Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Mons Hermundson (1836-1864) - fiskar frå Luster til Meløy - opplysningar om enkja hans og lagnaden hennar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg er på leiting etter fleire opplysningar om enkja etter denne fiskaren frå Luster som i 1864 miste livet på Finnmarkskysten under fiske der og som let etter seg ei enkje og ein son i Meløy.

 

Kanskje er det nokon med lokal kunnskap som kan hjelpa meg vidare?

 

Utdrag av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Mons Hermundson (Lingjerde), f. i Luster 8.11.1836,

Mons Hermandsen flytte til Nordland i 1854 og gifte seg i Meløy 19.10.1862 med Martha Marie Christensdotter frå Herstad i Meløy.  Ho var dotter av gardbrukar Christen Erikson på Herstad, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Berit Johnsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Meløy 16.5.1836.  Mons var innerst og fiskar, og han og Martha budde på Valla i Meløy.  Men Mons Hermandsen sette livet til i lag med fire andre, medan dei var på fiske i nærleiken av Vardø 20.4.1864, og vart aldri attfunnen.  Enkja Martha gifte seg att i Meløy 28.7.1877 med Christopher Martinus Ellingsen Johanson frå Halsa i Meløy.  Han var son av gardbrukar Johan Bernhoft

 

##### (fullt namn?)

 

på Halsa, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – f. Gilleskål 1806)

 

og kona Aasel Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – f. Rødøy 1810)

 

og f. i Meløy 12.8.1853. 

 

##### (yrke og bustad for Martha og Christopher?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet til Martha?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet til Christopher?)

 

##### (talet på søner og døtrer fødde av Martha og Christopher?)

 

Mons og Martha fekk ein son i lag:

a. Hans Christian Helberg Monsen, f. i Meløy 23.8.1862, d. på Seinesvika i Rødøy 19.1.1921.  Han gifte seg i Meløy 24.7.1891 med Margretha Johanne Pedersdotter, f. på Halsa i Meløy 21.8.1866.  Ho d. på Seinesvika 10.8.1965.  Hans var gardbrukar og fiskar, og han og Margretha budde på Seinesvika i Rødøy.  Dei fekk ni born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Kristoffer Johansen, nummer 20:

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Alstahaug,Stamnes i Alstahaug, Ministerialbok nr. 830A14 (1879-1896), Døde og begravede 1879, side 112.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=3856&idx_id=3856&uid=ny&idx_side=-118
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060524010118.jpg

 

 

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/hending/hg00000001350141

 

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Martinus Ellingsen Johanson frå Halsa i Meløy.  Han var son av gardbrukar Johan Bernhoft

 

##### (fullt namn?)

 

på Halsa, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – f. Gilleskål 1806)

 

og kona Aasel Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – f. Rødøy 1810)

 

For ordens skyld, familien i 1865: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038366003427

 

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWHT-WSY

 

Name: Johan Bernhoft Christensen
Birth Date: 1806
Birthplace:
Age: 27
Spouse's Name: Aassele Maria Olsdr
Spouse's Birth Date: 1811
Spouse's Birthplace:
Spouse's Age: 22
Event Date: 21 Jul 1833
Event Place: Meloy,Nordland,Norway
Father's Name: Christen Hansen
Mother's Name:
Spouse's Father's Name: Ole Augustinusen
 
Nordland fylke, Meløy i Rødøy, Ministerialbok nr. 841A07 /2 (1824-1843), Ekteviede 1833, side 417. 
 http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=17110&idx_id=17110&uid=ny&idx_side=-18
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20071025640382.jpg
 
 
Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Marta Marie Kristensdatter, nummer 13

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Rødøy i Rødøy, Klokkerbok nr. 841C05 (1897-1923), Døde og begravede 1908, side 298.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=10032&idx_id=10032&uid=ny&idx_side=-272
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070215650188.jpg

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Dåpen til Aassel Maria:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000002337950

 

Andre barn med far Ola Augustinussen: 

 

Hans Andreas Hoff Olsen

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000002338035

 

Augustinus Martinus Olsen 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000002338155

 

Christopher Elling Olsen

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000002338320

 

Jeg går ut fra at dette er brødrene til Aasel. 

 

Christopher Elling Olsen Sleipnes ble konfirmert i 1834 og moren het Inger Marta Hansdatter:

Nordland fylke, Rødøy i Rødøy, Ministerialbok nr. 841A06 /1 (1825-1844), Konfirmerte 1834, side 313. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16597&idx_id=16597&idx_listetype=kf&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-32
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20071025640264.jpg

 

Kan dette være Inger Martha, født 1779 i Saltdal, datter av Hans Pedersen og Aasille Maria Christophersdatter?

https://familysearch.org/ark:/61903/2:2:ST2W-Y66

 

Nordland fylke, Saltdal, Ministerialbok nr. 847A04 (1770-1818), Kronologisk liste 1779, side 31. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16618&idx_id=16618&uid=ny&idx_side=-33
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20071119650172.jpg

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058472002243

 

I så fall ser det ut som Inger var gift med Marcus Johannes Larsen, som skal være død 1809 på Bjergå i Rødøy.

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Ida Førde, nummer 17:

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Vågan, Ministerialbok nr. 874A06 (1899-1907), Døde og begravede 1902, side 264.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2867&idx_id=2867&uid=ny&idx_side=-255
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050317020928.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven og Grethe for svært interessante og nyttige innlegg om denne huslyden som diverre er komen litt «i bakevja» dei siste dagane!

 

Men no har eg oppdatert manuskriptet mitt, og eg ser, det er ikkje so altfor mykje som manglar!  Opphavi til foreldri hennar Martha Marie og dødsfallet hennar står framleis òpne.  Elles vart eg overraska over at Martha òg hadde dotteri Ida, som eg gjerne tek med!

 

Manuskriptet ser no slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Mons Hermundson (Lingjerde), f. i Luster 8.11.1836,

Mons Hermandsen flytte til Nordland i 1854 og gifte seg i Meløy 19.10.1862 med Martha Marie Christensdotter frå Herstad i Meløy.  Ho var dotter av gardbrukar Christen Erikson på Herstad, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Berit Johnsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Meløy 16.5.1836.  Mons var innerst og fiskar, og han og Martha budde på Valla i Meløy.  Men Mons Hermandsen sette livet til i lag med fire andre, medan dei var på fiske i nærleiken av Vardø 20.4.1864, og vart aldri attfunnen.  Enkja Martha gifte seg att i Meløy 28.7.1877 med Christopher Martinus Ellingsen Johanson frå Halsa i Meløy.  Han var son av gardbrukar Johan Bernhoft Christenson på Halsa, opphavleg frå Fore nedre i Gilleskål, kjend som Johan Bernhoft, og kona Aasele Maria Olsdotter frå Sleipnes og f. i Meløy 12.8.1853.  Christopher og Martha budde som innerstfolk på Halsa i Meløy, men Christopher d. på sjukehuset i Alstahaug alt 27.9.1879. 

 

##### (dato og stad for dødsfallet til Martha?)

 

Martha fekk to born, eitt frå kvart av ekteskapi:

a. Hans Christian Helberg Monsen, f. i Meløy 23.8.1862, d. på Seinesvika i Rødøy 19.1.1921.  Han gifte seg i Meløy 24.7.1891 med Margretha Johanne Pedersdotter, f. på Halsa i Meløy 21.8.1866.  Ho d. på Seinesvika 10.8.1965.  Hans var gardbrukar og fiskar, og han og Margretha budde på Seinesvika i Rødøy.  Dei fekk ni born i lag.

b. Ida Marie Kristine Christophersdotter, f. i Meløy 31.3.1879, d. av tyfus som konditorkone i Svolvær 24.10.1902.  Ida gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hennar?)

 

     med Ole Henrik Hansson Førde frå Nordfjordeid i Eid, f. i Eid 10.9.1873.  Ole var ei tid slaktarlærling, men vart sidan konditor og bakar.  Han og Ida budde i Svolvær i Vågan, men Ole flytte sidan til Hemnes.  Han utvandra til Amerika i 1908 med reisemål Cedar Rapids, Linn Co., Ia., men kom attende etter kort tid og d. som enkjemann i Hemnes 6.12.1913.  

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

                                * dotter, f. Vågan 26.9.1900 – ?Hulda Førde, f. i Hemnes 1901, d. i Bergen 1917)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for god hjelp når det gjeld denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Nummer 33 Ole Henrik Førde

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Hemnes, Klokkerbok nr. 825C08 (1907-1940), Døde og begravede 1913, side 119.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2568&idx_id=2568&uid=ny&idx_side=-63
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050427030218.jpg

 

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000178615

 

 

Nummer 85  Ole Henrik

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Eid, Ministerialbok nr. A 10 (1867-1878), Fødte og døpte 1873, side 69.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8384&idx_id=8384&uid=ny&idx_side=-74
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070302650074.jpg

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Nummer 17 Hulda

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Stiftelsespresten, Ministerialbok nr. A 6 (1908-1920), Døde og begravede 1917, side 141.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=3698&idx_id=3698&uid=ny&idx_side=-150
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060508090299.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for nye interessante innlegg!  Eg er nok ein gong imponert over kva du finn!

 

Eg har no oppdatert manuskriptet i innlegg $8 ovanfor med dei nye opplysningane!

 

Ein ny stor takk for hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Pedersen

Et lite birdrag:

Christen Erichssen var født på Herstad  og døpt 7. juli 1793 i Meløy.  Han døde 10. januar 1851i sitt andre ekteskap - og var bruker av 1 pund 12 mark i Herstad.

Når det gjelder hans første hustru - viet 14. juli 1816 i Meløy - er jeg usikker. Jeg tror hun er innflytter til Meløy - hun var jo i tjeneste på Herstad da de giftet seg. Da Berit Kierstina dør i 1840 blir det opplyst at hun er født ca. 1790. Ser vi på FT-1801 er der en kandidat på Træna, 11 år gammel. I 1809 blir det konfirmert en jente fra nabogården til Herstad, Harfjell - det blir desverre ikke oppgitt hvor gammel hun er, men konfirmanter på 19 år var jo ikke uvanlig. Jeg kan ikke se andre konkrete spor efter denne Berit i Meløy . Fiskere hadde jo - før som nå - så mangt med seg hjem fra fisketur!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten og Terje for nye interessante innlegg!

 

Eg har oppdatert manuskriptet mitt tilsvarande.  Det vert vel ikkje so lett å prova opphavet til Berit Kirstine Johnsdotter, men eg let spørsmålet framleis stå òpe, «just in case»...

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Mons Hermundson, f. 8.11.1836,

Mons Hermandsen flytte til Nordland i 1854 og gifte seg i Meløy 19.10.1862 med Martha Marie Christensdotter frå Herstad i Meløy.  Ho var dotter av gardbrukar Christen Erikson på Herstad og første kona Berit Kirstine Johnsdotter av usikkert opphav

 

##### (opphavet hennar? – frå Træna?)

 

og f. i Meløy 16.5.1836.  Mons var innerst og fiskar, og han og Martha budde på Valla i Meløy.  Men Mons Hermandsen sette livet til i lag med fire andre, medan dei var på fiske i nærleiken av Vardø 20.4.1864, og vart aldri attfunnen.  Enkja Martha gifte seg att i Meløy 28.7.1877 med Christopher Martinus Ellingsen Johanson frå Halsa i Meløy.  Han var son av gardbrukar Johan Bernhoft Christenson på Halsa, opphavleg frå Fore nedre i Gilleskål, kjend som Johan Bernhoft, og kona Aasele Maria Olsdotter frå Sleipnes og f. i Meløy 12.8.1853.  Christopher og Martha budde som innerstfolk på Halsa i Meløy, men Christopher d. på sjukehuset i Alstahaug alt 27.9.1879.  Martha d. som enkje på Leirnes i Rødøy 10.10.1908.  Ho fekk to born, eitt frå kvart av ekteskapi:

a. Hans Christian Helberg Monsen, f. i Meløy 23.8.1862, d. på Seinesvika i Rødøy 19.1.1921.  Han gifte seg i Meløy 24.7.1891 med Margretha Johanne Pedersdotter, f. på Halsa i Meløy 21.8.1866.  Ho d. på Seinesvika 10.8.1965.  Hans var gardbrukar og fiskar, og han og Margretha budde på Seinesvika i Rødøy.  Dei fekk ni born i lag.

b. Ida Marie Kristine Christophersdotter, f. i Meløy 31.3.1879, d. av tyfus som konditorkone i Svolvær 24.10.1902.  Ida gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hennar?)

 

     med Ole Henrik Hansson Førde frå Nordfjordeid i Eid, f. i Eid 10.9.1873.  Ole var ei tid slaktarlærling, men vart sidan konditor og bakar.  Han og Ida budde i Svolvær i Vågan, men Ole flytte sidan til Hemnes.  Han utvandra til Amerika i 1908 med reisemål Cedar Rapids, Linn Co., Ia., men kom attende etter kort tid og d. som enkjemann i Hemnes 6.12.1913. 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * dotter, f. Vågan 26.9.1900 – ?Hulda Førde, f. i Hemnes 1901, d. i Bergen 1917)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne utfordringi frå 2016 der eg framleis «står fast» på nokre detaljar. jmf. manuskriptet i innlegg #14.

 

Let det seg i det heile gjera finna svari på dei attverande spørsmåli?  Eg ville i so fall verta svært so glad og takkar på ny for framifrå bistand med komplettering av denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp
På 3.4.2016 den 20.39, Lars E. Øyane skrev:

##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * dotter, f. Vågan 26.9.1900 – ?Hulda Førde, f. i Hemnes 1901, d. i Bergen 1917)

 

Datteren het Hulda Anette Kristine, f. 26.9.1900: https://media.digitalarkivet.no/view/2867/28

 

Ved dåpen står det "Faderen udmeldt". Men jeg klarer ikke å finne vielsen blant dissentere/borgerlige. Ser at vielsen har vært diskutert tidligere, men da fant de den heller ikke:

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for siste meldingi!

 

Det høyrest ut som om denne vigsli til Ida Marie Kristine og Ole Henrik Førde ikkje skal vera noki enkel sak å løysa, men kansje før eller sidan...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Denne huslyden dukka i dag opp i eit anna emne - sjå innlegg #324 i følgjande tema:

https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=13

 

so eg nyttar høvet til å syna fram eit oppdatert manuskript slik det ser ut hjå meg i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Mons Hermundson {Lingjerde}, f. {i Luster} 8.11.1836,

Mons Hermandsen flytte til Nordland i 1854 og gifte seg i Meløy 19.10.1862 med Martha Marie Christensdotter frå Herstad i Meløy.  Ho var dotter av gardbrukar Christen Erikson på Herstad og første kona Berit Kirstine Johnsdotter av usikkert opphav

 

 

##### (opphavet hennar? – frå Træna?)

 

 

og f. i Meløy 16.5.1836.  Mons var innerst og fiskar, og han og Martha budde på Valla i Meløy.  Men Mons Hermandsen sette livet til i lag med fire andre, medan dei var på fiske i nærleiken av Vardø 20.4.1864, og vart aldri attfunnen.  Enkja Martha gifte seg att i Meløy 28.7.1877 med Christopher Martinus Ellingsen Johanson frå Halsa i Meløy.  Han var son av gardbrukar Johan Bernhoft Christenson på Halsa, opphavleg frå Fore nedre i Gilleskål, kjend som Johan Bernhoft, og kona Aasele Maria Olsdotter frå Sleipnes og f. i Meløy 12.8.1853.  Christopher og Martha budde som innerstfolk på Halsa i Meløy, men Christopher d. på sjukehuset i Alstahaug alt 27.9.1879.  Martha d. som enkje på Leirnes i Rødøy 10.10.1908.  Ho fekk to born, eitt frå kvart av ekteskapi:

a. Hans Christian Helberg Monsen, f. i Meløy 23.8.1862, d. på Seinesvika i Rødøy 19.1.1921.  Han gifte seg i Meløy 24.7.1891 med Margretha Johanne Pedersdotter, f. på Halsa i Meløy 21.8.1866.  Ho d. på Seinesvika 10.8.1965.  Hans var gardbrukar og fiskar, og han og Margretha budde på Seinesvika i Rødøy.  Dei fekk ni born i lag.

b. Ida Marie Kristine Christophersdotter, f. i Meløy 31.3.1879, d. av tyfus som konditorkone i Svolvær 24.10.1902.  Ida gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hennar?)

 

     med Ole Henrik Hansson Førde frå Nordfjordeid i Eid, f. i Eid 10.9.1873.  Ole var ei tid slaktarlærling, men vart sidan konditor og bakar.  Han og Ida budde i Svolvær i Vågan, men Ole flytte sidan til Hemnes.  Han utvandra til Amerika i 1908 med reisemål Cedar Rapids, Linn Co., Ia., men kom attende etter kort tid og d. som enkjemann i Hemnes 6.12.1913.  Ole og Ida fekk ei dotter i lag.

 

     ##### (sjekka at Ida dei ikkje hadde fleire born:

            * Hulda Anette Kristine, f. i Svolvær, Vågan 26.9.1900 – ?Hulda Førde, f. i Hemnes 1901, d. i Bergen 1917)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Kanskje vert det endeleg mogeleg å finna ut av denne vigsli til Ida og Ole Henrik Førde?  Det er tydeleg fleire som ville sett stor pris på det...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.