Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Dødsmelding Bergen 1948/Bergen folkeregister

Recommended Posts

Lars E. Øyane

I dødsfallslistene for Bergen finn eg:

 

Theodor Berentin NILSEN døydde 27.6.1948 - pag. 67

 

Han er rimelegvis identisk med ein Theodor Berentin Nilsen fødd i Årstad, Bergen 24.10. eller 24.11.1859 og som 2.11.1895 gifte seg i Årstad med Anna Sofie Eliassen, fødd i Askvoll 30.6.1872.  Adressen i 1910 var Jonas Reinsgate 9a i Bergen.

 

Er det mogeleg å få greie på:

 

* Kva yrke er oppgjeve på Theodor ved dødsfallet i 1948?

 

* Dødsstaden til Theodor?

 

* Kva er oppgjeve som fødselsdato på Theodor?

 

* Kven er oppgjevne som ervingane hans?

 

* Er det mogeleg å finna dato og stad for dødsfallet til kona Anna Sofie Nilsen, f. Eliassen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Han var fhv. maskinist, og døde i Bispenggt. 19. Som eneste pårørende står hans svigerinne Nicoline Eliassen, Edvard Griegsv. 6.  Som fødselsdato står 17. november 1859.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for interessant svar!

 

Det er jo tydeleg at dette er «rett» mann, men eg er forundra over at det ikkje ligg føre opplysningar om kona Anna Sofie f. Eliassen!?

 

* Var Theodor Nilsen enkjemann då han døydde?

 

* Har folkeregisterkortet verkeleg ingen opplysningar om kona hans?  Har ho kan henda eige kort?

 

Eg takkar igjen for hjelpi med denne utfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.