Gå til innhold
Arkivverket

Ola Andersson Årdal frå Gloppen - i Manger 1763. Og så?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Gjennom tråden min om folk frå Gloppen er eg blitt gjort merksam på denne karen, som gifter seg med Brite Perdtr Wetås. Eg får for øyeblikket ikkje lagt lenke til kyrkjeboka, det får kome seinare.

 

Ved fyrste augekast finn eg ingen kandidat i basen min, men med å legge vekk nokre gamle sanningar, ser eg at eg faktisk har ein svært brukande kandidat i Ola Andersson Vinsrygg (Vinsrygg og Årdal blir brukt delvis om kvarandre om denne garden) som er fødd i 1712, og i så fall 51 år gammal i 1763.

 

Han gifter seg fyrste gong i Gloppen i 1732 med Ågåte Jakobsdtr Kvile. Med henne får han heile 13 born før ho døyr i 1753.

 

Så gifter han seg igjen same året, i Jølster, med Dorte Jonsdtr Klakegg.

 

Bygdeboka meiner han skal vere død rundt 1757, og den dåverande presten er ein skikkeleg slurv, så eg har delvis kjøpt denne påstanden, sjølv om han ikkje finst i kyrkjeboka - det er mange som ikkje gjer det i denne perioden.

 

Andre kona, Dorte, døyr i 1762, og det står ikkje noko sivilstand på henne. Det er ikkje skifte verken etter henne eller Ola - om han døydde rundt 1757. Dei hadde ikkje felles born.

 

Men så dukkar då denne Ola Anderson Årdal opp i Manger året etter at Dorte er død. Kan det vere same mannen?

 

Det har seg også slik at eg ikkje kjenner lagnaden til alle Ola og Ågåte sine born. OM det er "min" mann som er komen til Manger, kan vel dei resterande borna vere i same området?

 

Eg skal straks kome tilbake med meir opplysningar om dei borna som manglar.

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ola og Ågåte fekk som nemnt 13 born. Nokre døydde tidleg:

 

2. Anders, f.1734, død same år

3. Brite, f.1735, truleg død i lakuna 1736-1739, namnet blir brukt igjen

4. Gjøde, f.1735, død 1753.

5. Brite, f.ca 1738, død 1746

 

Andre har eg trygt plassert i Gloppen eller andre stader:

 

7. Anders, f.1740, vart buande på garden og døydde der i 1766

9. Brite, f.1743, gift til Skrøppa i Gloppen der ho døyr i 1827

10. Anton, f.1745, er gift og bur på Torvanger i Sunnfjord i 1801

 

Desse har eg ikkje kontroll på:

 

1. Anne, f.1733, nemnd i skiftet etter mora, ikkje sett seinare

6. Kari, f.ca 1739, konfirmert 1758, ikkje sett seinare

8. Jakob, f.ca 1742, gift til Flølo i Gloppen, får 6 born derfram til 1775, ikkje sett seinare (heller ikkje kona og borna)

11. Brite d.y, f.1747, er nemnd i skiftet etter mora, men ikkje sett seinare.

12. Ågåte, f.1749, er nemnd i skiftet etter mora, men ikkje sett seinare.

13. Ola, f.1753, er nemnd i skiftet etter mora, men ikkje sett seinare.

 

Nr 8 Jakob gifte seg med Kristi Eriksdtr Flølo i 1762. Dei fekk som nemnt 6 born fram til 1775. To blad Erik er gravlagde i Gloppen som spebarn, men dei 4 andre - Peder 1763, Ågåte 1765, Ola 1769 og Anton 1775 er ikkje så sjå meir. Heile familien må ha flytta ut, men eg har ikkje funne dei att.

 

Eg leitar vidare etter alle desse, men tek gjerne imot innspel på kvar eg kan finne dei.

 

Redigert: Peder Jakobson Flølo finn eg i Undersøkelseskommisjonen, Bergen 1804/5.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Utanfor forum har eg no fått tilbakemelding om kva som står om Ola Andersson i Bygdeboka for Radøy (som Vetås høyrer til).

 

Ifølge bygdeboka: under Vetås bruk 4, 5 og 6: "Brita Persdtr. Vetås gifte seg opp att 1764 med Ola Andersen Årdal, Årdal i Breim. Han fekk bygselsetel i oktober 1767 og dreiv jorda i nokre år. Seinere slo han og Brita seg ned i Bergen. I 1792 får me opplyst at han var "Død for lengst i Armod"".

 

Brita Persdtr født 1718 på Hegrenes i Jølster, død 1783 i Bergen. Hun var gift første gang i 1742 med Elling Torgeirsen Øvrebø født  ca 1718, død 1753. De hadde en sønn født 1748 ved navn Krispinus.

 

Dette ser lovande ut med tanke på at det er rett mann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.