Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Øyanes påskenøtt #1: Lars Janson fødd i Luster 1833 - via Christiania til Amerika i 1881 - lagnaden til denne huslyden?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Etter mitt syn finst det ikkje betre påskenøtter enn dei som har med ættegransking å gjera.  Her kjem det ei:

 

Lars Janson (Hengesteg), fødd i Luster 8.1.1833 som son av Jan Jacobson og Kirsti Larsdotter, plassfolk i Røysi under Hengesteg i Luster, flytte i ung alder til Christiania der han 14.11.1875 gifte seg med Anna Sophie Hellesdotter frå Wøyen i Asker, fødd i Asker 14.11.1838 som dotter av husmann Helle Amundson i Wøyeneiget og kona Haagina Trulsdotter frå Skollerud.

 

Lars var snikkarsvein, og parfolket budde i Theatergata i Christiania til dei i 1881 utvandra til Amerika.  Som reisemål vart oppgjeve Chicago, IL

 

Eg kjenner til ei dotter etter dei:

 

* Henrietta, fødd i Christiania 23.9.1877, utvandra med foreldri i 1881.

 

Eg har absolutt INGEN opplysningar om korleis det gjekk med denne huslyden i Amerika, MEN eg fann denne innførsli i Social Security databasen i USA, kan vera eit alternativ...?

 

* Henrietta McNamara, fødd 23.9.1877, social security issued in Massachusetts, døydde i Framingham, MA april 1978, vel 100 år gamal.

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

* Henrietta McNamara, fødd 23.9.1877, social security issued in Massachusetts, døydde i Framingham, MA april 1978, vel 100 år gamal.

 

Kan det være denne som er født i Nova Scotia?  Fødselsåret er riktignok 1878 her...

post-3741-0-43836300-1458370659_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for avklarande melding!

 

At tyder på at du har finne den Henrietta McNamara som hadde same fødselsdato som «vår» Henrietta, og ho er IKKJE den me ønskjer...

 

So, då er det «back to square #1»

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

?????

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:Q2M3-1FZZ

 

Name: Henrietta Johnson
Event Type: Death
Event Date: 09 Oct 1881
Event Place: Chicago, Cook, Illinois, United States
Address: 733 Carroll Ave
Gender: Female
Age: 4
Marital Status: Single
Birth Year (Estimated): 1877
Birthplace: , , Norway
Death Year (Estimated):
Funeral Home: Wold Wueff
Burial Date: Oct 1881
Burial Place: Chicago, , Illinois
Cemetery: Graceland
Informant's Name: C J Lewis
 
 
 
 
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:QVS2-7YWQ

 

Name: Henriette Jansen
Event Type: Immigration
Event Date: 1881
Event Place: New York City, New York, United States
Gender: Female
Age: 4
Birth Year (Estimated): 1877
Birthplace: Norway
Ship Name: Thingvalla
 
 
 
 
 

post-541-0-96851800-1458373039_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Flott,Grethe!:-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Grethe, du imponerar, igjen!  Hjarteleg takk for kjempefine innlegg!

 

Mykje talar for at du har finne den «rette» Henrietta, både stad og alder høver «fortreffeleg»!

 

Men let det seg gjera finna att foreldri?  Fekk dei kan henda fleire born?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Kanskje denne  Lars Johnson, død 10. april 1891? https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:Q2M3-RSJ2

Han har rett alder, er gravlagt på samme kirkegård som Henrietta, og står med yrke cabinet maker.

 

Name  Lars Johnson
Event Type  Death
Event Date  10 Apr 1891
Event Place  Chicago, Cook, Illinois, United States
Gender  Male
Age  57
Marital Status  Married
Race  White
Occupation  Cabinet Maker
Birth Year (Estimated)  1834
Birthplace  , , Norway
Cemetery  Graceland
Source Reference  7739

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. for gedigent funn!  Det høyrest ut som om du har finne den rette Lars Johnson som avliden i Chicago, IL i 1891.  Kan henda kan kyrkjegardskontoret hjelpa oss vidare.  Eg vil freista kontakta dei neste veke...

 

Kanskje Anna Sophie Johnson òg vil dukka opp same staden?

 

Eg må berre takka og bukka nok ein gong for framifrå innsats!  Imponerande!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne gamle påskenøtten etter at eg i dag har gjort fleire spennande funn!

 

Ein telefon til Graceland cemetery i Chicago, IL i dag i samband med ei anna sak, gav som resultat at Lars Johnson (død 1891) og Henrietta Johnson (død 1881) båe ligg gravlagd i einskildgravarl og det er ikkje noko å sjå til Anna Sophie Johnson.  Men eg er ganske so sikker på at det er «vår» Lars Johnson som gravlagd på Graceland,

 

So har eg òg oppdaga at kona i 1865 går under namnet Sophie og då tente i Akersgata i Christiania: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038027025711

 

sjølv om ho ikkje formelt flytte før i 1875: https://media.digitalarkivet.no/view/7738/39

 

Men før ho var kommi so langt, hadde ho ein son Hans Martin Andreasson, fødd i Wøyeneiget 10.7.1859, men døypt på Grønland i Christiania: https://media.digitalarkivet.no/view/625/87

 

Og eg lurer på om denne sonen kanskje kan vera han som sidan dukkar opp i Christiania:

 

* 1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037045082598

 

* 1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036392269880

 

Eg veit ikkje om ei oppsporing av Hans Martin kan bidra til å finna att mori i Amerika, men det er lov å vona...  For at det me veit, kan jo mori vera attendekommi frå Amerika etter at både dotteri og mannen var avlidne??  Eller hadde ho fleire born??

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Lars Janson {Hengesteg}, f. {i Luster} 8.1.1833,

Lars Janson flytte i ung alder til Christiania (Oslo) der han 14.11.1875 gifte seg med Anna Sophie, kjend som Sophie Hellesdotter frå Vøyen i Bærum.  Ho var dotter av husmann Helle Amundson på ein plass

 

##### (kva for ein?)

 

under Vøyen, opphavleg frå

 

##### (tydeleg fødd i Vøyeneiget: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058218002024

 

og andre kona Haagina Trulsdotter frå Skollerud

 

##### (sjekka opphavet hennar?)

 

og f. i Bærum 14.11.1838, men flytte i 1875 til Christiania.  Lars var snikkarsvein, og huslyden budde i Theatergaten i Christiania til dei i 1881 utvandra til Amerika.  Dei oppgav då Chicago, Ill. som reisemål, og der finn me dei att under namni Lars og Sophie Johnson.  Lars livnærte seg som møbelsnikkar («cabinet maker») og d. i Chicago, Ill. 10.4.1891, medan Sophie

 

##### (date and place of her death? – after 1891!)

 

Dei fekk ei dotter i lag, men Sophie hadde òg ein son frå før:

 

##### (sjekka at det ikkje var fleire born i huslyden?)

 

a. Hans Martin Andreassen, son av Sophie og Andreas Gunderson Ulvind frå Eidsvoll

 

     ##### (gift mann – detaljar om han?)

 

     var f. i Bærum 10.7.1859,

 

     ##### (lagnaden hans? – kan dette vera han:

            1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037045082598

            1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036392269880

 

b. Henrietta L. Johnson, f. i Christiania 23.9.1877, utvandra med foreldri til Amerika i 1881, men d. i Chicago, Ill. alt 9.10.1881.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!  Finst det kanskje ein bygdebok for Bærum som kan bidra med tilleggsopplysningar om husmannsplassane under Vøyen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland
17 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

a. Hans Martin Andreassen, son av Sophie og Andreas Gunderson Ulvind frå Eidsvoll 

     ##### (gift mann – detaljar om han?)

Kilde: http://genealogi.no/lakuner/utdrag-eidsv.pdf

 

Kona Thea Randine Halvorsdatter på tukthuset i FT1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038027007644

 

 

ulvind.jpg

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Far til Andreas Gundersen Ulvind?

 

  • ID: I20236
  • Name: Gunder Alfsen Lynes 1
  • Sex: M
  • Birth: 1795 1
     
     


    Father: Alf Gunnersen Holt b: 1766 
    Mother: JØRAN Hansdatter Løken b: 1767 in Nystun Løken, Eidsvoll

    Sources:
    1. Title: Nannestad Sept 2004.FTW
      Note: Source Medium: Other

https://wc.rootsweb.ancestry.com/cgi-bin/igm.cgi?op=SHOW&db=bjerkek&recno=568

 

----

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Vielse nummer 10 - Samme mann??

 

SAO, Nes prestekontor Kirkebøker, F/Fa/L0008: Ministerialbok nr. I 8, 1859-1874, s. 316
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060307021159
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven og Ann-Mary for interessante opplysningar som gjeld barnefaren frå Bærum frå 1859.

 

Andreas Gunderson er med andre ord fødd på Ulvind på Eidsvoll kring 1823 og var gardbrukar der i alle fall til ut i 1860-åri...  Sidan ser det ut til at ogso livet hans er vorte «snutt på hovudet»...?  Kanskje døydde han i Nes på Romerike der han gifte seg att i 1871...?

 

Men langt viktigare i denne samanhangen er det for meg å få sjekka ut om eg har finne den «rette» Hans Martin Andresen i Christiania...?  Kanskje finst det ei dødsannonse der ute ein stad?  Eller andre kjelder?  Kanskje kan vigsli hans finnast?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å skaffa oversyn over denne ætti!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp
På 28.6.2018 den 20.28, Lars E. Øyane skrev:

a. Hans Martin Andreassen, son av Sophie og Andreas Gunderson Ulvind frå Eidsvoll

 

     ##### (gift mann – detaljar om han?)

 

     var f. i Bærum 10.7.1859,

 

     ##### (lagnaden hans? – kan dette vera han:

            1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037045082598

            1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036392269880

 

Ja, der ser ut til å være han. Gift med Karoline Nilsen 2.8.1890 i Kampen kirke. Farens navn er oppgitt å være Andreas Gundersen Ulverud: https://media.digitalarkivet.no/view/5796/62

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp

28076661_Skjermbilde2018-06-30kl_21_05_06.png.e159893481b3cf6bb4e181838f7024ce.png

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp

Nes bygdebok. 2 2 : Bruks- og slektshistorie [Østfjerdingen]

 

1462779429_Skjermbilde2018-06-30kl_21_14_38.png.9960d9d092befe19faf3d9fafa5c96cf.png

 

1687321182_Skjermbilde2018-06-30kl_21_11_12.png.55976322ddfef23cb6056ff4416488e7.png

1083891009_Skjermbilde2018-06-30kl_21_11_27.png.7dac3769b0bf83ffbc618460f3188436.png

1547421451_Skjermbilde2018-06-30kl_21_11_44.png.e72e41f5ffaa09686e385084b62a63e1.png

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for skikkeleg interessante innlegg om denne huslyden!

 

Det var kjekt å få på plass detaljane kring husmannsplassane under Vøyen.  Når det gjeld Haagina Trulsdotter og Skollerud, ser eg ho vart døypt i 1803, og foreldri hennar, Truls Halvorson og Anna, dreiv i 1801 1/32 del av garden, so dei må vel vera å rekna som gardbrukarar...

 

Du har ogso greidd å avsløra at det verkeleg var «vår» Hans Martin Andresen som vart statsvognmann i Christiania/Oslo.  Diverre seg eg ikkje noki referanse til mori Anna Sophie, og ingen av borni hans ser ut til å ha utvandra (dei kunne jo teoretisk vera farne til bestemori i Amerika...), men opplysningane reiser nokre nye spørsmål.

 

** Er det mogeleg å finna att Hans Martin i FT1865 og 1875 for å sjå kvar han voks opp?

 

** Kanskje konfirmasjonen hans frå Christiania 1874 kan finnast?

 

Eg er forresten litt oppteken av spørsmålet om Anna Sophie Hellesdotter kan ha hatt fleire born etter ho flytte til Christiania og før ho gifte seg med Lars Janson?  Eller kanskje hadde dei to fleire born i lag enn dotteri Henriette?

 

Elles har eg òg sett litt meir på Andreas Gunderson, barnefaren.  Det står ved vigsli hans i Nes på Romerike i 1871 at han då budde på Batterud sag i Aurskog, og eg fann to born fødde av Andreas og den nye svenske kona hans Stina Ellefsdotter i Aurskog, Bolette Karoline (1872) og Gustav (1875), men eg ser ikkje noko meir til huslyden etter 1875!  Kanskje flytte dei til Sverige?

 

Sjølv om dette ikkje ser ut til å bringa oss noko nærare lagnaden til Anna Sophie Hellesdotter (Johnson) i Amerika, er eg kjempeglad for alle desse nye opplysningane.  Dei høyrer tross alt til biografien vår!

 

Her følgjer ein oppdatert versjon som erstattar manuskriptet i innlegg #11 over:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av et nytt i innlegg #25 under

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne utfordrande biografien!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp

Hans Martin Andreassen ble konfirmert 4.10.1874 i Garnisonsmenigheten. Det står at pleiefar er vognmann Kjos på Rodeløkken (nr. 9): https://media.digitalarkivet.no/view/614/157

 

Jeg finner igjen vognmann Thoer Amundsen Kjoss i Langesgate 1 i FT1875, og der står Hans Martin oppført som tjener (nr. 9): https://media.digitalarkivet.no/view/52040/497?indexing=

 

Den eneste som ser ut til å passe i FT1865 er Martin Andreassen som er fosterbarn på Nesodden/Oppegård: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038010001736

 

Endret av Lars Waaltorp

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp
10 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

   ##### (borni deira (alle levde 1932 i Oslo):

            * Ludvik Nicolai, f. Christiania 4.5.1891

            * Henry Martinus, f. Christiania 17.11.1894

            * Alfred, f. Christiania 13.9.1900

            * Dagny Konstanse, f. Kristiania 23.1.1905)

 

Jeg fant en datter til, Karen Sofie Henriette, f. 23.10.1898: https://media.digitalarkivet.no/view/639/50

Hun døde 12.12.1898: https://media.digitalarkivet.no/view/4879/240

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for fantastiske og imponerande innlegg!

 

Eg ser at fostermori, Sophia Arnesdotter Kjos, var fødd i Bærum 13.10.1840: https://media.digitalarkivet.no/view/7735/186

 

og ho syner seg vera dotter av Arne Helleson som igjen var ein halvbror av Anna Sophie Hellesdotter:

 

Name Arne Hellesen
Birth Date 1815
Age 25
Spouse's Name Anne Kirstine Ellingsdr
Spouse's Birth Date 1818
Spouse's Age 22
Event Date 13 Nov 1840
Event Place Asker, Akershus, Norway
Father's Name Helle Amundsen
Spouse's Father's Name Elling Simensen

 

Sophia Kjos var med andre ord (halv-)søskenbarn av Hans Martin Andresen, og her ser me òg kvar han lærte vognmannsyrket!

 

Eg har søkt litt meir etter Anna Sophie i Chicago, IL, og eg finn ei Sophie Johnson som i 1900 er kommi på ein gamleheim, ei barnlaus enkje, fødd i Noreg i januar 1837 og utvandra 1885 - litt avvik, men ikkje so altfor langt unna: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6QZQ-4FH

 

Eg ser ikkje noko meir til ho i seinare teljingar, men kanskje er det ho som døydde i 1907:

 

Name Sophia Johnsson
Event Type Death
Event Date 08 Sep 1907
Event Place Chicago, Cook, Illinois, United States
Gender Female
Age 70
Marital Status Widowed
Race White
Birth Year (Estimated) 1837
Birthplace , , Norway
Funeral Home Thompson Bros
Cemetery Union Ridge

 

Eg vil tinga ein kopi av denne dødsattesten, so får me sjå kva den syner...

 

Det einaste som då står att å finna ut av her, bortsett ifrå spørsmålet om Anna Sophie Hellesdotter eventuelt hadde fleire born i Christiania, er lagnaden til Andreas Gunderson, sist kjend frå Aurskog i 1885.  Det er pussig korleis han og den «nye» huslyden hans ser ut til berre å «forsvinna»...

 

Her følgjer eit nytt manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #22 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Lars Janson {Hengesteg}, f. {i Luster} 8.1.1833,

Lars Janson flytte i ung alder til Christiania (Oslo) der han 14.11.1875 gifte seg med Anna Sophie, kjend som Sophie Hellesdotter frå Vøyen i Bærum.  Ho var dotter av husmann Helle Amundson på Tranby under Gupu, Vøyen, opphavleg frå Vang under Vøyen, og andre kona Haagina Trulsdotter frå Skollerud og f. i Bærum 14.11.1838, men flytte i 1875 til Christiania.  Lars var snikkarsvein, og huslyden budde i Theatergaten i Christiania til dei i 1881 utvandra til Amerika.  Dei oppgav då Chicago, Ill. som reisemål, og der finn me dei att under namni Lars og Sophie Johnson.  Lars livnærte seg som møbelsnikkar («cabinet maker») og d. i Chicago, Ill. 10.4.1891, medan Sophie

 

##### (date and place of her death? – after 1891! – kan henda busett på ein gamleheim i Chicago, IL i 1900 og d. i Chicago, IL 8.9.1907?)

 

Dei fekk ei dotter i lag, men Sophie hadde òg ein son frå før:

 

##### (sjekka at det ikkje var fleire born i huslyden?)

 

a. Hans Martin Andresen, son av Sophie og gardbrukar Andreas Gunderson Ulvind frå Eidsvoll (1823-    )

 

     ##### (1871 driftsfullmektig på Batterud sag i Aurskog! – då g.m. svenske Stina Ellefsdotter

            * Bolette Karoline, f. Batterud sag i Aurskog 30.3.1872: https://media.digitalarkivet.no/view/7591/68

            * Gustav, f. Sagbraaten under Hareton i Aurskog 5.6.1875: https://media.digitalarkivet.no/view/7591/74

 

     var f. i Bærum 10.7.1859 og d. som drosjeeigar i Oslo 17.8.1932.  Hans kom i ung alder som fosterbarn til søskenbarnet Sophia Arnesdotter og mannen Thor Amundson Kjos som var vognmann i Christiania, og gifte seg i Kampen kyrkje i Christiania 2.8.1890 med Karoline Nilsdotter frå Christiania, men f. på Kvernvolden i Nes, Hedmark 13.10.1864.  Ho d. i Oslo 1.11.1926.  Hans var statsvognmann og sidan drosjeeigar.  Han og Karoline budde levetidi ut på Kampen i Christiania/Oslo og fekk fem born i lag.

 

     ##### (borni deira (alle levde 1932 i Oslo):

            * Ludvik Nicolai, f. Christiania 4.5.1891

            * Henry Martinus, f. Christiania 17.11.1894

            * Karen Sofie Henriette, f. Christiania 23.10.1898, d. 12.12.1898.

            * Alfred, f. Christiania 13.9.1900

            * Dagny Konstanse, f. Kristiania 23.1.1905)

 

b. Henrietta L. Johnson, f. i Christiania 23.9.1877, utvandra med foreldri til Amerika i 1881, men d. i Chicago, Ill. alt 9.10.1881.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.