Gå til innhold
Arkivverket

Erik Sjurson (1752-1795) - frå Ottum i Luster til Eide i Solund - kva med søskeni hans, Anna Beathe Sjursdotter (1757) og Christen Sjurson (1762)?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet var oppe til drøfting for 10 år sidan i det gamle brukarforum: (https://forum.arkivverket.no/topic/117995-32426-sf-eirik-sjurson-f-ca1750-luster-d-1795-eide-solund-opphavet-hans/?hl=%2Berik+%2Bsjurson+%2Bsolund#entry962341).  Erik Sjurson og huslyden hans vart vell teken hansd om den gongen, men dei to yngre søskeni hans vert framleis sakna.  Eg trur at ogso dei flytte til ytre Sogn,m men er det mogeleg å finna dei att?

 

Foreldri til desse søskeni var Sjur Olson (1713-1770) og Kari Arnesdotter 1718-1765), husmannsfolk på Bakken under garden Ottum i Luster.  Her er utdrag av manuskriptet mitt for dei tre søskeni:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

 6. Erik Sjurson, døypt 11.5.1752,

Erik Sjurson flytte i ung alder til Solund, Gulen der han 3.7.1779 gifte seg med Synneva Olsdotter frå Stokkevåg i Solund.  Ho var dotter av gardbrukar og fiskar Ole Thorson på Stokkevåg, opphavleg frå Steinsund, og kona Magnhild Christophersdotter frå Råke og vart døypt i Gulen 19.3.1751.  Erik var fiskar, og han og Synneva vart dessutan gardbrukarar på Eide i Solund, Gulen.  Erik vart gravlagd frå Eide 29.1.1795, medan Synneva vart gravlagd same staden 5.7.1802.  Dei fekk visstnok seks born i lag:

a. Sjur Erikson, døypt i Gulen 17.11.1780, budde på Eide i Solund, men miste livet på sjøen 10.12.1807, ugift fiskar.

b. Ole Erikson, døypt i Gulen 21.10.1782, vart gravlagd frå Eide 3.11.1782.

c. Magnhild Eriksdotter, døypt i Gulen 6.2.1784, vart gravlagd frå Eide 9.4.1784.

d. Magnhild Eriksdotter, døypt i Gulen 16.10.1785, vart gravlagd frå Eide 5.2.1786.

e. Kari Eriksdotter, døypt i Gulen 5.4.1787, d. som gardbrukarkone på Rød i Gulen 28.2.1821.  Kari gifte seg i Gulen 3.7.1809 med Sjur Gregoriusson frå Børknes i Gulen, døypt i Gulen 23.3.1786.  Han d. som enkjemann og kårmann på Rød 23.10.1870 etter å ha vore attgift to gongar.  Sjur var fiskar og gardbrukar på Rød i Gulen og fekk i alt åtte born; av dei var tre frå første ekteskapet med Kari Eriksdotter.

f. Johanna Eriksdotter, døypt i Gulen 6.12.1789, d. som gardbrukarkone på Steindal i Solund 19.10.1841.  Johanna gifte seg i Gulen 13.7.1817 med Fredrik Fredrikson frå Steindal i Solund, døypt i Gulen 1.10.1786.  Han d. som gardbrukar på Steindal 5.10.1844.  Fredrik var fiskar, men han og Johanna tok over so gardbrukarar etter foreldri hans på Steindal i Solund og fekk seks born i lag.

 8. Anna Beathe Sjursdotter, døypt 2.3.1757,

Anna Sjursdotter ser ut til å vera fari frå Luster i ung alder, kan henda til ytre Sogn, men lagnaden hennar er førebels ukjend.

 

##### (opplysningar tilgjengelege?)

 

10. Christen Sjurson, døypt 23.10.1762,

Christen Sjurson ser likeins ut til å vera flytt frå Luster i svært ung alder, kan henda òg til ytre Sogn, men lagnaden hans er framleis ukjend.

 

##### (opplysningar tilgjengelege?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det var fleire vigsler i Gulen der bruri heitte Anna Sjursdotter, men ei av dei, som var gift to gonger, er alt debattert i 2006 og er ikkje aktuell.  Derimot ser eg ikkje noko meir om denne:

 

Anna Sjursdotter Oppedal - gift i Brekke 1.1.1791 med Lars Johannesson Frem-Brekke

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 15 (1788-1798), Trolovede 1791, Ekteviede 1791, side 84-85.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11446&idx_id=11446&uid=ny&idx_side=-18
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070228330553.jpg

 

Desse får mange born fram til 1804, men kan det vera ho me leiter etter?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars,

 

Det står ikkje mykje i BB for Brekke. Under Fram-Brekke / Husmenn uten jord står det at Lars d. 1811 og Anna i 1818, busett Asheim som plassmann. Ho skal vere f. 1763.

 

Det er skifte etter Anna i 1818;

 

Førenamn: Anne Etternamn: Sjursdtr Gard: Asseim Skipreide: Lavik Protikoll nr.: 16, page 218b,222b År: 1813-1826 Fogderi: Ytre Sogn

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Den Anne Sjurdtr. som blir gift i Indre Oppedal har heile sitt opphav fra Kyrkjebø / Lavik. Foreldrene er Sjur Lasseson Osland og Brithe Erikdtr. Leirnes.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Ein sein, men like hjarteleg takk til Gisle, Ivar og Terje for innlegg om dette emnet.

 

Anna Sjursdotter frå Brekke er altso IKKJE den me leiter etter.  Eg har halde fram med søk etter dei to forsvunne søskeni, men kan berre ikkje finna fleire høvelege «kandidatar», i alle fall ikkje i Sognafylket!  Kanskje er dei avlidne i ung alder?  Eller flytte dei kan henda utanfor fylket?

 

Det var mot slutten av 1700-talet ei viss flytting frå Sogn til Nordland, gjerne via Bergen, at ein og annan ungdom «heiv seg på» ei nordlandsjekt, og eg finn ein par spennande «kandidatar» der nord for Christen Sjurson:

 

* Christen Sjurson, 43 år gamal, ugift dreng hjå borgar, skippar og gjestgjevar Isak Jørgen Dass i Lurøy:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058472003287

 

* Christen Sjurson Borchenhagen gift i Bø 9.11.1790 med Hanna Andersdotter:

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Bø, Ministerialbok nr. 891A02 (1759-1820), Kronologisk liste 1790, side 320-321.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16723&idx_id=16723&uid=ny&idx_side=-165
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20071108610110.jpg

 

Men desse siste bur i 1801 på Skagen i Bø, og denne Christen er vel litt i eldste laget?

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058487000647

 

So ser eg ein annan god «kandidat» i Hosanger:

 

* Christen Sjurson, 44, gardbrukar på Bjørsvik i Hosanger 1801:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058385000328

 

Denne Christen gifte seg to gonger i Hosanger, først 7.1.1791 med Ingeborg Nilsdotter og so 7.7.1805 med Anna Monsdotter.  Kva seier bygdeboki for Hosanger om denne karen?i

 

Og so ein «kandidat» på Sunnmøre:

 

* Christian Sjurson, 42 år, husmann på Hurlen i Haram:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058420000146

 

Men han heiter tydeleg Christian og ikkje Christen...

 

Personleg held eg ein «knapp» på Christen Sjurson i Lurøy, eller kva meiner de?  Er det mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden hans?

 

Eg er òpen for alle gode tips og tankar om denne saki og takkar igjen for hjelpi!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.