Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Bertha Kirstine «Kirstina» Torgersdotter (Bolstad) - fødd Luster 1850 - arbeidde ved Dale fabrikker i Bruvik - utvandra til Amerika i 1888 - lagnad?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Bertha Kirstine, kjend som Kirstina Torgersdotter Bolstad, var fødd i Luster 25.12.1850 som yngst av elleve born i huslyden til Torger Bjørnson (1802-1864) og kona Bertha Eriksdotter (1809-1865), husmannsfolk på plassen Heimsneset under Bolstad.

 

Truleg er det ho som i 1875 var tenestejente i Bergen: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052295002685

 

Elles veit me at Kirstina budde ei tid på Dale i Bruvik der ho arbeidde ved Dale fabrikker til ho i 1888 utvandra derifrå til Amerika: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=24792&merk=24792#ovre

 

Ho var den einaste av søskeni som utvandra til Amerika, og eg har ikkje noko forslag om kvar ho kan ha busett seg!

 

Kanskje let det seg gjera finna skipslister frå Amerika som kan fortelja oss kva ho hadde som reisemål?

 

Om eg kunne få hjelp i Brukarforum til å finna lagnaden hennar der borte, ville det vore storveges, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum
Berthe Kirstine Togersen

Norway Baptisms, 1634-1927

birth:
25 December 1850
 
christening:
9 February 1851
LUSTER, SOGN OG FJORDANE, NORWAY
father:
Toger Bjornsen
mother:
Berthe Eriksdr
 
----
 

Emigrantar over Bergen frå Luster kommune.


1888 1432 18/6 Kistine Torgersdatter Bolstad 30 1858 f Lyster Brudvig ug Fabrikpige

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for nytt innlegg som stadfestar opplysningane mine.

 

Eg ser at Kirstina ikkje var so nøye med alderen sin då ho utvandra i 1888, so kanskje ein lyt ta omsyn til dette når ein skal leita vidare etter ho i Amerika...?

 

PS: redigert: Eg oppdaga i ettertid at det var noko gale med «lenken» som eg la inn for utvandringi i innlegg #1, men no er det retta opp!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Leif for eit nytt spennande innlegg!

 

Diverre må eg berre slå fast at dette er eit «skot i blinde».  Denne «Crestina» Bolstad var rett nok òg fødd på ein husmannsplass under Bolstad i Luster, men fødselsdatoen var 29.5.1846, og ho utvandra i 1868 med sin trulova ektemann Ole Østenson Bolstad (1839-1934).  Dei gifte seg i Wisconsin etter dei kom fram, og som du vil sjå hjå «find-a-grave», ligg dei gravlagde i lag, med kvar sin like gravstøtte.  Dei fekk fire born i lag, som alle døydde ugifte!

 

Eg fann forresten passasjerlista for skipet Werra som ankom New York 5.7.1888 - sjå passasjerane #482-487 - heile reisefølgjet frå Bergen - med fødestad «Sweden».  Men so vidt eg kan sjå, er det ikkje oppgjeve kva reisemål dei hadde...:

 

http://interactive.ancestry.com/7488/NYM237_522-0612?pid=8100394&backurl=http%3a%2f%2fsearch.ancestry.com%2f%2fcgi-bin%2fsse.dll%3fgss%3dangs-g%26new%3d1%26rank%3d1%26msT%3d1%26gsfn%3dEllen%26gsfn_x%3dNP_NN%26gsln%3dSeim%26gsln_x%3dNP_NN%26msbdy_x%3d1%26msbdp%3d5%26MSAV%3d1%26msbdy%3d1858%26_83004003-n_xcl%3dm%26cpxt%3d1%26cp%3d12%26catbucket%3drstp%26uidh%3d008%26pcat%3dROOT_CATEGORY%26h%3d8100394%26recoff%3d8%2b9%26db%3dnypl%26indiv%3d1%26ml_rpos%3d2&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true

 

Ole Brynjulfson Mæland frå Voss var ein av dei.  Han utvandra første gongen i 1881 og var fleire gongar heime, men han gifte seg kort før hundreårsskiftet med ei Marie og busette seg som «mason» i Larimore, Grand Forks Co., ND.

 

Eg ser forresten at Kirstina Torgerson utvandra i lag med ei nesten jamnaldrande jente frå Haus, Ellen Johannesdotter Seim, som òg var «fabrikpige» frå Bruvik.  Skal me gissa på at dei heldt i lag ogso etter dei kom til Amerika?  Men KVAR vart dei av?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden til Kirstina i Amerika!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Richard Johan Natvig

Kristine og Ellen reiste i lag med Ole Brynjelsen Mæland, Johannes Jacobsen Øpstedal, Jorind Olsdatter Øpstedal, og Johannes Johannessen Øpstedal, ser vi i "Emigrantar over Bergen frå Luster kommune" som du har lenka til. Dei kom også saman til New York 5. juli, via Bremen, men no er dei blitt til svenskar, heile gjengen! Scanninga av originaldokumentet er utydeleg, ancestry.com har tolka namnet hennar som Kristine Torzensen, men heile gruppa er registrert saman så det kan ikkje vera tvil om at det er rett person.

 

New York, Passenger Lists, 1820-1957:

Name Kristine Torzensen

Arrival Date 5 Jul 1888

Birth Date 1856

Age 32           

Gender Female

Port of Departure Bremen, Germany and Southampton, England

Destination United States of America

Place of Origin Sweden

Ethnicity/Race­/Nationality Swedish

Ship Name Werra

Port of Arrival New York, New York

List Number 907

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Richard Johan for at du har attgjeve passasjerlista.  Det er jo ikkje alle som har tilgjenge til ancestry.com...

 

Eg vonar som nemnt på at dei to ugifte jentene som utvandra frå Bruvik, har halde i lag ogso i Amerika, so finn me den eine, so dukkar kanskje hi opp på same staden?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet frå i fjor, som me den gongen ikkje fann noki løysing på.

 

Eg har diverre ingen nye element å presentera, men vonar at kanskje einkvan likevel kan greia komma på sporet etter denne jenta frå Luster som utvandra via Dale fabrikker.

 

Eg takkar sndå ein gong so mykje for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.