Gå til innhold
Arkivverket

Paul Olson (1826-1888) - Luster - Vågå - Wisconsin - huslyden hans? - særleg borni Anna og Hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som vart omskriven i band I av Gards- og Ættesoga for Luster (1984), og sjølv om innhaldet kom ut etter måten bra, i alle fall for den gongen utan bruk av internett og databasar(!), er det mange detaljar som manglar, ikkje minst frå Vågå, Lom og eventuelt Oppdal?

 

Eg attgjev ein (oppdatert) versjon av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Paul Olson, f. Fortun i Luster 17.1.1826,

Paul Olson flytte kring 1850 til Vågå der han 12.10.1852 gifte seg første gongen med Gunnhild Hansdotter frå Ulsanden i Våga.  Ho var dotter av snikkar Hans Olson på Ulsanden, opphavleg frå Helleløkken under Helle i Vågå og kona Ingeborg Knutsdotter frå Kaggerud i Heidal og f. i Våga 5.7.1821.  Paul og Ingeborg var først plassfolk i Sandneshagen under Sandnes i Vågå og sidan på Høyberget under Sandnes, visstnok ein nyrydningsplass i Nordheradsalmenningen, der Ingeborg d. som husmannskone 13.4.1870.  Paul gifte seg so att i Vågå 31.10.1871 med Livø Arnesdotter frå Marstein nordre i Lom.  Ho var dotter av husmann Arne Christopherson på Marsteintrædet under Marstein nordre, opphavleg frå Grindstugu under Marstein søndre, og kona Gunnhild Ellefsdotter frå Kolleroen og f. i Lom 4.12.1836.  Paul og Livø vart buande nokre år på Høyberget, men Paul utvandra til Amerika i 1879,

 

##### (sjekka utvandringsåret hans?)

 

og i 1880 utvandra Livø til Amerika med dei to døtrene deira.  Me finn att parfolket som farmarar i Arena township, Iowa Co., Wis. under namni Paul og Leva Olson, og der vart dei buande levetidi ut. 

 

##### (did Paul and Leva always reside in Arena township? – 1900 census shows Leva Paulson, “married” - residing with daughter Julia and son-in-law Nels Hanson in Brigham township!!)

 

Paul d.

 

##### (exact date and place of Paul’s death?)

 

1888, medan Leva Olson d.

 

##### (exact place of Leva’s death? – cemetery shows 1922!)

 

2.1.1921.  Paul fekk i alt seks born, fire frå første ekteskapet og to frå det andre:
a. Anna Paulsdotter, f. i Vågå 8.8.1853, flytte i 1871 til Oppdal i Sør-Trøndelag og

     ##### (lagnaden hennar?? – ogso til Amerika??)

 

b. Hans Paulson, f. i Vågå 22.11.1856, utvandra til Amerika i 1880
 

     ##### (sjekka utvandringsåret?)

 

     ##### (lagnaden hans i Amerika?? – Hans P. Olson??)

 

c. Embjørg Paulsdotter, f. i Vågå 23.3.1859, d. i Vågå 1.4.1859.

d. Olina, kjend som Lena P. Olson, f. i Vågå 11.11.1861, utvandra til Amerika i 1881 og gifte seg i Dodgeville, Wis. 30.6.1883 med enkjemannen Ellef Arneson, ein bror av stemori Livø og opphavleg frå Marstein nordre i Lom, i Amerika kjend som Elif Arneson.  Han var son av husmann Arne Christopherson på Marsteinstrædet under Marstein nordre, opphavleg frå Grindstugu under Marstein søndre, og kona Gunnhild Ellefsdotter frå Kolleroen og f. i Lom 27.1.1842, men utvandra til Amerika i 1867.  Han gifte seg første gongen i Dane Co., Wis. 13.9.1869 med Embjør Johannesdotter frå Kvale i Lom, i Amerika kjend som Emma Johnson.  Ho var dotter av husmann Johannes Nilsson på Stuen søndre under Kvale, opphavleg frå

 

     ##### (opphavet hans? – Byrø?)

 

     og kona Anna Olsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar? – Stuen søndre? – vigde i Lom 11.6.1846)

 

     og f. i Lom 2.4.1847.  Ho utvandra til Amerika i 1869, men d. i Iowa Co., Wis.

 

     ##### (exact date of Emma’s death?)

 

     1882.  Elif var skomakar (”shoemaker”) og farma ei tid i Arena township, Iowa Co., Wis., men han og Lena flytte sidan til ein farm i Brigham township, Iowa Co., Wis. der dei budde levetidi ut.  Elif d. i Iowa Co., Wis. 8.11.1928, medan Olena Arneson d. same staden 6.3.1932.  Dei fekk ti born i lag, men Elef hadde òg seks born frå første ekteskapet sitt.

e. Gunnhild, kjend som Julia P. Olson, f. i Vågå 25.9.1872, utvandra med mor si til Amerika i 1880 og gifte seg i Mt. Horeb, Wis. 29.9.1888 med enkjemannen Nils Hansson, opphavleg frå Byrø i Lom, i Amerika kjend som Nels Hanson.  Han var son av husmann Hans Jacobson på Trondplassen under Byrø, opphavleg frå Lilleodden, og kona Marit Nilsdotter frå Byrø og f. i Lom 21.8.1860.  Han gifte seg første gongen i Lom 13.5.1881 med Thorø Olsdotter frå Bøie i Skjåk.  Ho var dotter av

 

     ##### (Ole Rasmusson frå Haugum og Gunnhild Larsdotter frå Bøie – ugifte foreldre! – kven var dei?)

 

     og f. i Skjåk 21.11.1848.  Nels og Thora Nelson utvandra til Amerika i 1881 og slo seg ned som farmarar i Brigham township, Iowa Co., Wis. der Thora d. alt 8.5.1883.  Nels og Julia vart buande på farmen hans i Brigham township, Iowa Co., Wis. der Nels d. 15.9.1910.  Julia Hanson d.

 

     ##### (exact date and place of Julia’s death? – 1932 resided at Barneveld, WI – lived 1930 widowed with her only son Henry on farm in Brigham township!)

 

     1954.  Nels Hanson fekk ein son, som var frå andre ekteskapet med Julia Olson.

f. Mari, kjend som Mary P. Olson, f. i Vågå 7.1.1876, utvandra likeins til Amerika med mori i 1880 og gifte seg første gongen i Mazomanie, Wis. 15.8.1891 med Eli Henry Rickon, f. i Summit Co., Ohio 28.6.1849.  Eli var målar («painter»), og han og Mary budde i Delton township, Sauk Co., Wis. der Eli d. 29.1.1915. 

 

     ##### (he died at home?)

 

     Mary gifte seg so 12.12.1916 att i

 

     ##### (place of her 2nd marriage?)

 

     med Jefferson George, kjend som Jeff Wilbur, f. i Wyoming Co., Penn. 13.8.1873.  Jeff var telefonstyrar («telephone exchange manager»), og han og Mary budde òg i Delton township, Sauk Co., Wis. der Mary d.

 

     ##### (exact date and place of Mary’s death? – at home at Lake Delton, Sauk Co., WI?)

 

     .12.1945.  Jeff Wilbur d.

 

     ##### (place of Jeff’s death? – Dane Co., WI!)

 

     22.1.1963.  Mary fekk i alt ni born, åtte frå første ekteskapet og eitt frå det andre.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det er særleg lagnadane til dei to eldste borni, Anna og Hans, som utgjer dei store utfordringane her, men ogso opplysningar om svigersønene frå Lom og huslydane deira.

 

Eg vonar å råka på nokon med lokalkunnskap i Øvre Gudbrandsdalen, eventuelt i Oppdal(?), som kan bidra med fleire detaljar og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

???

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=em03011867tillegg&gardpostnr=13417&merk=13417#ovre

 

Emigrantar frå Kristiania 1867-1927 tillegg  

 

År Side Linjenr Ny gruppe Lp.nr. Reg. dato Førenamn Etternamn Sivilstand Fam. stilling Yrke Kjønn Alder Bustad Agent Reisemål Skip Reisedato Betalingsmerknad Nasjonalitet Reiseløyve Utgår

 

  • 13417 1880 467 30 1 2385.1 23.04.1880 Liv Eriks. Arnes. g Kone   k 40 !! F. Bennett Arena Wis. Hero 23.04.1880 Betalt   T. Krefting o 
  • 13418 1880 467 31   2385.2 23.04.1880 Hans Pauls.     Arb. m 23 !! F. Bennett Arena Wis. Hero 23.04.1880 Betalt   Fripas o 
  • 13419 1880 467 32   2385.3 23.04.1880 Gunhild Pauls.   Pige   k 7 !! F. Bennett Arena Wis. Hero 23.04.1880 Betalt   Fripas o 
  • 13420 1880 467 33   2385.4 23.04.1880 Marie Pauls.   Pige   k 3,5 !! F. Bennett Arena Wis. Hero 23.04.1880 Betalt

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ane Vognild og ektemannen Arnt reiste til Amerika i 1882:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000078284

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000078283

 

Gunhild:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000078285

 

Dåpen til Arnt:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000000734617

 

Finner ikke vielsen i Oppdal.

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Ancestry.com

 

Name: Annie Vognild

Arrival Date: 21 Dec 1882

Birth Date: abt 1853

Age: 29

Gender: Female

Ethnicity/ Nationality: Norwegian

Place of Origin: Norway

Port of Departure: Glasgow, Scotland

Destination: United States of America

Port of Arrival: New York, New York

Ship Name: Anchoria

Search Ship Database: Search for the Anchoria in the 'Passenger Ships and Images' database

 

A Olsne Vognild

Arrival Date: 21 Dec 1882

Birth Date: abt 1855

Age: 27

Gender: Male

Ethnicity/ Nationality: Norwegian

Place of Origin: Norway

Port of Departure: Glasgow, Scotland

Destination: United States of America

Port of Arrival: New York, New York

Ship Name: Anchoria

Search Ship Database: Search for the Anchoria in the 'Passenger Ships and Images' database

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Randi Elisabeth for svært spennande innlegg!

 

* Du, Grethe, har stadfest at Hans Paulson (Hans P. Olson?) utvandra med stemori og to av halvsøskeni i 1880, men lagnaden hans i Amerika er framleis ukjend...

 

* Du, Randi Elisabeth, har finne ut at Anna gifte seg med Arnt Olson Vognild frå Oppdal, sjølv om vigsli ikkje synest finnast nokon stad(!).  Dei utvandra seinhaustes 1882 til Arena, Iowa Co., WI der Paul alt budde!

 

No har eg sete ein par timer med kyrkjebøkene for Arena, Iowa Co., WI, og eg har gjort fleire spennande funn:

 

** Paul Olson døydde ved Mill Creek 17.5.1888

 

** Anna Paulsdotter, 37 år, døydde ved Mill Creek 10.1.1890, tydeleg ugift!

 

** Arnt Olson, ungkar, son av Ole Arnesen og Kari Larsdotter, 29 år,  og Berit Knudsdotter, dotter av Knud Knudson og Berit Evensdotter, 28 år, båe fødde i Noreg, gifte seg i Arena 1.10.1887.  Det syner seg dei fekk fem born i lag, og Arnt vert sidan kjend som ANDREW HAUGEN!

 

** Anna Paulsdotter og Jan Reese får ein «uekte» son Paul Alfred, fødd i Arena 13.5.1885.  Han vert oppalen hjå mosteri Oline gift med Elif Arneson og skriv seg Paul Alfred Arneson!

 

** Hans Paulsen er nemnd i 1887 som faddar for eitt av borni til søsteri Oline, men har ikkje sjølv born til dåpen i Arena.  Han er heller ikkje gift der!

 

Konklusjonar:

 

*** Anna Paulsdotter og Arnt Olson Vognild var IKKJE gifte - skal me tolka det som dei var «sambuarar»?

 

*** Hans Paulson, kan henda kjend som Hans P. Olson, er framleis ei «gåte»!

 

Eg er ganske so nøgd med resultatet av denne kyrkjebokgranskingi, men vonar på litt hjelp, særleg når det gjeld leitingi etter Hans!

 

PS: Medan eg arbeidde med dette innlegget, ser eg at Randi Elisabeth er kommi med eit nytt, som eg gjerne vil takka for.  MEN, der er nok ikkje «rett» Live!  «Vår» Live har rett nok òg dødsår 1922 på støtta si, men ho ligg gravlagd i IOWA Co., WI.  Datoen som eg har i manuskriptet mitt, kjem frå eit «family tree», men må sjekkast!  Diverre går ikkje on-line kyrkjeboki langt nok fram i tid...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars.

 

Eg har dette om Lom/Skjåk-sida (div. kjelder, bl.a. Ættebøkene for Skjåk og Bygdabok for Lom m.m.);  

 

Johannes Nilsson på Stuen søndre under Kvale (Kvalestugu) var født 22/4/1823 i Garmo, med foreldre Nils Nilsson Byre (f.1786) og Embjør Engebretsdotter.

Nils Nilsson Byre sine foreldre var Nils Nilsson Byre og Mari Syversdotter. 

Embjør Engebretsdotter sine foreldre finn eg ikkje i Lom, men kan vera frå Sande i Vågå.

 

Anna Olsdotter var født 18/11/1821 i Lom, med foreldre Ole Olsson Blakarstugun (1799-1864) og Anne Tjøstolvsdotter f.nordigard Andvord (1798-1873).

Ole Olsson Blakarstugun sine foreldre var Ola Olsson Blakarstugun (Haugom) (1768-1829) og Anne Olsdotter f.Nyrnesodden (1761-1844).

Anne Tjøstolvsdotter sine foreldre var Tjøstolv Sylfestsson Andvord (1751-1803) og Anne Olsdotter f.Soglo i Skjåk (1757).

 

Thorø Olsdotter frå Bøje i Skjåk; Ho var dotter av Ola Rasmusson Haugen (Grimstad) (1819-1903) og Gunhild Larsdotter f.Hjeltartrædet (1823-1864). 

Dei gifta seg etter Thorø var født og fekk 5 barn til (m.a. broren Rasmus; http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Rasmus_Haugen )

Ola Rasmusson Haugen sine foreldre var Rasmus Olsson Grimstad (Haugom) (1784-) og Anne Gregoriusdotter f.Bakken i Lom (1792-). 

Gunhild Larsdotter sine foreldre var Lars Syversson Hjeltartrædet (1775-) og Torø Syversdotter.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

og i 1880 utvandra Livø til Amerika med dei to døtrene deira. Me finn att parfolket som farmarar i Arena township, Iowa Co., Wis. under namni Paul og Leva Olson, og der vart dei buande levetidi ut.

 

------------------------------------------------------------------------------------------

 

Her er vel Live i 1895 og 1905, bor hos svigersønn Niels og datter Julia.

 

Lern Olson

[Leva Olson]

Census Date: 1 Jun 1905

Residence County: Iowa

Residence State: Wisconsin

Locality: Brigham

Birth Location: Norway

Marital Status: Widowed

Gender: Female

Estimated Birth Year: abt 1838

Race: White

Relation: Mother-in-law

Line: 20

Roll: CSUSAWI1905_12

Neighbors: View others on page

Household Members:

Name Age

Nels Hanson 44

Julia Hauson 32

Hannah Hauson 23

Henry Hauson 16

Lern Olson 67

Andrew Johnson 44

 

Live må da ha flyttet etter hun ble enke, til datter og svigersønn, i Brigham. Hun bor sammen med barnebarnet Henry og enken Julia Hanson i 1920:

 

Name: Livo Olson

[Lawr Olson]

Age: 82

Birth Year: abt 1838

Birthplace: Norway

Home in 1920: Brigham, Iowa, Wisconsin

Race: White

Gender: Female

Immigration Year: 1881

[1981]

Relation to Head of House: Grandmother

[Grandmother, Grandma (Grandmother)]

Marital Status: Widowed

[Widow]

Father's Birthplace: Norway

Mother's Birthplace: Norway

Native Tongue: Norwegian

Able to Speak English: Yes

Naturalization Status: Naturalized

Neighbors: View others on page

Household Members:

Name Age

Henry Hansen 31

Julia Hansen 47

Livo Olson 82

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Julia Hansen, ft 1920:

Julia Hansen

Age: 47

Birth Year: abt 1873

Birthplace: Norway

Home in 1920: Brigham, Iowa, Wisconsin

Race: White

Gender: Female

Immigration Year: 1881

[1981]

Relation to Head of House: Mother

Marital Status: Widowed

[Widow]

Father's Birthplace: Norway

Mother's Birthplace: Norway

Native Tongue: Norwegian

Able to Speak English: Yes

Naturalization Status: Naturalized

Neighbors: View others on page

Household Members:

Name Age

Henry Hansen 31

Julia Hansen 47

Livo Olson 82

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Henry Hanson, sønn av Niels Hanson og Julia Olson, f. nov. 1888 i Brigham, Iowa, Wisconsin.

 

Fra Ancestry:

Henry Hanson

Birth Date: 9 Nov 1888

Birth Place: Brigham, Iowa, Wisconsin

Gender: Male

Race: White

Father's name: Nels Hanson

Father's Birth Place: Norway

Mother's name: Julia Olson

Mother's Birth Place: Norway

FHL Film Number: 1302877

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Henry Hanson, f. 1888

 

Som pårørende er oppført mrs. Julia Hanson. Hvis det er moren, lever hun i 1942.post-1665-0-00084400-1456591011_thumb.png

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kåre og Randi Elisabeth for mange spennande og interessante innlegg om denne huslyden.  Det har teke meg litt tid, men no har eg sett opp eit nytt manuskript der eg mellom anna har teke høgd for sambuarskapen til Anna og Arnt i Oppdal!  Eg har samstundes freista å sjekka ut ein del av dei andre opplysningane...:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Paul Olson, f. i Luster 17.1.1826,

Paul Olson flytte kring 1850 til Vågå der han 12.10.1852 gifte seg første gongen med Gunnhild Hansdotter frå Ulsanden i Våga.  Ho var dotter av snikkar Hans Olson på Ulsanden, opphavleg frå Helleløkken under Helle i Vågå og kona Ingeborg Knutsdotter frå Kaggerud i Heidal og f. i Våga 5.7.1821.  Paul og Ingeborg var først plassfolk i Sandneshagen under Sandnes i Vågå og sidan på Høyberget under Sandnes, visstnok ein nyrydningsplass i Nordheradsalmenningen, der Ingeborg d. som husmannskone 13.4.1870.  Paul gifte seg so att i Vågå 31.10.1871 med Livø Arnesdotter frå Marstein nordre i Lom.  Ho var dotter av husmann Arne Christopherson på Marsteintrædet under Marstein nordre, opphavleg frå Grindstugu under Marstein søndre, og kona Gunnhild Ellefsdotter frå Kolleroen og f. i Lom 4.12.1836.  Paul og Livø vart buande nokre år på Høyberget, men Paul utvandra til Amerika i 1879,

 

##### (sjekka utvandringsåret hans?)

 

og i 1880 utvandra Livø til Amerika med dei to døtrene deira.  Me finn att parfolket som farmarar i Arena township, Iowa Co., Wis. under namni Paul og Leva Olson, og der vart dei buande levetidi ut. 

 

##### (did Paul and Leva always reside in Arena township? – 1900 census shows Leva Paulson, “married” - residing with daughter Julia and son-in-law Nels Hanson in Brigham township!!)

 

Paul d. i Iowa Co., Wis. 17.5.1888, medan Leva Olson d.

 

##### (exact place of Leva’s death? – cemetery shows 1922!)

 

2.1.1921.  Paul fekk i alt seks born, fire frå første ekteskapet og to frå det andre:

a. Anna Paulsdotter, f. i Vågå 8.8.1853, flytte i 1871 til Oppdal i Sør-Trøndelag og var nok frå kring 1876 som sambuar å rekna med Arnt Olson frå Vognild i Oppdal.  Han var son av gardbrukar Ole Arntson på Vognild, opphavleg frå Dørrem, og kona Karen Larsdotter frå Vognild og f. i Oppdal 30.1.1857.  Arnt var skomakar, og i 1882 utvandra han og Anna til Amerika med reisemål Arena township, Iowa Co., Wis.  Dei flytte frå kvarandre kort etter dei kom fram, og Anna, kjend som Anna Olson, flytte inn hjå foreldri sine i Arena township, Iowa Co., Wis. der ho d. 10.1.1890.  Arnt, kjend som Andrew Olson eller Andrew Haugen, gifte seg i Iowa Co., Wis. 1.10.1887 med Berit Knutsdotter frå Sørum i Nord-Aurdal, i Amerika kjend som Betsty Knutson.  Ho var dotter av husmann Knut Knutson på ein plass

 

     ##### (kva for ein plass?)

 

     under Sørum, opphavleg frå Onstad,

 

     ##### (sjekka dette?)

 

     og kona Berit Jøgersdotter frå Diserud

 

     ##### (sjekka dette?)

 

     og f. i Nord-Aurdal 24.9.1859, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1861.  Andrew og Betsy slo seg ned som farmarar i Arena township, Iowa Co., Wis., men flytte på 1920-talet til Barneveld, Iowa Co., Wis. der Andrew heldt fram som skomakar («shoemaker»).  Andrew d.

 

     ##### (place of his death? – Barneveld, WI? – Arnt or Andrew Olson or Haugen?

 

     1.2.1938, medan Betsy Haugen d.

 

     ##### (place of her death? – Barneveld, IA?)

 

     6.1.1946.  Andrew Haugen fekk i alt seks born; av dei var ei dotter frå sambuarskapen med Anna, men Anna fekk òg ein son etter ho vart åleine.  Denne sonen varrt oppalen hjå mosteri Lena.

b. Hans Paulson, f. i Vågå 22.11.1856, utvandra med stemori til Amerika i 1880

 

     ##### (n. fadder i Arena 1887/1889! – lagnaden hans i Amerika?? – Hans P. Olson??)

 

c. Embjørg Paulsdotter, f. i Vågå 23.3.1859, d. i Vågå 1.4.1859.

d. Olina, kjend som Lena P. Olson, f. i Vågå 11.11.1861, utvandra til Amerika i 1881 og gifte seg i Iowa Co., Wis. 30.6.1883 med enkjemannen Ellef Arneson, ein bror av stemori Livø og opphavleg frå Marstein nordre i Lom, i Amerika kjend som Elif Arneson.  Han var son av husmann Arne Christopherson på Marsteinstrædet under Marstein nordre, opphavleg frå Grindstugu under Marstein søndre, og kona Gunnhild Ellefsdotter frå Kolleroen og f. i Lom 27.1.1842, men utvandra til Amerika i 1867.  Han gifte seg første gongen i Dane Co., Wis. 13.9.1869 med Embjør Johannesdotter frå Kvale i Lom, i Amerika kjend som Emma Johnson.  Ho var dotter av husmann Johannes Nilsson på Stuen søndre under Kvale, opphavleg frå Byre,

 

     ##### (var han oppvaksen på Byre? – kvar budde foreldri Nils Nilsson og Embjør Engebretsdotter?)

 

     og kona Anna Olsdotter frå

 

     ##### (var ho oppvaksi på Stuen søndre? – kvar budde foreldri Ole Olson og Anna Olsdotter?)

 

     og f. i Lom 2.4.1847.  Ho utvandra til Amerika i 1869, men d. i Iowa Co., Wis. 5.6.1882.  Elif var skomakar (”shoemaker”) og farma ei tid i Arena township, Iowa Co., Wis., men han og Lena flytte kring 1890 til ein farm i Brigham township, Iowa Co., Wis. der dei sidan budde levetidi ut.  Elif d. i Iowa Co., Wis. 8.11.1928, medan Lena Arneson d. same staden 6.3.1932.  Elif fekk i alt sytten born; av dei var elleve frå andre ekteskapet med Lena, og dessutan tok dei til seg og fostra opp sonen etter søsteri Anna.

e. Gunnhild, kjend som Julia P. Olson, f. i Vågå 25.9.1872, utvandra med mor si til Amerika i 1880 og gifte seg i Mt. Horeb, Wis. 29.9.1888 med enkjemannen Nils Hansson, opphavleg frå Byre i Lom, i Amerika kjend som Nels Hanson.  Han var son av husmann Hans Jacobson på Trondplassen under Byre, opphavleg frå Lilleodden, og kona Marit Nilsdotter frå Byre og f. i Lom 21.8.1860.  Han gifte seg første gongen i Lom 13.5.1881 med Thorø Olsdotter frå Grimstad i Skjåk.  Ho var dotter av husmann Ole Rasmusson på Haugom under Grimstad og første kona Gunnhild Larsdotter frå Hjeltertrædet under Hjelter og f. i Skjåk 21.11.1848.  Nels og Thora Nelson utvandra til Amerika i 1881 og slo seg ned som farmarar i Brigham township, Iowa Co., Wis. der Thora d. alt 8.5.1883.  Nels og Julia vart buande på farmen hans i Brigham township, Iowa Co., Wis. der Nels d. 15.9.1910.  Julia Hanson d.

 

     ##### (place of Julia’s death? – Barneveld, WI?)

 

     3.11.1954.  Nels Hanson fekk ein son, som var frå andre ekteskapet med Julia Olson.

f. Mari, kjend som Mary P. Olson, f. i Vågå 7.1.1876, utvandra likeins til Amerika med mori i 1880 og gifte seg første gongen i Mazomanie, Wis. 15.8.1891 med Eli Henry Rickon, f. i Summit Co., Ohio 28.6.1849.  Eli var målar («painter»), og han og Mary budde i Delton township, Sauk Co., Wis. der Eli d. 29.1.1915. 

 

     ##### (he died at home?)

 

     Mary gifte seg so 12.12.1916 att i

 

     ##### (place of her 2nd marriage?)

 

     med Jefferson George, kjend som Jeff Wilbur, f. i Wyoming Co., Penn. 13.8.1873.  Jeff var telefonstyrar («telephone exchange manager»), og han og Mary budde òg i Delton township, Sauk Co., Wis. der Mary d.

 

     ##### (place of Mary’s death? – at home at Lake Delton, Sauk Co., WI?)

 

     23.1.1945.  Jeff Wilbur d.

 

     ##### (place of Jeff’s death? – Dane Co., WI!)

 

     22.1.1963.  Mary fekk i alt ni born, åtte frå første ekteskapet og eitt frå det andre.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Mange av dei attståande detaljane lyt eg truleg henta frå Wisconsin, men kanskje Kåre eller andre med kunnskap om Lom og Skjåk kan hjelpa meg med dei manglande bustadreferansane derifrå?

 

Detaljane frå Aurdal i Valdres har eg lagt ut spørsmål om i eit eige emne!

 

Eg takkar på nytt so mykje for all den flotte hjelpi eg har fått når det gjeld denne huslyden og vonar sjølvsagt på litt meir...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars.

Les det eg skreiv den 27/2 ein gong til - trur eg har inkludert alt som har med Lom og Skjåk å gjera der....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kåre for nytt utfordrande innlegg!

 

Innlegget ditt frå 27.2. var eitt av dei eg har studert, men eg vart ikkje heilt «klok» på desse punkti...

 

Det gjeld avsnittet mitt om Oline «Lena» og hjuslyden hennar;

 

~~~~~~~~~~~~~

 

d. Olina, kjend som Lena P. Olson, f. i Vågå 11.11.1861, utvandra til Amerika i 1881 og gifte seg i Iowa Co., Wis. 30.6.1883 med enkjemannen Ellef Arneson, ein bror av stemori Livø og opphavleg frå Marstein nordre i Lom, i Amerika kjend som Elif Arneson.  Han var son av husmann Arne Christopherson på Marsteinstrædet under Marstein nordre, opphavleg frå Grindstugu under Marstein søndre, og kona Gunnhild Ellefsdotter frå Kolleroen og f. i Lom 27.1.1842, men utvandra til Amerika i 1867.  Han gifte seg første gongen i Dane Co., Wis. 13.9.1869 med Embjør Johannesdotter frå Kvale i Lom, i Amerika kjend som Emma Johnson.  Ho var dotter av husmann Johannes Nilsson på Stuen søndre under Kvale, opphavleg frå Byre,

 

     ##### (var han oppvaksen på Byre? – kvar budde foreldri Nils Nilsson og Embjør Engebretsdotter?)

 

     og kona Anna Olsdotter frå

 

     ##### (var ho oppvaksi på Stuen søndre? – kvar budde foreldri Ole Olson og Anna Olsdotter Tjøstolvsdotter?)

 

     og f. i Lom 2.4.1847.  Ho utvandra til Amerika i 1869, men d. i Iowa Co., Wis. 5.6.1882.  Elif var skomakar (”shoemaker”) og farma ei tid i Arena township, Iowa Co., Wis., men han og Lena flytte kring 1890 til ein farm i Brigham township, Iowa Co., Wis. der dei sidan budde levetidi ut.  Elif d. i Iowa Co., Wis. 8.11.1928, medan Lena Arneson d. same staden 6.3.1932.  Elif fekk i alt sytten born; av dei var elleve frå andre ekteskapet med Lena, og dessutan tok dei til seg og fostra opp sonen etter søsteri Anna.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Når det gjeld Johannes Nilsson, so er det bustaden til foreldri hans eg er på leiting etter.  Du skriv 27.2. følgjande:

 

«Johannes Nilsson på Stuen søndre under Kvale (Kvalestugu) var født 22/4/1823 i Garmo, med foreldre Nils Nilsson Byre (f.1786) og Embjør Engebretsdotter.

Nils Nilsson Byre sine foreldre var Nils Nilsson Byre og Mari Syversdotter.»

 

Dette tolkar eg som at faren Nils Nilsson var fødd på Byre, men det står ikkje konkret at han og kona Embjørg budde på Byre som gardbrukarar eller plassfolk!?  Mange bygdebokskrivarar nyttar fødestaden til brukarane dei nemner, ogso om dei flytte og verkeleg budde på ein annan gard.  Dette vil gå klart fram av teksten i boki...

 

Når det so gjeld Anna Olsdotter, so skriv du følgjande:

 

«Anna Olsdotter var født 18/11/1821 i Lom, med foreldre Ole Olsson Blakarstugun (1799-1864) og Anne Tjøstolvsdotter f.nordigard Andvord (1798-1873).

Ole Olsson Blakarstugun sine foreldre var Ola Olsson Blakarstugun (Haugom) (1768-1829) og Anne Olsdotter f.Nyrnesodden (1761-1844).

Anne Tjøstolvsdotter sine foreldre var Tjøstolv Sylfestsson Andvord (1751-1803) og Anne Olsdotter f.Soglo i Skjåk (1757).»

 

Dette vil eg i første omgong tolka som at Ole Olson og Anna Tjøstolvsdotter budde i Blakarstugun under Blakar, men når eg ser at dotteri Anna er kalla Stuen søndre då ho gifte seg med Johannes Nilsson, er ein freista til å tru at ho var oppvaksi på Stuen søndre under Kvale, og at ho med mannen Johannes tok over styringi av den plassen?  So kva er rett?

 

Eg takkar igjen so mykje for hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ok, skjønar. 

Johannes var fødd på Byre, og budde og der når han vart konfirmert (nr.8); http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8914&idx_id=8914&uid=ny&idx_side=-229

Faren Nils det same; http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/kf/person/pk00000000390216

Eg har dessverre ikkje bygdaboka for Lom så veit ikkje meire om det (og kjem heller ikkje inn på nasjonalbiliblioteket frå utlandet) - men det er kanskje andre som ser dette som kan hjelpe.

 

Finn ikkje nokor Embjørg Engebretsdotter i Lom ved FT1801, men finn 2 i Vågå. Bygdaboka kan sikkert gje svar der og. 

 

Anne Olsdotter budde på Blakarstugun da ho vart konfirmert (nr 69); http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8914&idx_id=8914&uid=ny&idx_side=-220

Meiner at dette er konfirmasjonen til faren hennar, Ole Olson - med bustad "ovenfor Blager"; http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/kf/person/pk00000000391034

Da Ole Olson og Anne Tjøstelsdotter gifta seg 30/5/1820 så var han "ungkar hmd" (husmand) og hadde han bustad "under Blager" og ho "Pige Gaardmandsdr" med bustad Andvord; http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000001966144

 

Om nokon som les dette har bygdabøkene for Lom så kan dei heilt sikkert avkrefte/bekrefte og eventuelt gje meire info om desse. 

 

Helsing Kåre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kåre for avklarande svar!

 

Det er sjølvsagt mogeleg at Ole Olson og Anna Tjøstolvsdotter kan vera flytte frå Blakarstuen til Stuen søndre under Kvale etter at dotteri vart konfirmert, men dette spørsmålet trur eg me kan lata liggja...

 

Den store uløyste «utfordringi» i denne huslyden er no å finna lagnaden til sonen Hans i Amerika. Elles er spørsmåli kring kona til Arnt Olson Vognild og opphavet hennar frå Nord-Aurdal tekne opp i eit eige tema.

 

Eg takkar på ny for den kjempefine hjelpi eg har fått når det gjeld denne huslyden!

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.