Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Andrew Paulson - fødd i Virestad, Småland, Sverige 1.11.1847 eller 20.11.1849 - utvandra 1869 eller 1870 til Minnesota?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ei ættetavle på ancestry.com (http://person.ancestry.com/tree/47130572/person/6700478076/facts) fortel oss mellom anna at:

 

Andrew Paulson, fødd i Virestad i Småland, Sverige 1.11.1847 og utvandra til Amerika i 1869 eller 1870, var son av:

 

Jon Persson (1809-1859) og kona Anna Andersdotter (1822-1857).

 

Jon Persson var fødd i Virestad (Gohult?) 13.1.1809 som son av Per Pahlsson og Britta Mansdotter

 

Anna Andersdotter var fødd i Virestad 18.6.1822 som dotter av Anders Larsson og Ingrid Bengtsdotter

 

Andrew Paulson døydde i Minneapolis, MN 4.1.1922, og på gravstøtta hans står det at han var fødd 20.11.1849!

 

Han gifte seg første gongen i Nicollet Co., MN 26.5.1874 med Karen «Carrie» Jenson, fødd i Hafslo, Noreg 28.3.1852, men utvandra i 1853 med foreldri sine til Wisconsin!

 

FT1880 syner at Andrew Paulson då var 33 år gamal!

 

Eg tykkjer dette familie-treet på ancestry.com ser noko «merkeleg» ut.  Om Andrew Paulson hadde foreldri Jon Persson og Anna Andersdotter, korleis fekk han då namnet PAULSON?

 

* Er det nokon som kan hjelpa meg finna eit sikkert opphav i Sverige for den Andrew Paulson som gifte seg med Carrie Jenson og som døydde i Minneapolis, MN 4.1.1922?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Anders Jonsson

post-3741-0-73377900-1457720226_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

HFL for Virestad 1846-1850

 

AID:v20135.b316.s554

 

Anders ble født på plassen Hörda Frälsegård i Virestad.

Navnet Paulson kom sikkert fra bestefaren Pehr Pålsson.

 

samt

 

HFL for Virestad 1800-1810

 

AID:v20126.b176.s280

 

Plassen Gohult

post-3741-0-07654600-1457720811_thumb.jpg

post-3741-0-43494400-1457721077_thumb.jpg

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Anna ble også født på Hörda Frälsgård

 

AID:v20130.b325.s578

post-3741-0-33376500-1457721607_thumb.jpg

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for fleire spennande og interessante innlegg!

 

Desse opplysningane stadfester identiteten til Anders JONSSON fødd i Virestad 1.11.1847.  Under dette namnet utvandra han til Amerika i 1869, men me saknar PROV for at me talar om den same personen som den Andrew PAULSON som gifte seg i Nicollet Co., MN 26.5.1874 med Carrie Jenson - med foreldri Jens og Britha!

 

Lat oss sjå på borni etter dette parfolket:

 

* Julia Mathilde, fødd i Nicollet Co., MN 8.10.1875, døydde 27.9.1882 av difteri

* Anna Berthine, fødd i Nicollet Co., MN 11.1.1877, døydde i Encino, CA 19.3.1961, gifte seg i Winona, MN 10.78.1899 med Oscar Sigfrid Aalbu, «liquor dealer», fødd på Ørlandet 21.8.1873, utvandra 1890(?) og døydde i Minneapolis, MN 9.12.1921 - hadde fleire born som var skodespelarar!

* Louise Christine, fødd i Nicollet Co., MN 9.6.1878, døydde i St. Peter, MN 2.4.1905, gifte seg i Minneapolis, MN 9.6.1897 med Harry Francis Wilson, fødd i NY av svenske foreldre ?.10.1873, døydde ?? - fekk ein son.

* William O., fødd i Nicollet Co., MN 24.6.1880, døydde 24.9.1882 av difteri

* Jens Wilhelm Manuel, fødd i Nicollet Co., MN våren 1883, døydde i Minneapolis, MN 21.4.1898.

 

Eg har vanskar med å sjå noko «mønster» med omsyn til oppkallingar her, bortsett ifrå yngste sonen Jens og andre dotteri som har Berthine...

 

Sven syner i innlegg #2 at utflyttingsdatoen til Anders Jonsson var 19.3.1869, medan det online familietreet syner utvandringsdatoen 9.4.1869 - kan sjølvsagt vera frå passasjerlista, men likevel...?

 

FT1900 syner Andrew Paulson fødd i Sverige november 1849 og utvandra 1867 (og i 1ste ekteskap i 16 år!)

 

FT1910 syner Andrew Paulson fødd i Sverige, 58 år (fødd hausten 1851?) og utvandra 1870 (og i 1ste ekteskap i 25 år!I

 

FT1910 syner Andrew Paulson fødd i Sverige, 70 år (fødd 1849) og utvandra 1869

 

Kanskje det kan hjelpa å sjå på brørne til denne Andrew Paulson, som oppgjevne hjå ancestry.com (slektstreet):

 

* Peter Paulson, fødd i Virestad, Småland 26.8.1841, gift i Sverige kring 1873 med Ingeborg Adolfsdotter - skal ha utvandra 23.5.1883 med kone og fem born: Anna Maria (19.10.1874), Emma Mathilda (10.3.1876), Johan Adolf (18.12.1877), August (23.7.1879) og Peter Emil 4.2.1882), men det ser ikkje ut til at forfattaren har finne att denne huslyden i Amerika!? - NB: EG finn John Adolph PAULSON of Minneapolis, MN, fødd 18.12.1877 i WW1 draftet!

 

* Johan Paulson, fødd i Småland 14.2.1855, skal òg ha utvandra i 1869(?) og døydde i St. Paul, MN 25.3.1944.  Han var gift og hadde ein stor barneflokk.  John Pauiløson budde i St. Paul, MN i 1900 med utvandringsår oppgjeve til 1870!

 

~~~~~~~~~~~~

 

Funni so langt synest underbyggja «påstanden» om at denne søskenflokken rett og slett tok til å kalla seg PAULSON etter at dei utvandra til Amerika, men det hadde vore særleg spennande å sjå på utvandringane til dei to brørne, Peter og Johan, for å sjå KVA NAMN dei nytta då dei utvandra?  Om dei ogso var JONSSØNER?  Kanskje du, Sven, eller andre, kan sjå etter dette for meg?

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Peter Jonsson Ledig med familie

post-3741-0-07383000-1457735376_thumb.jpg

post-3741-0-76207300-1457735382_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

HFL 1866-1870 for Virestad  Johan Jonsson 1855-02-14  (linje 9)  står som "fosterson"

På høyre side ser det ut til at det står veldig svakt "rymt til Amerika"

 

Finner ikke Johan på emiweb som emigrert.

 

I HFL 1871-1876 for Virestad står det en merknad på Johan Jonsson, se vedlegget

 

 

post-3741-0-15206600-1457735785_thumb.jpg

post-3741-0-01054000-1457736434_thumb.jpg

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne-Lise Hansen

Peter Jonsson med familie på Backstugu Granelund i 1880:

 

Jonsson, Peter    1841    Far
Adolfsdotter, Ingeborg    1842    Mor
Johansdotter, Ingrid    1870    Barn
(Barn), Anna Maria    1874    Barn
(Barn), Emma Mathilda    1876    Barn
(Barn), Johan Adolf    1877    Barn
(Barn), August    1879    Barn
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven og Anne-Lise for nyttige og interessante innlegg!

 

Etter dette kan me slå fast at desse søskeni verkeleg tok namnet PAULSON i Amerika.  Kven skulle vel trudd det??

 

Då har eg berre eitt spørsmål kvar om denne huslyden:

 

* Kva YRKE hadde Jon Pehrsson på Hörda Frälsegård?  Gardbrukar?

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne-Lise Hansen

Det står ikke spesielt, men i perioden (1836-1840) blir svigerfaren Anders Larsson undantagshjon, fra å ha hatt tallet 1/4 foran navnet. Jon Pehrson går fra å være dräng til å få tallet 1/4 foran navnet. Dette betyr nok at de drev en fjerdedel av Hörda Frälsegård.

 

Undantagshjon er muligens det samme som føderådsmann: http://aforum.genealogi.se/discus/messages/1063/84074.html?1140377706

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.