Gå til innhold
Arkivverket

Madsens kalender for 2016 har berre 28 dagar i februar - ny tidsrekning?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i mange år vore ein flittig brukar av Madsens danske kalender for å finna datoar på ulike høgtider m.m., men no er eg komen i tvil...

 

Kalenderen for 2016 syner berre 28 dagar i skòtåret februar. 

 

http://www.rmadsen.dk/kal/dk9c.htm#2016

 

Innfører dei ei ny tidsrekning, eller er det noko eg har gått «glipp» av?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sannsynlegvis ein programmeringsfeil.

Tabellen dk9c (som Lars fann) svarar til tabell nr 21, "Almindeligt Aar" hjå Bauer (som dette bygger på).

Det er rett kalendar m.a. i 2066 (altså ein tastefeil frå 2016).

Tabellen dk10c svarar til tabell nr 6 "Skudaar", som er rett for 2016.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif, Ivar, Paal og Torbjørn for interessante innlegg!

 

Eg har alltid stolt på Madsen men etter nærare vurdering trur eg at kanskje BAUER er det beste alternativet?  Eg har ikkje lyst til å måtta samanlikna kalendrane kvar gong eg er på leiting etter ein dato...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dersom du brukar lenkja til morchslaegt.dk i innlegg 4, får du opp tabellen om lag sånn han er i Bauer si gamle bok.

Du får om lag den same tabellen frå madsen også. Skilnaden er at morchslaegt.dk tek med opplysningane (i Bauer-boka) om kva år denne tabellen gjeld for.

Då kan du sjekke om det er rett.

 

Dersom morchslaegt.dk hadde gjort den same feilen som madsen, ville vi fått denne tabellen for 2016: http://www.morchslaegt.dk/bauers/kal_21a.htm

Eit raskt blikk på det øvste feltet viser at 2016 er ikkje eit år denne tabellen gjeld for.

 

 

Men....  her må ein vere merksam på kalendarreformen i 1700.

For tida 1.jan -18.feb 1700 gjeld ikkje den same tabellen som resten av året 1700;

Vi får rett tabell ved å sjå på 1621 eller 1714 (tabell 11a).

 

Dette har madsen greidd å handtere.

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.