Gå til innhold
Arkivverket

Hans Ellefsen (Aasen) (1760-1813) frå Luster via Fjaler til Bergen - kven var kona hans og kvar vart det av borni deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har slite i mange år med å avsløra løyndomen attom denne huslyden med røter i Luster.  Kanskje kan nokon med nye tankar hjelpa meg kasta meir ljos over problemet?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Manuskriptutdraget er erstatta av eit nytt i innlegg #6 nedanfor!

 

Ei særleg utfordring her ligg i den sokalla eldste sonen Jens.  Han ber rett nok namnet Hansson, men han påstås vera fødd i Fjaler på garden Skage, og han er etter mitt syn fødd alt for tidleg til å vera son av Hans Ellefsen!  Kan det tenkjast me har eit nytt døme på at kona hadde med seg ein son inn i ekteskapet?

 

Her er huslyden i 1801:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390007281

 

Og her er Hans med sonen Jens i undersøkjingskommisjonen 1804:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=2323&merk=2323#ovre

 

Eg vonar at nokon kan «sjå» samanhangen io denne huslyden, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan siste vielsen i mai 1817 være aktuell?

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 7 (1725-1826), Ekteviede 1817, side 188-189.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8640&idx_id=8640&uid=ny&idx_side=-96
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306660641.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for interessant innlegg!

 

Eg trur nok at du har finne rett par, og sjølv om alderen hennar ikkje stemmer heilt, trur eg det var ho som var dotter av Hans Ellefson.  Namnekombinasjonen Anna Bertha Hansdotter er svært uvanleg, i alle fall i Bergen!

 

Eg har oppgradert manuskriptet i innlegg #1.  Kanskje let det seg gjera å identifisera Johannes Eriksen?

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er det sønnen Jens som er innført i undersøkelseskommisjonen som Jens Hansen Schage, 26 år, grenader? 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=2324&merk=2324#ovre

 

Er dette samme Jens Schage i f.t. 1815 for Bergen?

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01051079010775

 

Denne Jens Schage bodde i DK i 1815 og i 1835 dør allmisselem Jens Andersen Schage i DK-sognet:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000001039286

 

I 1801 er det en ugift innkvartert grenader i Bergen ved navn Jens Andersen Skage:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390011108

 

Men i 1801 står også Hans Ellevsens sønn, Jens Hansen, innført som soldat:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390007281

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for interessant innlegg!

 

Paret som du fann i FT1815 må vera dette:

 

Jens Andersson, grenader, og Engel Jacobsdotter, vigde i Krosskyrkja i Bergen 13.10.1805

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. A 9 (1743-1861), Ekteviede 1805, side 120.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8681&idx_id=8681&uid=ny&idx_side=-130
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321630038.jpg

 

og her er trulovingi deira 5.9.1805 - Jens Andersson SCHAGE og Engel Jacobsdotter:

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Korskirken, Forlovererklæringer nr. II.5.1 (1776-1816), Lysninger 1805, side 250.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4578&idx_id=4578&uid=ny&idx_side=-262
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060622080100.jpg

 

Og no ser eg at Skage-namnet må vera frå GAULAR og ikkje FJALER, for her finn eg denne dåpen 2.10.1776:

 

Jens, «uægte» son av Anders Andersson Hartlebrekke og Anna Knutsdotter Skage!!

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gaular, Ministerialbok nr. A 1 (1755-1785), Fødte og døpte 1776, side 38.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11412&idx_id=11412&uid=ny&idx_side=-39
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070227270041.jpg

 

Kjempebra!!  Då har me opphavet både til Jens og til mori Anna..., og neste stoppestad er kan henda ei bygdebok for Gaular?

 

Tillegg:  Eg fann eit sjeløeregister for Gaular, men ingen «passande» namn på Skage!

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gaular, Sjeleregister nr. (1759-1759), Sjeleregister 1759, uten sidenr.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4869&idx_id=4869&uid=ny&idx_side=-5
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060623120183.jpg

 

so kvar var Anna Knutsdotter ifrå?

 

Ein ny stor takk for hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter litt leiting har eg no finne opphavet til Anna Knutsdotter i Gaular.  Ho er nemnd 23 år gamal i skiftet etter Knut Olson Skagen frå 1770!

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Lenet tinglag, Skifteprotokoll A 8b , 1769-1775, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Fol. 458-912. EDB-register.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24195/40/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081126670040.jpg

 

Eg trur òg eg kan ha identifisert Engel Jacobsdotter, kona hans Jens.

 

Redigert: Dette er no stadfest frå Austrheim - foreldri hennar heitte Jacob og Kari, so kva er då meir naturleg enn Karen Jacobia??

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar utdraget frå innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Ellefson (Aasen), f. i Luster kring 1760, vart konfirmert her i 1778.

Hans Ellevsen flytte kring 1780 til Bergen der han 23.5.1784 gifte seg med Anna Knutsdotter frå Skagen i Gaular.  Ho var dotter av gardbrukar Knut Olson på Skagen, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Anna Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Gaular kring 1747.  Hans var snikkar, og han og Anna busette seg i Kjældersmuget i Bergen der Hans d. 18.2.1813.  Anna

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – Hans busett i 10-147 både 1801 og 1813! – 1804: barkemaler)

 

Dei fekk to born i lag, men Anna hadde òg ein son frå før:

a. Jens Andersson, òg kjend som Jens Schage, var son av Anna og Anders Andersson frå Hatlebrekke i Gaular og f. i Gaular 30.9.1776.  Han flytte med mor si til Bergen og d. som almisselem i Bergen 31.8.1835.  Jens gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 13.10.1805 med Engel Jacobsdotter frå Skorholm i Austrheim.  Ho vart døypt i Austrheim, Lindås 21.3.1773 og d. av kolera på enkjefattighuset i Bergen 13.2.1849.  Jens var i mange år soldat, men livnærte seg sidan som snikkar.  Dei budde i Bergen levetidi ut.  Jens og Engel fekk ikkje born i lag, men Engel hadde ei dotter frå før.

b. Knut Hansen, døypt i Luster 26.1.1785,

 

     ##### (n. 1801 – lagnaden hans?)

 

c. Anne Bertha Hansen, f. i Bergen 2.2.1788, d. på tukthuset i Bergen 7.1.1844.  Ho vart trulova i 1811 og gift i Domkyrkja i Bergen 26.5.1817 med Johannes Erikson frå  

 

     ##### (opphavet hans? – Bjørkeland?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli hans? – 26 år i 1817, men Anna Bertha var 25!)

 

     Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1844! – kan henda Johannes Eriksen d. på sjukehuset i Bergen 28.12.1820 – 35 år!?)

 

     Johannes var bakararbeidar, og han og Anna budde i Bergen.  Dei fekk to døtrer i lag.

 

     ##### (døtrene:

            * Anna Johanne, f. Bergen (9-107) 22.6.1816

            * Elen Marie, f. Bergen (10-196) 11.4.1820 – d. 8.10.1820)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Den store utfordringi no er vel Knut Hansen, fødd i Luster 1785!  Kvar kan han ha vorte av?

 

Elles vonar eg at einkvan kan gjera eit oppslag i bygdeboki for Gaular for å identifisera foreldri til Anna Knutsdotter.  Dødsfallet hennar i Bergen er ei anna soge...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Det er i kveld kome fram under dette emnet: (https://forum.arkivverket.no/index.php?app=forums&module=post&section=post&do=reply_post&f=6&t=201911), skiftet etter Ole Ellefson i Gulen 1815, ein bror av Hans, at det i 1815 berre levde att eitt barn etter Hans i 1815, nemlig dotteri Anne Bertha, som arva full brorlodd etter Ole.  Dette tyder at sonen Knut, fødd 1785, som framleis levde i 1801, må vera avliden mellom 1801 og 1815, truleg alt før 1804, for han er ikkje nemnd i Undersøkjingskommisjonen frå det året!  Eldste «sonen» Jens har me i mellomtidi avslørt som son av Anna Knutsdotter og ikkje av Hans!

 

Utfordingane i dette emnet vert då i første rekkje:

 

** Finna dødsfallet til enkja etter Hans, Anna Knutsdotter?

 

** Finna dødsfallet til Knut Hansson?

 

** Identifisera Johannes Erikson (Bjørkeland)?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johannes Erikson frå  

 

     ##### (opphavet hans? – Bjørkeland?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli hans? – 26 år i 1817, men Anna Bertha var 25!)

 

     Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1844! – kan henda Johannes Eriksen d. på sjukehuset i Bergen 28.12.1820 – 35 år!?)

 
???
 
Høyre side, nr. 33 - Johannes, sønn av Erich Johannesen Biørcheland og Martha Marcusdatter:
Hordaland fylke, Hosanger i Hosanger, Ministerialbok nr. A 2 /1 (1766-1793), Fødte og døpte 1789, side 76. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11496&idx_id=11496&uid=ny&idx_side=-77
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070509610330.jpg

 

Erik Biørcheland var enkemann da han giftet seg med Martha Marcusdatter:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000352664

 

Her er antakelig første ekteskapet til Erich

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000155089

 

I 1801 funner jeg Erich Johannesen gift for tredje gang:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058385000691

 

Da er nok dette bevillingen til ekteskapet med Martha Knudsdatter i 1790 - nær slekt:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/131/pc00000000182759

 

Og her er ekteskapet:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000352694

 

Moren til Johannes døde i 1789 - se høyre side, høyre spalte 15. søndag etter Tref. 

Hordaland fylke, Hosanger i Hosanger, Ministerialbok nr. A 2 /1 (1766-1793), Døde og begravede 1786-1790, side 87. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11496&idx_id=11496&uid=ny&idx_side=-88
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070509610341.jpg

 

Johannes ble konfirmert i Hosanger i 1805 - se høyre side:

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Hosanger, Ministerialbok nr. A 3 (1793-1811), Konfirmerte 1802-1806, side 95b-96a. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1913&idx_id=1913&uid=ny&idx_side=-151
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050823010382.jpg

 

Erich Johannesen Biørcheland døde i Hosanger i 15.08.1814:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000001268859

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser ut som Johannes Eriksen Bjørkeland ble saksøkt i Bergen i i 1811:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/241/pc00000000298842

 

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bgdom1811&sideid=29

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bgdom1811&sideid=30&storleik=

 

Hvis dette er vår mann, må han han flyttet til Bergen en eller annen gang mellom 1805 og 1811. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Elles vonar eg at einkvan kan gjera eit oppslag i bygdeboki for Gaular for å identifisera foreldri til Anna Knutsdotter.  Dødsfallet hennar i Bergen er ei anna soge...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Eg var inne på biblioteket ein tur i dag, og sjekka BB Gaular.

 

Familien finn vi ført både på Rytne og på Skagen. Knut Olsen er fødd på Skagen, men flytta til Rytne då han vart gift. Barna er fødde der. Seinare flytta han tilbake Skagen og tok over familiegarden der.

 

Knut Olsen er oppgitt å vere fødd kring 1717, og død på Skagen 1770. Foreldra hans var Ola Sjurson, f kr. 1688 og død på Skagen 1763. Mor var Ales Larsdotter d. kr. 1740 (ikkje meir opplysningar om ho).

 

BB Gaular har ikkje opplysningar om foreldra til mor til Anna, utanom at ho heitte Anna Olsdtr. Ein tanke kan vere om Ola Olson (død kring 1745 på Rytne, gift med Inger Øysteinsdotter, død 1755 på Selberg),som dreiv Rytne før Knut kom dit, kan vere far hennar, men dette er i så fall opplysningar som ikkje bygdebokforfattaren har fått med.

 

Knut Olsen og Anna Olsdtr flytta tilbake til Skagen på slutten av 1750-talet. Yngste barn er fødd på Rytne i 1756, og dei er oppført som drivarar på Skagen i 1760.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Egil for interessante og nyttige opplysningar om denne huslyden.

 

Eg er gansken so sikker på at du, Grethe, har finnne den «rette» Johannes Erikson Bjørkeland.  Me veit han var bakararbeidar, og at han stal mjøl frå ein bakar, er vel kanskje ikkje so «spesielt»...  Denne saki kan jo òg vera ei forklaring på at det gjekk seks år mellom trulovingi og vigsli her...

 

Det var òg kjempebra, Egil, å få på plass dei manglande detaljane om opphavet til Anna Knutsdotter i Fjaler.

 

Etter dette er det berre stadfestingi av dødsfallet til Anna Knutsdotter og lagnaden til sonen Knut Hansen som står att.  Kven av dei to Anna'ane som er «vår», er nok ikkje so godt å seia sikkert, om det i det heil er ei av dei...  Kanskje hadde det vore ei hjelp å finna Anna Bertha i FT1815 for Bergen?

 

Dødsfallet til Knut Hansen er kanskje værre å hanskast med...?  Kan han vera avliden utanfor Bergen?  Kanskje han var utkommandert soldat i svenskekrigen og døydde der?  Ikkje godt å seia...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Ellefson (Aasen), f. i Luster kring 1760, vart konfirmert her i 1778.

Hans Ellevsen flytte kring 1780 til Bergen der han 23.5.1784 gifte seg med Anna Knutsdotter frå Skagen i Gaular.  Ho var dotter av gardbrukar Knut Olson på Skagen og kona Anna Olsdotter, kan henda frå Rytne, og f. i Gaular kring 1747.  Hans var snikkar, og han og Anna busette seg i Kjældersmuget i Bergen der Hans d. 18.2.1813.  Anna d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – Hans busett i 10-147 både 1801 og 1813! – 1804: barkemaler

       ei Anna Knudsdotter d. som enkje frå sjøfarendeshuset og vart gravlagd 26.7.1813, 71 år

       ei Anna Knudsen d. på sjøfarendes fattighus i Årstad 24.6.1836, 92 år – ei av desse??)

 

Dei fekk to born i lag, men Anna hadde òg ein son frå før:

a. Jens Andersson, òg kjend som Jens Schage, var son av Anna og Anders Andersson frå Hatlebrekke i Gaular og f. i Gaular 30.9.1776.  Han flytte med mor si til Bergen og d. som almisselem i Bergen 31.8.1835.  Jens gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 13.10.1805 med Engel Jacobsdotter frå Skorholmen i Austrheim.  Ho vart døypt i Austrheim, Lindås 21.3.1773 og d. av kolera på enkjefattighuset i Bergen 13.2.1849.  Jens var i mange år soldat, men livnærte seg sidan som snikkar.  Dei budde i Bergen levetidi ut.  Jens og Engel fekk ikkje born i lag, men Engel hadde ei dotter frå før.

b. Knut Hansen, døypt i Luster 26.1.1785,

 

     ##### (n. 1801 – lagnaden hans? – d. barnlaus før 1815!)

 

c. Anne Bertha Hansen, f. i Bergen 2.2.1788, d. på tukthuset i Bergen 7.1.1844.  Ho vart trulova i 1811 og gift i Domkyrkja i Bergen 26.5.1817 med Johannes Erikson frå Bjørkeland i Hosanger, i Bergen for det meste kjend som Johannes Eriksen.  Han vart døypt i Hosanger 31.8.1789 og d. visstnok på sjukehuset i Bergen 28.12.1820.  Johannes var bakararbeidar, og han og Anna budde i Bergen.  Dei fekk to døtrer i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So vil eg på ny takka for kjempefin dugnadsinnsats som har gjort denne huslyden nesten komplett!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.