Gå til innhold
Arkivverket

Bertha Kirstine «Kirstina» Torgersdotter (Bolstad) - fødd Luster 1850 - arbeidde ved Dale fabrikker i Bruvik - utvandra til Amerika i 1888 - lagnad?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Bertha Kirstine, kjend som Kirstina Torgersdotter Bolstad, var fødd i Luster 25.12.1850 som yngst av elleve born i huslyden til Torger Bjørnson (1802-1864) og kona Bertha Eriksdotter (1809-1865), husmannsfolk på plassen Heimsneset under Bolstad.

 

Truleg er det ho som i 1875 var tenestejente i Bergen: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052295002685

 

Elles veit me at Kirstina budde ei tid på Dale i Bruvik der ho arbeidde ved Dale fabrikker til ho i 1888 utvandra derifrå til Amerika: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=24792&merk=24792#ovre

 

Ho var den einaste av søskeni som utvandra til Amerika, og eg har ikkje noko forslag om kvar ho kan ha busett seg!

 

Kanskje let det seg gjera finna skipslister frå Amerika som kan fortelja oss kva ho hadde som reisemål?

 

Om eg kunne få hjelp i Brukarforum til å finna lagnaden hennar der borte, ville det vore storveges, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Berthe Kirstine Togersen

Norway Baptisms, 1634-1927

birth:
25 December 1850
 
christening:
9 February 1851
LUSTER, SOGN OG FJORDANE, NORWAY
father:
Toger Bjornsen
mother:
Berthe Eriksdr
 
----
 

Emigrantar over Bergen frå Luster kommune.


1888 1432 18/6 Kistine Torgersdatter Bolstad 30 1858 f Lyster Brudvig ug Fabrikpige

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for nytt innlegg som stadfestar opplysningane mine.

 

Eg ser at Kirstina ikkje var so nøye med alderen sin då ho utvandra i 1888, so kanskje ein lyt ta omsyn til dette når ein skal leita vidare etter ho i Amerika...?

 

PS: redigert: Eg oppdaga i ettertid at det var noko gale med «lenken» som eg la inn for utvandringi i innlegg #1, men no er det retta opp!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif for eit nytt spennande innlegg!

 

Diverre må eg berre slå fast at dette er eit «skot i blinde».  Denne «Crestina» Bolstad var rett nok òg fødd på ein husmannsplass under Bolstad i Luster, men fødselsdatoen var 29.5.1846, og ho utvandra i 1868 med sin trulova ektemann Ole Østenson Bolstad (1839-1934).  Dei gifte seg i Wisconsin etter dei kom fram, og som du vil sjå hjå «find-a-grave», ligg dei gravlagde i lag, med kvar sin like gravstøtte.  Dei fekk fire born i lag, som alle døydde ugifte!

 

Eg fann forresten passasjerlista for skipet Werra som ankom New York 5.7.1888 - sjå passasjerane #482-487 - heile reisefølgjet frå Bergen - med fødestad «Sweden».  Men so vidt eg kan sjå, er det ikkje oppgjeve kva reisemål dei hadde...:

 

http://interactive.ancestry.com/7488/NYM237_522-0612?pid=8100394&backurl=http%3a%2f%2fsearch.ancestry.com%2f%2fcgi-bin%2fsse.dll%3fgss%3dangs-g%26new%3d1%26rank%3d1%26msT%3d1%26gsfn%3dEllen%26gsfn_x%3dNP_NN%26gsln%3dSeim%26gsln_x%3dNP_NN%26msbdy_x%3d1%26msbdp%3d5%26MSAV%3d1%26msbdy%3d1858%26_83004003-n_xcl%3dm%26cpxt%3d1%26cp%3d12%26catbucket%3drstp%26uidh%3d008%26pcat%3dROOT_CATEGORY%26h%3d8100394%26recoff%3d8%2b9%26db%3dnypl%26indiv%3d1%26ml_rpos%3d2&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true

 

Ole Brynjulfson Mæland frå Voss var ein av dei.  Han utvandra første gongen i 1881 og var fleire gongar heime, men han gifte seg kort før hundreårsskiftet med ei Marie og busette seg som «mason» i Larimore, Grand Forks Co., ND.

 

Eg ser forresten at Kirstina Torgerson utvandra i lag med ei nesten jamnaldrande jente frå Haus, Ellen Johannesdotter Seim, som òg var «fabrikpige» frå Bruvik.  Skal me gissa på at dei heldt i lag ogso etter dei kom til Amerika?  Men KVAR vart dei av?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden til Kirstina i Amerika!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kristine og Ellen reiste i lag med Ole Brynjelsen Mæland, Johannes Jacobsen Øpstedal, Jorind Olsdatter Øpstedal, og Johannes Johannessen Øpstedal, ser vi i "Emigrantar over Bergen frå Luster kommune" som du har lenka til. Dei kom også saman til New York 5. juli, via Bremen, men no er dei blitt til svenskar, heile gjengen! Scanninga av originaldokumentet er utydeleg, ancestry.com har tolka namnet hennar som Kristine Torzensen, men heile gruppa er registrert saman så det kan ikkje vera tvil om at det er rett person.

 

New York, Passenger Lists, 1820-1957:

Name Kristine Torzensen

Arrival Date 5 Jul 1888

Birth Date 1856

Age 32           

Gender Female

Port of Departure Bremen, Germany and Southampton, England

Destination United States of America

Place of Origin Sweden

Ethnicity/Race­/Nationality Swedish

Ship Name Werra

Port of Arrival New York, New York

List Number 907

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Richard Johan for at du har attgjeve passasjerlista.  Det er jo ikkje alle som har tilgjenge til ancestry.com...

 

Eg vonar som nemnt på at dei to ugifte jentene som utvandra frå Bruvik, har halde i lag ogso i Amerika, so finn me den eine, so dukkar kanskje hi opp på same staden?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet frå i fjor, som me den gongen ikkje fann noki løysing på.

 

Eg har diverre ingen nye element å presentera, men vonar at kanskje einkvan likevel kan greia komma på sporet etter denne jenta frå Luster som utvandra via Dale fabrikker.

 

Eg takkar sndå ein gong so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Hei, ser det er ein gammal tråd, men eg prøver. Kan dette være samme Kristine som er mor her?? Prøve å finne opphavet til tippoldemor mi som var eit uekte barn som blei satt vekk på ein gard i nordhordaland. Skal angivelig være eit resultat av ein rallar og ei kokke på bergensbana. Altså desse to, men finn ingenting anna på mor hennar, hverken før eller etter barnet. I bryllupet til tippoldemor mi så står hennar ekte far Anders Sjøholm oppført som brud far. 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000026549348

 

Endret av Evelynn Bratland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #10:

 

Hjarteleg takk til Evelynn for spennande innlegg, og velkommi i Brukarforum, Noregs beste forum for ættegransking!

 

Eg har sett på denne fødsli som du nemner: https://media.digitalarkivet.no/view/8794/23

 

og eg er ikkje ein augneblink i tvil om at dette er jenta frå Luster som eg har vore på leiting etter i 40 år!

 

Det er nytt for meg, men eigentleg ikkje overraskande, at ho var kokke på bergensbana.  Ho tente i Bergen i 1875 og var fabrikkarbeidar på Dale i Bruvik i 1888 då ho utvandra til Amerika.  Men diverre har eg enno ikkje greidd å finna ut kvar det vart av ho i Amerika.  Kanskje er dette eit høve til å henta fram att denne utfordringi, som eg vonar einkvan i Brukarforum kan ha tankar om?

 

Elles ville eg ha stor interesse av fleire opplysningar om lagnaden til Anna, dotter hennar, som du seier vart sett bort på ein gard i Nordhordland?  Då er det kanskje denne læraren som gifte seg i Hamre 6.5.1905 med gardbrukar Andreas Monsson Mjelstad: https://media.digitalarkivet.no/view/2129/254

 

Og det er kanskje naturleg å spørja seg om Kirstina kan ha hatt fleire born før ho utvandra til Amerika?

 

Elles høyrer du Evelynn til ein særs spennande huslyd.  Ein av brørne til Kirstina var t.d. omreisande tryllekunstnar og akrobat/sirkusartist, delvis i Sverige!

 

Ein ny kjempetakk for eit spennande innlegg, og ein kjempetakk for alle tilleggsopplysningar om Kirstina Torgersdotter i Amerika og dotteri Anna Mjelstad i Noreg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

On 3/8/2016 at 5:49 AM, Ann-Mary Engum said:

Emigrantar over Bergen frå Luster kommune.

 
1888 1432 18/6 Kistine Torgersdatter Bolstad 30 1858 f Lyster Brudvig ug Fabrikpige

 

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/8/pe00000000680774

 

Ellen Johannesdatter Seim

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/8/pe00000000680773

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

On 3/8/2016 at 2:39 PM, Richard Johan Natvig said:

Kristine og Ellen reiste i lag med Ole Brynjelsen Mæland, Johannes Jacobsen Øpstedal, Jorind Olsdatter Øpstedal, og Johannes Johannessen Øpstedal, ser vi i "Emigrantar over Bergen frå Luster kommune" som du har lenka til. Dei kom også saman til New York 5. juli, via Bremen, men no er dei blitt til svenskar, heile gjengen! Scanninga av originaldokumentet er utydeleg, ancestry.com har tolka namnet hennar som Kristine Torzensen, men heile gruppa er registrert saman så det kan ikkje vera tvil om at det er rett person.

 

Kanskje vi kan finne Kristine Bolstad i nærheten av Øpstedal-familien.

 

Johanes Ofstedal

 in the U.S., Find A Grave Index, 1600s-Current

Name:Johanes Ofstedal

Birth Date:6 Feb 1845

Death Date:13 Dec 1914

Cemetery:Little Norway Lutheran Cemetery

Burial or Cremation Place:Fertile, Polk County, Minnesota, United States of America

Has Bio?:N

Spouse:Jorend Ofstedal

Children:Lars Johannes Jacobson

 

https://www.findagrave.com/memorial/57583007/johanes-ofstedal

 

1910 FT 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M2P3-YKC

 

1900 FT 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M93Z-VH8

 

 

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

18 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Innlegg #10:

 

Hjarteleg takk til Evelynn for spennande innlegg, og velkommi i Brukarforum, Noregs beste forum for ættegransking!

 

Eg har sett på denne fødsli som du nemner: https://media.digitalarkivet.no/view/8794/23

 

og eg er ikkje ein augneblink i tvil om at dette er jenta frå Luster som eg har vore på leiting etter i 40 år!

 

Det er nytt for meg, men eigentleg ikkje overraskande, at ho var kokke på bergensbana.  Ho tente i Bergen i 1875 og var fabrikkarbeidar på Dale i Bruvik i 1888 då ho utvandra til Amerika.  Men diverre har eg enno ikkje greidd å finna ut kvar det vart av ho i Amerika.  Kanskje er dette eit høve til å henta fram att denne utfordringi, som eg vonar einkvan i Brukarforum kan ha tankar om?

 

Elles ville eg ha stor interesse av fleire opplysningar om lagnaden til Anna, dotter hennar, som du seier vart sett bort på ein gard i Nordhordland?  Då er det kanskje denne læraren som gifte seg i Hamre 6.5.1905 med gardbrukar Andreas Monsson Mjelstad: https://media.digitalarkivet.no/view/2129/254

 

Og det er kanskje naturleg å spørja seg om Kirstina kan ha hatt fleire born før ho utvandra til Amerika?

 

Elles høyrer du Evelynn til ein særs spennande huslyd.  Ein av brørne til Kirstina var t.d. omreisande tryllekunstnar og akrobat/sirkusartist, delvis i Sverige!

 

Ein ny kjempetakk for eit spennande innlegg, og ein kjempetakk for alle tilleggsopplysningar om Kirstina Torgersdotter i Amerika og dotteri Anna Mjelstad i Noreg!

 
Tusen takk for ein hyggelig velkomst Lars, og ikkje minst spennande. 
Det var bestefar min som fortalte om Anna Mjelstad som då er hans bestemor.

Ho blei fostra opp på Midtgaard i Alversund hjå Andreas Olsen/Olsson og Syneve Olsdtr som giftar seg her, dei hadde også egne born når Anna kom til dei.

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/327/pv00000001075388

 

Ho hadde det godt der i oppveksten, fekk utdanne seg som lærar og dét var kanskje ikkje alle forunt på den tida? Så det stemmer at ho er lærerinna som gifta seg med Andreas Mjelstad i 1905 og dei fekk fleire born saman og budde på garden hans på Mjelstad, Osterøy.

 

https://www.geni.com/people/Anna-Mjelstad/6000000018797915977


 

 

Stussar litt over att hennar biologiske far: Anders Gustav Sjøholm f.1855 dukkar opp i bryllupet, det må jo bety at dei hadde noko form for kontakt? Utanom dåpen til Anna og bryllupet til Anna har eg ikkje funne noko meir om han...

 

Men kva med denne Kirstine? Du hadde jo mange spennande opplysningar om ho og familien hennar.

godt mulig ho fekk fleire born før ho reiste til Amerika.

Ho var vel oppunder 40 år i 1888 så hadde kanskje ikkje allverden med fruktbare år igjen.

 

Eg har sjølv ikkje klart å funne så mykje om foreldra til Kirstine eller søsken.

 Tryllekunstnarar og akrobatatar var nok ikkje kvardagskost på 1800-talet 😄

 

 Dette er vel kanskje mora til Kirstine og 2 av søskene hennar?

Eller det kan være Kirstine sjølv som heiter Berthe her?

kan det være ho har brukt Berthe navnet i Amerika? 
 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038261000493

 

 

 


Veldig interressert i å vite meir om opphavet til Kirstine:)

 

 

 

Endret av Evelynn Bratland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 hours ago, Evelynn Bratland said:

Stussar litt over att hennar biologiske far: Anders Gustav Sjøholm f.1855 dukkar opp i bryllupet

 

Namnet hans dukkar opp - fordi presten måtte føra opp faren sitt namn.

Det seier ikkje noko om at han var tilstades.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 minutter siden, Jostein Stokke skrev:

 

Namnet hans dukkar opp - fordi presten måtte føra opp faren sitt namn.

Det seier ikkje noko om at han var tilstades.

Ok, eg trudde han måtte vere tilstades for å bli oppført

Endret av Evelynn Bratland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #17:

 

Hjarteleg takk til Sven, Anton, Evelynn og Jostein for fleire interessante og spennande innlegg!

 

Når det gjeld broren til Kirstina som eg kort nemnde i innlegg #10, er han drøfta i eit anna emne i Brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/201403-torbjørn-«bjørn»-torgersen-fødd-luster-1842-linedansar-og-sirkusartist-i-christiania-lagnaden-hans/?tab=comments#comment-1700431

I innlegg #66 finn du ein status for biografien hans!

 

Elles er foreldri deira omskrivne i Luster Gards- og Ættesoge, band I frå 1984 under garden Bolstad på husmannsplassen Heimsnes 2:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Torger Bjørnson Bolstad, frå Øygarden under Heltne i Dale, vart døypt 29.10.1802 og d. som husmann på Bolstad 26.12.1864. Torger vart gift 29.11.1832 med Bertha Eriksdotter frå Vatnet 1 under Bolstad. Ho vart døypt 30.3.1809 og d. som husmannsenkje på Bolstad 28.12.1865. Torger og Bertha fekk 30.7.1836 festesetel på denne plassen i Heimsneset, som då ser ut til å ha vore ein ny plass, og dei vart her levetidi ut. Kanskje borni vart buande her nokre år etter at foreldri var borte, men kring 1870 vart plassen nedlagd, og jordi gjekk attende til garden. Torger og Bertha i Heimsnes fekk elleve born i lag:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Torger hadde båe foreldri sine frå Voss, medan Bertha var av «god gammal» Lustra-ætt!

 

Eg har elles no i kveld vore litt på leiting etter mogelege «kandidatar» for Kirstina Torgersdotter Bolstad i Amerika, og eg ser ho nytta namnet Torgerson i passasjerlistene, men eg finn ikkje nokon som eg tykkjer passar...  Kanskje andre auge ser betre?

 

Har du, Evelynn, forresten opplysningar om dødsfallet til Andreas Mjelstad, og kan du fortelja meg om Anna døydde heime på Mjelstad, eller kanskje på eitt eller annan sjukehus?

 

Når det gjeld Anders Gustav Sjöholm, vil eg leggja ut eit eige tema for å høyra om nokon kan hjelpa oss identifisera han...!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjingi av denne huslyden!        
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.