Gå til innhold
Arkivverket

Anna Marie Olsdotter (1799- ), omstreifardotter frå Luster gift i Bergen med Bertel Mørch frå Os/Bergen - kven var mor hans og kvar vart dei av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i mange år, men som eg aldri har greidd å løysa:

 

Eg tek utgangspunkt i eit (utbetra) manuskript for band II (1986) av Gards- og Ættesoga for Luster:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Marie Olsdotter (dotter av omstreifande hesteskjerar Ole Christopherson og Dortha Marie Johannesdotter), vart døypt i Luster 29.1.1800,

Anna Marie Olsen flytte i 1827 til Bergen der ho 26.12.1827 gifte seg første gongen med Salve, kjend som Salomon Andersson frå Ås i Lyngdal, i Bergen kjend som Salomon Andersen.  Han var son av gardbrukar Anders Guttormson på Ås og kona Bertha Nilsdotter frå Skogen og vart døypt i Lyngdal 30.6.1799.  Salomon Andersen tok 12.2.1828 borgarskap i Bergen som smedmeister, og han og Anna Marie budde visstnok i Nordre Schrødersmug i Bergen der Salomon d. 30.9.1845.  Anna Marie gifte seg att i Bergen 7.9.1848 med Bertel Sivert Torkildson Mørch frå Bergen.  Han var son av skreddarmeister Torkild Bertel Pederson Mørch i Bergen og kona Ragnhild Olsdotter frå Bø

 

##### (opphavet hennar? – Bø i Os eller Lillelie i Fusa?)

 

Bertel var f. på Os 1.6.1815. 

 

##### (yrke og bustad for Bertel og Anna Marie? – Bertel 1841: kontorbetjent i Bergen – truleg ho den Anna M. som 1865 var enkje og budde i Ravneskogen på Nordnes i Bergen!?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? - før 1865?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - etter 1865?)

 

Me kjenner ikkje til born etter Anna Marie.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har leitt i kyrkjebøkene i Bergen, men eg greier ikkje finna dødsfalli til Bertel og Anna Marie.  Heller ikkje greier eg identifisera Ragnhild Olsdotter, ho som var mor til Bertel og som med namnet Ragnhild Bøe gifte seg i Nykyrkja i Bergeni 1819 med skreddarmeister Torkild Mørch!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ragnelle Bøe døde i alle fall i 1834:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000001040295

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000001040296

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 1 , 1821-1847, oppb: Statsarkivet i Bergen.

http://arkivverket.no/URN:sk_read/27883/146/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090615340147.jpg

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

Det ser jo ut som om du har finne den «rette» Ragnhild Bøe, men kven kan ho ha vore?  Eg ser ikkje nokon Ragnhild Olsdotter som høver i alderpå Os, men deroimot ser eg ei:

 

* Ragnille Martine Olsdotter, døypt i Nykyrkja i Bergen 28.10.1786 av foreldri Ole Torgerson og Anna Marie Olsdotter,

 

men det er ogso eit par andre som ligg svært nær...  Det som får meg til å stussa, er at denne eldste sonen Bertel Sivert vart døypt på OS!  Og ein eller annan gong har eg notert dette med Lillelie i Fusa som ei mogeleg løysing...!?

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

Det ser jo ut som om du har finne den «rette» Ragnhild Bøe, men kven kan ho ha vore?  Eg ser ikkje nokon Ragnhild Olsdotter som høver i alderpå Os, men deroimot ser eg ei:

 

* Ragnille Martine Olsdotter, døypt i Nykyrkja i Bergen 28.10.1786 av foreldri Ole Torgerson og Anna Marie Olsdotter,

 

men det er ogso eit par andre som ligg svært nær...  Det som får meg til å stussa, er at denne eldste sonen Bertel Sivert vart døypt på OS!  Og ein eller annan gong har eg notert dette med Lillelie i Fusa som ei mogeleg løysing...!?

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

 

Det var vel dette vesle ordskiftet du siktar til Lars?

 

[#52641] Til Lars Øyane: Vedkomande opphavet til Bertel T...

 

Og den gongen skreiv eg følgjande:

 

"Til Lars E. Øyane:

Vi hadde eit ordskifte pr tlf og e-post av 19. juli 2005 vedkomande opphavet til mor til handelsmannen Bertel Severin Thorkildsen Mørck, som var gift med ei Anna Maria Anderssen frå Luster. Bertel var fødd i Os prestegjeld i 1815 og som ogso døydde på Osøyro i 1864. Bertel si mor heitte Ragnele eller Ragnhild Olsdtr., - fødd omlag 1784 har eg notert meg. Basert på opplysinga om at foreldra visstnok budde på garden Bø i Os då Bertel vart fødd kunne det vera at Ragnele kom derfrå.

 

Eit mogeleg faderleg opphav kunne i so fall vera Ola Olson f. på Borgen i Os 1754, husmann og fiskar på Bø. Men i so fall måtte Ragnhild vore 'uægte', for Ola gifte seg først i 1792, og dinest var han Ola og kona hans, Kari Hansdtr., bornlause (ho var 18 år yngre enn han og difor for ung til å ha vore mor til Ragnhild i 1783/84).

 

Di Ragnhild er meir truleg denne jenta, fødd i Fusa i 1783, 'ægte fød; Ragnele Olsdatter, døbt 23. julii 1783 i Fuse sogn av Ous Prestigiæld, foreldre: Ole (Steensen) Lillelie og Anna Olsd. Fadre: Ole Skjørsand, Jon Skiørsand, Guro Fooer, Christie Storlie, Magdela Steensd. Wanvig'. Husmannsplassen på Bø stod truleg ledig i 1815, so Ola og kona var mest truleg anten døde eller flutt vekk då."

 

Og som ovanfor nemnt, Bertel Sivert Mørch døydde på Osøyro i Os i 1864, han var då handelsmann der.

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars, her har du då stad og dato for dødsfallet til Bertel Mørch, post nr 72, året er 1864 og staden er Osøyro.

(Kjelde: Døde og begravede i Os prestegjeld 1860 - 1873):

 

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?show=241&uid=431773&urnread_imagesize=full&hode=nei&ls=1&lc=x%259CK%25B42%25B2%25AA.%25B62%25B4R%25CAT%25B2.%25B62%25B1R%25B20%25B24%25031%2581B%25C5J%25D6%2599VF%2526%2586%25D6%25B5%2500%25C9%25EF%2509%25F2

 

Oppgjeven dødsdag: 15. november 1864, han vart gravlagd 19. november. Fullt namn og yrke: Berthel Mørck, landhandler. Alder: 48. Opphaldstad: Osøren. Dødsårsak. Typhus (altså av smittsam og dødeleg sjukdom).

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for nye spennande innlegg!

 

Jau, eg hugsar me drøfta spørsmålet om denne Ragnhild Olsdotter Bøe for ein del år sidan, men fann ikkje att sjølve ordvekslingi!

 

Her er forresten den nøyaktige sidetilvisingi til dødsfallet hans Bertel 15.11.1864:

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Os, Ministerialbok nr. A 17 (1860-1873), Døde og begravede 1864, side 253.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8296&idx_id=8296&uid=ny&idx_side=-241
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070222670275.jpg

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Marie Olsdotter, døypt i Luster 29.1.1800,

Anna Marie Olsen flytte i 1827 til Bergen der ho 26.12.1827 gifte seg første gongen med Salve, kjend som Salomon Andersson frå Ås i Lyngdal, i Bergen kjend som Salomon Andersen.  Han var son av gardbrukar Anders Guttormson på Ås og kona Bertha Nilsdotter frå Skogen og vart døypt i Lyngdal 30.6.1799.  Salomon Andersen tok 12.2.1828 borgarskap i Bergen som smedmeister, og han og Anna Marie budde visstnok i Nordre Schrødersmug i Bergen der Salomon d. 30.9.1845.  Anna Marie gifte seg att i Bergen 7.9.1848 med Bertel Sivert Torkildson Mørch frå Bergen.  Han var son av skreddarmeister Torkild Bertel Pederson Mørch i Bergen og kona Ragnhild Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – Bø i Os? – truleg døypt i Fusa, Os 23.7.1783 (uekte) av Ole Stenson Lillelie og Anna Olsdotter – kvifor kalla Ragnhild seg for Bøe?)

 

og f. på Os 1.6.1815.  Bertel Mørch var ei tid kontormann i Bergen, men vart sidan landhandlar på Osøyri på Os der han d- 15.11.1864.  Anna Marie

 

##### (lagnaden hennar? - truleg ho som 1865 som enkje budde i Ravneskogen i Bergen!? – 1-33&35)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Me kjenner ikkje til born etter Anna Marie.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg lyt tilstå; eg er enno ikkje 100% overtydd om at Ragnhild Olsdotter Bøe er identisk med jenta fødd i Fusa i 1783.  Alderen ligg svært nær, men KVIFOR skulle ho kalla seg Bøe?

 

Eit anna spørsmål som no er vorte relevant:  Kva år kan Bertel Mørch vera flytt til Osøyri for der å livnæra seg som landhandlar?

 

Det er nok Anna Marie som i 1865 bur som enkje på Nordnes i Bergen, men kvar kan ho ha vorti av etter den tid?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for nye spennande innlegg!

 

Jau, eg hugsar me drøfta spørsmålet om denne Ragnhild Olsdotter Bøe for ein del år sidan, men fann ikkje att sjølve ordvekslingi!

 

Her er forresten den nøyaktige sidetilvisingi til dødsfallet hans Bertel 15.11.1864:

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Os, Ministerialbok nr. A 17 (1860-1873), Døde og begravede 1864, side 253.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8296&idx_id=8296&uid=ny&idx_side=-241

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070222670275.jpg

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Marie Olsdotter, døypt i Luster 29.1.1800,

Anna Marie Olsen flytte i 1827 til Bergen der ho 26.12.1827 gifte seg første gongen med Salve, kjend som Salomon Andersson frå Ås i Lyngdal, i Bergen kjend som Salomon Andersen.  Han var son av gardbrukar Anders Guttormson på Ås og kona Bertha Nilsdotter frå Skogen og vart døypt i Lyngdal 30.6.1799.  Salomon Andersen tok 12.2.1828 borgarskap i Bergen som smedmeister, og han og Anna Marie budde visstnok i Nordre Schrødersmug i Bergen der Salomon d. 30.9.1845.  Anna Marie gifte seg att i Bergen 7.9.1848 med Bertel Sivert Torkildson Mørch frå Bergen.  Han var son av skreddarmeister Torkild Bertel Pederson Mørch i Bergen og kona Ragnhild Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – Bø i Os? – truleg døypt i Fusa, Os 23.7.1783 (uekte) av Ole Stenson Lillelie og Anna Olsdotter – kvifor kalla Ragnhild seg for Bøe?)

 

og f. på Os 1.6.1815.  Bertel Mørch var ei tid kontormann i Bergen, men vart sidan landhandlar på Osøyri på Os der han d- 15.11.1864.  Anna Marie

 

##### (lagnaden hennar? - truleg ho som 1865 som enkje budde i Ravneskogen i Bergen!? – 1-33&35)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Me kjenner ikkje til born etter Anna Marie.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg lyt tilstå; eg er enno ikkje 100% overtydd om at Ragnhild Olsdotter Bøe er identisk med jenta fødd i Fusa i 1783.  Alderen ligg svært nær, men KVIFOR skulle ho kalla seg Bøe?

 

Eit anna spørsmål som no er vorte relevant:  Kva år kan Bertel Mørch vera flytt til Osøyri for der å livnæra seg som landhandlar?

 

Det er nok Anna Marie som i 1865 bur som enkje på Nordnes i Bergen, men kvar kan ho ha vorti av etter den tid?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

 

Kvifor ho Ragnhild vart kalla Bø (Bøe)?

- Jau, fordi ho og mannen budde på Bø i Os då guten deira vart fødd. Det tyder altså ikkje at ho var derfrå, berre at det var der dei heldt til. Ein ting som klårt syner det er at far til Bertel, Thorkild Bertel _ikkje_ er oppført som skreddar ved dåpen til sonen, men som 'bundemand'.

 

Han hadde altså ein jordflekk eller ein husmannsplass einkvan stad i Osbygda då, og dét var i alle høve ikkje på sjølve Osøyro (kyrkjestaden). Som allereie nemnt attende i 2007 så var den omtala husmannsplassen på Bø mest truleg ledig i 1815, så difor held eg framleis ein knapp på Bø (som elles ligg midt imot Storli og Litleli i Fusa, på hi sida av Bjørnafjorden).

Retting: - Gløym husmannsplassen på Bø, sjå nedanfor.

 

Merk elles at Bertel Sivert ikkje vart fødd 1. juni 1815, men året etter, 1. juni 1816, døypt 'i Ous Kirke den 03. junii':

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?urnread_imagesize=full&info=ingen&hode=nei&show=9&uid=46070&js=j

 

Retting:

Fadrane til Bertel Sivert: Niels Nielsen, Morten Ellevsen og Jon Larsen er høvesvis frå Bø, indre Moberg og Mobergslien alle frå garden Ulven (der Ulven leir vart skipa seksti år seinare) i Os, Anna Pedersdtr kom frå Ulven i Os og Karen Jonsdtr. var frå Bergen. Niels Nielsen er mannen til Anna Pedersdtr., gardbrukarane Morten Ellevsen og Jon Larsen var naboane deira. I følgje bygdesoga for Os var Niels Nielsson Ulven den bonden i Os som då hadde det største våningshuset og løa i bygda.

 

Ny og betre teori:

Torkild Bertel Mørch var mest truleg ei tid husmand på Ulven i Os (som då tilhøyrde Lyseklostergodset) medan kona hans, Ragnele Olsdtr. Bøe, heilt klårt hadde tilknyting til garden Bø. Mest truleg hadde ho vore tenestejenta der i ei årrekkje. Meir om henne i neste innlegg i denne tråden.

 

Bertel Sivert Mørch kom til Os som handelsmann kring 1861, men nett dét må eg sjekka opp mot bygdesoga for Os og koma tilbake til seinare i dag.

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for nytt interessant innlegg!

 

Då er fødselsdatoen til Bertel Sivert Mørch endeleg «oppklart»!  Eg har leitt og leitt i 1815, men utan resultat, men ser jo no at 1816 er rett årstal!

 

Elles er dette opphavet til Ragnhild Bøe ei skikkeleg «nøtt»!  Ho er oppgjevi vera 47 år då ho døydde i 1834, og me finn ho att under namnet Ragnhild Bøe i Nykyrkjesokni i Bergen i 1815 (jmf. innleggi til Grethe Flood ovanfor).  Påfallande tykkjer eg det er at ho ALLTID vert omskrivi som Ragnilde Mørch f. Bøe eller berre Ragnilde Bøe, ogso som mor ved barnedåpane, som om Bøe var eit ættenamn som ho var særleg knytt til!

 

«Kandidaten» din, Terje, er heilt klart svært god, men for meg vert ho aldri meir enn ein «kandidat», so lenge me ikkje kan finna prov på kven ho var.  Det var langt den gongen frå Fusa til kyrkja på Os der Bertel Sivert vart døypt, og ogso der har ho Bøe-namnet med seg!

 

Er det kan henda mogeleg å finna Ragnhild i FT1801?

 

Elles er det spørsmålet om lagnaden hennar Anna Marie som framstår som ei anna utfordring!  Ho har tydeleg skrive seg for Olsen, og den familien er jo som kjent ganske «stor»...

 

Eg takkar på ny for alle innspel i denne saki!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har leita litt meir etter Ragnele Olsdtr. Lillelie, f. 1783 på Litleli i Fusa sokn av Ous Prestegjeld.

Ho vert konfirmert i Fusa kyrkje i 1797, 14 år gammal. Og så meiner eg det er henne eg finn at som tenestejente - men med feil patronymikon - hos den pensjonerte obersten Christopher Pritzier på garden Klyva i Os. Klyva er elles nabogard til før omtala Bø. Oberst Pritzier døyr i Os i 1806, så då måtte nok drengane og tausene finna seg ein annan arbeidsgjevar. Og Bø i Os ligg altså attmed Klyva.

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058380003140

 

 Christopher Pritzier 80   Huusbonde Enkemand efter første ægteskab Obriste, pensionist og gaardbruger

 

Rangele Nielsdatter 20   Tjenestefolk Ligesaa

 

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg finn ikkje Bertel Sivert Mørch i oversynet over innflytta i Os, men i bygdesoga for Os står følgjande:

 

Osøyri 5:

"Bertel Severin (!) Torkjelson Mørk frå Bergen, f. i Os prestegjeld 1815 1816 vart landhandlar her i 1862.

G. 1848 e. Anna Maria Andersson, f. i Luster 1806. Bertel Mørk døydde alt i 1864, og ekkja reiste or bygdi."

 

Bertel kjøpte handelsplassen på Osøyro av Hans Marius Tvedt frå Bergen, som dreiv handel her frå 1860 til 1862 men som då vart gardstyrar for 'proprietær' Johan Leganger på Moldegård i Os. Denne Tvedt kjøpte seg gard i Hatvik i Os i 1872 og vart då bonde og dampbåtekspeditør der. (- Men dette siste er saka heilt uvedkomande).

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for dei siste innleggi om denne huslyden!

 

Då har me fått «på plass» dei siste detaljane om Bertel Mørch og livet hans på Os.

 

Eg er elles svært takksam for at du har freista finna fleire opplysningar om Ragnhild Olsdotter frå Lilleli i Fusa, men etter mi meining er sambandet mellom ho og den Ragnhild Bøe, som sidan vart mor til Bertel Mørch, framleis for usikkert til at me kan slå det endeleg «fast»...

 

Elles har eg endeleg finne lagnaden til enkja, Anna Marie.  Eg er ganske so sikker på at det er Marie Mørck, landhandlarenkje på 90 år, fødd i Sogn, som døydde i Nykyrkja i Bergen 7.1.1891.  Her er dødsmeldingi hennar:

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 5 , 1886-1892, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27887/102/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090615341269.jpg

 

Diverre vart ho forsørga av fattigvesenet, og ingen ervingar er nemnde.

 

MEN; kanskje finst det meir om ho i fattigstellet sine protokollar?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

 

Anna Marie, kjend som Maria Olsdotter, døypt i Luster 29.1.1800,

Marie Olsen flytte i 1827 til Bergen der ho 26.12.1827 gifte seg første gongen med Salve, kjend som Salomon Andersson frå Ås i Lyngdal, i Bergen kjend som Salomon Andersen.  Han var son av gardbrukar Anders Guttormson på Ås og kona Bertha Nilsdotter frå Skogen og vart døypt i Lyngdal 30.6.1799.  Salomon Andersen tok 12.2.1828 borgarskap i Bergen som smedmeister, og han og Marie budde visstnok i Nordre Schrødersmug i Bergen der Salomon d. 30.9.1845.  Marie gifte seg att i Bergen 7.9.1848 med Bertel Sivert Torkildson Mørck frå Bergen.  Han var son av skreddarmeister Torkild Bertel Pederson Mørck i Bergen og kona Ragnhild Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – fødd kring 1787!? – ken henda døypt i Fusa, Os 23.7.1783 (uekte) av Ole Stenson Lillelie og Anna Olsdotter – men kvifor kalla Ragnhild seg for Bøe?)

 

og f. på Os 1.6.1816.  Bertel Mørcl var ei tid kontormann og kanskje òg handelsmann i Bergen, men tok i 1862 over som landhandlar på Osøyri på Os der han d. 15.11.1864.  Marie Mørck flytte kort etter attende til Bergen og d. som landhandlarenkje der 7.1.1891.  Ho fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

 

##### (kan ho ha hatt born før ho gifte seg første gongen?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Me veit sikkert at Anna Marie ikkje fekk born i nokon av ekteskapi sine, men ho KAN ha hatt born før ho gifte seg første gongen i ein alder av 28 år!  No har eg sjekka ut alle fødde i Bergen mellom 1815 og 1827 med ei ugift Anna Marie eller Marie Olsdotter/Olsen som mor, og eg finn eitt einaste barn:

 

Krosskyrkja fødd 7.9.1816 og døypt 22.9.1816

barn: Berent Olai

far: Johan Christian Tønsberg, gift mann og skrivar

mor: Anne Marie Olsen

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. A 13 (1815-1822), Fødte og døpte 1816, side 17.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8683&idx_id=8683&uid=ny&idx_side=-19
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321630384.jpg

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Korskirken, Klokkerbok nr. A 1 (1815-1821), Fødte og døpte 1816, side 70-71.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8687&idx_id=8687&uid=ny&idx_side=-39
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321650276.jpg

 

Ikkje godt å lesa nokon av desse protokollane kva som står om mori...?  Kanskje nokon kan tyda det for meg?

 

Kan dette vera «vår» Anna Marie Olsdotter?

 

Eg takkar igjen so mykje for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Løftar denne opp på vegner av trådstartar Lars Øyane. Kanskje ein eller annan her vågar seg på ei omtrentleg tyding av den omtala merknaden i kyrkjeboka for Korskirken i samband med dåpen i # 12 ovanfor her? Altså i denne tråden. 

- Elles, ha ei retteleg god romjul ! 🙂

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.