Gå til innhold
Arkivverket
Inge Nygård

SF, Davik: Josef Andersen busett på garden Eldevik (ca. 1668 - 1747). Kvar kom han frå?

Recommended Posts

Inge Nygård

Eg er på leiting etter noko som prover kvar Josef kom ifrå. Garden Eldevik ligg ved Almenningen på nordsida av Nordfjorden. Eg trur at Josef var frå garden Otteren som ligg litt lengre inn på andre sida av fjorden. Årsaken til at eg trur dette, er eit skifte frå 1729 etter Magdeli Anthonisdtr. på Raudeberg i dagens Vågsøy kommune.

 

Skiftet viser at ho ikkje har livsarvingar, og heller ikkje sysken i live, slik at arvingane er fjernare slektningar. Josef Eldevik står nemnt først mellom arvingane her. Dei tre neste, Samuel Rugsund, Augustinus Daviknes og Peder Otteren var tre brør (alle Anderssøner) frå Otteren. Difor er det lett å tenkje seg at Josef og høyrde til mellom desse syskena. Men det var dette med prov....

 

Manntalet i 1701 nemner Josef (33) ilag med sønene Anders (7) og Lars (2). Stesonen Knud Samsonsen (14) er og nemnt.

 

Josef var gift med Anne Knudsdtr. som det var skifte etter i 1705.

Her vert og nemnt ein son Iver på 2 og eit halvt år, i tillegg til før nemnde Anders og Lars.

Deretter vart Josef gift med Dorthe Thomasdtr. Aardal, som han i alle fall fekk dottera Anne med. (Kanskje og ein son Poul?)

 

Om borna veit eg at Anders vart gift til Myklebust i Rimstadddalen, Lars hamna på Røyset i Selje, medan Anne vart gift med Lars Didrichsen Myre (Vågsøy) i 1735, og deretter med Ingebrigt Thomassen i 1746.

 

Er det nokon som veit noko meir om opphavet til Josef Andersen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Dette skiftet - frå 1733, ikkje 1729 - har eg ikkje vore klar over. Her er utruleg mykje opplysningar, så no veit eg kva søndagsføremiddagen kjem til å gå med. Kjem tilbake når eg har studert litt.

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Ja, dette skiftet er veldig interessant, og eg har studert dette sjølv ein del, men nemnde ikkje noko meir om det p.g.a. ikkje å femne om for mange tema i innlegget.

 

Nemnde som arvingar her er:

Joseph [Andersen] Eldevig

Samuel [Andersen] Rugsund

Augustinus [Andersen] Davignes

Sahl. Peder [Andersen] Otterens 9 børn: 6 sønner, 3 døtre

Sahl. Joseph [Alexandersen] Kraagenes' sin sønn Søren Josephsen

Christi Andersdtr. Øen

Magdeli Andersdtr. gift og boende i Bergen

Sahl. Ahles [Jacobsdtr.] Tendebøens igjenlevende ene søn

Ane Jacobsdtr.

Synneve Jacobsdtr.

Siri Jacobsdtr.

Magdeli [Alexandersdtr] Firkort

Ane Andersdtr. Rødberg

 

Eg meiner at dei mange av desse arvingane kan føre anene tilbake til ytre Rimstad bruk nr. 1, der Aaland nemner i bygdeboka at Josef Josefsen (Rimstad) g.m. Abelone Antonusdtr. (Solem) var brukarpar tidleg på 1700-talet: http://www.nb.no/nbsok/nb/991a5895efbeca67aebc86de4adeb820?lang=no#569

 

Josef og Abelone på Rimstad var bornlause, og inngjekk ei arvesemje. Eg forstår semja slik at Peder Zachariassen Solem tok over bruket på Rimstad mot å gje ekteparet kår. Dette vart stadfesta av slektningar på begge sider. Henvisning til denne saka lyt eg kome attende til.

Mellom slektningane på Rimstad-sida er nemnt Anders Otteren sine born, og Jacob Aaland sine born. (Med Aaland er her meint Nordpollen i Selje og ikkje garden Åland i Stryn. Lenke til bygdebok for Selje): http://www.nb.no/nbsok/nb/65e66d6d925dd7e16605f083fe423fda?lang=no#243

 

Slik eg tolker er då dei fleste Andersborna nemnde her borna til Anders Otteren, ein del Jacobssøner og -døtre kjem frå Nordpollen i Selje (far Jacob Josefsen), medan ein Aleksandersen og ei Alexandersdtr. var frå Falkevik (mor Ingeborg Josefsdtr.). Patronyma er ikkje nemnde hjå alle i dette skiftet.

 

Eg landar på konklusjonen om at anten var Anders Otteren (død før manntalet i 1701) ein Josefsen frå Rimstad eller så var kona hans ei Josefsdtr. frå Rimstad. Eg er klar over at bygdebøkene (nye som gamle) ikkje nemner noko slikt, og Anders er vel kalla Lauritsen der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Ser ut som ei logisk oversikt. Korleis koblar du Magdeli Antonsdtr til dei?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Denne arvesemja du skriv om, står vel rimelegvis i ei tingbok; deit du kvar?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg kjem nok ikkje med noko nytt for deg her, men legg for eigen del ut lenke til skiftet etter Synnøve Olsdtr Nordpoll (Polden) i 1706, som bekreftar at Alet, Anne, Synnøve og Sigrid Jakobsdøtre er etter Jakob Josefson Nordpoll, slik du skriv lenger oppe. To søner som står i skiftet etter Synnøve er vel då døde før 1733.

 

Redigert: Eit skifte på Tennebø i 1729 viser lagnaden til den eine sonen, Ola Jakobson Nordpoll. Han er her død, og etterlet seg ei enkje som heiter Magdeli Hansdtr, og sidan Ola er barnlaus, er hans einaste arving faren Jakob Josefson Nordpoll.

 

Så langt ser det enkelt ut, men så kjem ein liten vri: Enkja sin formyndar er Rasmus Torbjørnson Tennebø, som er sonen hennar. Og Rasmus kjenner vi att som ektemannen til Alet Jakobsdtr Tennebø, syster til Ola. Dermed har Ola gifta seg med svigermora til syster si, blir ikkje det rett??

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per Nistad

Dette var interessant. Eg har Paul Josefsen Eldevik i anelista mi. Han var fødd rundt 1696 og døydde i 1763. I fylgje Åaland flytte sonen Josef til Selje (Pileberg/Bortne). Josef Paulsson"var framifrå skrivefør, her finst enno mange skrivne bøker etter honom" skreiv Aaland. Josef P var gift med Rachel Kristoffersdotter Fure. Foreldra hennar var søskenborn (Christopher Hansson Hestenes og Ane Josefsdotter Fure) Mor til Ane var Brite Pedersdotter Hestenes, og far til Christopher var Hans Pederson Hestenes. Dei kom frå Hestenes i Gloppen.  Josef Paulsson var far til Johannes Josefson Bortne. Dotter hans, Christie (Kristi), var mi tippoldemor.

Endret av Per Nistad

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Problemet med Paul Josefsen Eldevik er at du ikkje finn han i manntalet i 1701. Han er heller ikkje nemnt i skiftet etter Anne Knudsdtr. i 1705. Dvs. at han ikkje er frå ekteskapet mellom Josef Andersen og Anne Knudsdtr. Meir truleg er det at han frå eit seinare ekteskap, men det vil i så fall tyde at innførsla i kyrkjeboka vedr. gravferda i mai 1763 angjev alderen til Paul ca. 10 år feil.

Når det gjeld Paul si kone Marthe Pedersdtr., var det skifte etter ho 25. mai 1763. Nemnt i skiftet var den attlevande enkemannen Paul Josefsen...

Skiftet nemner Paul si dotter Dorthe, som og var namnet til Josef Andersen Eldevik si andre kone (Dorthe Thomasdtr.). Formynder for to av borna var Jetmund Andersen Myklebust. Han var soneson til Josef Andersen Eldevik.

Endret av Inge Nygård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Redigert.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Eg redigerte innlegget mitt, fordi Marthe Pedersdtr. Eldevik vel er ho som er gravlagd 53 år gammal i desember 1762. Då må vel Paul Josefsen ha døydd nokre månader seinare, rett etter at skiftet etter kona vart halde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Dette kan høyrast endå meir logisk ut. Alderen til Paul kan ved død kan sjølvsagt tenkjast å vere feil, men det var dette beviset då..

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

 Dei kom frå Hestenes i Gloppen.  Josef Paulsson var far til Johannes Josefson Bortne. Dotter hans, Christie (Kristi), var mi tippoldemor.

 

For ikkje å "kuppe" Inge sin tråd - kan du ta kontakt med meg på melding, slik at eg kan få supplere denne Hestenes-slekta litt; eg har nokre opne hol der. Bruk gjerne epost a-ryss@online.no, eller PM her på forum.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Når det gjeld det opprinnelege spørsmålet i tråden, finn eg ei leiermålssak frå 1721 i tingboka, der Peder Otteren møtte i retten på vegne av "syndaren" Anders Josefsen Eldevik: http://arkivverket.no/URN:rg_read/30929/30/

Endå fleire indisier....

 

Når det gjeld Hestenes-slekt, så stammar eg sjølv frå Brite Pedersdtr. (og dottera Brite Josefsdtr. Fure g.m. Samund Pedersen Salt), så slike innslag tek eg ikkje så tungt....

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Eg klarar ikkje tyde meir enn brotstykker av teksten i denne leiermålssaka frå 1721. Står det ikkje noko om slektskapsforholdet mellom Anders Josefson og Peder Otteren i teksten? Sidan han representerar Anders Josefson i retten vil eg tru at det er nokså nær skyldskap mellom dei.

 

(Peder Otteren d. 1724 er forøvrig min 6x tippoldefar)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Det er dessverre ikkje sagt nokon slektskap, berre at Peder "den Dannemand" representerer han. Det ville han neppe gjort om dette ikkje var slekt, men 100 % sikkert kan vi ikkje seie.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

i 1713 vart det "læst og forkynt" eit testamente eller gåvebrev oppretta av Josef Josefsen og Abelone Antonisdtr. på Ytre Rimstad til Peder Zachariassen: http://arkivverket.no/URN:rg_read/30927/28/

 

No fann eg endeleg att det eg har leita etter knytta til desse personane, som og nemnde personar frå Otteren og Nordpollen. Denne saka kom ikkje i tingboka før i 1725, så her har eg fått leita gjennom nokre år med ting (og tang) utan å treffe på det eg såg etter.....

Det er nok best å notere ned sidenummer og liknande neste gong: http://arkivverket.no/URN:rg_read/30930/111/

 

Her kan ein m.a. lese:

 

Till forbemeldte tid og sted hafde Peder Yttre Rimstad ladet indkalde samtlige Sahl. Anders Otterens børn og arvinger, item Jacob Aaland med hans børn og arvinger, saavelsom de andre Søster(?) børn og  arvinger till Joseph Josephsen yttre Rimstad, som nu tillige med hans Qvinde Abelone Anthonidatter, hvis samtlige arvinger nu og tillige var indkaldet,....

 

og

 

nemblig paa samtlige arvinger till fornefnte mand Joseph Josephsen, deris vegne, svarede Samuel Rugsund og Ole Tennebøe...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Godt jobba Inge!  :D

 

Jacob Aaland (Nordpoll)  er vel frå før bekrefta være ein Josefson  og bror til Josef Josefson på Ytre Rimstad, og sidan Anders Otteren er nemnd fyrst av alle i denne teksten er det vel truleg at han er bror til Jacob Josefson og Josef Josefson for brørene var vel alltid fyrst nemnde i arverekka og her er det dei to som er nemnde med namn medan systrene og deira etterkommarar er omtala som "de andre Søster børn og arvinger".

I bygdeboka er han nemnd som Anders Lauritsen, ukjent for meg kva kjelde® det byggjer på.

 

(Denne greina av slekta har eg ikkje granska i før 1800 enno)

 

Endret av Harald L. Bakke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

No trur eg kanskje du trekkjer litt raske konklusjonar her - det kan også vere Anders Otteren si kone som er bindeledet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Eg er forsåvidt enig i at ein ikkje bør dra altfor bastante konklusjonar her, men Harald argumenterte for at rekkefølga på dei nemnde personane viser at det er Anders (og ikkje kona hans) som var i slekt med Josef Josefsen. Eg kjøper dette argumentet langt på veg, men eg er på leiting etter svar i andre kjelder.

 

Eg har for øvrig ei anna mogleg tilknyting til Otteren (Bortsett frå Josef Eldevik). Eg trur at Lars Pedersen (som vart trulova og gift i 1742 med enka Margrethe Olsdtr. (f. Eidsnes) på Gangeskar i Selje), var ein son av Peder Andersen Otteren.  . 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg har gått i denne "kvinne-fella" så mange gonger at eg er svært på vakt. Ein kan ikkje gå ut frå at skrivaren er 100 % orientert om kven dei ulike personane er, så sjølv om det er Sal.Anders Otteren sine børn som er nemnt fyrst, vil eg ikkje stole heilt på at det er han som er slektningen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

No trur eg kanskje du trekkjer litt raske konklusjonar her - det kan også vere Anders Otteren si kone som er bindeledet.

 

Legg merke til at eg skreiv truleg at han er bror....   det var kun meint som ein teori som eg ville høyre dåkkar meining om. Sjølvsagt kan ein ikkje konkludere på eit slikt grunnlag. Det MÅ kunne førast bevis før vi er heilt sikre.

 

Inge:

Det var svært interessant med Lars Pederson Gangeskar  kva legg du til grunn her?

Forresten vert det vel feil å blande han inn her i denne tråden.  ;)

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg er enig med deg i tankegangen, Harald. Og samtidig tenkjer eg at desse familiane er vovne saman på så mange måtar at Lars Gangeskar så absolutt bør kunne takast med - om ikkje Inge protesterer ;-)

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

I tilfelle Peder Otteren er ein Lauritsson som både bygdeboka til Aaland og den nye bygdeboka oppgjev er det naturleg at ein av sønene vart kalla Lars.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Det var vel Anders Otteren (død før 1701) som vi ikkje er sikker på patronymet til, og som er kalla Lauritssen i bygdebøkene.

Peder Otteren er vel heilt sikkert ein Anders-son.

 

Eg kan nemne nokre punkt som gjer at eg har kome til at Lars Pedersen Gangeskar nokså sikkert var frå Otteren.

 

For det fyrste så var Anders [Pedersen] Otteren trulovar når Lars Pedersen vart trulova i 1742. Den andre trulovaren Waldemor Kupen var busett på nabogarden til Gangeskar.

 

Ei dotter til Peder A. Otteren, Anne Pedersdtr., vart gift med Jacob Knudsen i 1729 og busett på garden Bortne (i Rugsund sokn). Ein av deira søner, Peder Jacobsen vart gift med ei enke på Vetrhus i Selje i 1754.

Her var Lars P. Gangeskar trulovar.

 

Ei anna dotter til Peder A. Otteren, Marthe Pedersdtr., vart gift i 1743 med Thomas Olsen på Krabbestig (sjå truloving nedst på høgre side): http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8750&idx_id=8750&uid=ny&idx_side=-5

Marthe Pedersdtr. etterlet seg fleire umyndige born, som svogeren deira, Aslak Rasmussen, i første omgang vart formyndar for. Men i 1765 var det skifte etter paret Aslak Rasmussen og Ingeborg Thomasdtr. på Krabbestig. Deira eigen son er det førnemnde Jacob K. Bortne som er formyndar for, medan to søsken av Ingeborg vart nemnde med Augustinus Pedersen Strømmen (også frå Otteren) og Lars Pedersen Gangeskar som formyndarar i dette skiftet: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24231/503/

Endret av Inge Nygård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Nei no rotar eg.

Det var sjølvsagt Peder Otteren sin far Anders som kansje var ein Lauritsson. 

 

Ein Peder Pederson Otteren som vart trulova 19. Jan 1730 og gift 15. Oktober i Davik med Synneve Olsdtr. Fagerlid var også truleg son til peder Andersson Otteren. Han er ikkje nemnd i den  nye bygdeboka.

Endret av Harald L. Bakke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.