Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Knut Knutson (1829) og Berit Jøgersdotter (1818) - frå Nord-Aurdal til Amerika i 1861 - kven var dei og kvar i Aurdal budde dei?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Kyrkjeboki for Aurdal sokn i Nord-Aurdal syner:

 

* Vigsel 2.12.1855 for Knut Knutson (Onstad) (26) og Brite Jøgersdotter (Diserud) (37):

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Aurdal i Nord-Aurdal, Ministerialbok nr. 4 (1842-1863), Ekteviede 1856, side 194.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8983&idx_id=8983&uid=ny&idx_side=-128
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070207610130.jpg

 

* Utvandring 1861 til Amerika for Knut og Berit med tre born:

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Aurdal i Nord-Aurdal, Ministerialbok nr. 4 (1842-1863), Inn- og utflyttede 1857-1862, side 254.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8983&idx_id=8983&uid=ny&idx_side=-160
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070207610162.jpg

 

* Dåp 23.10.1859 for yngste barnet Berit Knutsdotter - foreldri husmannsfolk på Sørum:

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Aurdal i Nord-Aurdal, Ministerialbok nr. 4 (1842-1863), Fødte og døpte 1859, side 62.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8983&idx_id=8983&uid=ny&idx_side=-65
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070207610066.jpg

 

Kan nokon med lokal kunnskap, eventuelt tilgjenge til ei bygdebok for Nord.Aurdal, hjelpa meg finna ut:

 

** Kva for ein husmannsplass under garden Sørum hadde denne huskyden før dei utvandra til Amerika?

 

** Kva gard/plass hadde Knut Knutson opphavet sitt ifrå - kvar budde foreldri hans?

 

** Kva gard/plass hadde Berit Jøgersdotter opphavet sitt ifrå - kvar budde foreldri hennar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Kan dette være konfirmasjonen til Knud Knudsen Onstadeie i Nord-Aurdal i 1843 - nr. 15:

 

Oppland fylke, Aurdal i Nord-Aurdal, Ministerialbok nr. 4 (1842-1863), Konfirmerte 1843, side 122. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8983&idx_id=8983&uid=ny&idx_side=-83
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070207610084.jpg

 

Knud var født 10.06.1829 - nr. 52:

Oppland fylke, Nord-Aurdal, Ministerialbok nr. 3 (1828-1841), Fødte og døpte 1829, side 15. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9371&idx_id=9371&uid=ny&idx_side=-19
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603940130.jpg

 

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Grethe for innlegget frå 3.3. om Knut Knutson som tydeleg var fødd og oppvaksen på ein plass under garden Onstad i Nord-Aurdal, men er det mogeleg å finna ut kva for ein plass det var?

 

Eg ser ikkje nokon plassfolk under Onstad i 1865 som kan høva med denne huslyden.

 

Disrud synest òg vera et gardsnamn i Nord-Aurdal, men far hennar Berit har eit anna ættenamn (som eg har vanskar med å tyda...).

 

Kanskje finst det nokon med lokal kunnskap i Nord-Aurdal som kan hjelpa meg på veg vidare?

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Det står Onstadeie på konfirmasjonen til Knut,, kan det være navn på plassen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!

 

Eg tviler på om Onstadeie er namn på plassen.  Over store delar av Austlandet var det på den tidi vanleg å kalla plassane med gardsnamnet + endingi eie, berre for å uttrykka at plassen «høyrde til» den garden som var nemnd.  Ofte kjem plassnamn fram i folketeljingane, men diverre ikkje alltid....

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som har lege i «dvale» i meir enn to år.  Eg ville tru det må vera mogeleg å kunna finna ei løysing...?

 

Dei tre konkrete utfordringane frå innlegg #1 er framleis:

 

** Kva for ein husmannsplass under garden Sørum budde denne huslyden på før dei utvandra til Amerika?

 

** Kva gard/plass hadde Knut Knutson opphavet sitt ifrå - kvar budde foreldri hans?

 

** Kva gard/plass hadde Berit Jøgersdotter opphavet sitt ifrå - kvar budde foreldri hennar?

 

Når det gjeld opphavet til Knut Knutson, so ser me at han var fødd på ein husmannsplass under Onstad i Nord-Aurdal, og der budde huslyden framleis då yngste søsteri hans, Barbro Knutsdotter, fødd 1841, vart konfirmert i 1855:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8983/100?indexing=

 

Eller kanskje er det fødestaden det vert synt til ved konfirmasjonen?  FT1865 syner nemlig mori, Helvig Chjristophersdotter, som husmannsenkje på husmannsplassen SISLEBÆK, som synest liggja under Sophienlund i Nord-Aurdal(?):

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0542&kenr=009&bnr=0045&lnr=000

 

Når det gjeld kona, Berit Jøgersdotter, so er ho ved vigsli i 1855 (sjå innlegg #1) sagt å vera 37 år gamal og dotter av ein Jøger Rognaas.  Men eg finn ikkje nokon slik person i Nord-Aurdal.  Derimot er det ei Berit Jøgersdotter som vart fødd i Vestre Slidre 9.1.1817 som «uekte» dotter av ein Jøger Østenson Hunsager.  Kan det vera ho?

 

https://media.digitalarkivet.no/view/9386/31

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips når det gjeld denne utfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.