Gå til innhold
Arkivverket

Hans Erikson frå Søvde i Luster (1798-1884) - til Slålien i Lom - borni i Lom/Christiania/Buksnes og Amerika - fleire opplysningar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Då dette manuskriptet opphavleg vart forfatta i 1984, var det dårleg med on-line tilbod, og det var vanskeleg å få tak i naudsynte opplysningar, særleg om utflyttarar.

 

Kanskje er det no enklare å fylla i alle fall nokre av dei «hòli» som framleis finst, frå Christiania, frå Buksnes og frå Amerika?

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Erikson, døypt 1.7.1798, gifte seg 17.6.1827 med Kirsti Pedersdotter frå Skagen, døypt 5.12.1804.  Hans og Kirsti budde først nokre år på Fortun.

Men kring 1830 flytte Hans og Kirsti til Lom; me finn dei att som gardbrukarar i Slålien øvre, Slålien i Bøverdalen der dei skulle komma til å bu resten av levetidi.  Kirsti d. som kårkone i Slålien 27.11.1876, medan Hans d. som enkjemann same staden 7.7.1884.  Dei fekk fire born i lag:

a. Erik Hansson, f. i Luster 4.8.1829, flytte med foreldri til Lom kring 1830 og d. som kårmann i Slålien 23.6.19­15.  Han gifte seg i Lom 2.4.1860 med Anna Syversdotter frå Sønstenes i Lom, f. i Lom 6.5.1837.  Ho d. som kårenkje i Slålien 6.10.1924.  Erik og Anna tok over som gardbrukarar etter foreldri hans i Slålien øvre, Slålien i Bøverdalen, Lom og fekk sju born i lag.

b. Britha Hansdotter, f. i Lom 8.11.1833, d. som enkje i Christiania (Oslo) 26.10.1890.  Britha flytte i ung alder til Christiania der ho 22.11.1862 gifte seg med Ole Christian Christensen, f. på Grøndalshaugen i Ullensaker 4.9.1830.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1890! – adresse 1875: Snedkergangen 2b – 1890: Smalgata 7 på Grønland!)

 

     Ole Christian Christensen var smed, og han og Britha budde i Christiania levetidi ut.

 

     ##### (talet på søner og døtrer fødde av Britha og Ole Christian? – inkl.:

            * Herman Christian, f. i Christiania 15.8.1864

            NB: 1875 nemner ingen born i det heile!)

 

c. Peder Hansson, f. i Lom 19.6.1836, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Peder flytte i ung alder til Buksnes i Nordland der han 28.12.1868 gifte seg med Lovise Marie Andreasdotter frå Leknes i Buksnes, f. i Buksnes 9.3.1849.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     ##### (yrke og bustad? – 1875 & 1900: husmann og fiskar på Mølle®haugen i Buksnes!)

 

     ##### (talet på søner og døtrer fødde av Peder og Lovise Marie? – inkl.:

            * Karoline Pedersdotter, f. i Hol sokn, Buksnes 1868 – n. 1875

            * Arnt Pederson, f. i Hol sokn, Buksnes 1872 – n. 1875

            * Petrine Pedersdotter, f. i Hol sokn, Buksnes 1874 – n. 1875/1900

            * Hans Pederson, f. i Buksnes 1876 – n. 1900 matros

            * Amandus Pederson, f. i Buksnes 1878 – n. 1900 fiskar

            * Olaf Pederson, f. i Buksnes 1881 – n. 1900 fiskar

            * Ludvig Pederson, f. i Buksnes 1883 – n. 1900 fiskar

            * Karl Pederson, f. i Buksnes 1885 – n. 1900

            * Peder Pederson, f. i Buksnes 1887 – n. 1900

            * Edvin Pederson, f. i Buksnes 1890 – n. 1900)

 

d. Sølfest Hansson, f. i Lom 4.11.1841, utvandra til Amerika i 1862 og

 

     ##### (opplysningar om lagnaden hans i Amerika??)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette har du vel fra før, men her er dødsfallet til Brita i 1890 - adressen var Smalgangen 7, ikke Smalgata. Hun etterlot seg ingen barn, men en myndig bror i Lom i Gudbrandsdalen og en myndig bror i Amerika. 

 

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo skifterett, Dødsfallsprotokoll A 15 , 1890-1892, oppb: Statsarkivet i Oslo.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27262/12/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090513370012.jpg

 

Ektemannen Ole levde i alle fall i 1885 og da bodde de også i Smalgangen 7:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01053257078737

 

Ole Christian Christensen døde 17.08.1889

Oslo fylke, Grønland, Ministerialbok nr. 8 (1881-1893), Døde og begravede 1889, side 358. 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6232&idx_id=6232&idx_listetype=bg&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-154
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060929020356.jpg

 

Nr. 2039

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo skifterett, Dødsfallsprotokoll A 14 , 1888-1890, oppb: Statsarkivet i Oslo.

http://arkivverket.no/URN:sk_read/25429/205/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081222320206.jpg

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Brita og Ole Christian var kommet til Smalgangen 7 i 1883:

Oslo fylke, Folkeregisteret (Oslo), Spesialarkiv for virksomheten, Folketelling 1883, stykke 1-14 (OBA/A-20057/F/Fg), 1883-1883, oppb: Oslo Byarkiv.

http://arkivverket.no/URN:db_read/ft/65543/4043/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-of20130927004043.jpg

 

Jeg vil tro at sønnen Herman døde som barn og kan muligens være å finne i dødsfallslistene for Trefoldighet menighet en gang mellom 1865 og 1875. Jeg mener å ha sett at adressen Snedkergangen i 1875 tilhørte Trefoldighet menighet. Og du snakker om sola...! Se nr. 145:

 

Oslo fylke, Trefoldighet, Ministerialbok nr. IV 1 (1858-1877), Døde og begravede 1870, side 203. 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5438&idx_id=5438&idx_listetype=bg&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-204
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060901020424.jpg

 

Nr. 1059

Oslo fylke, Oslo skifterett, Dødsfallsprotokoll A 7 , 1864-1870, oppb: Statsarkivet i Oslo. http://arkivverket.no/URN:sk_read/25422/281/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081219310708.jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 * Karoline Pedersdotter, f. i Hol sokn, Buksnes 1868 – n. 1875

 

Edrikke Karoline, 1868

Nordland fylke, Buksnes, Klokkerbok nr. 881C02 (1854-1876), Fødte og døpte 1868, side 100. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2637&idx_id=2637&uid=ny&idx_side=-77
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050420020903.jpg

 

 

1765677 Edrikke Karoline  Svendsen  0708  1868  2110  1955  2810  1955  F  11  11     Svolvær Vågan 1765678 Olvar Henry  Svendsen    2706  1895  2405  1988  3108  1988    F  11  11       Svolvær Vågan

 

Hanna Kristine, 1870

Nordland fylke, Buksnes, Klokkerbok nr. 881C02 (1854-1876), Fødte og døpte 1870, side 111. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2637&idx_id=2637&uid=ny&idx_side=-88
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050420020914.jpg

 

            * Arnt Pederson, f. i Hol sokn, Buksnes 1872 – n. 1875

 

Arent Bertheus, 1872

Nordland fylke, Buksnes, Klokkerbok nr. 881C02 (1854-1876), Fødte og døpte 1872, side 128. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2637&idx_id=2637&uid=ny&idx_side=-106
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050420020932.jpg

 

            * Petrine Pedersdotter, f. i Hol sokn, Buksnes 1874 – n. 1875/1900

 

Petrine Marie, 1874

Nordland fylke, Buksnes, Klokkerbok nr. 881C02 (1854-1876), Fødte og døpte 1874, side 471. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2637&idx_id=2637&uid=ny&idx_side=-430
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050420021256.jpg

 

??? 

098057 Petrine Marie  Nilsen  Hag  2104  1874  2611  1962      k  5  07  01  Takk for alt   Vis Petvik Vestvågøy

 

http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=1098057(f.dato 21.03.1874 på gravstøtten)

 

            * Hans Pederson, f. i Buksnes 1876 – n. 1900 matros

 

Hans Jørgen, f. 1876

Nordland fylke, Buksnes, Klokkerbok nr. 881C03 (1876-1885), Fødte og døpte 1876, side 8. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6656&idx_id=6656&uid=ny&idx_side=-11
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070212610398.jpg

 

            * Amandus Pederson, f. i Buksnes 1878 – n. 1900 fiskar

 

Amandus Olai, 1878

Nordland fylke, Buksnes, Klokkerbok nr. 881C03 (1876-1885), Fødte og døpte 1878, side 37. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6656&idx_id=6656&uid=ny&idx_side=-40
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070212610427.jpg

 

            * Olaf Pederson, f. i Buksnes 1881 – n. 1900 fiskar

 

Olaf Christian, 1881

Nordland fylke, Buksnes, Klokkerbok nr. 881C03 (1876-1885), Fødte og døpte 1881, side 76. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6656&idx_id=6656&uid=ny&idx_side=-80
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070212610467.jpg

           

              * Ludvig Pederson, f. i Buksnes 1883 – n. 1900 fiskar

 

Ludvig Johan, 1883

Nordland fylke, Buksnes, Klokkerbok nr. 881C03 (1876-1885), Fødte og døpte 1883, side 243. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6656&idx_id=6656&uid=ny&idx_side=-252
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070212610639.jpg

 

            * Karl Pederson, f. i Buksnes 1885 – n. 1900

 

Karl Andreas, 1885 - se nr. 8

Nordland fylke, Hol i Buksnes, Klokkerbok nr. 882C03 (1898-1910), Konfirmerte 1901, side 98. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=39688&idx_id=39688&uid=ny&idx_side=-96
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10041104011097.jpg

 

            * Peder Pederson, f. i Buksnes 1887 – n. 1900

 

Peder Martin, 1887 - se nr. 33

Nordland fylke, Hol i Buksnes, Klokkerbok nr. 882C03 (1898-1910), Konfirmerte 1903, side 104. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=39688&idx_id=39688&uid=ny&idx_side=-102
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10041104011103.jpg

 

            * Edvin Pederson, f. i Buksnes 1890 – n. 1900)

 

Edvin Alfred, 1890 - se nr. 23

Nordland fylke, Hol i Buksnes, Klokkerbok nr. 882C03 (1898-1910), Konfirmerte 1905, side 111. 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=39688&idx_id=39688&uid=ny&idx_side=-109
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10041104011110.jpg

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten og Grethe for mange spennande og utfyllande innlegg om denne huslyden.

 

Eg har faktisk fått svar på so å seia alt eg lurte på, men det er eit par punkt eg gjerne vil sjå litt nærare på:

 

* Britha Krisdtensen var barnlaus då ho døydde i 1890, men kvifor nemner dødsmeldingi berre broren i Lom (Erik) og broren i Amerika (Sølfest), som dei ikkje hadde høyrt ifrå på over 20 år?  Broren Peder i Buksnes var jo ilive og hadde dessutan ein stor barneflokk etter seg!  Eg trur det kunne vore spennande å undersøka dette skiftet etter Britha frå 1890!  Kanskje kjem det fram andre opplysningar der?  Eg vil leggja inn eit spørsmål om dette i Arkivforum til Statsarkivet i Oslo, so får me sjå kva dei kjem fram til...

 

* So har eg søkt litt hjå FamilySearch, og eg finn denne fødsli i Trefoldighet i Christiania:  Kaja Ovidia, fødd 25.11.1866, døypt 10.3.1867 av foreldri «smedesvend» Ole Christian Christensen og kona Brithe Halvorsdotter i Ruseløkbakken 33:

 

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Trefoldighet, Ministerialbok nr. I 2 (1863-1870), Fødte og døpte 1867, side 185.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=692&idx_id=692&uid=ny&idx_side=-190
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060213050190.jpg

 

Farsnamnet til mori stemmer ikkje, men alt det andre er rett, so eg trur dette må ha vore eit barn #2 født av dette parfolket.  Kaja må jo òg vera avlidi i ung alder!

 

Det ser etter dette ikkje ut til å vera stort meir å finna ut om denne huslyden, med mindre Sølfest kan sporast opp i Amerika...

 

Eg takkar på ny for kjempefin dugnadsinnsats frå Carsten og Grethe!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg vil i dag nytta høvet til å henta fram att denne huslyden som sist vart drøfta i februar 2016.

 

Denne biografien er ganske so fullstendig, MEN eg leiter framleis etter Sølfest Hansson (Slaalien) i Amerika og vonar at kanskje ein eller annan har «snubla» borti denne karen...?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Erikson {Slaalien}, døypt {i Luster} 1.7.1798, gifte seg {i Luster} 17.6.1827 med Kirsti Pedersdotter frå Skagen, døypt {i Luster} 5.12.1804.  Hans og Kirsti budde først nokre år på Fortun.

Men kring 1830 flytte Hans og Kirsti til Lom; me finn dei att som gardbrukarar i Slålien øvre, Slålien i Bøverdalen der dei skulle komma til å bu resten av levetidi.  Kirsti d. som kårkone i Slålien 27.11.1876, medan Hans d. som enkjemann same staden 7.7.1884.  Dei fekk fire born i lag:

a. Erik Hansson, f. i Luster 4.8.1829, flytte med foreldri til Lom kring 1830 og d. som kårmann i Slålien 23.6.19­15.  Han gifte seg i Lom 2.4.1860 med Anna Syversdotter frå Sønstenes i Lom, f. i Lom 6.5.1837.  Ho d. som kårenkje i Slålien 6.10.1924.  Erik og Anna tok over som gardbrukarar etter foreldri hans i Slålien øvre, Slålien i Bøverdalen, Lom og fekk sju born i lag, mellom anna denne dotteri:

‑ Brit(ha) Eriksdotter Slaalien (1860-1944), vart gift første gongen med gardbrukarsonen Tollef Johannesson frå Holmestad i Luster (1853-1900) og sidan attgift med gardbrukar Anders Tjøstolfson i Slålien (1846-1929), for båe ekteskapi, sjå under Holmestad.

b. Britha Hansdotter, f. i Lom 8.11.1833, d. som enkje på eit sjukehus i Christiania (Oslo) 26.10.1890.  Britha flytte i ung alder til Christiania der ho 22.11.1862 gifte seg med Ole Christian Christensen, kjend som Ole Kristian Kristensen.  Han var f. på Grøndalshaugen i Ullensaker 4.9.1830 og d. som smedsvein i Christiania 17.8.1889.  Ole Christian var smedsvein og mekanikar, og han og Britha budde i Christiania levetidi ut.  Dei fekk to born i lag, som båe d. kort etter fødsli.

c. Peder Hansson, f. i Lom 19.6.1836, d. som kårenkjemann på Berg i Buksnes 24.11.1910.  Peder flytte i ung alder til Buksnes i Nordland der han 28.12.1868 gifte seg med Lovise Marie Andreasdotter frå Leknes i Buksnes, f. i Buksnes 9.3.1849.  Ho d. som husmannskone på Berg i Buksnes 5.9.1908.  Peder var fiskar, og han og Lovise budde som husmannsfolk på Møllerhaugen under Berg i Hol, Buksnes.  Dei fekk elleve born i lag.

d. Sølfest Hansson, f. i Lom 4.11.1841, utvandra til Amerika i 1862 og

 

     ##### (opplysningar om lagnaden hans i Amerika?? – 1890: «intet hørt fra ham paa over 20 aar»!)

 

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetak for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.