Gå til innhold
Arkivverket

Vågsøy, SF, Birte Rasmusdatter g.m. husmannen Aksel Hansen Totland Ytre. Opphavet hennar?


Morten Sylte
 Del

Recommended Posts

Birthe vart i tidsromet 1801-09 (ukjent kvar dette skjedde) gift med husmannsonen Aksel Hansen Vemmelsvik (1779-1852) - son av husmannen Hans Jensen Vemmelsvik og kona Anne Abelsdatter. Frå ca 1810 vart Birte og Aksel husmannfolk under garden Ytre Totland, (i dåværande Rugsund sogn, Davik prestegjeld) noko dei var resten av si levetid. Før dette var dei mellombels busette på Flatraket i Selje kommune der dei i 1809 døyper dattera Anna (død s.å.) (sjå http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11648&idx_id=11648&uid=ny&idx_side=-8). I 1811 døypar dei sonen Rasmus (no busett Totland)(sjå http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8750&idx_id=8750&uid=ny&idx_side=-278) og deretter borna Anne (1814) (sjå http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8750&idx_id=8750&uid=ny&idx_side=-283) og Hans (1818) (sjå http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8751&idx_id=8751&uid=ny&idx_side=-18).

 

Birte døyr 50 år gamal og vert gravlagd 9 januar 1831 (sjå http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11637&idx_id=11637&uid=ny&idx_side=-227). Skifte etter ho er datert 20 april 1833. (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24247/3/)

 

Etter det eg kan sjå, har ingen av desse innføringane nokon referanse til opphavet til Birte. Fadderane ser ut til å vere enten "husbondsfolk" eller andre grannar og personane i skiftet er etter det eg kan forstå utan tilknytning til hennar famile.

 

Eg har dessverre ikkje funne giftemålet mellom Birte og Aksel noko eg håpar denne etterlysninga kan finne. Eg har sett gjennom kyrkjebøkene for Selje, Davik, Vanylven. Herøy, Eid og Gloppen sogn i tidsromet 1801-09 og har ikkje funne dei der. Kan sjølvsagt ikkje sjå vekk frå at eg har oversett dei.

 

I 1801 er Axel Hanss. dreng på garden Rødeggen, han er 23 år og ugift. Sjå http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058407001484

Same staden finn ein også foreldra hans.

 

Ei ikkje enkel dame å finne dette. Håpar nokon kan gje meg nokre innspel eller eventuelt løysinga på mysteriet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ikkje studert dette nærare, men eg ville gisse på at Brithe Rasmusdtr. er ho som er å finne på Rødeggen i 1801.

 

Aksel er eigentleg same namnet som Absalon: https://nn.wikipedia.org/wiki/Aksel

Difor trur eg at giftermålet 7.2.1808 mellom Absalon (Axel?) Hansen Rødeggen og Brithe Rasmusdtr. Rødeggen er ditt par:

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Davik, Ministerialbok nr. A 2 (1742-1816), Ekteviede 1807-1808, side 313.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8750&idx_id=8750&uid=ny&idx_side=-310
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070418640176.jpg

 
Skiftet etter Rasmus Nilsen Rødeggen i 1788 nemner dottera Brithe. Kona Randi Larsdtr. er oppattgift ved FT1801.
 
SKiftet i 1806 etter Randi Larsdtr. nemner at Brithe er 30 år og ugift: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24242/317/
 
 
                         

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, kanskje løysinga har vore rett under nasa heile tida?

 

Dette må eg sjølvsagt studere meir på. Det beste med heile greia er at eg huskar eg såg dette namnet då eg holdt på med denne greina av familien men gjekk ikkje noko vidare med det. Ved dette høvet oversåg eg namnet heilt og tenkte ikkje på denne løysinga i det heile.

 

Eg må sjå på fadderane med "nye" auge trur eg ...

 

Tusen takk for hjelpa i alle tilfeller!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.