Gå til innhold
Arkivverket

SF: Bremanger/Kinn, Ole Nilsson og Brite Eriksdtr.

Harald L. Bakke
 Del

Recommended Posts

Ole Nilsson var fødd 1764 i Øvrebotten (Indrebotten) i Bremanger  Foreldra var Nils Desideriusson og Kari Olsdtr.

Han var fyrst gift (1789) med Anna Elisabet Margrete Olsdtr. Fæster som d. i barsel 1796 i Indrebotten.

Så gifte han seg på nytt 1802 med Brite Eriksdtr. frå Kalsvik i Kinn   f. ca 1762

I bygdeboka for Bremanger står det at Ole Nilsson var brukar  av br.nr. 1 i Øvrebotten frå 1788 til 1800, men i 1801 var han oppførd som jordlaus husmann og kvar det vart av dei sidan er uvisst.

Ingen av dei er registrert begravne i Bremanger.

FT-1801:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f18011437&gardpostnr=149&personpostnr=2962&merk=2962#ovre

Av dei ialt 5 borna til Ole Nilsson er 2 av dei registrert begravde i Bremanger. Dei andre 3  har vi bare namn og fødselsår på:

- Kari Modester  f. 1789

- Hans f. 1795

- Anders f. 1803

Er det nokon som har kjennskap til  denne familien og kan gje meg tips om kvar det vart av dei etter 1803 som er siste gong vi finn dei i Bremanger ?

Endret av Harald L. Bakke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anders Olsen fødd Indrebotten 1803, konfirmert 1821, bst Norvigen. Fader og Moderløs fra sin ... alder. (nr. 16)

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 3 (1785-1821), Kronologisk liste 1821, side 345.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11533&idx_id=11533&uid=ny&idx_side=-351

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510620140.jpg

Eg har lurt litt på denne Norvigen, som i følge kirkeboka skal ligge i Kinn eller Svanø sokn. Eg finn Norvigen nevnt i 1865, som skal ligge ved Vågane. Kan det vere det som no blir kalla Nærvika?

mvh Egil

Endret av Egil Russøy - Førde
Lenke til kommentar
Del på andre sider

BB Askvoll opererer med ein Andreas Olsen Nervik som skal ha gifta seg før 1828 med Oline Jansdtr. Dei fekk sonen Ole i 1828, flytta til Standal, der Andreas og Oline også skal ha budd då Ole gifta seg i 1856.

Kan dette vere den same. Det ser ut som om bygdebokforfattaren ikkje har funne kvar denne Andreas kom frå.

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Husmann Andreas Olsen Standal 64 år, død 1867, kan det vere den same? (nr. 70)

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 12 (1855-1869), Døde og begravede 1868, side 76.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6896&idx_id=6896&uid=ny&idx_side=-74

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070115310505.jpg

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anders Olsen fødd Indrebotten 1803, konfirmert 1821, bst Norvigen. Fader og Moderløs fra sin ... alder. (nr. 16)

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 3 (1785-1821), Kronologisk liste 1821, side 345.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11533&idx_id=11533&uid=ny&idx_side=-351

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510620140.jpg

Eg har lurt litt på denne Norvigen, som i følge kirkeboka skal ligge i Kinn eller Svanø sokn. Eg finn Norvigen nevnt i 1865, som skal ligge ved Vågane. Kan det vere det som no blir kalla Nærvika?

mvh Egil

Det er nok meininga at det skal stå "Nærvigen". Denne presten har av og til slike æ-ar, sjå f.eks. "Lærdom" under nr. 15.

Torodd

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her her giftemålet i 1828 til Andreas Olsen Indrebotten, 26 år, med forlovar frå Nærvig. (nr. 26)

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 4II (1822-1840), Ekteviede 1828, side 24.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11535&idx_id=11535&uid=ny&idx_side=-26

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510620461.jpg

Då ser det ut til å kunne stemme. Då er det "berre" å finne søskena hans, og foreldra sine dødsfall.

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjempeflott Egil og Torodd!  :)

Anders Olsen fødd Indrebotten 1803, konfirmert 1821, bst Norvigen. Fader og Moderløs fra sin ... alder. (nr. 16)

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 3 (1785-1821), Kronologisk liste 1821, side 345.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11533&idx_id=11533&uid=ny&idx_side=-351
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510620140.jpg

Eg har lurt litt på denne Norvigen, som i følge kirkeboka skal ligge i Kinn eller Svanø sokn. Eg finn Norvigen nevnt i 1865, som skal ligge ved Vågane. Kan det vere det som no blir kalla Nærvika?

mvh Egil

Eg trur det står Fader og Moderløs fra sin spædeste alder.

Då skulle vel begge foreldra være døde kort til etter hans fødsel (1803) ?
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anders Olson vart døypt i Bremanger 23. januar 1803  side 157

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 3 (1785-1821), Kronologisk liste 1803, side 157.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11533&idx_id=11533&uid=ny&idx_side=-158

 Det står ingen ting ved dåpen om at nokon av foreldra er døde, heller ikkje kan eg finne dei gravlagde mellom 1803 og 1807.

Det finst ikkje skifte etter dei.

Ei mulighet kan kansje være at dei begge omkom ved drukning og ikkje vart attfunne eller at presten rett og slett har gløymt å føre dei inn, men det var rart han skulle gløyme begge to.

Endret av Harald L. Bakke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Av dei ialt 5 borna til Ole Nilsson er 2 av dei registrert begravde i Bremanger. Dei andre 3  har vi bare namn og fødselsår på:

- Kari Modester  f. 1789

- Hans f. 1795

Er det nokon som har kjennskap til  denne familien og kan gje meg tips om kvar det vart av dei etter 1803 som er siste gong vi finn dei i Bremanger ?

I og med at Ole og Kari, men ikkje Hans, er nemnt i FT 1801 har eg konkludert med at Hans nok er død før teljinga. Eg har ikkje funne noko i kyrkjeboka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sidan mora Brite Eriksdtr. var frå Kalsvik i Eikefjorden vart han kansje, etter han vart foreldrelaus, sendt til oppfostring hos slektningar på morssida i Nærvikja sidan vi finn han att det ved konfirmasjonen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg leser fra dåpen til Hans Olsen i 1795 at han var tvilling med bror Ole (nederst på høyre side):

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070510610617
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510610617.jpg

Hvis dette stemmer er det kanskje han som ble gift i Kinn med Anna Olave Olsdtr den 6.7.1823
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070510620443
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510620443.jpg

Her finner jeg ham død den 19.3.1827 (omkom i havsnød ved Hovden):
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070510620443
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510620443.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei det er ikkje same mannen iflg bygdeboka sjølv om dei tilhøyrer same bruket i Øvrebotnen.

Eller er det bygdebokforfattaren som kludrar litt med alle desse Ola'ane i Øvrebotten ?

- Dette må eg sjå nærare på! 

Endret av Harald L. Bakke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er rett lenke til Ole Olsen og dei andre 5 som omkom på havet ved Hovden 19. mars 1827.

Det er nok han som var gift med Anne Oline Eliasdtr.  for frå 1828 er det systra Alette og mannen Simon Mikkelson som har bruket i Øvrebotten.

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 4II (1822-1840), Døde og begravede 1827, side 17.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11535&idx_id=11535&uid=ny&idx_side=-86

Og som det går fram  av kyrkjeboka når han gifter seg med Anne Oline Eliasdtr. heiter faren hans ikkje Ole Nilsen  men  Ole Olsen.

Endret av Harald L. Bakke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...

Eg lurer også på dette.

Har litt videre opplysninger om Ole Nielsen og Brite Ericsdatters søn Anders/Andreas døypt 23.1.1803.

Helsing Eli T

Epostadresse: elityvold@gmail.com  

Eg lurer også på dette.

Har litt videre opplysninger om Ole Nielsen og Brite Ericsdatters søn Anders/Andreas døypt 23.1.1803.

Helsing Eli T

Epostadresse: elityvold@gmail.com  

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sidan mora Brite Eriksdtr. var frå Kalsvik i Eikefjorden vart han kansje, etter han vart foreldrelaus, sendt til oppfostring hos slektningar på morssida i Nærvikja sidan vi finn han att det ved konfirmasjonen?

Hei

Brite Eriksdatter frå Kalsvik hadde fleire søsken. Ei hette Pernille fødd/døpt 8.1.1779. Ho vart gift den 7.6.1807 i Broe med Haldor Jensen i Nesskoe (Nesskog i Askvoll)

Du finn denne familien side 201 i Askvoll Bygdebok III under Vågene. Vågene og Nærvik ligg tett, så eg tenkjer at Anders Olsen Indrebotten vart fostra opp hos denne tanta.

Han flytta seinere til Standal og eg har oversikt over etterkommere etter han der.

Det må ha skjedd noko tragisk med foerldra hans - siden det står innført da han vart konfimert at han var fader og moderløs siden spædeste alder.

EliT 

Sidan mora Brite Eriksdtr. var frå Kalsvik i Eikefjorden vart han kansje, etter han vart foreldrelaus, sendt til oppfostring hos slektningar på morssida i Nærvikja sidan vi finn han att det ved konfirmasjonen?

Hei

Brite Eriksdatter frå Kalsvik hadde fleire søsken. Ei hette Pernille fødd/døpt 8.1.1779. Ho vart gift den 7.6.1807 i Broe med Haldor Jensen i Nesskoe (Nesskog i Askvoll)

Du finn denne familien side 201 i Askvoll Bygdebok III under Vågene. Vågene og Nærvik ligg tett, så eg tenkjer at Anders Olsen Indrebotten vart fostra opp hos denne tanta.

Han flytta seinere til Standal og eg har oversikt over etterkommere etter han der.

Det må ha skjedd noko tragisk med foerldra hans - siden det står innført da han vart konfimert at han var fader og moderløs siden spædeste alder.

EliT 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I og med at Ole og Kari, men ikkje Hans, er nemnt i FT 1801 har eg konkludert med at Hans nok er død før teljinga. Eg har ikkje funne noko i kyrkjeboka.

Kan Hans vere identisk med pleiebarn Hans Olsen 6 år gammel på Florø i 1801 og gift med Pernille Christiansdatter Frøyen 8.august 1830 ?

Eli T

Det KAN han være, men å få det bekrefta kan være verre!

Ved vigsla er Hans oppført som Hans Henøen, 28 år  Far : Ole

https://media.digitalarkivet.no/kb20070510620470

Går vi til Bremanger bygdebok bd. II s. 339  finn vi denne Hans Olson og kona Pernille Kristiansdtr. som brukarar på br. nr. 2  - dei som er brukarar før dei heiter Ole Hanson (d. 1825) og Sygni Rasmusdtr. (d. 1828) og har ialt 6 barn, men ingen av dei har namnet Hans som naturleg hadde vore sidan Ole sin far hette Hans. - Kan det være ein utegløymd son i bygdeboka?

- Det står vidare at Hans Olson var f. i Bremanger ca 1802  og vart fyrst leiglending på bruket, men kjøpte br. 1840.

Om dette er "vår" Hans Olson kom han altså til Hennøy 1830 eller tidlegare og førre brukar døydde 1828.

Barna til Hans Olsen og Pernille Kristiansdtr. heiter iflg bygdeboka:

Sygni (1830), Kristine Susanne (1832) Ole Kristian (1835) Brita (1838) Søren (1841) Susanne (1844) Kristen (1845) og Berten (1849)

Svært interessant at det er oppgjedd at Hans Olson er f. i Bremanger . Kvar kjelda for det er veit eg ikkje, FT 1865 seier at han er fødd i Davik prgj.  http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f61442&gardpostnr=386&merk=386#ovre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

Ja - eg såg også dette at Hans ved vigsla var oppført som Hans Henøen, 28 år med far Ole.

Kunne kanskje kikke litt på kven som er faddere på barna deres. Det har ofte vært litt til hjelp.

Er du i slekt med desse Harald ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, eg er i slekt med både Hans Olson som er tema i denne debatten  og Søgni Rasmusdtr. Henøen (f. Dyrstad).

Begge foreldra til Hans Olson f. i Indrebotnen 1795 var tremenningar til ein av mine 4xtippoldeforeldre og ein av mine 3xtippoldeforeldre      og Søgni Rasmusdtr. varr syskenbarn til min 3xtippoldefar.

No har eg sjekka skifte etter Søgni Rasmusdtr. Henøen dat. 26.05.1829 og der kjem det fram at den eldste sonen til Søgni  Rasmusdtr. og Ole Hansson Henøen heiter Hans Olsen, er fullmyndig og tilstede.

Vi kan vel då truleg slå fast at det ER sonen deira, Hans som overtek bruket i Hennøyna etter foreldra.

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 23 , 1822-1833, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Register på Statsarkivet i Bergens lesesal.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24246/513/

Denne sonen Hans er såleis ikkje kommen med i lista over borna til Ole og Søgni i bygdeboka.

Pleiesonen Hans Olsen hos Jens Jansen på Florø i 1801 kan godt være den Hans Olsen som er f. i Indrebotnen (Øvrebotnen) 1795, det høver heilt med alderen. Kansje det finst dokumentert i formyndarprotokollen for Kinn i statsarkivet som ikkje er skanna enno ? Eit spørsmål til Statsarkivet i Bergen kan kansje gje oss svar på det?

Endret av Harald L. Bakke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen

Flott at du fant ut dette at Hans i Davik ikkje er vår Hans. Eg har ikkje jobba so mykje med akkurat desse, men derimot Ole Nilsen og Brita Eriksdatter søn Anders/Andreas son kom til Nærvik i Askvoll og vart oppfostra der.

Det er ei gåte kva som skjedde med foreldra hans.

Grunnen til at jobber mykje med dette er at Anders Olsen Indrebotten reiste til Standal i Flora og fekk ein masse etterkommare der.

Eg held på å skrive noko som kanskje skal bli til ei bok om området Standal-Tyvold-Svortevik.

Eg er borti mange slekter på den måten. Liker å jobbe med det., men har hatt alt for lite tid dessverre.

Vi får prøve å finne ut om det kan vere noko på Hans Olsen pleieson på Florø. Skriv du til Statsarkivet eller skal eg gjere det ?

Eli

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

No har eg skrive til Statsarkivet om denne saka.

So får vi håpe på at de finn noko der.

Eli

Hei

No har eg skrive til Statsarkivet om denne saka.

So får vi håpe på at de finn noko der.

Eli

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.