Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Gabriel Christensen (1848-1892?) - skipsførar i Kragerø - kan dødsfallet hans eller eventuelt ei dødsmelding finnast nokon stad?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Gabriel Christensen, skipsførar, fødd i Stavanger 16.3.1848, gifte seg i Kragerø 16.6.1885 med Amalie Andersen, fødd i Trondheim 31.7.1862.  Dei budde i Kragerø der to døtrer var fødde, men det vert påstått at Gabriel skal ha mist livet, kan hends ved eit skipsuhell(?), hausten 1892, og som enkje flytte Amalie Christensen til Christiania der ho døydde 20.4.1917.

 

Dødsfallet hans er ikkje innført i kyrkjeboki for Kragerø, men eg ser at det 7.5.1917 vart utstede eit proklama frå skifteretten i Christiania der alle fordringshavarar i buet etter avlidne enkjefru Amalie Bremer Christensen og før avlidne skipskaptein Gabriel Bremer Christensen om at alle krav i buet måtte meldast innan tre månadar!

 

Det vart med andre ord halde eit skifte etter Amalie, so kanskje ei undersøkjing av dette skiftet er den beste kjelda for å finna nøyaktige opplysningar om dødsfallet til Gabriel, heller enn ei dødsmelding frå Kragerø?

 

Eller kjenner nokon til andre mogeleg kjelder?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips for å finna dødsfallet til Gabriel!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Ser det er en referanse til skiftet her:  32/17

 

Nummer 569

 

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo skifterett, Avd. I, Dødsfallsprotokoll B 9 , 1917-1918, oppb: Statsarkivet i Oslo.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27274/47/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090514310591.jpg

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Gabriel Christensen

post-3741-0-26602800-1456151025_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven og Kari for spennande og nyttige meldingar!

 

Frå denne dødsannonsa les eg to fakta:

 

* Gabriel Christensen døydde 7.3.1893 i Rosario, eg går ut ifrå i Argentina...

 

* Og huslyden budde på den tidi i Drammen, so dødsfallet og ei eventuello dødsmelding bør vera der...

 

MEN, problemet var dato og stad for dødsfallet, og det spørsmålet er løyst!

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi!

 

Som neste følgjer eit spørsmål om broren Johan Christensen...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.