Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Jens Pederson Teiste - fødd 1698 - busett Amsterdam i 1722 - lagnaden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Her følgjer ei skikkeleg utfordring:

 

Jens Pederson Teiste, fødd på garden Kroken ytre i Hafslo kring 1698 av foreldri gardbrukar Peder Janson Teiste i Kroken og kona Maren Jensdotter Engeslef, truleg frå Danmark, vart ved skiftet etter far sin i 1722 sagt vera sjømann og busett i Amsterdam i Holland!

 

Då søsteri Øllegaard døydde barnlaus i 1745, vart det sagt at Jens «reiste til Holland for over 20 aar siden», men ein visste ikkje om han levde eller hadde born etter seg!

 

Det kan sjå ut som ei temmeleg vonalaus oppgåve å leita etter denne sjømannen, men eg er ingen ekspert på Holland, so kanskje nokon kan bidra?

 

Jens synest ikkje forekomma som namn i Holland i det heile, men ved søk hjå FamilySearch finn eg to spennande vigsler:

 

* Jan Testas og Louiza Constantia de Famars - vigde i Amsterdam 22.6.1734

 

* Jannes Tuijst og Gesina Westendorp - vigde i Groningen 29.7.1733

 

Det første paret får fleire born i Amsterdam, medan eg ikkje finn born etter det siste paret.  Testas synest vera ei ætt med fleire samtidige «medlem» i Amsterdam.  Derimot synest Tuijst vera noko av eit «unikat»!

 

MEN, eg ser at ein Jan Tuijst vart døypt i Amsterdam 2.6.1664 som son av Cornelis Ewoutsen Tuijt og kona Nelletie Jans, so kanskje ikkje det heller er noko relevant «spor»...

 

Kanskje nokon har andre tankar og forslag kring denne utfordringi?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ola Teige

Jeg tenkte at hvis han var sjømann i Nederland, så var det sjanse for at han var en av de tusenvis med nordmennene som seilte med det Ostindiske kompaniet (VOC) til koloniene i nederlandsk Ostindia.

Men søk i det nederlandske riksarkivets database over sjøfolk i VOCs tjeneste (http://vocopvarenden.nationaalarchief.nl/default.aspx) har dessverre ingen direkte treff. 

 

Hvis han gikk under farsnavnet sitt er det flere "Jan Pietersen/Pietersz" fra "Bergen in noorwegen" som kan stemme. Men det er vanskelig å si.

 

 

Derimot fant jeg både en kanoner Johan Hendrik homeijer Teijste from Dronthem, som døde på skipet "Draak" på vei fra Amsterdam til Ceylon i 1786 og soldat Johan Coenraadt Teijseler fra Bergien som seilte til Batavia i 1761, og forsvant der i 1767. Men det er alt for sent for din mann,

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
JanMKeus

Ved et søk i Amsterdam Gemeentearchief's Folkeregister (Burgelijke Stand DTB) fant jeg ett navn Teiste: Elizabeth Teiste, som var fadder (vitne) ved dåp av barnet Anna Elisabeth den 11 sept 1774 i et gudshus "Kerk aan Huis" tilknyttet den Evangelisch-Luthersche religion.
Foreldre: Broeder Bondix, Fredrik og Muller, Anna Beata. Faddere (vitner) Muller, Johan Daniel og Teiste, Elisabeth.

Kilde: Archief A'dam Burgelijke Stand DTB (dåp, vielse, begravelse) 257, s 14 (folio 7v), post 10. Register for døpte: NL-SAA-23869731.

 

Teori:

Kerk aan huis tilsier at dette må ha vært en liten menighet (holdt gudstjenester i en bolig). Og at forholdene var tette, idet faren blir omtalt som Broeder som er "vanlig" i små menigheter, til den dag i dag. Det kan også bety at denne Broeder hadde en viktig posisjon i menigheten. Tilsvarende Zuster for en kvinnelig leder. Men moren blir ikke titulert Zuster. Altså var hun "kun" medlem.
At han skrives Fredrik, og ikke Frederik tilsier en viss tilknytning til Norge.

Fornavet Thijs er et nederlandsk mannsnavn.

JanM
 

 

Endret av JanMKeus

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Are, Ola og Jan for spennande og interessante innlegg.

 

Særleg beit eg meg merke i denne Elisabeth Teiste i Amsterdam.  Ho KAN so absolutt ha tilknyttting til Noreg og til den Jens Pederson Teiste som eg søker etter, men dette vert sikkert ikkje so lett å prova...

 

Eg står nok litt «i stampe» her og veit ikkje riktig korleis eg skal gripa denne saki vidare an.

 

Kanskje fleire tips vil dukka opp?

 

Eg takkar i alle fall nok ein gong for kjempefin hjelp!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg gløymde å nemna:

 

Lars Nitter i Hafslo var sett som «oppsynsmann» for arvemidler som tilkom Jens Pederson Teiste og likeins brørne Jan og Peder, både etter mor deira som døydde i 1730, og etter slsteri Ølllegaard som døydde i 1745.

 

Broren Jan kom etter kvart «til rette» i Danmark, men Jens og Peder, som ved dette høvet vert kalla Fredrik(!), vart borte, og i 1759 forlangte Lars Nitter at arvemidlane vart endeleg fordelte!

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Indre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 7a , 1751-1762, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Fol. 1-432.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n...read/24138/342/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...81120700810.jpg

 

Eg har ikkje saumfare dette skiftet i detalj og har ikkje finne kva dei eventuelt hadde gjort for å freista finna Jens (eller Peder/Fredrik, som i 1722 var gullsmedlærling i Bergen, men som sidan òg reiste utanlands).  Uansett; borte var dei!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.