Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Anna Malene Johnsdotter (1787- ), omstreifardotteri frå Luster som vart gullsmedkone i Bergen - lagnaden hennar? -kven var faren John Ingebrigtson?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har nok ein huslyd som eg slit med å finna ut av.  Kanskje det sit nokon med «god teft» som kan hjelpa meg vidare?

 

Eg attgjev frå eit (oppdatert) manuskript frå 1986:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Malene Johnsdotter, døypt i Gulen 6.7.1787, men oppvaksi i Luster.

Anna Malene Johnsdotter flytte i ung alder til Bergen, og der gifte ho seg 31.5.1812 med Rasmus Elias Hansson frå Lie i Hidra ved Flekkefjord, i Bergen kjend som Rasmus Hansen.  Han var son av gardbrukar Hans Fredrikson på Lie og kona Anna Aanondsdotter frå Kolven og vart døypt i Hidra 26.4.1789.  Rasmus Hansen tok 10.9.1816 borgarskap i Bergen som gullsmedmeister, og huslyden budde då i Schrødersmuget i Bergen.  Men kring 1823 vart Rasmus og Anna skilde.  Rasmus flytte då til Nordnesveien i Bergen, og der d. han 14.11.1825.  Anna Malene Johnsdotter d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – budde 1865 på Kaas' stiftelse i Kong Oscars gate i Bergen)

 

Ho og Rasmus ser ikkje ut til  ha hatt born i lag.

 

##### (sjekka dette?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dette dødsfallet har eg søkt etter mange gonger, men aldri greidd å finna!

 

Eg kan heller ikkje sjå at dette parfolket fekk born, i alle fall ikkje i Bergen!

 

Anna Malene var dotter av Dortha Marie Johannesdotter (1766-1823) som i andre ekteskap (vigde i Luster 5.12.1799) med omstreifande hesteskjerar Ole Christopherson (1778-1824) fekk åtte born.

 

Men Dortha var gift ein gong før, nemlig i Luster 8.1.1788 med ein John Ingebrigtson Høgaasen(?), og denne mannen er eit stort problem!  Ogso John må ha vore av «reisande», men eg finn ikkje ut nett kvar han kan vera komen ifrå!?  Eg har trutt han kanskje var frå Høgåsen i Melhus, Sør-Trøndelag, men veit ikkje sikkert!

 

Og ikkje heller har eg nokon alder på denne John!  Han døydde før 1798, men dødsfallet er ikkje innført i Lusters kyrkjebok.  Eg vel likevel å tru han må vera fødd sist på 1750-talet eller tidleg på 1760-talet!?

 

Han fekk forresten berre to born med Dortha, Anna Malene (døypt berre Anna!) i 1787 og ein son Mons i 1789, som døydde i 1798!  So kanskje John døydde alt kring 1790??

 

Eg finn eit par alternativ for denne John hjå FamilySearch:

 

* John Ingebrigtson, døypt i Melhus 10.9.1758 av Ingebrigt Ekren

 

* John Ingebrigtson, døypt i Sund (Austevoll) 20.3.1763 av Ingebrigt Tørrisson Skaar (og Anna Jensdotter?)

 

Det finst fleire, men desse tykte eg såg mest spennande ut...

 

Eg takkar so mykje å førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jonny Mydland

A Hansen nummer 2 må være kona, mens A Hansen nummer 3 kan være et barn?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

A Hansen nummer 2 må være kona, mens A Hansen nummer 3 kan være et barn?

 

Jeg mente nr. 3, men skrev nr 2... takk for at du rettet det opp!  :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Rasmus flytte då til Nordnesveien i Bergen, og der d. han 14.11.1825.

 

Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. A 12 (1821-1844), Døde og begravede menn 1825, side 478. 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8726&idx_id=8726&idx_listetype=bg&idx_kjonn=m&uid=ny&idx_side=-16
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070416630717.jpg

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 1 , 1821-1847, oppb: Statsarkivet i Bergen.

http://arkivverket.no/URN:sk_read/23995/40/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081111610487.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Jonny for spennande innlegg!

 

Det har nok gåytty med «hus forbi» at Rasmus og Anna Malene Johnsdotter er skrivne som «tilsynelatande» foreldre til ei «A. Hansen» med alder i 1815 mellom 0 og 7 år, og eg må¨seia eg spekulerer svært på kven dette barnet kan vera!

 

Det er ikkje registrert born etter Rasmus Hansen og Anna Malene i Bergen, so då lurer eg på:  Kan det vera ei dotter som Anna Malene fekk FØR ho gifte seg med Rasmus?

 

Den einaste eg då kan finna, er ei «uekte» Johanna Johnsdotter, fødd i DK, Bergen 9.5.1809 og døypt same stad 14.5.1809, dotter av «bortreist matros» John Johnson og Anna Johnsdotter:

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 5 (1808-1820), "Uægte" fødte og døpte 1809, side 254-255.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8637&idx_id=8637&idx_listetype=ub&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-4
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306660185.jpg

 

Kan det vera ho??  Men kvar vart ho i so fall av?

 

Her er forresten Anna Malene Hansen i FT1865: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038249021025

 

Og no fann eg ho faktisk i dødsfalllslistene for Bergen!  Ho døydde på Zander Kaas' stiftelse 17.6.1869, men diverre; ho lét ikkje etter seg noko som helst:

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 3 , 1861-1878, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/23997/156/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081111620448.jpg

 

Eg har forresten sendt inn eit spørsmål til Arkivforum om å sjekka ut skiftet etter Rasmus Hansen frå 1825!

 

Det minkar på problemi kring Anna Malene Johnsdotter Hansen, men framleis sit me att med:

 

* Kven var denne dotteri som Anna ser ut til å ha hatt?

 

* Og kven var faren John Ingebrigtson (sjå innlegg #1)?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So er Statsarkivet i Bergen kome med ei stadfesting av at gullsmed Rasmus Hansen ikkje let etter seg born, so då er det slått fast! (https://forum.arkivverket.no/topic/201200-skifte-i-bergen-18251826-gullsmed-rasmus-hansen/)

 

Barnet som er nemnt under Rasmus og Anna Malene i FT1815, kan soleis godt vera ei dotter som Anna Malene hadde før ho vart gift med Rasmus, me korleis kan me finna ut av det?

 

Kanskje hadde det vore ein tanke å ta for seg konfirmantlistene for Nykyrkja på 1820-talet?  Det har eg no gjort, men det finst ikkje nokon kvinnelege konfirmantar i Nykyrkja mellom 1822 og 1830 som har Anna Malene Johnsdotter til mor!  Ho kan jo sjølvsagt vera konfirmert i ei av dei andre kyrkjene i Bergen, eller ho kan vera avlidi etter 1815 og før oppnådd konfirmasjonsalder!?  Ikkje godt å seia...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jan H. Trelsgård

Eg har nok ein huslyd som eg slit med å finna ut av.  Kanskje det sit nokon med «god teft» som kan hjelpa meg vidare?

 

Eg attgjev frå eit (oppdatert) manuskript frå 1986:

 

 

Anna Malene Johnsdotter, døypt i Gulen 6.7.1787, men oppvaksi i Luster.

Anna Malene Johnsdotter flytte i ung alder til Bergen, og der gifte ho seg 31.5.1812 med Rasmus Elias Hansson frå Lie i Hidra ved Flekkefjord, i Bergen kjend som Rasmus Hansen.  Han var son av gardbrukar Hans Fredrikson på Lie og kona Anna Aanondsdotter frå Kolven og vart døypt i Hidra 26.4.1789.  Rasmus Hansen tok 10.9.1816 borgarskap i Bergen som gullsmedmeister, og huslyden budde då i Schrødersmuget i Bergen.  Men kring 1823 vart Rasmus og Anna skilde.  Rasmus flytte då til Nordnesveien i Bergen, og der d. han 14.11.1825.  Anna Malene Johnsdotter d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – budde 1865 på Kaas' stiftelse i Kong Oscars gate i Bergen)

 

Ho og Rasmus ser ikkje ut til  ha hatt born i lag.

 

##### (sjekka dette?)

 

 

Eg takkar so mykje å førehand for alle gode tips om denne huslyden!

 

Rasmus Elias Hansen kom fra gården Li i Hidra. Preposisjonen som benyttes foran gårdsnavnet er i, ikke på.

Mor til Rasmus Elias kom fra Kalven i Hidra. Preposisjonen som benyttes foran det gårdsnavnet er også i. Jeg har for øvrig aldri sett navnet skrevet Kolven - http://faktaark.statkart.no/SSRFakta/faktaarkfraobjektid?enhet=345

 

Rasmus Elias sine foreldre flyttet fra Li i Hidra til Bergen omkring 1804. Gårdsbruket i Li ble solgt ifølge skjøte, dat. 21.3., tl. 5.10.1804.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jan for interessante og presiserande opplysningar!  Slike detaljar er det vanskeleg for utanforståande å finna tak i, ikkje minst det som har med namnebruken å gjera.

 

Eg har retta opp manuskriptet mitt i tråd med kommentarane, men to store spørsmål står framleis opne når det gjeld denne huslyden:

 

* Kven var John Ingebrigtson, far til Anna Malene?

 

* Kven var denne jenta som me trur kan ha vore dotter til Anna Malene?

 

Men eg fryktar dette er spørsmål som båe vil verta svært vanskelege å finna svar på...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe

Dorthe i andre ekteskap, her med datter Anna fra første ekteskap og datter Anna fra dette ekteskapet : http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058398000892

 

Kan A. Hansen  være halvsøsteren til Anna Malene ? det er 14 år mellom de. (Men hun ville vel vært 15 år i 1815)

 

Joen Ingebrichtsen, Dorthe Johannesdr med sønn  Mons Johansen

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NH6Y-RH1

 

Her er Anna, født i Gulen i 06 Jul 1787. Mora kaller seg her for Dorthe Fladhammer. Hvis dette er de rette menneskene så har du også Dorthes komfirmasjon :

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NHJZ-BJL

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/kf/person/pk00000000457862

 

 

Det er endel Joen Ingebrigtsen i S&F på det tidspunkt bla: Joen Ingebretsen f. 3 Aug 1755 , EID, SOGN OG FJORDANE, Far - Engebright Naes

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NCMW-P2F

 

 

Endret av Ivar Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegg!

 

Eg har faktisk vore inne på same tanken, at denne A. Hansen KUNNE vera halvsøsteri, MEN, som du òg påpeiker, alderen stemmer ikkje!  A. Hansen var 0-7 år gamal i 1815...

 

Eg fryktar for at det vert so å seia umogeleg å løysa denne floki...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for nytt innlegg!

 

Denne Anna Olsdotter er ei heilt anna.  Ekteskapi til «vår» Anna Marie er kartlagde før.

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe

Er disse i samme slekta ?

 

 

hafslo.PNG

 

Mvh

Ivar

Endret av Ivar Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget!

 

Ætti som er tema for dette emnet, var reisande, og det var ogso Elsebe Ørjensdotter og huslyden hennar, men eg kan ikkje sjå nokon nær skyldskap mellom desse ættene.  Det er tale om to ulike Anna Malene på om lag same alder, den eine ei Jensdotter og hi ei Johnsdotter...

 

Eg er forresten framleis på jakt etter opphavet til John Ingebrigtson, og skulle nokon greia å finna ut meir om han, ville det vera for meg som å få ei svært omtykt og verdifull julegåve!

 

Ein ny kjempetakk for all bistand med denne ætti!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.