Gå til innhold
Arkivverket

Torbjørn «Bjørn» Torgersen - fødd Luster 1842 - linedansar og sirkusartist i Christiania - lagnaden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er eit problem som eg har hatt liggjande i over 30 år, men som det den gongen ikkje var mogeleg å få ei løysing på:

 

Då det i 1866 vart halde skifte etter husmannsenkja Bertha Eriksdotter på Heimsnes under Bolstad i Luster, får me vita at sonen:

 

* Torbjørn «Bjørn» Torgersen, fødd i Luster 17.7.1842, truleg hadde bustaden sin i Christiania.

 

Det vart lokalt sagt om Bjørn at han skal ha vore linedansar ved eit omreisande sirkus og at han miste livet under ein operasjon etter ein skade han pådrog seg i yrket sitt!

 

Er det i det heile mogeleg å finna lagnaden til denne unge mannen frå Luster?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

FT1865.

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038261000495

 

 

Skifte etter moren Berta Eriksdatter nr. 15 på venstre side datert  3.okt. 1866.

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Indre Sogn sorenskriveri, Skifteutlodningsprotokoll D 4 , 1860-1876, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke:    http://arkivverket.no/URN:sk_read/24520/95/

 

Endret av Leif B. Mathiesen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif og Carl Johan for nye interessante innlegg!

 

Innlegget til Leif stadfester at Bjørn «skal ha vore» i Christiania hausten 1866, og dette er siste gongen han er nemnd.  Han hadde fleire søsken i Luster, men det var ingen av dei som døydde barnlause og som kunne etterlata arv til Bjørn.  Den einaste måtte i so fall vera ei søster som utvandra til Amerika, Bertha Kirstine «Kirstine» Torgersdotter (Bolstad), fødd i 1850, som utvandra ugift i 1888.  Ho har eg heller ikkje gŕeidd å finna att, men eg vil leggja ut eit eige tema som gjeld ho!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og held fingri krossa...!

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan det være noe her, tro? I så fall ser det ut til at han kan ha reist rundt i naboland:

 

"Ekspertene regner imidlertid med at det første norske cirkus skal ha vært drevet av Gunerius Halvorsen, født i Piberviken (Oslo). Han turnerte som akrobat i Danmark og Sverige, og drev sitt "Cirkus Halvorsen" fra 1865 til ca. 1885. Etter ham er det et norsk tomrom fram til 1904. Da starter Karl Norbeck eget cirkus."

 

Kilde ( avsnitt "Romantikk og myter"):

 

http://www.cirkusskandinavia.dk/Norskcirhis1.htm

 

 

Mvh

Linda

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Linda for eit spennande innlegg!

 

Eg vil ikkje sjå bort ifrå at det nettopp var denne Gunerius Halvorsen som kan ha «lokka med seg» Bjørn Torgersen på sirkus.  Tidspunktet høver i alle fall svært bra, men det høyrest ut som det ikkje vert noki enkel sak å finna ut meir om desse karane...

 

Men, det er lov å vona, og eg takkar so mykje for alle nye tanker og innspel om denne saki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet frå ifjor.

 

Eg har diverre ingen nye opplysningar å syna fram, men vonar at kanskje ein eller annan greier komma på sporet etter denne linedansaren og takkar endå ein gong so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Ivar Moe har med ein merknad i eit anna emne i dag minnt meg om denne kjempeutfordringi som eg aldri har greidd å finna ei løysing på!

 

Torbjørn «Bjørn» Torgerson Bolstad, fødd i Luster 17.7.1842, budde framleis heime på Bolstad i desember 1865, men mori døydde 28.12.1865, og alt året etter, då skiftet hennar skulle sluttast, var Torbjørn «Bjørn» borte, truleg i Christiania.  FT1865 seier han livnærte seg med handel, kan henda som omreisande kramkar, men slekti meiner ganske bestemt at han sidan var linedansar i eit omreisande sirkus, kan henda med Gunerius Halvorsen (sjå innlegg #5)...

 

Hadde me berre greidd å komma på sporet etter denne guten, hadde det vore kjempemoro!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips i so måte!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Richard for ei spennande melding!

 

Me kan vel ikkje vera 100% sikre, men det er nok mykje som tyder på at dette er «vår»Torbjørn «Bjørn» Torgersen, i so fall første livsteiknet etter 1865!

 

Er me heldige, dukkar det kanskje opp meir?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å finna lagnaden til denne noko «spesielle» uflyttaren!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Richard for eit nytt spennande innlegg!

 

Han seier seg rett nok vera «fra Christiania», men det treng vel ikkje seia noko meir enn at han var busett i Christiania!?

 

Han burde vel uansett dukka opp i ymse folketeljingar med eit noko «kunstnerisk» yrke?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på oppklaring av denne gamle «gåta»!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 minutt siden, Lars E. Øyane skrev:

men det treng vel ikkje seia noko meir enn at han var busett i Christiania!?

ja, eg meiner at det heller støtter opp om enn avkrefter at dette kan vera rette mann. "No offence", men for noen høyrtest det kanskje også meir imponerande ut om artisten kom frå hovudstaden enn frå Luster?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Richard for nye spennande og imponerande innlegg!  Kva du finn!!?

 

Då veit me i det minste at Torbjørn «Bjørn» framleis levde i 1874, men dersom han dreiv og endra namnet sitt stadig vekk, kan han verta skikkeleg vanskeleg å finna att...

 

Han må vel ha vore mellom dei første i landet som tok eit eige «kunstnarnamn»!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å lokalisera denne kunstnaren frå Luster!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En idé: Kanskje det er noenting på museum?

Kilden http://cirkus-dk.dk/htm/dk/cirkussamlinger.htm

gir Norsk Sirkusarkiv, Follo museum, Dröbak

 og  Berthelsens samling/Det Glade Arkiv i Tönsberg

som muligheter, og noen svenske og danske museer...

 

Og der nevnes en bok om Sirkus i Norge, som kanskje går å sjekke.

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 minutter siden, Vibeke Lund Åhling skrev:

En idé: Kanskje det er noenting på museum?

Kilden http://cirkus-dk.dk/htm/dk/cirkussamlinger.htm

gir Norsk Sirkusarkiv, Follo museum, Dröbak

 og  Berthelsens samling/Det Glade Arkiv i Tönsberg

som muligheter, og noen svenske og danske museer...

 

Og der nevnes en bok om Sirkus i Norge, som kanskje går å sjekke.

 

 

 

God idé.

Når det gjeld boka Sirkus i Norge : gjøglernes og sirkusenes historie av Herman Berthelsen, har eg sjekka den i dag. Interessant bok, men ingenting om "vår mann frå Luster". 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det har førebels stoppa opp - sporet etter Torbjørn Torgersen alias T. Torrino er blitt kaldt. 

 

Eg synest det er veldig merkeleg at ikkje det er meir å finna ved søk i avisene i Nasjonalbiblioteket (nb.no), han må jo ha vore avhengig av å avertera "showa" sine. Eg mistenker at nb.no sin nokså dårlege søkefunksjon kan ha noe å seia for resultatet. Forslag: be noen som er abonnent på Aftenposten og dermed har tilgang til Aftenpostens arkiv, om å gjera eit søk på "T. Torrino", og kanskje "T(h)orbjørn T(h)orgersen". Søk på "T. Torgersen" fører til alt for mange uvedkommande treff.

 

Dessutan:

på den sida som Vibeke viser til (#16) er oppgitt epostadr. til forfattaren av boka Sirkus i Norge (Hermann Bertelsen). Sjølv om T. T. ikkje er nemnt i boka kan det godt vera at han har informasjon om han.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har gjort søk på "Torrino" i arkivet til Aftenposten, og finn dessverre ikkje anna treff enn det som kjem fram i post #14.

 

"Torbjørn Torgersen" gjev meg to treff. Ein lokomotivførar i 1917, og ein Torbjørn Torgersen frå Kristiania som forlovar seg med ei Agnes Lie i 1918. Antakeleg samme personar, og dermed ikkje "vår" mann.

 

Endret av Eldar Skjeldestad Åsebø
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 minutter siden, Eldar Skjeldestad Åsebø skrev:

Har gjort søk på "Torrino" i arkivet til Aftenposten, og finn dessverre ikkje anna treff enn det som kjem fram i post #14.

 

"Torbjørn Torgersen" gjev meg to treff. Ein lokomotivførar i 1917, og ein Torbjørn Torgersen frå Kristiania som forlovar seg med ei Agnes Lie i 1918. Antakeleg samme personar, og dermed ikkje "vår" mann.

 

 

OK, og takk for at du sjekka!

 

Det var dét mulige sporet! Han er umulig å spora opp i 1875-folketellinga, det får meg til å tru at han kan vera død ein gong mellom siste avisspor (#14: februar 1874) og tellinga (1. desember 1875 (med atterhald: tellinga er ukomplett), på sjukehus etter ein operasjon, jf. #1. Men i så fall, kor? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

12 minutter siden, Richard Johan Natvig skrev:

 

OK, og takk for at du sjekka!

 

Det var dét mulige sporet! Han er umulig å spora opp i 1875-folketellinga, det får meg til å tru at han kan vera død ein gong mellom siste avisspor (#14: februar 1874) og tellinga (1. desember 1875 (med atterhald: tellinga er ukomplett), på sjukehus etter ein operasjon, jf. #1. Men i så fall, kor? 

 

Om han døydde mellom 74 og 75, og var einsleg, så er det vel ikkje stor sjanse for at dødsannonsa er å finna i Aftenposten?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 minutt siden, Eldar Skjeldestad Åsebø skrev:

Om han døydde mellom 74 og 75, og var einsleg, så er det vel ikkje stor sjanse for at dødsannonsa er å finna i Aftenposten?

 

Ja det er i grunnen nokså usannsynleg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Eldar Skjeldestad Åsebø skrev:

 

Om han døydde mellom 74 og 75, og var einsleg, så er det vel ikkje stor sjanse for at dødsannonsa er å finna i Aftenposten?

Da har jeg skummet igjennom dødsfallprotokollen Oslo  for året 1875  uten å finne noe spor etter Torbjørn Torgersen.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

11 timer siden, Sven Hjortland skrev:

Da har jeg skummet igjennom dødsfallprotokollen Oslo  for året 1875  uten å finne noe spor etter Torbjørn Torgersen.

 

... og eg har gått gjennom Aker dødsfallsprotokoll 1874-75. Utfordringane er at han kan ha døydd på eit sjukehus ein heilt annan plass i landet der han har reist med showet sitt, samt at mi gissing på at han må vera død før folketellinga 1875 kan vera ein bom.

 

 

PS. Eg har også sjekka adressebøker for Kristiania

 

  • Veiviser for Christiania By for 1871
  • Veiviser for Christiania By for 1874
  • Christiania Adressebok 1879 og seinare ...

 

 

utan resultat

 

 

Endret av Richard Johan Natvig
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Vibeke, Richard, Eldar og Sven for skikkeleg spennande innlegg som er komne dei siste dagane!  Eg er verkeleg imponert over den innsatsen de har lagt for dagen.  De hadde fortent å få eit betre resultat ut av søket!

 

Men eg har tenkt, og eg lurer på; kan det tenkjast at Torbjørn «Bjørn» Torgersen «Torrino» har flytt utanlands - til dømes til Sverige eller til Danmark?  Kan han ha slutta seg til eit utanlandsk sirkus?

 

Eg lurer òg på; fleire av desse gamle «reklameplakatane» hans nemner trylling.  Var det han sjølv som framstod som tryllekunstnar?  Kan det vera noko å henta i den retningi?

 

Og då må eg tenkja på likskapen i namn mellom Torbjørn «Torrino» og den nylig avlidne tryllekunstanen Tore Torell (1941-2018)!  Var Torell kunstnarnamnet hans?  Kanskje inpirert av Torrino?

 

Truleg er eg «heilt på jordet» med tankane mine, men eg hadde lyst til å leggja dei fram...

 

Eg takkar endå ein gong for heilt fantastisk bistand i freistnadane på å finna lagnaden til Torbjørn «Bjørn» Torgersen «Torrino»!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.