Gå til innhold
Arkivverket

Ole Halstenson «Berge» og Britha Nilsdotter - gifte i Luster 1809 - truleg haugianarar - kven var han, og kvar vart dei av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne utfordringi tek utgangspunkt i tema #7454 frå det gamle Brukarforum (https://forum.arkivverket.no/topic/93409-7454-ole-halstenson-kven-var-du-og-kvar-drog-du-hen/?hl=%2Bhalstenson+%2B%C3%B8yane) og var oppe til drøfting mellom 2002 og 2004, utan at me den gongen kunne finna ei løysing!  Kanskje er det mogeleg å verta «klok» på denne huslyden i dag?

 

Ole Halstenson «Berge» gifte seg i Luster i Sogn 1.10.1809 med jenta Britha Nilsdotter, fødd på garden Nes i Luster og døypt der 9.3.1790.

 

Nes var eit «kjernepunkt» for haugianarrørsli som stod sterkt i Luster på den tidi, og nettopp i åri kring 1809 vart det mange som flytte frå Luster til ulike delar av Romsdalen, men med greiner både til Øvre Gulbrandsdalen og til Austerdalen.  Eg har i alle år hatt ein mistanke om at Ole og Britha var del av denne rørsli, men har aldri greidd å prova det!

 

I det gamle tema #7454 vart mange kandidatar for Ole Halstenson undersøkte, men i to av dei siste innleggi (#23 og #24) hadde eg finne fram til to kandidatar som me den gongen stod heilt utan spor etter:

 

• Ole Halstenson, 15 år i 1801, døypt i Stangvik 5.3.1786 som son av gardbrukar Halsten Johnson og kona Elsa Olsdotter på Dropping i Stangvik.  Bygdeboki for Stangvik, garden Dropping, har ingen opplysningar om lagnaden til denne Ole Halstenson!

 

• Ole Halstenson, fødd i Folldal (Lesja) 5.4.1786 og døypt same stad 18.6.1786 av foreldri Halsten Olson Kroken eller Krokhaugen og kona Anna Olsdotter.  Halsten og Anna fekk fleire born i Lesja: Marit (1780), Petter (1783) og Johanna (1789), men det merkelege er at eg ikkje finn nokon av desse i FT1801, korkje i Lesja eller andre stader...!  Bygdeboki nemner berre dotteri Marit som gifte seg med Simon Pederson Plassen frå Alvdal og sidan flytte til Kvernes!

 

Eg har svært so god tru på at ein av desse KAN vera den Ole Halstenson som eg leiter etter, kanskje særleg den siste...?

 

Eg har vore på leiting etter opplysningar om Ole Halstenson og Britha Nilsdotter i meir enn 35 år, og det seier seg sjølv eg ville verta svært so takksam for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 10 måneder senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne utfordrande saki som har lege uløyst hjå meg i minst 35 år!

 

Er det verkeleg heilt umogeleg å finna att Ole Halstenson som i 1809 gifte seg i Luster med den (formodentlege) Haugianarjenta Britha Nilsdotter?

 

Mange kandidatar for Ole Halstenson har vore framlagde, og identifiserte, men me sit att med dei to kandidatane som er nemnde i innlegg #1 ovanfor.  Eg har svært god tru på at det var ein av desse me er på jakt etter, men kven kan prova dette?  Kvar vart det av dei to nemnde gutane?

 

Eg takkar anno ein gong so mykje for alle gode tips og held fingrer og tær krossa!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars.

Far til Brithe/Britha (Nils Eriksson Nes) døyr 2/3/1833 (nr.29 her); https://media.digitalarkivet.no/kb20070514610534

Mora (Mari Johannesdotter) døyr 27/9/1838 (nr 64 her); https://media.digitalarkivet.no/kb20070514610553

Finst det skifte etter dei som kanskje gjev fleire opplysningar om Brithe/Britha?

 

Ser at far til Ole Halstenson frå Lesja/Folldal døyr i 1792 ( https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000423433), og finn både Peder (1784) og Ole Halstenson(1782) i Tolga ved FT1801 som godt kan vera barna hans. Det var meire logisk å reise den vegen frå Folldal enn til Gudbrandsdalen. Øvre Folldal var ein del av Lesja fram til ca 1860, men ligg geografisk sett i Østerdalen. Dette seier sjølsagt ingenting om kvar det eventuelt vart av den Ole Halstenson etter 1801.       

 

Helsing Kåre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kåre for nytt innlegg!

 

Skifteprotokollane har vore undersøkt, men diverre finst det ikkje skifte etter nokon av dei tilårskomne foreldri hennar Britha.  Dei var forlengst komne på kåret, og det var truleg lite eller inkje å skifta...

 

Elles tykkjer eg det er påfallande at FamilySeqrch ikkje syner nokon born i det heile fødde av foreldre Ole Halstenson og Britha Nilsdotter, so anten har ikkje FamilySearch databaseregistrert den kyrkjelyden der dei budde, eller ein av dei to døydde kort tid etter vigsli FØR dei rekte å få born!?

 

So, mysteriet varer ved, og eg takkar igjen for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Hei!

Den Ole Hallstensen f 1782 som fins i FT Tolgen 1801 kan nok avskrives. Han blir i 1809 gm Kari Henningsdt og ser ut til å være bruker/kårkall på Henningsmoen (i nåværende Os kommune) til han dør i 1847. (Os bygdebok I/376).

Likeså finner jeg Peder Halstensen (FT Tolgen 1801) født, gift og død her, så brødrene fra Folldal har neppe havnet/mellomlandet i Tolgen.

Mvh Marie 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Marie for eit særs spennande og utfordrande innlegg!

 

So vidt eg kan forstå av innlegget ditt, refererer vel du til den Ole Halstenson, som i 1801 i ein alder av 19 år var tenestedreng på Lilleøyen i Tolga

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058247001417

 

Men han synest ikkje vera mellom dei «kandidatane» som eg rekna opp som mest sannsynlege som den Ole Halstenson som i 1809 fann kona si i Luster.  Soleis står dei to «kandidatane» frå innlegg #1 ovanfor:

 

** Ole Halstenson, 15 år i 1801, døypt i Stangvik 5.3.1786 som son av gardbrukar Halsten Johnson og kona Elsa Olsdotter på Dropping i Stangvik.  Bygdeboki for Stangvik, garden Dropping, har ingen opplysningar om lagnaden til denne Ole Halstenson!

 

** Ole Halstenson, fødd i Folldal (Lesja) 5.4.1786 og døypt same stad 18.6.1786 av foreldri Halsten Olson Kroken eller Krokhaugen og kona Anna Olsdotter.  Halsten og Anna fekk fleire born i Lesja: Marit (1780), Petter (1783) og Johanna (1789), men det merkelege er at eg ikkje finn nokon av desse i FT1801, korkje i Lesja eller andre stader...!  Bygdeboki nemner berre dotteri Marit som gifte seg med Simon Pederson Plassen frå Alvdal og sidan flytte til Kvernes!

 

framleis som svært aktuelle for mannen eg har vore på leiting etter i so mange år!

 

Det er berre so frykteleg kor godt denne Ole Halstenson har «gøymt» seg!

 

Men eg har lært av erfaring alltid å ha auge og øyre visòpne, og eg takkar deg igjen, Marie, for at du kom med denne meldingi!

 

Og so voner eg at ein eller annan kan komme med det rette «gullkornet» som kan «plassera» den Ole Halstenson som eg leiter etter...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars!

Ja, jeg var klar over at dette ikke var av noen av "dine" to "hete" kandidater, men ettersom Kåre T. nevnte Ole (og Peder) Halstensen i FT 1801 Tolgen som mulige utflytter(e) fra Krokhaug, Folldal (og dermed antydet at Ole kunne være en av "dine"), ville jeg bare gjøre oppmerksom på at det var unødvendig å bruke mer tid her.

Ellers var det ei sterk? haugianerrørsle i Vingelen i Tolga rundt 1800 med Sara Oust som den mest kjente predikanten - i hvert fall slik jeg har forstått det.

Mvh Marie

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi som tross mange års forsking framleis står uløyst!

 

Eg trur at den Ole Halstenson som eg søker, må vera ein av dei to som her er nemnde i innlegg #1 og likeins i innlegg #6.  Særleg den siste av dei to tykkjer eg er svært so spennande.  Vedkommande Ole hadde fleire søsken som òg forsvinn, mellom anna ei søster Johanna, fødd i Lesja i 1789, og eg lurer no på om det kan vera denne Johanna Halstensdotter som me finn gift i Stjørdalen 23.6.1825:

 

https://www.digitalarkivet.no/nn/view/327/pv00000002525129

 

https://media.digitalarkivet.no/view/16375/292

 

Det står rett nok ho var fødd i Lilleelvdal i 1791, men der finn eg ikkje nokon som høver...!?

 

Kva seier bygdebøkene frå Stjørdalen om Henrik Pederson og Johanna Halstensdotter?

 

Det hadde vore kjempekjekt om me endeleg kunne komma på sporet etter opphavet til Ole Halstenson og lagnaden til han og Britha Nilsdotter, og eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Eg har lagt ut problemstillingi kring Johanna Halstensdotter som mogeleg søster av den Ole Halstenson som eg i so mange år har vore på leiting etter, og er me heldige, kan det der komma fram interessante opplysningar:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/222312-johanna-halstensdotter-frå-lilleelvdal-gift-i-stjørdalen-i-1825-kven-var-ho-bygdebokoppslag-i-stjørdalen/

 

Men eg ønskjer òg å sjå litt meir på den andre aktuelle kandidaten for Ole Halstenson, han som er referert i innlegg #6 over:

 

** Ole Halstenson, 15 år i 1801, døypt i Stangvik 5.3.1786 som son av gardbrukar Halsten Johnson og kona Elsa Olsdotter på Dropping i Stangvik.

 

Bygdeboki for Stangvik vart undersøkt alt i 2004, og den gongen skreiv Torgeir Kvalvaag følgjande, refefert frå tema #26731 i gamle Brukarforum, https://forum.arkivverket.no/topic/112363-26731-stangvik-bygdebok-hjelp-til-oppslag/?tab=comments#comment-918125

 

«Det er ikke mye hjelp å få i Stangvikboka, bd. 2. Under Oppistua på Drøpping har Hyldbakk bare skrevet: 'Ola, f. 1786.'Det var den eldre broren Jo som tok over garden, og mens Jo og alle de andre søsknene er utstyrt med ektefeller (av HH), ser det ut til at Ola/Ole er forsvunnet. Det er heller ikke noen plass under Drøpping der det finnes noen Ola.Er det andre steder vi kan lete? Har lite lyst til å finlese begge bindene... Hilsen Torgeir som har blingsa i stangvikbøkene før.»

 

Her er huslyden på Dropping i FT1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058430000909

 

Kanskje finst det eit skifte etter ein av foreldri, Halsten Johnson eller Elsa Olsdotter, som kan fortelja oss om lagnaden til denne Ole Halstenson?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til oppsporing av Ole Halstenson, både opphavet og lagnaden hans!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har bare lyst til å fortelle at Kroken og Krokhaug i Folldal ligger så å si på den gamle grensa mellom Lesja (Øvre Folldal) og Tynset (Lille-Elvedalen). Folldal kirke ble reist ca 1750 på Krokhaug og ble betjent vekselvis av prest fra Tynset og prest fra Lesja. Derfor kan det være litt tilfeldig om folk i dette området ble reigistrert det ene eller det andre stedet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Eg vil i kveld ogso gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi som eg verkeleg har strevd med i MANGE år.

 

Og særleg vil eg syna til innlegg #9 og den Ole Halstenson som er nemnd som busett i 1801 på garden Dropping i Stangvik!

 

Er det i det heile mogeleg å finna ut kvar det var av denne guten i vaksen alder??

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å finna att lagnaden til den Ole Halstenson «Berge» og kona hans Brtha Nilsdotter frå Nes i Luster!

 

Er det ikkje guten frå Dropping i Stangvik, MÅ det verta guten frå Kroken i Folldal (sjå innlegg #6 og ogso dette emnet:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/222312-johanna-halstensdotter-frå-lilleelvdal-gift-i-stjørdalen-i-1825-kven-var-ho-bygdebokoppslag-i-stjørdalen/

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg ønskjer nok ein gong å henta fram att denne saki som framleis ligg ganske so «urøyrd» sidan spørsmålet var oppe sist.

 

For å «konkludera», trur eg at Ole Halstenson må vera identisk med ein av desse:

 

** Ole Halstenson, 15 år i 1801, døypt i Stangvik 5.3.1786 som son av gardbrukar Halsten Johnson og kona Elsa Olsdotter på Dropping i Stangvik.  Frå FT1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058430000909

 

** Ole Halstenson, fødd i Folldal (Lesja) 5.4.1786 og døypt same stad 18.6.1786 av foreldri Halsten Olson Kroken eller Krokhaugen og kona Anna Olsdotter.  Denne huslyden har eg ikkje finne att i FT1801, men eldste søsteri hans skal ha vore gift og busett i Kvernes!

 

Eg hadde vorte kjempeglad om nokon greier å løysa denne kjempegåta og takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Enda ett skudd fra mettpertiet

 

Ingeborg Halsteinsen    1770--8.9.1843

 

fra Storelvdalen

 

dtr av Halstein Halvorsen        .1802

 

 

Har også etternavn Drøpping i nyere tid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.