Gå til innhold
Arkivverket

Lærar Rasmus Olai Sefland frå Nordfjordeid (1844- ) og lagnaden hans? - Ålesund/Volda? - søskeni til kona hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne huslyden har i mange år vore ei stor «gåte» for meg.  Foreldri døydde svært unge i Lærdal (1866 og 1870) og let etter seg fem små born fødde mellom 1851 og 1864.  Dei tre midterste borni utvandra i lag til Amerika i 1872, 18, 15 og 11 år gamle.  Eldste dotteri vart att i Lærdal og gifte seg der i 1873 med denne læraren frå Nordfjordeid, medan yngste barnet, einaste sonen, visstnok var døvstum og flytte til Bergen der han døydde ung og ugift.

 

Den som gjev meg dei største problemi her, er eldste dotteri og læraren ho gifte seg med.  Dei er usedvanleg «anonyme» i kjeldene våre!

 

Slik ser manuskriptet mitt ut for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Dette manuskriptutdraget er erstatta av eit nytt i #3 nedanfor etter dei fine opplysningane som Rune kom med i innlegg #2!

 

Eg takkar so mykje for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Rasmus Olai Olsen Sefland var gift 1g. 15/4-1868 med Samueline Gjertsdatter Lidene f. 20/10-1848 død 23/2-1869 på Skaarhaug i Eid, Rasmus Sefland er å finne død i Haabøl i Østfold 25/2-1875 begr. 6/3-1875, sønnen Olaf er født i Haabøl, Kari Andersdatter og søn er på Skaarhaug i 1875 hos svigerforeldrene, hun blir gift 2g. på Eid 21/6-1880 med Jens Kristian Eriksen f. 1842 i Trondhjem, garver bor på Nordfjordeid. De er ikke på Eid i 1891. Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Rune for kjempespennande og nyttig innlegg!

 

Du er komen med opplysningar som eg truleg aldri hadde greidd å finna på eigi hand!  No har eg følgt opp og finne ein del andre interessante fakta om denne huslyden, og her følgjer eit oppdatert manuskript (som erstatning for manuskriptet i innlegg #1):

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kari Thomasdotter (Hauge), f. i Luster 1.7.1819,

Kari Thomasdotter flytte i ung alder til Lærdal der ho 4.3.1851 gifte seg med Anders Thoreson frå Lærdalsøyri i Lærdal.  Han var son av husmann Thore Johannesson på Lærdalsøyri, opphavleg frå Bruvoll i Borgund, og kona Kari Andersdotter frå Lærdalsøyri og f. i Lærdal 25.9.1823.  Anders og Kari var plassfolk på Lærdalsøyri i Lærdal der Kari d. 21.7.1866.  Anders Thoreson d. same staden 12.5.1870.  Dei fekk fem born i lag:

a. Kari Andersdotter, f. i Lærdal 18.8.1851, gifte seg i Lærdal 6.10.1873 med enkjemannen Rasmus Olai Olson Sefland frå Skårhaug ytre i Eid, kjend som Rasmus O. Sefland.  Han var son av landhandlar, gardbrukar og sersjant Ole Rasmusson Sefland på Skårhaug ytre, opphavleg frå Sevland, og kona Nilla Oline Iversdotter frå Mellem og f. i Eid 27.9.1844.  Rasmus Sefland gjekk kring 1865 lærarskulen på Stord og gifte seg første gongen i Eid 15.4.1868 med Samuelina Gjertsdotter frå Lien i Eid.  Ho var dotter av gardbrukar Gjert Jacobson i Lien, opphavleg frå Røst, og kona Guri Sjursdotter frå Lien og f. i Eid 20.10.1848, men d. på Skårhaug i Eid alt 23.2.1869.  Rasmus Sefland var visstnok ein tid lærar i Eid, men flytte som enkjemann til Lærdalsøyri i Lærdal.  So vart Rasmus tilsett som lærar ved Tønnerød skule i Hobøl, og parfolket flytte dit.  Men Rasmus Sefland d. i Hobøl alt 25.2.1875, og Kari flytte som enkje attende til Skårhaug i Eid.  Ho gifte seg att i Eid 21.6.1880 med Jens Christian Sivertson Eriksen frå Trondheim.  Han var son av garvarsvein Sivert Eriksen i Trondheim, opphavleg frå Bromstad i Strinda, og kona Ingeborg Johanna, kjend som Johanna Johansdotter frå Indset i Tolga og f. i Trondheim 21.1.1842.  Jens var garvarsvein, og han og Kari budde ei tid på Nordfjordeid og sidan i Volda, men Jens utvandra til Amerika i 1888.  Han var i mange år farmarbeidar («farm laborer») i Primrose og Blue Mounds townships, Dane Co., Wis., men kom i 1920-åri heim att til Ørsta.  Kari d. på sjukehuset i Ålesund 10.10.1928, medan Jens Eriksen d. som enkjemann i Ørsta 3.1.1929.  Rasmus Sefland fekk i alt to born; av dei var ein son frå andre ekteskapet med Kari.

 

     ##### (fekk Kari born i andre ekteskapet med Jens Eriksen?)

 

     ##### (son hennar:

            * Olaf Rasmusson Sefland, f. i Hobøl 22.8.1874, utv. frå Volda 1892 – d. i Madison, WI 2.7.1943 - obituary syner ingen søsken!)

 

b. Britha Andersdotter, kjend som Betsy Anderson (1854-1885), utvandra til Amerika i 1872 og vart der borte gift med gardbrukarsonen Torger Johannesson frå Gjerseggi (1838-1889) (s.d.).

c. Kirsti Andersdotter, kjend som Christine Anderson, f. i Lærdal 15.6.1857, utvandra òg til Amerika i 1872 og gifte seg i Dane Co., Wis. 22.4.1880 med Knut Svendson frå Kråkevik i Ullensvang, i Amerika kjend som Knute Swenson.  Han var son av gardbrukar Svend Asbjørnson på Kråkevik og kona Torborg Dagsdotter frå Åkre og f. i Ullensvang 30.8.1850, men utvandra òg til Amerika i 1872.  Knute var snikkar («carpenter»), og han og Christine busette seg i Madison, Dane Co., Wis. der Knute d. 10.12.1925.  Christine Swenson d. same staden 6.6.1940.  Dei fekk tre born i lag.

d. Metta Marie Andersdotter, kjend som Marie Anderson, f. i Lærdal 17.5.1861, utvandra likeins til Amerika i 1872,

 

     ##### (what beame of her over there? – not mentioned in Christine’s obituary 1940! – biography needed!)

 

e. Thomas Klingenberg Andersson, f. i Lærdal 14.12.1864,

 

     ##### (skal vera flytt til Bergen og vart buande der – truleg identisk med Thomas Andersson Lærdalsøren, døvstum skreddar, som døydde på sjukehuset i Bergen 19.7.1888, ugift – sjekka?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har inne eit spørsmål i Arkivforum om dødsfallet og skiftet etter Thomas Andersson Lærdalsøren i Bergen.  Elles står det i grunnen berre att å finna ut om Kari hadde born med andre mannen Jens Eriksen og kva lagnad den siste søsteri Metta Marie fekk i Amerika, men dette siste spørsmålet vert truleg ikkje so enkelt å svara på...

 

Eg takkar igjen so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Rune for eit nytt interessant innlegg!

 

Eg har blatt igjennom barnedåpane for 1880-åri i Ørsta, men finn ikkje nokon fleire born der.

 

Men eg finn Kari Eriksen med sonen Rasmus i FT1900 - i Ålesund: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037370011775

 

Eg ser derimot ikkje noko til Rasmus i FT1910!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for nytt spennande innlegg!

 

Det kan vel ikkje vera so mykje tvil om at du har finne den «rette» Rasmus som utvandra frå Ålesund i 1901!

 

Men eg kan ikkje sjå noko meir til han i Amerika!  Kanskje fór han attende til Noreg?

 

Ein ny stor takk for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars!

Berre eit par småting:

Samueline er fødd 30. oktober 1848, ikkje den 20!

Og ein annan ting, ver merksam på at Røst er ein gard i Eid, i regelen seinare skrive Ryst, så det er ikkje snakk om øya med same namn i Nordland, om du skulle tru det. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gunnar for siste melding!

 

Eg har no retta opp fødselsdatoen til Samueline.  Elles rekna eg med det ikkje var øya Røst i Nordland det var snakk om; då ville vel presten ha skrive det på eit anna vis, og han ville ikkje ha skrive Røst, men VÆRØY, som er namnet på prestegjeldet!  Dessutan var det svært so usannsynleg at ein gut frå øya Røst skulle flytta til Nordfjord først på 1800-talet...

 

Elles er det so fort å gjera ein skrivefeil, so eg set pris på slike rettingar frå merksame medforskarar!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.