Gå til innhold
Arkivverket

Nels(on) C. Johnson - fødd i Noreg 2.12.1847 eller 1848 - utvandra 1864(?) - kven var han og kvar kom han ifrå?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Bertha Kirstine Nilsdotter Fuglesteg, opphavleg frå Luster (1846-1935), utvandra med foreldri sine frå Bergen i 1858, og under namnet Bertha Solfestson gifte ho seg i Winneshiek Co., IA 12.3.1872 med:

 

Nels C. JOHNSON - sidan kjend som Nelson C. JOHNSON

 

Nels (Nils) skal ifølgje dødsattesten vera fødd i Noreg 2.12.1848 - FT1900 oppgjev desember 1847 - og skal ifølgje FT1900 ha utvandra til Amerika i 1864.  Han døydde i Howard, NE 2.2.1907.

 

Eg vil gissa på at far hans heitte Christen (eller noko anna på C...) Johnson/Johannesson, men har ingen opplysningar som stadfester dette.  Han kan òg ha hatt namnet Nils Christian, og at faren heitte John/Johannes...  Ikkje godt å seia.  Parfolket hadde tre born:

 

* Joseph Norman (1873-e. 1943) - Norman er nok oppkalling etter morfar Nils

* Carl A (1877-1954)

* Betsy Annetta (1878-1946)

 

Er det mogeleg å finna ut:

 

** Kven var Nels(on) C. Johnson?

 

** Kvar i Noreg kom han ifrå?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det blir vel et bomskudd, men dette paret hadde en sønn Niels født 3-12-1847

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038072005610

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8980&idx_id=8980&uid=ny&idx_side=-8
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070206650350.jpg

 

Men problemet er at jeg ikke kan finne han igjen etter dåpen !

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Familien i Nebraska i 1885? https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:X3X2-JMX

 

Name: N C Johnson
Titles and Terms:
Event Type: Census
Event Year: 1885
Event Place: , Summer Hill, Dixon, Nebraska, United States
Gender: Male
Age: 37
Birth Year (Estimated): 1848
 
Household Role Gender Age Birthplace
N C Johnson M 37
Bertha Johnson Wife F 38
Norman Johnson Son M 11
Carl Johnson Son M 8
Netta Johnson Daughter F 6
Eddie Johnson Son M 1
 
 
 
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det blir vel et bomskudd, men dette paret hadde en sønn Niels født 3-12-1847

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038072005610

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8980&idx_id=8980&uid=ny&idx_side=-8

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070206650350.jpg

 

Men problemet er at jeg ikke kan finne han igjen etter dåpen !

 

Det er vel dessverre han som dør her, Niels Johnsen Koldseie 2 mndr.

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000552966

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lita hjelp i dette, men her er familien i 1880, i Summerhill, Dixon county, Nebraska (frå ancestry.com):

 

 

Name: Nelson Johnson Age: 32 Birth Year: abt 1848 Birthplace: Norway Home in 1880: Summerhill, Dixon, Nebraska Race: White Gender: Male     Marital Status: Married Spouse's Name: Bertha Johnson Father's Birthplace: Norway Mother's Birthplace: Norway     Occupation: Farmer

 

  Household Members: Name Age Nelson Johnson 32 Bertha Johnson 33 James N. Johnson 6 Charles A. Johnson 3 Betsey A. Johnson 1

 

Endret av Richard Johan Natvig
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten, Grethe, Geir og Richard for nye interessante innlegg.

 

«Kandidaten» frå Land var ikkje so verst, men vart jo fort «teken livet av»...

 

Eg har studert huslyden i ulike folketeljingar, men kan berre ikkje finna opplysningar som bringer meg vidare i oppsporingi av fødsli til Nels(on) Johnson!  Kvar i all «verdi» kan han vera komen ifrå?  Finst det kanskje passasjerlister hjå Norway Heritage frå 1864?

 

Eg takkar på ny for alle gode innspel og freistnader!  Før eller sidan skal me nok greia å finna ut ogso av denne...!?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har lyst til å trekke frem en ny kandidat, selv om fødselsdatoen ikke stemmer. Det er Nils Carl f. i Bergen 22-11-1847 og døpt 26-12 s.å.

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8694&idx_id=8694&uid=ny&idx_side=-8
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321670355.jpg

 

Han konf. i DK 5-10-1862

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8668&idx_id=8668&uid=ny&idx_side=-58
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070307670157.jpg

 

Så finner jeg han ikke som avdød i Bergen eller i FT 1865 og heller ikke som utflyttet fra Domkirken sogn (men de listene er vel mangelfulle).

 

Foreldre og søsken i 1865 heter da Sandal

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038249002691

 

Berte døde i 1917

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000034604

 

Ikke enkel denne, men kanskje noen andre finner ut av det.

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for nytt spennande innlegg!

 

Denne Nils Carl Johnson (Sandal) er so absolutt ein svært interessant «kandidat» for «min» Nels C. Johnson i Amerika.  Han ser ut til å «forsvinna» frå Bergen mellom 1862 og 1865!  MEN, sjølv om Nels døydde lenge før, er han ikkje nemnd i dødsmeldingi til mori frå 1917; borni hans skulle ha vore nemnde...:

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 10 , 1915-1918, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27860/223/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090611330538.jpg

 

Rett nok var det lite eller inkje å dela etter mori, men kanskje me skulle freista finna ei dødsmelding etter faren John?

 

Her er John Sandal i 1875 i Bergen: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052295017141

 

Kanskje er dette enkja i 1891 i Bergen: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052994019697

 

Eg finn dei ikkje i Bergen 1885, og eg finn heller ikkje dødsfallet hans mellom 1875 og 1891!

 

Spennande sak!!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Geir for eit skikkeleg spennande innlegg som, sovidt eg kan tolka det, er ein god støtte til teorien om at Nils Carl Johnson (Sandal) verkeleg er mannen me ser etter i Nebraska!

 

Det er synd ikkje namni er medtekne i dødsmeldingi etter John Nilsson Sandal, men her er i alle fall ei liste over borni hans, som eg har finne:

 

* Nils Carl, fødd KK, Bergen 22.11.1846

 

* Josephine Berntine, fødd KK, Bergen 31.3.1849 - truleg den Josefine Berentine Nilsen som døydde i Bergen 25.1.1870 (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052994042138)

 

* Olufine Rosalia, fødd KK, Bergen 7.2.1851, må vera avlidi kort etter fødsli

 

* Jacobine Amalia, fødd KK, Bergen 18.9.1852 - nemnd 1865 - gifte seg på Laksevåg 12.8.1875 med Karl August Strandwitz, fødd Årstad 1856 - budde framleis i Bergen i 1891, men ho må vera avlidi før 1917

 

* Johanne Henrikke, fødd KK, Bergen 19.9.1854 - nemnd 1865 - gifte seg i DK, Bergen som «Johnsen» 25.5.1874 med Johannes Rasmussen, snikkarsvein, fødd Askøy 18.12.1853 - utvandra 1880 eller kort etter - ho som Johanne Stål heime på vitjing i 1885 - ho i 1917: Johanna Staal, enkje Chicago

 

* Olufine Rosalie, fødd KK, Bergen 4.9.1856 - avlidi før 1865?

 

* Serenne Karine, fødd DK, Bergen 11.6.1858 - nemnd 1865 - gifte seg i KK, Bergen som «Johnsen» 30.5.1880 med Randulf Mikael Mikkelsen, slaktar, fødd i Bergen 1.2.1860 - budde framleis i Bergen i 1891 (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052994042138) - Randulf Mikkelsen utvandra frå Bergen i 1896! - ho i 1917: Kaia Mikkelsen, USA

 

* Anna Caroline, fødd ...... Bergen ...... 1860 - nemnd 1865 og 1875 - utvandra 1881 - 1917: Anna Eriksen, enkje Chicago

 

* Nikoline Bergitte, fødd DK, Bergen 10.2.1863 - nemnd 1865 og 1875 - 1917: Niko Sande, Kronstad

 

* Kristine, fødd DK, Bergen 2.3.1865 - nemnd 1865 - avlidi før 1875?

 

* Johan August, fødd NK, Bergen 7.8.1867 - avlidi før 1875?

 

Skal me freista trekkja ein konklusjon av denne «analysen», må dei tre borni i Amerika 1887 vera Anna, Johanna og, NILS!  Og dei tre i Noreg var Nikoline, Serenne Karine og truleg Jacobine!  I 1917 var Jacobine avlidi, men ingen av dei mange borni hennar er nemnde i dødsmeldingi etter mori, på same måte som borni etter Nils Carl i Amerika heller ikkje er nemnde!

 

So eg trur at du Carsten har finne den rette Nils som mann hennar Bertha Kirstine Nilsdotter Fuglesteg!  Det er so mykje som stemmer!!

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med denne utfordringi!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er enig det er en del som kan tyde på at Carsten har funnet rett mann :)

 

Jeg ser ellers at Niels Carl Johnsen f. 22.11.1847 er oppført i Militær loddtrekningsliste for Bergen 1850-75. Da skal det vel der være opplyst om han er utvandret eller er død (  s 391 rulle 1) ?

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/44/pp00000000031698

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Geir for eit nytt spennande innlegg.

 

Denne militære loddtrekningslista har eg ikkje noki erfaring med å bruka, men eg har lagt inn eit spørsmål i Arkivforum til Statsarkivet i Bergen, so får me sjå kva dei seier...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan være et skikkelig skudd i blinde, men

fant en Nils Charles Johnsen naturalisert i New York i 1875 https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:QVT7-BZKF

 

Her er forresten en annen kandidat, i Iowa i 1870 i rett alder. https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MDK3-8Q1

 

Household
Hackter Johnson   M  50  Norway
Rachel Johnson   F  50  Norway
Nelson Johnson   M  23  Norway
Daniel Johnson   M  21  Norway
Hackter Johnson   M  19  Norway
Cora Johnson   F  18  Norway
Mary Johnson   F  12  Norway

 

Men denne familien er i USA også i 1860 https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MWMP-56N, og denne Nelson er døpt i Finnås 19.10.1845, så da kan vel han strykes https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:VWPZ-4JM

 

 

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for dette siste «utfordrande» innlegget!

 

Sjølv om me ikkje kjenner alderen til denne «longshoremannen» frå New York, er namnet Nils Charles Johnsen tilsynelatande ein god «match» til Nils Carl Johnson frå Bergen!  Eg veit ikkje kva eg skal seia...

 

Når det gjeld huslyden frå Finnås, som i 1870 budde i Winneshiek Co., IA, trur eg derimot ikkje at dei nkan ha noko med «vår» Nils å gjera.  For det første finst det ikkje nokon C i namnet hans, og oppkalling av Haktor har me heller ikkje...

 

Nei, 100% sikre kan me ikkje vera på at det var Nils Carl Johnson frå Bergen som hamna i Nebraska.  Det hadde då vore kjekt om me hadde fleire opplysningar om Nils Charles frå New York...

 

Ein ny stor takk for hjelpi med denne «vanskelege» emigranten!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for eit nytt utfordrande innlegg!

 

Eg er ganske so sikker på at det er «longshoremannen» du her har finne som brudgom, og eg lyt tilstå, eg er svært so usikker no på kven som er identisk med Nils Carl Johnsen frå Bergen!?

 

Eg har sett etter om dette parfolket fekk born, og i Sjømannskyrkja i Brooklyn vart eg «fundig»:

 

* Nelli Ida Wilhelmina, fødd 10.9.1881

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp21001878ny&gardpostnr=65&personpostnr=194&merk=194#ovre

 

Kanskje er det no mogeleg å finna huslyden i til dømes FT1900?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...

I dag er det kome svar frå Statsarkivet i Bergen med omsyn til den militære loddtrekningslista og Nils Carl Johnson (Sandal) frå Bergen.

 

Det syner seg at Nils Carl utvandra til Amerika i 1863, og at han oppheldt seg i Amerika både i 1867 og 1869. 

 

https://forum.arkivverket.no/topic/201272-milit%C3%A6r-loddtrekningsliste-bergen-niels-carl-johnsen/

 

Etter dette trur eg me må kunne konkludera med at dette høgst truleg ER mannen som i Nebraska gøymer seg attom namnet Nelson C. Johnson!

 

Då ønskjer eg å gå eit steg vidare attende til foreldri hans, John Nilsson Sandal og Bertha Serene Olsdotter, og eg ser at dei gifte seg i Krosskyrkja 26.12.1847, same dag som sonen vart døypt:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8344/138

 

Her er faren oppgjeven som John Johnson Møklebust med far husmann Nils Johnson Møklebust i Gloppen, medan mori Bertha Serene Olsdotter er dotter av innerst Ole Nilsson Bredvig på Askøy.

 

Dette ser ut til på verta eit nytt spørsmål til Aase Sæther om Gloppen, men kva med sambandet til Askøy?  Er det mogeleg å finna ut den nøyaktige opphavsstaden til Bertha Serene?  Eg tenkte eg ville sjå etter konfirmasjonen hennar på Askøy, men no finn eg ikkje kyrkjebøkene for Askøy frå den perioden...!  Kvar er no dei gøymde i det nye kyrkjeboksystemet??

 

Redigert: No fann eg endeleg kyrkjebøkene for Askøy.  Eg ser ikkje konfirmasjonen til Bertha Serene Olsdotter, men ho hadde talrike søsken som var fødde so langt fram som til 1845.  I 1841 ser eg at bustaden var Drotningsvik (innerst), medan dei i 1845 budde på Stykket (fabrikkarbeidar).  Ikkje godt å verta samd om ein fast bustad for denne huslyden...  Kvar på Askøy er forresten Stykket??

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for interessante og nyttige innlegg!  Då er Stykket plassert, og eg ser på dette problemnet som løyst!

 

Eg takkar nok ein gong for kjempefin hjelp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.