Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Christen (1819) og Nils (1822) Sølfestssøner frå Bergebøen i Luster - flytte til Bergen på 1840-talet, men vert borte - kvar hamna dei? - til Åfjord?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Sølfest Christenson (1781-1846) og kona Agatha Nilsdotter (1793-1872) var husmannsfolk på plassen Bøen under garden Berge i Luster.  Dei fekk sju born i lag; ei dotter døydde som barn, og alle dei fire yngste utvandra til Amerika mellom 1857 og 1866.  Siste året reiste òg mori med den siste attverande sonen til Amerika.

 

MEN, dei to eldste sønene i denne huslyden flytte heimefrå lenge før dei andre var vaksne:

 

* Christen Sølfestson, fødd i Luster 13.8.1819, fekk i 1847 attest for å flytta til Bergen.

 

* Nils Sølfestson, fødd i Luster 3.4.1822, skal kring 1844 vera flytt til Bergen.

 

Eg har ei utsegn som seier at dei båe skal ha vore ilive i 1857, men ingen adresse er oppgjevi!

 

Eg er sjølv i familie med desse brørne gjennom mori Agatha, og eg har vore på leiting etter lagnadane deira i minst 43 år, men utan å finna ut noko som helst.  Eg har undersøkt områdi i Amerika der dei yngre søskeni budde, særleg i Buffalo Co., WI, men heller ikkje der er dei å sjå nokon stad!

 

Dei er ikkje i Noreg i 1865.  Eg ser ikkje noko til dei i Bergen, men det er sjølvsagt mogeleg at dei KAN vera reist til sjøs...?

 

Når eg i kveld søker hjå FamilySearch, vert eg merksam på ei vigsle i Åfjord i Sør-Trøndelag, som eg gjerne vil henta fram:

 

16.11.1851 vigde:

Christen Sølfestson (Tiltrum), 28 år, far Sølfest Christenson Dahlen

Olava Margrethe Hansdotter (Tiltrum), 32 år, far Hans Morten Hansson Tiltrum

 

Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Åfjord, Ministerialbok nr. 655A06 (1847-1860), Ekteviede 1851, side 142.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2385&idx_id=2385&uid=ny&idx_side=-143
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050607020851.jpg

 

Alderen stemmer ikkje heilt, men Dahlen er eit namn me finn i Luster like i nærleiken av Bergebøen, og eg kan ikkje sjå noko meir til nokon Christen Sølfestson i Åfjord!!  Han er ikkje konfirmert der, han er ikkje mellom dei innflytte og heller ikkje utflytt!

 

** Kven var Christen Sølfestson i Åfjord???

 

Eg takkiar so mykje på førehand for alle gode tips om desse brørne og særleg om Christen Sølfestson i Åfjord!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Nummer 26

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Skjåk i Lom, Klokkerbok nr. 3 (1815-1844), Fødte og døpte 1823-1824, side 167-168.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11783&idx_id=11783&uid=ny&idx_side=-88
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070130620114.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven og Lars J. for kjappe og avklarande innlegg!

 

So var det altso IKKJE mannen i Åfjord likevel...; so kan me gravleggja han...

 

Og me lyt altso leita meir etter Christen Sølfestson Berge i Bergen, eller kanskje fór han derifrå etter siste gongs soning i 1857?  Den som visste...

 

Eg takkar igjen for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram at dette emnet frå februar ifjor som framleis står utan løysing, etter at «kandidaten» i Åfjord synte seg vera feil person...

 

Siste kjende spor etter dei to sakna brørne frå Luster er:

 

* Christen Sølfestson (Berge-bøen), fødd i Luster 13.8.1819, fekk i 1847 attest for å flytta til Bergen og sat i 1857 som steinarbeidar i Bergen krinsfengsel, men den seinare lagnaden hans er ukjend.

 

* Nils Sølfestson (Berge-bøen), fødd i Luster 3.4.1822, skal kring 1844 vera flytt til Bergen og var i live i 1857, men lagnaden hans er likeins ukjend.

 

Skal det vera heilt umogeleg å finna ut kvar det vart av desse gutane?  Kan dei finnast i passprotokollar eller i heimstavnsregister?  Utvandra dei til Amerika?

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet frå gløymsli.

 

Desse brørne var tremenningar til oldefar min, og det hadde vore so kjekt om me kunne greidd å finna litt fleire spor etter dei?  Dei kan jo ikkje ha forsvinne heilt frå jordas overflate?

 

Siste status kjem fram av innlegg #6 over, og eg takkar endå ein gong for alle gode tips om lagnadane deira!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe
På 26.2.2016 den 22.56, Lars E. Øyane skrev:

* Christen Sølfestson, fødd i Luster 13.8.1819, fekk i 1847 attest for å flytta til Bergen.

 

Ett skudd sannsynligvis langt utenfor blinken, men kan denne Christen ha brukt faren sitt etternavn etter soning i Bergen ?

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038267002615

 

Ser nå at dette er feil mann. (Christen Christensen Aasen)

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052994050707

Endret av Ivar Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Richard Johan Natvig

Dessverre, her er vigsla mellom Christen Christensen og Anne Ellingsdtr, faren til Christen er namngjeven som Christen Christensen. 

 

Nederst på sida

SAB, Førde Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 7, 1843-1860, s. 426
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070613620577
 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Richard Johan Natvig

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar og Richard for nye innlegg om denne kjempeutfordringi!

 

Når det gjeld huslyden til Christen Christenson frå Åsen, so har denne vore drøfta i Brukarforum før:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/199029-chkristen-chkristensen-aasen-1819-1902-frå-hafslo-via-førde-til-laksevåg-og-bergen-kvar-vart-det-av-borni-kristoffer-og-henrikka/?tab=comments#comment-1683002

 

Framleis sit me her att med ei «kinkig» utfordring, og eg vil henta dette emnet fram att frå «gløymsli»...

 

Elles set eg stor pris på pågangsmotet som du Richard syner når det gjeld å leita etter denne huslyden i Amerika.

 

Når det gjeld den første, Nils Christenson, son av Christen Sølveson, kan eg ikkje sjå nokon samanhang med «våre» folk.  Namni og tidspunktet høver dårleg...

 

Når det so gjeld dei to siste, er me komne fram til Buffalo Co., WI, og den Gjert Christenson som vart gravlagd 3.10.1880, var fødd i Luster 24.10.1840.  Han farma i Buffalo Co., WI.  Faren heite Christen Larsson, so der er Christen Sølfestson ei feilskrift som eg «arresterte» presten for for minst 35 år sidan...!

 

Fødsli til Johannes i 1881 var «uekte», og barnefaren der var Christen Sølfestson, ein BRORSON av den Christen Sølfestson som me etterlyser i nærverande tema!  Christen og Nils Sølfestssøner hadde fleire søsken i Buffalo Co., WI, mellom anna broren Sølfest Sølfestson, og kjend som Sylvester Sylvesterson (1827-1902).  Han var gift og fekk i alt ti born i to ekteskap.  Sonen Christen som han fekk (1858-1899) er den same som den Christ Sylvester som gifte seg med Anna Morvig frå dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/224586-anna-olsdotter-gjedeskar-under-almås-i-åsane-fødd-1862-i-amerika-kjend-som-anna-morvig-kven-var-denne-jenta-foreldre-og-lagnad/

 

Ikkje so lett å halda tunga «beint» når me har med so mange liknande namn å gjera, men når det gjeld den lusterske befolkningi i Buffalo Co., WI, kjenner eg denne ganske so godt, og om dei to andre brørne, Nils og Christen, hadde dukka opp der, er eg temmelig sikker på at eg hadde visst om dei....

 

Men ein finn ikkje noko utan å leita, og eg vil gjerne takka på ny for framifrå bistand i freistnadane på å spora opp dei to sakna brørne frå Luster!  Ein eller annan stad MÅ dei jo ha gjort av seg...!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Richard Johan Natvig

 

På 27.5.2017 den 0.00, Lars E. Øyane skrev:

* Nils Sølfestson (Berge-bøen), fødd i Luster 3.4.1822, skal kring 1844 vera flytt til Bergen og var i live i 1857, men lagnaden hans er likeins ukjend.

 

Kva er kjelda for at han var i live i 1857?

 

Har du utelukka denne karen frå 1875-tellinga? (1515P Herøy prestegjeld)

Person: 004 Nils Sylfestsen

Familiestilling: Logerende

Sivilstand: Ug

Yrke: Stenarb., Minerer, Murer

Fødselsdato: 1825

Fødested: Lyster

https://www.digitalarkivet.no/pf01052329001898

 

Endret av Richard Johan Natvig

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Richard for eit kjempespennande innlegg!

 

Kjelda for at brørne var i live i 1857, er eg i farten ikkje i stand til å syna fram, men det MÅ vera frå eitt eller anna skifte eller ei dødsmelding i Luster.
 

Uansett, denne Nils Sølfestson som i 1875 var steinarbeidar i Herøy på Sunnmøre, berre MÅ vera den eine av dei to brørne me er på leiting etter!  Alderen er ikkje heilt nøyaktig, men desse karane var vel ikkje so nøye på det...  Pussig er det jo òg at dei båe då syner seg ha vore steinarbeidarar...  Truleg har dei vore anleggsarbeidarar og sysselsette på ulike vegarbeid...

 

Det vert nok ikkje so heilt enkelt å finna ut kvar dei gjrdfe av seg til sist, men etter dette siste funnet har eg tru på at dei båe vart buande i Noreg, og ein eller annan stad vil dei nok dukka opp...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å oppspora dei to bortkomne brørne frå Luster!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no lagt ut eit eige tema for «vetlebroren» til Christen og Nils Sølfestssøner, Sølfest Sølfestson alias Sylvester Sylvesterson (1827-1902) som utvandra med huslyden sin til Amerika i 1866.  Sølfest hadde søner med namn både Christen og Nils, men dei hadde nok aldri kontakt med farbrørne sine i Noreg...

 

https://forum.arkivverket.no/topic/224656-sølfest-sølfestson-alias-sylvester-sylvesterson-frå-berge-i-luster-1827-1902-gift-tre-gongar-og-utvandra-i-1866-til-buffalo-co-wi-fleire-utfordrande-greiner-ma-til-overhalla-og-ringsaker/

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til oppklarng av lagnadane til Christen og Nils Sølfestssøner i Noreg!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.