Gå til innhold
Arkivverket

Christina Olsdotter (1812- ), omstreifardotter frå Luster - gift to gonger i Bergen - so til Amerika? - kjempeutfordring?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er nok ein huslyd, som eg har slite med i mange år for å finna ut av.  Kanskje tidi no er komi til å få svar på gamle spørsmål?

 

Eg tek utgangspunkt i eit (oppdatert) manuskript frå 1986 (Luster, band II):

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christina Olsdotter (dotter av omstreifande hesteskjerar Ole Christopherson og Dortha Marie Johannesdotter), vart døypt i Luster 9.1.1812,

Christine Olsen flytte i 1830-åri til Bergen der ho første gongen gifte seg 1.5.1836 med Jesper Christian Berent Bastiansen frå Bergen.  Han var son av tømmermann Bastian Nilsson Angelgaard i Bergen og kona Martha Jespersdotter frå Gjelle i Gloppen og f. i Bergen 25.3.1817.  Jesper Bastiansen var tømmermann, og han og Christine budde i Bergen der Jesper d.

 

##### (mellom 1838 og 1845 - ikkje funnen avliden i Bergen!!)

 

Christine gifte seg att i Bergen 20.4.1845 med Anders Rasmusson frå Trellevik i Sund, i Bergen kjend som Anders Rasmussen.  Han var son av gardbrukar Rasmus Iverson på Trellevik, opphavleg frå Bjelkarøy, og andre kona Britha Mathiasdotter frå Sele og vart døypt i Sund 11.9.1811.  Anders Rasmussen var jekteførar, og han og Christine vart buande i Bergen der

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? - før 1853!)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - etter 1862 - Amerika??)

 

Me kjenner til fire born etter Christina, to frå kvart av ekteskapi hennar:

a. Bastian Martin Jespersen, f. i Bergen 28.6.1836,

 

     ##### (lagnaden hans? - Amerika??)

 

b. Didrik Olai Jespersen, f. i Bergen 13.9.1838,

 

     ##### (lagnaden hans? - Amerika??)

 

c. Berent Andreas Andersen, f. i Bergen 23.5.1845,

 

     ##### (lagnaden hans? - Amerika!!?)

 

d. Monsine Magdalene Marie Andersen, f. i Bergen 1.2.1849,

 

     ##### (lagnaden hennar? - Amerika!!?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har i årevis stått «på staden kvil», men i dag har eg frå bygdeboki for Sund (garden Trellevik) fått greie på at Christina, då enkje etter Anders Rasmussen, bygsla bort ein eigedom på Trellevik i 1853, og ho selde same eigedom i 1862.

 

Men då det i 1905 vart halde skifte etter ein brordotter av Anderts Rasmussen, får me greie på at «Anders lét etter seg ein son (Berent Andreas f. 1845) og ei dotter (Monsine Magdalene Marie f. 1849) i Amerika».  Sidan ingen av desse er å finna i FT1865 i Noreg, trur eg Christina må ha utvandra ein gong mellom 1862 og 1865 og at ho tok med seg alle dei fire borni over!?

 

Elles er det òg eit stort mysterium kvar det vart av første mannen Jesper Christian Bastiansen!  Eg kan ikkje finna han som avliden i Bergen!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan fylla dei «hòli» som framleis ligg føre innanfor denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

a. Bastian Martin Jespersen, f. i Bergen 28.6.1836,

 

     ##### (lagnaden hans? - Amerika??)

 

Bergens Adressecontoirs Efterretninger 1862.04.26:

 

«Under Søesesionen, som afholdes paa Bergens Raadstue fra 1ste til 12te April d. A. ere følgende Mandskaber, der uden at godtgjøre lovligt Forfald ere udeblevne fra Sessionen, ved Sessionsbestyrelsens Kjendelse antegnede til Mulct.»

 

Blant mange finnes Bastian Martin Jespersen, i rode 3, nr. 71.

 

«Hvilket herved bekjendtgjøres med Bemærkning, at den under Sesionen førte Fortegnelse over foranførte Mandskaber ligger til Eftersyn paa Politikammeret i 4 Uger fra Dato.

Bergens Politikammer den 25de April 1862.

Th. Magelsen.»

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grete for eit svært so spennande innlegg!

 

Denne etterlysingi etter Bastian Martin Jespersen KAN godt tyda på at han har «stikke av» til Amerika denne våren 1862!?  Eller kva meiner du?

 

Finst det andre kjelder som kan ha omtale av dei?

 

Eg vil freista eit spørsmål i Arkivforum!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jo, det ser absolutt ut som de kan ha forlatt gamlelandet i 1862. Christine solgte eiendommen Trellevik og eldstesønnen møtte ikke til sesjon.

 

Legger til at jeg finner Didrik Olai Jespersen her: Militær loddtrekningsliste for Bergen ca 1850-1875. Dessverre angis ikke året, men vi kan vel gjette på før 1862.

 

 

Hva forresten Rode 3, nr. 71 tilsvarer ses her: Overgang rode-gatenavn i Bergen 1906-1907

Endret av Grete Singstad
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grete for siste kommentar!

 

Eg har i dag fått greie på at skøyta på eigedomen på Trellevik vart underskrivi av Christine m.p.p. 30.12.1862, so då kan ho ikkje ha utvandra før i 1863, midt under Borgarkrigen!  Reiste sønene året før eller i lag med mori?

 

Finst det kanskje passasjerlister på Norway Heritage som kan hjelpa oss vidare?

 

Eg held fingri vel krossa og vonar på at «noko» vil dukka opp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi frå 2016, som divere har lege «i dvale» sidan den tid.

 

Eg har i mellomtidi kome over eit notat som eg gjorde for fleire år sidan om at Anders Rasmusseon Trellevig døydde under ein reise til Hamarøy 13.12.1850.  So då er lagnaden hans «på plass», men so var det resten av huslyden då...?

 

Her er forresten emnet som på same tidi vart utlagt i Arkivforum, men der eg ikkje fekk fullstendig svar på alt.  Kanskje er det nokon som kjenner desse sjømannslistene betre enn meg som kan finna svar å nokre av utfordringane?

 

https://forum.arkivverket.no/topic/201177-sesjonsrullarsjømannslister-bergen-kring-1860-jespersenandersen-eller-rasmussen/?tab=comments#comment-1698740

 

Det er vel store sjansar for at Christine med dei fire borni sine utvandra til Amerika på 1860-talet, men let det seg gjera finna dei att der borte??

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange flotte innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #14 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er denne Christine Trellevig sjekket ut?

Name:    Christine Trellevig
Event Type:    Death
Event Date:    05 Nov 1888
Event Place:    Chicago, Cook, Illinois, United States
Event Place (Original):    
Address:    
Residence Place:    
Gender:    Female
Age:    76
Age (Estimated):    
Marital Status:    Widowed
Ethnicity:    
Race:    White
Occupation:    Housewife
Birth Date:    
Birth Year (Estimated):    1812
Birthplace:    , , Norway
Death Year (Estimated):    
Funeral Home:    Walon Wedlff
Burial Date:    
Burial Place:    , , Mt Olive
Cemetery:    Mt Olive
Father's Name:    
Father's Birthplace:    
Mother's Name:    
Mother's Birthplace:    
Spouse's Name:    
Spouse's Titles and Terms:    
Spouse's Gender:    
Informant's Name:    
Certificate Number:    
Record Number:    
Entry Number:    
Source Reference:    10802
GS Film Number:    001030936
Digital Folder Number:    004004165
Image Number:    01756

 

Citing this Record:
"Illinois, Cook County Deaths, 1878-1994," database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:Q2M3-L5H8 : 8 March 2018), Christine Trellevig, 05 Nov 1888; citing Chicago, Cook, Illinois, United States, source reference 10802, record number , Cook County Courthouse, Chicago; FHL microfilm 1,030,936.

 

Her i 1870

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MXNT-6Q6

Lenke til kommentar
Del på andre sider

The U.S. City Directories, 1822-1995
Name:    Christine Trellevi
Gender:    Female
Residence Year:    1870
Street address:    10o W brie
Residence Place:    Chicago, Illinois, USA
Spouse:    Andreas Trellevi
Publication Title:    Chicago, Illinois, City Directory, 1870

1870_USCD.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

The U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1826-1969
Name:    Mrs Christine Trallevig
Record Type:    Burial
Death Date:    6 Nov
Burial Date:    9 Nov 1888
Church Name:    Our Saviour's Lutheran Church
Church Location:    Chicago, Illinois

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Anne Tonby skrev:

 

TRELLEVIG, BEHREND - http://civilwar.vesterheim.org/t/tre/010839.html

IL 132nd Inf Co I. Residence: Chicago, Cook County, Illinois. Born in Norway. Civil War: Sailor. Age 19. Unmarried. Blue eyes, brown hair, light complexion, 5’7”. Enlisted for 100 days on 12 May 1864 at Chicago. Mustered 1 Jun 1864 at Camp Fry, Illinois. Private. Mustered out with his Company on 17 Oct 1864 at Chicago. Sources: (ILSA reel 11 p24)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne og Egil for fantastiske og imponerande innlegg!

 

Eg hadde vel aldri tenkt tanken at dei kunne ha nytta Trellevig-namnet i Amerika, men der er dei altso komne til rette under det namnet!

 

Eg finn no ogso denne innførsli frå ei medlemsliste frå Our Savior's Lutheran church i Chicago:

 

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314937-00289?pid=1417005&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx12536&_phstart=successSource

 

Her står det:

 

«Mad. Christine Trellevig - død

Sina Magdalena Trellevig - død»

 

Her har me med andre ord ogso dotteri Monsina Magdalena Marie, men utan at me får vita noko meir om ho...  Det ser ut for meg som om denne innførsli må vera frå 1863 eller derikring, for på neste side følgjer konfirmantane frå 1864 som då er opptekne som medlemmar...!

 

Her fann eg Christine Trellevig i Chicago, IL i 1880, då busett hjå ei ugift niece Thea Anderson: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYY-9SK2

 

Eg ser ho førebels ikkje i FT1870, men ho bør jo vera der òg...  Hadde me berre greidd å finna adressa 165 West Erie...

 

Elles KAN vel dette vera sonen Berend Anderson i 1880, married sailor: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB7-9C45

 

Her er dødsfallet hans 3.2.1885:

 

Name Ben Anderson
Event Type Death
Event Date 03 Feb 1885
Event Place , Cook, Illinois, United States
Event Place (Original) Lake View, Cook, Illinois
Gender Male
Age 39
Marital Status Married
Ethnicity American
Race White
Occupation Seaman
Birth Year (Estimated) 1846
Birthplace Norway
Record Number 173a

 

Som me ser står det «married» og «seaman», og då er det nok han me finn i Chicago, IL i FT 1870 med kone Hilda og ein son Alfred: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-69P9-VG6

 

Og her er dei i 1880 på Hunt street i Chicago, ikkje langt unna der ogso mor hans budde på same tid.  Her er Berent kalla «Merrit» Anderson, men kona og eldste sonen er dei same...: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYY-9SKH

 

Her er konfirmasjonen til sonen Caspar Doran Monrad Anderson, son av Bernt og Hilda, i Bethlehem Lutheran church 1886, fødd i Chicago, IL 26.12.1870: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314873-00561?pid=208572&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db%3DELCAbmd%26h%3D208572%26indiv%3Dtry%26o_vc%3DRecord:OtherRecord%26rhSource%3D6742&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true

 

Her finn eg Hilda i FT1900 med mori Caroline Fuglestad, som òg er nemnd i FT1870.  Hilda er då attgift med ein Peter L. Andreasen: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-D1FS-4HZ

 

Peter L. Andreasen døydde i 1902:

 

Name Peter L Andreasen
Event Type Death
Event Date 09 May 1902
Event Place Chicago, Cook, Illinois, United States
Gender Male
Age 45
Marital Status Married
Race White
Occupation Iron Setter
Birth Year (Estimated) 1857
Birthplace , , Norway
Burial Date 13 May 1902
Cemetery Mt Olive

 

Og i 1910 er Hilda Andreasen på ny med sonen Caspar i Chicago, IL og hin sonen Alfred «next door»: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVZ-ZCX

 

Og endeleg dødsattesten til Hilda Marie Andreasen frå Chicago. IL 1.7.1919:

 

Name Hilda Marie Andreasen
Event Type Death
Event Date 01 Jul 1919
Event Place Chicago, Cook, Illinois, United States
Address 1759 W Huron St
Gender Female
Age 70
Marital Status Widowed
Race White
Occupation Housewife
Birth Date 17 May 1849
Birthplace , , Norway
Funeral Home H Thompson & H G Mueller
Burial Date 05 Jul 1919
Burial Place Chicago, , Illinois
Cemetery Mount Olivet
Father's Name Doran M Fuglestad
Spouse's Name L P Andreasen
Informant's Name Alfred C Anderson

 

Då tør eg vedda på at dette er fødsli til Hilda i Stavanger i 1849:

 

Name Dunhilde Marie Doran Monradsdatter
Gender Female
Birth Date 18 May 1849
Christening Date 24 Jun 1849
Christening Place Stavanger, Rogaland, Norway
Father's Name Doran Monrad Fuglestad
Mother's Name Caroline Nordboe

 

og so vidt eg kan forstå, er vel då huslyden til Berent Andersson (Trellevig) godt dekt (bortsett ifrå ein del mindre detaljar...)?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript son erstattar manuskriptet i innlegg #6 over:

 

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Christina Olsdotter {Slottet}, døypt {i Luster} 9.1.1812,

Christine Olsen flytte i 1830-åri til Bergen der ho første gongen gifte seg 1.5.1836 med Jesper Christian Berent Bastiansen frå Bergen.  Han var son av tømmermann Bastian Nilsson Angelgaard i Bergen og kona Martha Jespersdotter frå Gjelle i Gloppen og f. i Bergen 25.3.1817.  Jesper Bastiansen var tømmermann, og han og Christine budde i Bergen der Jesper d.

 

##### (mellom 1838 og 1845 – ikkje funnen avliden i Bergen!!)

 

Christine gifte seg att i Bergen 20.4.1845 med Anders Rasmusson frå Trellevik i Sund, i Bergen kjend som Anders Rasmussen.  Han var son av gardbrukar Rasmus Iverson på Trellevik, opphavleg frå Bjelkarøy, og andre kona Britha Mathiasdotter frå Sele og vart døypt i Sund 11.9.1811.  Anders Rasmussen var jekteførar, og han og Christine vart buande i Bergen, men Anders d. på ei ferd til Hamarøy i Nordland 13.12.1850.  Christine vart buande i Bergen til ho visstnok i 1863 utvandra til Amerika.  Under namnet Christine Trellevig busette ho seg i Chicago, Cook Co., Ill. der ho d. 5.11.1888.  Me kjenner til fire born etter Christina, to frå kvart av ekteskapi hennar:

a. Bastian Martin Jespersen, f. i Bergen 28.6.1836,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

b. Didrik Olai Jespersen, f. i Bergen 13.9.1838,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

c. Berent Andreas Andersen, kjend som Ben A. Anderson, f. i Bergen 23.5.1845, utvahdra visstnok til Amerika med mor si kring 1863 og var soldat i borgarkrgen («Civil War soldier»), men gifte seg so

 

     ##### (date and place of his marriage? – Chicago, IL about 1867!?)

 

     med Dunhilde Marie Doransdotter Fuglestad frå Stavanger, i Amerika kjend som Hilda Fuglestad.  Ho var dotter av skippar og byborgar Doran Monrad Pederson Fuglestad i Stavanger, opphavleg frå Egersund, og andre kona Caroline Elisabeth Petersdotter Nordbøe frå København og f. i Stavanger 18.5.1849.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1856

 

     ##### (emigration year to be verified!?)

 

     Ben Anderson var sjømann («sailor»), og han og Hilda budde i Chiocago, Ill. der Ben d. 3.2.1885.  Hilda gifte seg att

 

     ##### (date and place of her 2nd marriage? – about 1890?)o

 

     med Peter Lauritz Andreasson,

 

     ##### (born Norway about 1854/1856 – em. 1887 – iron setter! – kan henda f. Bragernes 3.8.1855?)

 

     men han d. i Chicago, Ill. 9.5.1902.  Hilda Andreasen d. som enkje same staden 1.7.1919.  Ho fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet med Ben Anderson.

d. Monsine Magdalene Marie Andersen, f. i Bergen 1.2.1849,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Kva kan so ha skjedd med dei andre borni til Christine Trellevig?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ville gjerne få syna korleis dette Trellevig-namnet vart handsama av dei som skreiv city directories i Chicago, IL på 1800-talet.  Her er Christine i fire ulike city directories med fire ulike skrivemåter av namnet:

 

~~~~~~~~~~~

 

 

~~~~~~~~~~~

 

Eg ser at ho både i 1870 og i 1872 budde på 165 West Erie, og hadde me greidd å finna den adressa i FT1870, hadde det vore svært so spennande.  Kanskje me kunne komma på sporet etter eitt eller fleire av dei andre borni hennar?

 

Elles er det òg eit «mysterium» kven denne nieca Thea Anderson, fødd i Noreg kring 1836, kan ha vore, som Christine budde i lag med i 1880.  Eg ser ingen som høver, med mindre det kan ha vore ei «uekte» dotter av søsteri Dortha Marie Olsdotter, fødd 1808, som i 1835 flytte frå Luster til Sund og i 1836 vidare til Årstad - sjå tema: https://forum.arkivverket.no/topic/224190-dortha-marie-olsdotter-fødd-på-slottet-i-luster-i-1808-av-omreisande-foreldre-flytte-i-1835-til-sund-på-sotra-men-forsvinn-som-«dogg-for-soli»-kvar-i-all-verdi-kan-ho-ha-vorti-av/

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å spora opp denne utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg stilte eit spørmål på den norsk-amerikanskerootsweblista om hjelp til å finna 165 West Erie i FT1870, og eg fekk nettopp dette svaret:

 

~~~~~

 

Hi Lars,

The 1870 Census only uses Dwelling Number. Manhattan's 2nd enumeration district was the only place you can search using a street address. The rest of the country had to wait for the 1880 census.

Here's a good article about how to search the early census by address.

https://www.nypl.org/blog/2016/07/08/genealogy-tips-searching-census-address

Street Guide

https://www.chicagoancestors.org/sites/default/files/downloads/1870street.pdf

ERIE (W.), formerly Third, fr. the river w. to N. Leavitt. W. D.

Next you'll need the Ward and Enumeration District.

http://www.alookatcook.com/1870/1870wardmaptif.gif

She’s in Ward 20.

That’s as far as I got. If someone has access to the Enumeration information for that year and that ward, you should be able to browse the neighborhood using the enumerator’s ID number.

 

~~~~~

 

Eg vart ikkje heilt klok på dette svaret, men kanskje er det nokon som forstår dette betre og kan hjelpa vidare?

 

Elles har eg i dag motteke fleire av dødsattestane for denne huslyden.  Den til Ben Anderson var for stor til å attgje, men den seier berre at han døydde på U.S. Marine Hospital, og det visste vi jo frå før, ingen fødselsdato eller namn på slekt.  Heller ikkje kyrkjegard er oppgjeven, men han var «married seaman» på 39 år...

 

Derimot har eg lagt ved den som gjeld Peter L. Andreasen.  FT1900 seier han var fødd i Noreg i juni 1854, medan dødsattesten oppgjev alderen ved dødsfallet 9.5.1902 til 45 år, 10 månader og 10 dagar.  Det skulle vel gje ein fødselsdato på 30.6.1856?  I dødsattesten til Hilda er han namngjeven med L. P. Andreasen.  Kanskje kan denne karen frå Eidsberg vera eit godt alternativ: Lars Peter Andreasson, fødd 26.6.1856 på Vestre Løken: https://media.digitalarkivet.no/view/358/158

 

Eller kanskje er dette ein betre kandidat, ein sjømann frå Stavanger: https://www.digitalarkivet.no/nn/census/person/pf01052234016244

 

Han mønstra av i 1887, same året som «vår» Peter L. skal ha utvandra til Amerika: https://www.digitalarkivet.no/nn/view/91/pc00000000410197

Eg finn ikkje originallista, men kanskje det der står noko om at han avmønstra i Chicago??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Peter L. Andreasen death.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Han mønstra av i 1887, same året som «vår» Peter L. skal ha utvandra til Amerika: https://www.digitalarkivet.no/nn/view/91/pc00000000410197

Eg finn ikkje originallista, men kanskje det der står noko om at han avmønstra i Chicago??

 

SAST, Stavanger sjømannskontor*, 1873, s. 150
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ru10041101170151
Avmønstringsstaden klarer ikkje no, men merknad: "Død i Chicago den 9de Mai 1902"

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Richard for ei super melding!

 

Då er Peter L. Andreasen identifisert, og ikkje berre det; når ein ser litt nærare på opphavet hans, syner det seg at han var søskenbarn av Dunhilde, mødrene var søstrer frå København!  Berre so underleg at eg ikkje kan finna noki vigsle for dei.  Kan dei vera farne ein tur attende til Stavanger for å gifta seg der...?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Christina Olsdotter {Slottet}, døypt {i Luster} 9.1.1812,

Christine Olsen flytte i 1830-åri til Bergen der ho første gongen gifte seg 1.5.1836 med Jesper Christian Berent Bastiansen frå Bergen.  Han var son av tømmermann Bastian Nilsson Angelgaard i Bergen og kona Martha Jespersdotter frå Gjelle i Gloppen og f. i Bergen 25.3.1817.  Jesper Bastiansen var tømmermann, og han og Christine budde i Bergen der Jesper d.

 

##### (mellom 1838 og 1845 – ikkje funnen avliden i Bergen!!)

 

Christine gifte seg att i Bergen 20.4.1845 med Anders Rasmusson frå Trellevik i Sund, i Bergen kjend som Anders Rasmussen.  Han var son av gardbrukar Rasmus Iverson på Trellevik, opphavleg frå Bjelkarøy, og andre kona Britha Mathiasdotter frå Sele og vart døypt i Sund 11.9.1811.  Anders Rasmussen var jekteførar, og han og Christine vart buande i Bergen, men Anders d. på ei ferd til Hamarøy i Nordland 13.12.1850.  Christine vart buande i Bergen til ho visstnok i 1863 utvandra til Amerika.  Under namnet Christine Trellevig busette ho seg i Chicago, Cook Co., Ill. der ho d. 5.11.1888.  Me kjenner til fire born etter Christina, to frå kvart av ekteskapi hennar:

a. Bastian Martin Jespersen, f. i Bergen 28.6.1836,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

b. Didrik Olai Jespersen, f. i Bergen 13.9.1838,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

c. Berent Andreas Andersen, kjend som Ben A. Anderson, f. i Bergen 23.5.1845, utvahdra visstnok til Amerika med mor si kring 1863 og var soldat i borgarkrigen («Civil War soldier»), men gifte seg so

 

     ##### (date and place of his marriage? – Chicago, IL about 1867!?)

 

     med Dunhilde Marie Doransdotter Fuglestad frå Stavanger, i Amerika kjend som Hilda Fuglestad.  Ho var dotter av skippar og byborgar Doran Monrad Pederson Fuglestad i Stavanger, opphavleg frå Egersund, og andre kona Caroline Elisabeth Petersdotter Norrebye frå København, Danmark, og f. i Stavanger 18.5.1849.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1856

 

     ##### (emigration year to be verified!?)

 

     Ben Anderson var sjømann («sailor»), og han og Hilda budde i Chicago, Ill. der Ben d. 3.2.1885.  Hilda gifte seg att

 

     ##### (date and place of her 2nd marriage? – about 1890?)

 

     med søskenbarnet Peder Lauritz Lauritzson Andreassen frå Stavanger, i Amerika kjend som Peter L. Andreasen.  Han var son av skippar Lauritz Andreassen i Stavanger og kona Sophie Petrine Petersdotter Norrebye frå København, Danmark og f. i Stavanger 20.6.1856.  Han hadde vore sjømann i mange år, men utvandra til Amerika i 1887 og budde med Hilda i Chicago, Cook Co., Ill. der han livnærte seg som bygningsarbeidar («iron setter»).  Peter d. i Chicago, Ill. 9.5.1902, medan Hilda Andreasen d. som enkje same staden 1.7.1919.  Ho fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet med Ben Anderson.

d. Monsine Magdalene Marie Andersen, f. i Bergen 1.2.1849,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette utfordrande emnet som ikkje har vore drøfta på over eitt år.

 

Eg har leitt vidare etter svar på dei òpne spørsmåli (jmf. innlegg #18 over), men har so langt ikkje greidd å finna ut noko som helst!

 

Yngste barnet hennar Christina, Monsine Magdalene Marie Andersen, utvandra tydeleg med mori til Amerika kring 1863, men døydde truleg ung(?), jmf. innlegg #14 over:

 

~~~~~~~~

 

Eg finn no ogso denne innførsli frå ei medlemsliste frå Our Savior's Lutheran church i Chicago:

 

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314937-00289?pid=1417005&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx12536&_phstart=successSource

 

Her står det:

 

«Mad. Christine Trellevig - død

Sina Magdalena Trellevig - død»

 

Her har me med andre ord ogso dotteri Monsina Magdalena Marie, men utan at me får vita noko meir om ho...  Det ser ut for meg som om denne innførsli må vera frå 1863 eller derikring, for på neste side følgjer konfirmantane frå 1864 som då er opptekne som medlemmar...!

 

~~~~~~~~

 

medan dei to eldste sønene, Bastian Martin og Didrik Olai Jespersøner vel kan ha hamna «kvar som helst»!?

 

Men i denne samanhangen vil eg gjerne få referera til følgjande tema der det kjem fram at Bastian Martin Jespersen verkeleg var sjømann: https://forum.arkivverket.no/topic/201177-sesjonsrullarsjømannslister-bergen-kring-1860-jespersenandersen-eller-rasmussen/?tab=comments#comment-1698740

 

Og her kjem det fram at ogso Didrik Olai Jespersen er nemnd i Register til Mannskapsrulle/militær loddtrekningsliste for Bergen 1859 - 1877: https://www.digitalarkivet.no/search/persons/advanced?from=&to=&firstname=Didr*&lastname=Jesp*&birth_year_from=1836&birth_year_to=1840&birth_date=&birth_place=&domicile=&position=&event_year_from=&event_year_to=&event_date=&related_first_name=&related_last_name=&related_birth_year=&sort=rel

 

Men er det mogeleg å finna ut noko meir dei gjennom nemnde kjelder?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.