Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Hans Erikson Bjerk (1820-1860) - frå Luster til Bodø - kona Olomina og lagnaden hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Christopher Erikson Bjerk i Steigen (1817-1894) hadde ein bror Hans som òg flytte nordover.  So vidt me veit, har ikkje denne Hans etterkomarar, men me manglar ein del detaljopplysningar om kona hans Olomina, ikkje minst om lagnaden hennar.  Kanskje let det seg gjera finna i alle fall noko meir om denne huslyden?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Dette manuskriptet er erstatta av eit nytt i innlegg #4 nedanfor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten og Sven for interessante og nyttige innlegg!

 

Eg ser denne ætti har vore ivrig debattert før, både i Noreg og i Amerika, og eg har på bakgrunn av dei innkomne og elles andre opplysningar førebutt eit oppdatert manuskript som følgjer (som erstatning for utdraget i innlegg #1):

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Manuskriptet er erstatta av eit nytt i innlegg #7 nedanfor

 

Eg har leitt etter dødsfallet til Ole Hansson i Bodø, men finn det ikkje.  Elles står det ikkje so mange detaljane att, bortsett frå opphavi til foreldri hennar Olomina.

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Peder Ole Martinus Hansen Hangaas:

 

10.04.1918

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Bodø, Ministerialbok nr. 801A18 (1916-1930), Døde og begravede 1918, side 108.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=59848&idx_id=59848&uid=ny&idx_side=-99
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10081208064100.jpg

 

 

Nummer 13

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Bodin i Bodin, Ministerialbok nr. 802A07 (1916-1933), Døde og begravede 1918, side 289.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=59850&idx_id=59850&uid=ny&idx_side=-256
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10051208070257.jpg

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for fantastisk innsats!  Eg bladde gjennom dødsfalli i Bodø, men såg tydeleg ikkje «skogen for berre tre»!

 

No er denne huslyden so godt som komplett, og so vidt eg har forstått, vert det ikkje so lett å finna opphavet til Peder Olson under Holand i Meløy...

 

Nytt manuskript følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: redigert med funnet til Sven i innlegg #8

 

Hans Erikson, f. 6.7.1820,

Hans E. Bjerk flytte i 1845 til Meløy i Nordland og tente i 1848 hjå styrmann og handelsmann Adam Bernhoff på Engen i Meløy, men flytte våren 1856 til Bodø der han 27.12.1856 gifte seg med Olomina Pedersdotter frå Holand i Meløy.  Ho var dotter av husmann Peder Olson på ein plass under Holand, opphavleg frå sjølve garden Holand, og kona Randina Haagensdotter frå Nordbostad i Nesna og f. i Meløy 12.6.1826.  Hans og Olomina slo seg ned som plassfolk på Strondi under Bodøgard i Bodø der Hans d. alt 14.10.1860.  Olomina gifte seg 7.9.1862 att i Bodø med Peder Ole Martinus, kjend som Ole Hansson frå Isvika, Straumen i Bodø.  Han var son av gardbrukar Hans Andreasson i Isvika, opphavleg frå Urskaret i Bodø, og kona Elen Christine Olsdotter frå Bottenvatne i Saltdal og f. i Bodø 31.5.1838.  Ole tok over som husmann på Strondi under Bodøgard i Bodø etter Hans Bjerk og budde der til han og Olomine i 1885 utvandra til Amerika.  Dei busette seg i Warren, Marshall Co., Minn. der Olomina d. 10.12.1889.  Ole Hansson, sidan kjend som Ole Hangaas, visstnok etter bustaden på Strondi under Bodøgard, flytte kring 1890 attende til Bodø der han gifte seg att og livnærte seg som slakteriarbeidar.  Han d. i Bodø 10.4.1918.  Hans og Olomina fekk ikkje born i lag, men i andre ekteskapet med Ole Hansson fekk Olomina to born.  Dessutan fekk Ole tre born i andre ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So takkar eg nok ein gong for kjempefin innsats!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tredje dåp fra toppen på høyre side?

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Meløy i Rødøy, Ministerialbok nr. 841A03 /2 (1777-1819), Kronologisk liste 1799, side 277-278.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=17105&idx_id=17105&uid=ny&idx_side=-55
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20071025630267.jpg

 

 

 

FT1801

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058472002151

 

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for siste avklarande innlegg.  Dette må jo vera den Peder Olson me leiter etter, og problemet er soleis heilt løyst!

 

Eg er kjempenøgd og takkar på ny!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.