Gå til innhold
Arkivverket

Mons Nilsen - fødd i Haus 1835 - gift 2x - budde i Christiania som kjelesmed i 1900 - lagnaden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som dels budde i Bergen og dels i Stavanger, medan far i familien flytte til Christiania med ny kone, og eg står fast på kvar det vart av dei!

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Manuskriptet er erstatta av eit nytt og oppdatert manuskript i innlegg #8 nedanfor.

 

Interessen min knyt seg sjølvsagt primært til første ekteskapet hans Mons, men kan henda vil det hjelpa til å finna Mons og andre kona hans i Christiania om me finn døtrene deira?

 

Eg har heller ikkje finne dødsfallet til Andrea, og lagnaden til einaste dotter hennar, Caroline Elisabeth (1857) er likeins eit stort mysterium...

 

Eg har lagt inn eit spørsmål i Arkivforum til Statsarkivet i Bergen for å sjå kven som var ervingar etter Theodor Nilsen i 1948.  Han var truleg barnlaus, og då KAN Caroline vera nemnd...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjelesmed M. Nielsen i Munkedamsveien 33 B i 1902:

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Kristiania, Adressebok , 1903-1903, oppb: Riksarkivet.

Merknader: 25. årgang. Demontert eksemplar, Riksarkivet

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/49237/637/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-db10061201256824.jpg

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjedelsmed M. Nielsen i Waldemar Thranes gate 21 i 1905:

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Kristiania, Adressebok , 1906-1906, oppb: Riksarkivet.

Merknader: 28. årgang. Demontert eksemplar, Riksarkivet

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/49240/665/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-db10061202273875.jpg

 


Jeg finner ham ikke i adressebok for 1911 (1910).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her fant jeg Severine Kristine død 9/1-1906:

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo skifterett, Dødsfallsprotokollregister 6 , 1906-1906, oppb: Statsarkivet i Oslo.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27217/35/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090513340662.jpg

(Løpenummer 33, avd. I.)

 


Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo skifterett, Avd. I, Dødsfallsprotokoll B 3 , 1905-1907, oppb: Statsarkivet i Oslo.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27268/73/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090513390335.jpg

.

"Efterlader Manden, Kjedelsmed Mons Nilsen og 2 myndige Fælledsbørn her, og efter 1 tidligere Ægteskab 1 myndig Søn, Amerika."
"Anm. af Datteren Kathinka Rosalie Nilsen, Dødsstedet. (Wm. Thranes gate 2.)"

 

Endret av Anne-Lise Hansen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vielse nummer 30

 

Karoline Elisabeth Nilsen og Ole Andersen

 

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Petrus, Ministerialbok nr. 2 (1880-1896), Ekteviede 1885, side 73.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5423&idx_id=5423&uid=ny&idx_side=-76
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060830070158.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne-Lise og Sven for fleire framifrå og spennande innlegg!  Det ser ut til at Mons og Severina flytte til Christiania alt kring 1880 og at Caroline vart med dei austafjells...  Funnet av Caroline og likeins dødsfallet til Severine er kjempe!

 

Eg har no oppdatert manuskriptet mitt tilsvarande og samstundes lagt til litt opplysningar om opphavet til Ole Andersen i Grue.  Her følgjer ein ny versjon som erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Nytt oppdatert manuskript følgjer i innlegg #13 nedanfor!

 

Eg takkar nok ein gong for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Emmanuel, nummer 5

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. B 6 (1879-1887), Fødte barn av dissentere 1884-1886, side 304.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7107&idx_id=7107&uid=ny&idx_side=-302
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061120010421.jpg


Elias, nummer 1

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. B 6 (1871-1878), Fødte og døpte menn 1876, side 103.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8343&idx_id=8343&uid=ny&idx_side=-102
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070301610102.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kathinka Rosalia Nilsen gift 11.08.1906 med pastor Albert Alstad http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000002269821

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Voss i Voss, Klokkerbok nr. E 1 (1894-1922), Borgerlig viede 1902-1907, side 80.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7099&idx_id=7099&idx_listetype=bv&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-5
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070104630494.jpg

 

Se merknad i klokkerboken - de var gift i 3. metodistmenighet i Kristiania.

 

I 1910 bor de i Fredrikstad http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036335004920

med en sønn, Morgan født i Tromsø.

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Lars J. for nye avklarande og spennande innlegg om denne huslyden!  Eg er so takknemlig for den framifrå hjelpi som de gjev meg!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Andrea Torstensdotter (Loven), i Luster f. 9.6.1834,

Andrea Torstensdotter flytte i ung alder til Bergenskanten og gifte seg i Hosanger 24.8.1856 med Mons Nilsson frå Revheim i Haus, sidan kjend som Mons Nilsen.  Han var son av gardbrukar Nils Bergeson på Kleivi, Revheim, opphavleg frå Borge, og kona Anna Monsdotter frå Mjelstad og f. på Borge i Haus 22.12.1835.  Mons og Andrea flytte straks til Store Solheim på Årstad ved Bergen der Mons var smed ved ein mekanisk verkstad.  Andrea d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – kring 1870!)

 

og 15.10.1871 gifte Mons Nilsen seg att i Årstad med enkja Severina Christine Corneliusdotter Erdmann, f. Knudsen, opphavleg frå Stavanger.  Ho var dotter av murarbeidar Cornelius Knudsen i Stavanger og kona Rebecca Halvorsdotter

 

##### (finn ikkje vigsli til desse foreldri – veit ikkje noko om opphavi deira!)

 

og f. i Stavanger 26.9.1842.  Mons og Severina vart buande ei tid i Årstad ved Bergen, men flytte kring 1880 til Christiania der Mons heldt fram som kjelesmed ved ein mekanisk verkstad. 

 

##### (skal likeins ha vore omreisande bokhandlar?)

 

Severina d. i Christiania 9.1.1906, medan Mons Nilsen d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1906!)

 

Me kjenner til ti born etter Mons Nilsen; av dei var fem frå første ekteskapet med Andrea (Severina hadde òg fire born frå første ekteskapet sitt med Helle Juul Erdmann):

a. Nils Monsson Laastad, f. i Haus 26.9.1856, d. i Bergen 4.4.1943.  Han gifte seg i Haus 1.5.1881 med Larsina, kjend som Sina Nilsdotter frå Kleppe i Haus.  Ho var f. i Haus 17.12.1856 og d. i Bergen 9.6.1901.  Nils Laastad var gardbrukar, mellom anna på Hatland og på Låstad i Haus, men i 1900 flytte han og Sina til Bergen der Nils var bygningsarbeidar i mange år.  Dei fekk to born i lag.

b. Caroline Elisabeth Monsdotter Nilsen, f. i Årstad 19.9.1857, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910!)

 

     Caroline flytte truleg kring 1880 med faren og stemori til Christiania og gifte seg i Petruskyrkja i Christiania 19.7.1885 med enkjemannen Ole Andersson, opphavleg frå Håven under Løvhaugen i Grue, i Christiania kjend som Ole Andersen.  Han var f. i Grue 21.10.1854 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910!)

 

     Ole var skomakarsvein og sidan skomakar, og han og Caroline budde på

 

     ##### (kvar i Grue?)

 

     og sidan i Christiania til dei kring 1905 flytte til Sollid i Vestby. 

 

     ##### (budde der 1910 – kva seinare?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Anna Andersen, f. Grue 1887 – n. 1900

            * Marie Andersen, f. Grue 1889 – n. 1900

            * Ole Andersen, f. Grue 1891 – n. 1900

            * Bertha Andersen, f. Grue 1893 – n- 1900

            * Emanuel Andersen, f. Christiania 5.12.1894 – n. 1900/1910

            * Ragnhild Andersen, f. Christiania 13.10.1898 – n. 1900/1910)

 

c. Theodor Berentin Monsson Nilsen, f. i Årstad 24.10.1859, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910! – fødselsdato då 24.11.1859! – dødsdato 27.6.1948)

 

     Han gifte seg i Årstad, Bergen 2.11.1895 med Anna Sofie Andreasdotter Eliassen frå Årstad, f. på Stafseide i Askvoll 30.6.1872.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910)

 

     Theodor var fyrbøtar og sidan maskinarbeidar og jarndreiar på ein mekanisk verkstad. 

 

     ##### (sagt so i 1910 – sidan??)

 

     Han og Anna budde i Årstad, Bergen

 

     ##### (1910: Jonas Reinsgate 9a)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – ingen nemnde 1910!)

 

d. Anton Bernhardus Monsson Nilsen, f. i Årstad 25.1.1862, d. på eit sjukehus i Bergen 4.2.1929.  Anton gifte seg i Bergen 13.8.1885 med Tonny Teresia Gunneria Christence Gundersdotter Torstensen, f. i Bergen 16.1.1867.  Ho d. etter barselseng på Solheim i Årstad, Bergen alt 30.3.1887.  Anton gifte seg so att i Bergen 5.3.1898 med Johanne Petrine Knutsdotter Bjerkvik frå Bjørkvik i Volda.  Ho var f. i Volda 28.8.1872 og d. i Bergen 29.7.1941.  Anton var blekkmakarsvein og sidan kopparslagar og budde i Bergen levetidi ut.  Han fekk tre døtrer, som alle var frå første ekteskapet.

e. Carl Andreas, kjend som Karl Monsson Nilsen, f. i Årstad 1.2.1865, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910!)

 

     Karl gifte seg i Stavanger 24.4.1889 med Rakel Anne Josefine Wilhelmine Enertsdotter Pedersen frå Stavanger, f. i Stavanger 25.2.1866.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Karl var maskinist ved eit skipsverft,

 

     ##### (sagt so i 1910 – seinare?)

 

     og han og Rakel budde i Stavanger levetidi ut. 

 

     ##### (1910: Værksgate 51 i Stavanger!)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Alma Nilsen, f. Stavanger 26.4.1891 – n. 1910

            * Hjalmer Nilsen, f. Stavanger 3.1.1893 – n. 1910

            * Karl Magnus Nilsen, f. Stavanger 23.5.1902 – n. 1910)

 

f. Severine Mathilde Monsdotter Nilsen, f. i Årstad 14.1.1872,

 

     ##### (n. 1900 med foreldri i Christiania - i modeforretning, ugift – truleg ilive 1906!)

 

g. Helga Constance Monsdotter Nilsen, f. i Årstad 19.9.1873,

 

     ##### (n. 1875 – lagnaden hennar? – truleg d. før 1906!)

 

h. Elias Monsson Nilsen, f. i Bergen 1.11.1875,

 

     ##### (døydde kort etter fødsli?)

 

i. Kathinka Rosalia Monsdotter Nilsen, f. i Årstad 20.1.1877, d. i Oslo 17.11.1945.  Kathinka gifte seg i tredje metodistkyrkja i Christiania 11.8.1906 med Albert Henrikson Alstad frå

 

     ##### (Borge i Lofoten – f. 3.10.1871)

 

     Han d. på Eidskog 5.10.1937.  Albert var metodistprest, mellom anna på Vossevangen, i Tromsø, i Fredrikstad og

 

     ##### (andre bustader?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.

            * Morgan Alstad, f. Tromsø 15.12.1908 – n. Fredrikstad 1910 – g.m. Dagmar

            * Dagny – g.m. Hjalmar)

 

j. Emmanuel Monsson Nilsen, f. i Christiania 14.3.1884,

 

     ##### (døydde kort etter fødsli!?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Og eg takkar på ny for alle gode tips som bidrar til å gjera dette manuskriptet meir fullstendig!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Albert Alstad reiste tydeligvis mye rundt og var pastor/forstander her:

 

Hammerfest 1901-1903

Kjølberg (utenfor Fredrikstad) 1910-1911

Levanger 1911-?

Notodden 1914-?

Tistedal   1916-1919
Lillestrøm 1933-1935

 

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J., Sven, Anne-Lise og Carsten for nye interessante innlegg!  Manuskriptet vert berre meir og meir fullstendig.

 

Det som kanskje ligg hjartet mitt nærast no, er fleire opplysningar om dotteri Caroline og mann hennar, sist kjende frå Vestby i 1910, og sonen Carl (Karl) i Stavanger.  Det ser neste ut som om ein av sønene til Karl gifte seg med dotteri til Kathinka(?).

 

Her følgjer eit oppdatert utdrag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Andrea Torstensdotter (Loven), f. i Luster 9.6.1834,

Andrea Torstensdotter flytte i ung alder til Bergenskanten og gifte seg i Hosanger 24.8.1856 med Mons Nilsson frå Revheim i Haus, sidan kjend som Mons Nilsen.  Han var son av gardbrukar Nils Bergeson på Kleivi, Revheim, opphavleg frå Borge, og kona Anna Monsdotter frå Mjelstad og f. på Borge i Haus 22.12.1835.  Mons og Andrea flytte straks til Store Solheim på Årstad ved Bergen der Mons var smed ved ein mekanisk verkstad.  Andrea d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – kring 1870!)

 

og 15.10.1871 gifte Mons Nilsen seg att i Årstad med enkja Severina Christine Corneliusdotter Erdmann, f. Knudsen, opphavleg frå Stavanger.  Ho var dotter av murarbeidar Cornelius Knudsen i Stavanger og kona Rebecca Halvorsdotter

 

##### (finn ikkje vigsli til desse foreldri – veit ikkje noko om opphavi deira!)

 

og f. i Stavanger 26.9.1842.  Mons og Severina vart buande ei tid i Årstad ved Bergen, men flytte kring 1880 til Christiania der Mons heldt fram som kjelesmed ved ein mekanisk verkstad. 

 

##### (skal likeins ha vore omreisande bokhandlar?)

 

Severina d. i Christiania 9.1.1906, medan Mons Nilsen d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1906!)

 

Me kjenner til ti born etter Mons Nilsen; av dei var fem frå første ekteskapet med Andrea (Severina hadde òg fire born frå første ekteskapet sitt med Helle Juul Erdmann):

a. Nils Monsson Laastad, f. i Haus 26.9.1856, d. i Bergen 4.4.1943.  Han gifte seg i Haus 1.5.1881 med Larsina, kjend som Sina Nilsdotter frå Kleppe i Haus.  Ho var f. i Haus 17.12.1856 og d. i Bergen 9.6.1901.  Nils Laastad var gardbrukar, mellom anna på Hatland og på Låstad i Haus, men i 1900 flytte han og Sina til Bergen der Nils var bygningsarbeidar i mange år.  Dei fekk to born i lag.

b. Caroline Elisabeth Monsdotter Nilsen, f. i Årstad 19.9.1857, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910!)

 

     Caroline flytte truleg kring 1880 med faren og stemori til Christiania og gifte seg i Petruskyrkja i Christiania 19.7.1885 med enkjemannen Ole Andersson, opphavleg frå Håven under Løvhaugen i Grue, i Christiania kjend som Ole Andersen.  Han var f. i Grue 21.10.1854 og d. som skomakar på Solli i Vestby 17.2.1924.  Ole var skomakarsvein og sidan skomakar, og han og Caroline budde på

 

     ##### (kvar i Grue?)

 

     og sidan i Christiania til dei kring 1905 flytte til Solli i Vestby. 

 

       ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Anna Andersen, f. Grue 1887 – n. 1900

            * Marie Andersen, f. Grue 1889 – n. 1900

            * Ole Andersen, f. Grue 1891 – n. 1900

            * Bertha Andersen, f. Grue 1893 – n- 1900

            * Emanuel Andersen, f. Christiania 5.12.1894 – n. 1900/1910

            * Ragnhild Andersen, f. Christiania 13.10.1898 – n. 1900/1910)

 

c. Theodor Berentin Monsson Nilsen, f. i Årstad 24.10.1859, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910! – fødselsdato då 24.11.1859! – dødsdato 27.6.1948)

 

     Han gifte seg i Årstad, Bergen 2.11.1895 med Anna Sofie Andreasdotter Eliassen frå Årstad, f. på Stafseide i Askvoll 30.6.1872.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910)

 

     Theodor var fyrbøtar og sidan maskinarbeidar og jarndreiar på ein mekanisk verkstad. 

 

     ##### (sagt so i 1910 – sidan??)

 

     Han og Anna budde i Årstad, Bergen

 

     ##### (1910: Jonas Reinsgate 9a)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – ingen nemnde 1910!)

 

d. Anton Bernhardus Monsson Nilsen, f. i Årstad 25.1.1862, d. på eit sjukehus i Bergen 4.2.1929.  Anton gifte seg i Bergen 13.8.1885 med Tonny Teresia Gunneria Christence Gundersdotter Torstensen, f. i Bergen 16.1.1867.  Ho d. etter barselseng på Solheim i Årstad, Bergen alt 30.3.1887.  Anton gifte seg so att i Bergen 5.3.1898 med Johanne Petrine Knutsdotter Bjerkvik frå Bjørkvik i Volda.  Ho var f. i Volda 28.8.1872 og d. i Bergen 29.7.1941.  Anton var blekkmakarsvein og sidan kopparslagar og budde i Bergen levetidi ut.  Han fekk tre døtrer, som alle var frå første ekteskapet.

e. Carl Andreas, kjend som Karl Monsson Nilsen, f. i Årstad 1.2.1865, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910!)

 

     Karl gifte seg i Stavanger 24.4.1889 med Rakel Anne Josefine Wilhelmine Enertsdotter Pedersen frå Stavanger, f. i Stavanger 25.2.1866.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Karl var maskinist ved eit skipsverft,

 

     ##### (sagt so i 1910 – seinare?)

 

     og han og Rakel budde i Stavanger levetidi ut. 

 

     ##### (1910: Værksgate 51 i Stavanger!)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Alma Nilsen, f. Stavanger 26.4.1891 – n. 1910

            * Hjalmer Nilsen, f. Stavanger 3.1.1893 – n. 1910

            * Karl Magnus Nilsen, f. Stavanger 23.5.1902 – n. 1910)

 

f. Severine Mathilde Monsdotter Nilsen, f. i Årstad 14.1.1872,

 

     ##### (n. 1900 med foreldri i Christiania - i modeforretning, ugift – truleg ilive 1906!)

 

g. Helga Constance Monsdotter Nilsen, f. i Årstad 19.9.1873,

 

     ##### (n. 1875 – lagnaden hennar? – truleg d. før 1906!)

 

h. Elias Monsson Nilsen, f. i Bergen 1.11.1875, d. i Bergen 20.4.1876.

i. Kathinka Rosalia Monsdotter Nilsen, f. i Årstad 20.1.1877, d. i Oslo 17.11.1945.  Kathinka gifte seg i tredje metodistkyrkja i Christiania 11.8.1906 med Albert Anton Johan Henrikson Alstad frå Alvestad i Borge, f. i Borge 3.10.1871. 

 

     ##### (NB: kyrkjeboki syner f. 1.10.1871!)

 

     Han d. på Eidskog 5.10.1937.  Albert var metodistprest, mellom anna på Kongsvinger, i Hammerfest, på Vossevangen, i Tromsø, i Fredrikstad, i Levanger, på Notodden, i Tistedal og på Lillestrøm. 

 

     ##### (andre bustader?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.

            * Morgan Alstad, f. Tromsø 15.12.1908 – d. på Lillestrøm 10.2.1984

            * Dagny Alstad – g. 1943 m. Hjalmar Nilsen – kan henda son av Karl Nilsen ovanfor?)

 

j. Emmanuel Monsson Nilsen, f. i Christiania 14.3.1884, d. i Christiania 16.5.1885.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for interessant tilleggsopplysning om Ole Andersen!

 

Eg har lagt rettingi inn i manuskriptet i innlegg #21 ovanfor.

 

So takkar eg på ny for alle gode tips og innspel!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.