Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Syversens bok om nordmenn i Texas - oppslag, please?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Er det nokon som sit med boki som Syversen skreiv for kring 30(?) år sidan om utvandra nordmenn til Texas?

 

Eg lurer på om han har fått med opplysningar om denne huslyden:

 

Torkel Andersson og kona Ingeborg Marie Henningsdotter - busette i Sandsvær i Buskerud der i alle fall fem born er fødde på 1860- og 1870-talet.  Eg forstår det slik at heile huslyden utvandra kring 1886 til Fort Worth, Tarrant Co., TX.  Ein av sønene var:

 

Anton Torkelson, fødd i Sandsvær 30.3.1866.

 

Anton døydde i Fort Worth, TX 8.6.1920 som styrar for dyreparken i byen.  Han hadde vore gift med norskfødde Olivia, kjend som Lena, og interessen min er særleg knytt til ho!  Ho er oppgjevi fødd i desember 1868 eller i august 1870 og arbeidde som kokke.  Dei vart skilde alt kring 1901, og Lena Torkelson forsvinn etter adresseboki frå 1912 vart utgjevi.

 

Skriv Syversen noko om dette parfolket, og i tilfelle ja: Har han identifisert Lena?

 

Eg mistenker ho for å vera identisk med ei Olina «Lena» Yearson, fødd i Luster i Sogn 5.8.1864 og utvandra i 1878 til Fort Worth, TX!  Jentene var «flinke» til å «ljuga» på alderen den gongen...!

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lene Benedicte Lauritzen

"Lina Fjæstad, *13 Dec 1868, Gaustadeie, Romedal, d a Syver Larsen Fjæstad og Kirsti Christensdatter..."

Gift med Anton Torkelson.

Side 449 i boka


Om Anton står det han er født mars 1866, antagelig fra Løten, flyttet til Oklahoma, gift 1896 med Lina Fjæatad, de hadde ingen barn, 1900 bosatt i Fort Worth hvor han arbeidet ved jernbanen, hun var kokke. 

Side 456 i boka

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lene for kjapt og avklarande svar!  Då må eg altso leita vidare etter «mi» Lena!

 

Dette spørsmålet er oppklart!

 

PS: Men eg ser at Syversen har teke feil av Anton...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.