finna fleire opplysningar om dei!

 

Særleg trur eg det vil vera spennande å studera desse barnedåpane i Nikolaj-kyrkja for å sjå etter fadrane.  Øllegaard hadde nemlig ei søster som eg trur òg flytte til Danmark:

 

Margretha Jansdotter Teiste, fødd kring 1680, truleg er ho den Margrethe som her får eit barn i København:

 

* Else Christensdatter, døypt i Trinitatis, København 4.10.1707 - dotter av Christen Sørensen og Margrethe Teist

 

Om det er den same Margrethe som nemnest her, er uvisst:

 

* Søren Christensen, døypt i Nikolaj, København 8.5.1709 - son av Christen Sørensen Kieldermand og Margrethe Jørgensdatter - kanskje ei «forvansking» eller «fordansking» av J(oh)ansdotter?

 

Fadrane vil igjen vera svært spennande å studera...

 

Eg takkar igjen so mykje for hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i kveld gjort ei ny kjempespennande oppdaging når det gjeld denne huslyden i København:

 

Søren Jensson Distillateur, som eg vil velja å kalla mannen, må nemlig vera avliden i København kring 1709, for eg har no finne denne barnedåpen i Nikolaj kyrkje i København:

 

26.9.1713 Else Marie Ibsdotter, dotter av Distillateur Ib Nielssen BELM i Piilstr. og Øllegaard Johansdatter Theiste (http://ao.salldata.dk/vis.php?bsid=156079&side=190&kb=KB&zoom=&height=1104)

 

Dei bur på same stad som Øllegaard gjorde med første mannen Søren Jensson, men merkeleg nok finn eg ikkje korkje dødsfallet til Søren eller vigsli til Ib og Øllegaard.

 

Med so pass uvanlege namn skulle ein tru det let seg gjera finna ut noko meir om desse folki, men det skal tydeleg ikkje vera so enkelt, kanskje København lyt ta skuldi?!

 

Uansett, dette vert berre meir og meir spennande, og eg takkar so mykje for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ola Teige

Han bor fremdeles i Pilestredet i 1728, med kone og et barn. Da han er nevnt i oversikten etter brannen dette året (s. 237): http://www.hist.uib.no/kbh1728/Han kalles da Bellem,

 

Han er på samme adresse i 1743 (Købmagerkvarter matrikkelnummer 106), men det er uvisst av det scannede seddelregisteret for Ekstraskatten dette året, hvilke han da bodde sammen med: https://www.sa.dk/ao-soegesider/billedviser?epid=17142362#183111,31073499Han kalles Bellum.

 

 

 

Eg har i kveld gjort ei ny kjempespennande oppdaging når det gjeld denne huslyden i København:

 

Søren Jensson Distillateur, som eg vil velja å kalla mannen, må nemlig vera avliden i København kring 1709, for eg har no finne denne barnedåpen i Nikolaj kyrkje i København:

 

26.9.1713 Else Marie Ibsdotter, dotter av Distillateur Ib Nielssen BELM i Piilstr. og Øllegaard Johansdatter Theiste (http://ao.salldata.dk/vis.php?bsid=156079&side=190&kb=KB&zoom=&height=1104)

 

Dei bur på same stad som Øllegaard gjorde med første mannen Søren Jensson, men merkeleg nok finn eg ikkje korkje dødsfallet til Søren eller vigsli til Ib og Øllegaard.

 

Med so pass uvanlege namn skulle ein tru det let seg gjera finna ut noko meir om desse folki, men det skal tydeleg ikkje vera so enkelt, kanskje København lyt ta skuldi?!

 

Uansett, dette vert berre meir og meir spennande, og eg takkar so mykje for alle gode tips!

 

Endret av Ola Teige

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ola Teige

Han er også registrert i Københavnske skifteregistre i 1750, da det er skifte etter hans enke Malene Jochumsdatter:

https://www.sa.dk/ao-soegesider/billedviser?epid=17256622#211732,40010483

https://www.sa.dk/ao-soegesider/billedviser?epid=17256260#211341,39966471

 

Men jeg klarer ikke å finne behandlingsprotokoller eller skiftebrev for 1750 digitalisert. 

Endret av Ola Teige

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ola for nye interessante spor etter denne huslyden.  Eg har tillete meg å leggja denne saki ut på DIS-Danmark sine sider og vonar at kanskje nokon der kan greia finna ut meir om desse folki!

 

Takk igjen for all god hjelp!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Det er diverre ikkje kome noko nytt frå DIS-Danmark om denne slekti, men eg har sett litt nærare på dette byregisteret frå 1728 oppteke i samband med bybrannen, og eg ser at Ib Nielsen Bellem i Piilestredet 106 er «brendeviins brender» og at han bur i huset med kone og eitt barn, samt ei tenestejente.  Me får ikkje vita namni til nokon av dei, men degt er vel ikke urimeleg å tru at det var Øllegaard Teiste som var kona hans framleis, og at Else Marie, f. 1713, var barnet deira!

 

Eg er rett nok avholdsmann og soleis langt frå nokon «ekspert» på området, men eg vil tru at det ikkje var særleg stor forskjell på ein «distillateur» og ein «brendeviins brender»?  Kanskje nokon har tankar kring dette?

 

Gleda mi ville verta kjempestor om nokon greier å finna fleire detaljar om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.