Gå til innhold
Arkivverket

Torbjørn «Bjørn» Torgersen - fødd Luster 1842 - linedansar og sirkusartist i Christiania - lagnaden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Richard, Ivar og Lars W. for nye fantastiske og spennande innlegg!  Eg er endå ein gong imponert over kva de finn.  Og artikkelen om Fahle Holmgren var jo ein ekstra «spiss» på saki.  Kan det tenkjast at han òg har vore knytt til dette omreisande sirkuset?

 

Me har fått «på plass» den «rette» Helena Josefina Rönnqvist.  Eg sit med ei kjensle av at ho er vorti kjend med Torbjørn i samband med at sirkuset hans vitja Luleå i 1879, og at ho rett og slett har «stikke av» i lag med Torbjørn og sirkuset rundt ikring.  Og det er vel mykje som tyder på at me her ser «konturane» av det frste norske sirkuset som er omskrive av Linda i innlegg #5 på første side:

 

«Ekspertene regner imidlertid med at det første norske cirkus skal ha vært drevet av Gunerius Halvorsen, født i Piberviken (Oslo). Han turnerte som akrobat i Danmark og Sverige, og drev sitt "Cirkus Halvorsen" fra 1865 til ca. 1885.».  Kan opphøret av dette Cirkus Halvorsen ha ein samanhang med dødsfallet til Torbjørn Torgersen i 1885?

 

Eller fanst det andre sirkus i Sverige på same tid?

 

Eg har no oppdatert manuskriptet mitt frå innlegg #44 på føregåande side:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #56 under

 

Tilsvarande har eg oppdatert lista over dei attståande «hovudutfordringane» frå same innlegg #44:

 

** Dødsfallet til Torbjørn Torgersen - truleg våren 1885?  Eg tolkar innlegget i Anbytarforum dit hen at dette ulukkeshendet skjedde i Noreg, og at det var ETTER denne hendingi at Josefina flytte heimatt til Luleå og fødte dotteri Olofine Ingenie?  Men dette tyder at Torbjørn kan vera avliden på eitt eller anna sjukehus i Noreg??

 

** Anna Josefina Johannesdotter Rönnqvist (Stralberg), fødd 1876 - om ho høyrer til denne huslyden og kva lagnad ho eventuelt fekk?

 

** Henning Rudolf Rönnkvist sin dåp i 1882 hadde vore spennande å sjå!  Er han kanskje døypt i NOREG?

 

** Fleire detaljar om Henning Rudolf og kona Ellen Sofia Holmbom - farsnamnet hennar - vigselsstaden - ulike bustadar og yrke - kor mange born?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på kartleggja denne utfordrande huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

53 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

a. Anna Josefina Johannesdotter Rönnqvist, dotter av Josefina og Johannes Stralberg, var f.

 

     ##### (fødestaden? – Luleå? – Norrbottens län!)

 

     23.12.1876,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

Husförhörene for Pålänge i Nedrekalix viser at Anna Josefinas mor var en annen med lignende navn. Hun het Maria Josefina Johansdtr. Rønnqvist og var gift med Johannes Strålberg: 

 

1869-1878: https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0034881_00077

1878-1890: https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0034886_00043

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

c. Henning Rudolf Torbjørnsson Rönnqvist, f. i Noreg 6.5.1882, men døypt i Luleå, Norrbottens län, Sverige

 

     ##### (dåpsdatoen?)

 

     d. i Arjeplog, Norrbottens län 2.6.1952.  Henning gifte seg

 

     ##### (vigselsstaden?)

 

     17.7.1907 med Ellen Sofia

 

De giftet seg i Råneå, Norbotten (nr. 27): https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/F0009565_00116

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar, Lars W. og Sven for nye spennande innlegg.

 

Eg har studert sida som Ivar syner til i innlegg #52, men eg greier ikkje å finna nokon merknad om at han vart døypt i Oslo...?

 

Elles var det godt å få stadfest at Anna Josefina IKKJE høyrer til denne huslyden, og her følgjer ei ny oppdatering av manuskriptet som erstattar manuskriptet i innlegg #51:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Torbjørn Torgerson {Bolstad}, f. {i Luster} 17.7.1842, var handelskar og budde heime til våren 1866.

Men våren 1866 flytte Torbjørn Torgersen til Christiania, og han livnærte seg dei følgjande åri som omreisande akrobat og tryllekunstnar.  På 1870-talet nytta han delvis kunstnarnamnet T. Torrino.  Han slutta seg so visstnok til eit omreisande sirkus der han heldt fram som akrobat og linedansar.  Han vart kring 1879 sambuande med Helena Josefina Olofsdotter Rönnqvist frå Luleå i Norrbottens län i Sverige.  Ho var dotter av innerst Olof Andersson Rönnqvist på Månsbyn i Nederkalix, opphavleg frå Näsbyn i Nederkalix, og kona Kajsa Lena Nilsdotter Berglund frå Innanbäcken i Nederkalix og f. i Nederkalix 24.5.1859.  Torbjørn heldt fram som akrobat og sirkusartist, og han og Josefina flytte kring med sirkuset, men Torbjørn skal ha vorte skadd ved eit ulukkeshende, truleg våren 1885, og d. under den påfølgjande operasjonen. 

 

##### (detaljar om dette dødsfallet?)

 

Josefina flytte då attende til Luleå i Norrbottens län der ho 26.7.1891 gifte seg med Fahle Holmgren frå Burträsk i Västerbottens län.  Han var son av jenta Magdalena Johanne Pehrsdotter på Innansjön i Burträsk og f. i Burträsk 20.11.1851.  Fahle var arbeidar, og han og Josefina budde i Luleå, Norrbottens län, men vart skilde i 1898.  Josefina d. i Luleå 10.12.1901, medan Fahle d. same staden 2.4.1919.  Torbjørn og Josefina fekk visstnok tre born i lag:

a. Karl Oskar Torbjørnsson Rönnqvist, f. i Noreg 6.8.1880, men vart døypt i Själevad ved Örnsköldsvik i Ångermanlands (Västernorrlands) län i Sverige 19.8.1880, d. i Luleå, Norrbottens län 9.3.1900.

b. Henning Rudolf Torbjørnsson Rönnqvist, f. i Noreg 6.5.1882, men døypt i Luleå, Norrbottens län, Sverige

 

     ##### (dåpsdatoen?)

 

     d. i Arjeplog, Norrbottens län 2.6.1952.  Henning gifte seg i Råneå i Norbottens län 17.7.1907 med Ellen Sofia Eriksdotter Holmbom frå Nedre Fläsjö i Råneå, f. i Råneå, Norrbottens län 8.7.1882.  Ho d. i Arjeplog 4.1.1968. 

 

     ##### (yrke og bustad? – 1910: steinarbeidar Överluleå i Norrbottens län – sidan Arjeplog i Norrbottens län)

 

     ##### (born – inkl.:

            * Helge Rudolf, f. Råneå, Norrbottens län 15.5.1907 - n. 1910

            * Helga Sofia, f. Överluleå, Norrbottens län 5.8.1908 – n. 1910

            * Henning Napoleon, f. Løkkens verk 15.8.1909 – n. 1910

            * Henny Emelia Sofia, f, 20.2.1911

            * Oskar Henry, f. 6.1.1913)

 

c. Olofine Ingenie Torbjørnsdotter Rönnqvist, f. i Luleå 8.7.1885, d. i Luleå 29.4.1894.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

No er det i første rekke desse «hovudutfordringane» som står att:

 

** Dødsfallet til Torbjørn Torgersen - truleg våren 1885?  Eg tolkar innlegget i Anbytarforum dit hen at dette ulukkeshendet skjedde i Noreg, og at det var ETTER denne hendingi at Josefina flytte heimatt til Luleå og fødte dotteri Olofine Ingenie?  Men dette tyder at Torbjørn kan vera avliden på eitt eller anna sjukehus i Noreg??

 

** Henning Rudolf Rönnkvist sin dåp i 1882 hadde vore spennande å sjå!  Er han kanskje døypt i NOREG?

 

** Yrke og ulike bustadar for Henning Rudolf og kona Ellen Sofia Holmbom - kor mange born fekk dei?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har klart å følge Henning Rudolf og kona fra de giftet seg og fram til ca. 1926 i husförhör/församlingsböcker. For å se de nyeste må man logge seg inn (det er gratis å opprette bruker):

 

1907-1908, Sunderbyn i Nederluleå:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/A0031599_00386

1908-1910, Svartbjörsbyn i Överluleå:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/F0009598_00049

1910-1914, Svartbjörsbyn i Överluleå:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/F0009605_00358

1914-1922, Fjäl No 3 i Lits:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/F0012112_00038

1922-1926(?), Snipsträsk Nr 1 i Råneå:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/F0009542_00312

 

Fram til 1926 fikk de totalt 14 barn:

 

Helge Rudolf, f. Råneå, Norrbottens län 15.5.1907

Helga Sofia, f. Överluleå, Norrbottens län 5.8.1908

Henning Napoleon, f. Løkkens verk, Norge 15.8.1909

Henny Emilia Sofia, f, Överluleå, Norrbottens län 20.2.1911

Oskar Henry Torbjörn, f. Lits, Jämtlands län 6.1.1913

Tord Hellen Sixten, f. Lits, Jämtlands län 9.8.1914

Sven Hellon, f. Lits, Jämtlands län 9.4.1916

Hulda Viktoria, f. Lits, Jämtlands län 3.8.1917

Ellen Hildegard, f. Lits, Jämtlands län 26.9.1918

Sonja Alice Cecilia, f. Lits, Jämtlands län 30.11.1919

Syster Lilly Virginia, f. Lits, Jämtlands län 30.12.1920

Vilma Ragnhild, f. Lits, Jämtlands län 27.12.1921

Harry Rudolf Sigvard, f. Råneå, Norrbottens län 23.1.1924

Karl Teidor Napoleon, f. Råneå, Norrbottens län 21.5.1925

 

1365938492_Skjermbilde2018-10-10kl_21_28_59.png.0ea58dffc713e66b0076fad4c15f22f2.png

Endret av Lars Waaltorp
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. og Ivar for dei siste innleggi.  Ogso eg er storligen imponert over kva du Lars her greidd å grava fram om lagnaden til Henning Rudolf!  Dette var ein skikkeleg «vaksen» familie!

 

Etter dette sit me no att med desse to «hovudutfordringane» i denne huslyden:

 

** Dødsfallet til Torbjørn Torgersen - truleg våren 1885?  Eg tolkar innlegget i Anbytarforum dit hen at dette ulukkeshendet skjedde i Noreg, og at det var ETTER denne hendingi at Josefina flytte heimatt til Luleå og fødte dotteri Olofine Ingenie?  Men dette tyder at Torbjørn kan vera avliden på eitt eller anna sjukehus i Noreg??

 

** Henning Rudolf Rönnkvist sin dåp i 1882 hadde vore spennande å sjå!  Er han kanskje døypt i NOREG?

 

Elles kunne me kanskje òg lagt til ei ny utfordring i å finna ut meir om Gunerius Halvorsen og hans «Cirkus Halvorsen» som Torbjørn Torgersen godt ha vore ein del av...!?

 

Her følgjer førebels siste versjon av dette manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Torbjørn Torgerson {Bolstad}, f. {i Luster} 17.7.1842, var handelskar og budde heime til våren 1866.

Men våren 1866 flytte Torbjørn Torgersen til Christiania, og han livnærte seg dei følgjande åri som omreisande akrobat og tryllekunstnar.  På 1870-talet nytta han delvis kunstnarnamnet T. Torrino.  Han slutta seg so visstnok til eit omreisande sirkus der han heldt fram som akrobat og linedansar.  Han vart kring 1879 sambuande med Helena Josefina Olofsdotter Rönnqvist frå Luleå i Norrbottens län i Sverige.  Ho var dotter av innerst Olof Andersson Rönnqvist på Månsbyn i Nederkalix, opphavleg frå Näsbyn i Nederkalix, og kona Kajsa Lena Nilsdotter Berglund frå Innanbäcken i Nederkalix og f. i Nederkalix 24.5.1859.  Torbjørn heldt fram som akrobat og sirkusartist, og han og Josefina flytte kring med sirkuset, men Torbjørn skal ha vorte skadd ved eit ulukkeshende, truleg våren 1885, og d. under den påfølgjande operasjonen. 

 

##### (detaljar om dette dødsfallet?)

 

Josefina flytte då attende til Luleå i Norrbottens län der ho 26.7.1891 gifte seg med Fahle Holmgren frå Burträsk i Västerbottens län.  Han var son av jenta Magdalena Johanne Pehrsdotter på Innansjön i Burträsk og f. i Burträsk 20.11.1851.  Fahle var arbeidar, og han og Josefina budde i Luleå, Norrbottens län, men vart skilde i 1898.  Josefina d. i Luleå 10.12.1901, medan Fahle d. same staden 2.4.1919.  Torbjørn og Josefina fekk visstnok tre born i lag:

a. Karl Oskar Torbjørnsson Rönnqvist, f. i Noreg 6.8.1880, men vart døypt i Själevad ved Örnsköldsvik i Ångermanlands (Västernorrlands) län i Sverige 19.8.1880, d. i Luleå, Norrbottens län 9.3.1900.

b. Henning Rudolf Torbjørnsson Rönnqvist, f. i Noreg 6.5.1882, men døypt i Luleå, Norrbottens län, Sverige

 

     ##### (dåpsdatoen?)

 

     d. i Arjeplog, Norrbottens län 2.6.1952.  Henning gifte seg i Råneå i Norbottens län 17.7.1907 med Ellen Sofia Eriksdotter Holmbom frå Nedre Fläsjö i Råneå, f. i Råneå, Norrbottens län 8.7.1882.  Ho d. i Arjeplog 4.1.1968.  Henning Rönnqvist var steinarbeidar, og han og Ellen budde mellm anna på Sunderbyn i Nederluleå i Norrbottens län, på Løkken verk i Melhus, på Svartbjörsbyn i Överluleå, Norrbotens län, på Fjäl i Lits, Jämtlands län, på Snipsträsk i Råneå. Norrbottens län, medan siste bustaden deira var i Arjeplog i Norrbottens län, Sverige.  Dei fekk fjorten born i lag.

c. Olofine Ingenie Torbjørnsdotter Rönnqvist, f. i Luleå 8.7.1885, d. i Luleå 29.4.1894.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjerteleg takk til Jarleif for eit interessant innlegg!  Ingen tvil om at Cirkus Halvorsen farta over store område, og sjansane er vel ganske so store for at Torbjørn Torgersen reiste nettopp med dette sirkuset.  Kanskje er det mogeleg å finna seinare oppslag om sirkuset, men om dei einskilde artistane er nemnde, er vel kanskje heller tvilsamt...?

 

Kva andre sirkus fanst den gongen som Torbjørn eventuelt kunne reist med?  Kanskje eit svensk sirkus?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg finner ganske mange omtaler av Cirkus Halvorsen i danske og svenske aviser i 1868 og 1869. Jeg har imidlertid ikke funnet noe om Torbjørn i de annonsene/artiklene jeg har sett igjennom. Men mye artig lesestoff 🙂  

 

Svenske aviser:  https://tidningar.kb.se/?q="cirkus halvorsen"&sort=asc&page=1

Danske aviser:  http://www2.statsbiblioteket.dk/mediestream/avis/search/"cirkus halvorsen"

 

Ellers har jeg klart å finne igjen Henning Rudolf etter 1926. Jeg skjønte ikke helt hvorfor jeg ikke fant "Snipsträsk" i forsamlingsbøkene for Råneå etter 1926, men etter å ha lest litt om svenske kirkesogn fant jeg ut at den øvre delen av Råneå ble skilt ut som eget kirkesogn i 1927 under navnet Gunnarsbyn. Der fant jeg Henning Rudolf på Sundsnäs (som jeg tror er samme bosted som Snipsträsk). Da fant jeg også ut at de flyttet til Arjeplog i 1931.

 

1927-1931, Sundsnäs/Snipsträsk i Gunnarsbyn:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/F0009806_00219

1931-1936, Vaxholm i Arjeplog:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/00173937_00290

1936-1939, Vaxholm nr. 2 i Arjeplog:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/00173939_00280

1939-1944, Sveggejaur i Arjeplog:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/00173939_00245

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for eit nytt imponerande innlegg.

 

Eg får ikkje henta opp korkje dei svenske eller dei danske avisoppslagi, men me får jo ei kjensle av at dette sikuset verkeleg farta vide ikring!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
På 11.10.2018 den 12.18, Lars E. Øyane skrev:

** Henning Rudolf Rönnkvist sin dåp i 1882 hadde vore spennande å sjå!  Er han kanskje døypt i NOREG?

 

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, 827/L0393: Ministerialbok nr. 827A05, 1863-1883, s. 232. Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070213610265

https://www.digitalarkivet.no/pd00000014681736

 

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, 827/L0415: Klokkerbok nr. 827C04, 1864-1886, s. 175. Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20071015610195
 

 

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #66:

 

Eg er skikkeleg imponert over kva du Richard har oppdaga.  Denne fødsli og dåpen til Henning Rudolf Thorbjørn låg verkeleg «langt inne».  Tusen hjarteleg takk!  Og takk til deg, Sven, som gjorde meg merksam på dette innlegget!

 

Då er det jo eit godt spørsmål om kanskje ogso eldste broren Karl Oskar kan vera fødd i Mo i Rana, men det får me vel aldri noko svar på..., eller...?

 

Elles sit me framleis att med den kjempestore utfordringi:  Kva skjedde med Torbjørn Torgersen?  Kvar vart han operert, og kvar døydde han?  Kanskje dei oppdaterte dødsfallsregistrene har svaret?  Eller døydde han i Sverige??

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Torbjørn Torgerson {Bolstad}, f. {i Luster} 17.7.1842, var handelskar og budde heime til våren 1866.

Men våren 1866 flytte Torbjørn Torgersen til Christiania, og han livnærte seg dei følgjande åri som omreisande akrobat og tryllekunstnar.  På 1870-talet nytta han delvis kunstnarnamnet T. Torrino.  Han slutta seg so visstnok til eit omreisande sirkus der han heldt fram som akrobat og linedansar.  Han vart kring 1879 sambuande med Helena Josefina Olofsdotter Rönnqvist frå Luleå i Norrbottens län i Sverige.  Ho var dotter av innerst Olof Andersson Rönnqvist på Månsbyn i Nederkalix, opphavleg frå Näsbyn i Nederkalix, og kona Kajsa Lena Nilsdotter Berglund frå Innanbäcken i Nederkalix og f. i Nederkalix 24.5.1859.  Torbjørn heldt fram som akrobat og sirkusartist, og han og Josefina flytte kring med sirkuset, men Torbjørn skal ha vorte skadd ved eit ulukkeshende, truleg våren 1885, og d. under den påfølgjande operasjonen. 

 

##### (detaljar om dette dødsfallet?)

 

Josefina flytte då attende til Luleå i Norrbottens län der ho 26.7.1891 gifte seg med Fahle Holmgren frå Burträsk i Västerbottens län.  Han var son av jenta Magdalena Johanne Pehrsdotter på Innansjön i Burträsk og f. i Burträsk 20.11.1851.  Fahle var arbeidar, og han og Josefina budde i Luleå, Norrbottens län, men vart skilde i 1898.  Josefina d. i Luleå 10.12.1901, medan Fahle d. same staden 2.4.1919.  Torbjørn og Josefina fekk visstnok tre born i lag:

a. Karl Oskar Torbjørnsson Rönnqvist, f. i Noreg 6.8.1880, men vart døypt i Själevad ved Örnsköldsvik i Ångermanlands (Västernorrlands) län i Sverige 19.8.1880, d. i Luleå, Norrbottens län 9.3.1900.

b. Henning Rudolf Thorbjørn Torbjørnsson Rönnqvist, f. i Mo i Rana, Noreg 6.5.1882, d. i Arjeplog, Norrbottens län 2.6.1952.  Henning gifte seg i Råneå i Norbottens län 17.7.1907 med Ellen Sofia Eriksdotter Holmbom frå Nedre Fläsjö i Råneå, f. i Råneå, Norrbottens län 8.7.1882.  Ho d. i Arjeplog 4.1.1968.  Henning Rönnqvist var steinarbeidar, og han og Ellen budde mellom anna på Sunderbyn i Nederluleå i Norrbottens län, på Løkken verk i Melhus, på Svartbjörsbyn i Överluleå, Norrbottens län, på Fjäl i Lits, Jämtlands län, på Snipsträsk i Råneå, Norrbottens län, på Vaxholm i Arjeplog, Norrbottens län, medan siste kjende bustaden deira var på Sveggejaur i Arjeplog i Norrbottens län, Sverige.  Dei fekk fjorten born i lag.

c. Olofine Ingenie Torbjørnsdotter Rönnqvist, f. i Luleå 8.7.1885, d. i Luleå 29.4.1894.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne svært so «spesielle» huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #68:

 

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegget frå i aftes!

 

Nei, det ser ikkje ut til å vera noki enkel oppgåve å finna dette dødsfallet.  Kanskje er hovudutfordringi å finna ut kva namn han nytta ved dødsfallet...?

 

Ein ny kjempetakk for freistnadane på å løysa denne floka!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.