Gå til innhold
Arkivverket

Henrik Hansson Krogen (1775-1849) - frå Luster til Bergen - gift med Anna Marie - lagnaden til denne huslyden?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som har lege «i dvale» i mange år og som kort var oppe til drøfting i det gamle Brukarforum under tema #9176 (https://forum.arkivverket.no/topic/95101-9176-anna-marie-olsdotter-ei-naal-i-bergens-hoeystakk/?hl=%2Bhenrik+%2Bhansson+%2Bbergen), men utan at det gav noko resultat.

 

Eg har no leitt litt meir etter faktaopplysningar, men utan eigentleg å vera komen so mykje lenger.  Her kjem ein status av manuskriptet mitt pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Henrik Hansson (Krogen), f. i Luster kring 1775,

Henrik H. Krogen flytte til Bergen sist i 1790-åri i samband med verneplikti, og der gifte han seg 11.10.1801 med Anna Marie Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar?)

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli hennar? – 1801: 24 år)

 

Henrik Krogen var

 

##### (yrket? – militær grenader – 1801 losjerande i 18-110, kan henda 1815 huseigar i 23-108!?)

 

og han og Anna vart buande i Bergen

 

##### (Christiesgate?)

 

der Henrik d. i koleraepidemien 14.1.1849.  Anna d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Me kjenner til tre born etter dei:

a. Hans Andreas Henrikson Krogen, f. i Bergen 2.1.1801,

 

     ##### (døypt KK, Bergen 7.1.1801 – «moderen ligger i barselseng hos Niels Lassesen i 15-35» - skal vera 15-31! – lagnaden hans?)

 

b. Martha Karine Henriksdotter Krogen, f. i Bergen 10.3.1802,

 

     ##### (døypt KK, Bergen 14.3.1802 – lagnaden hennar?)

 

c. Ole Andreas Henrikson Krogen, f. i Bergen 8.2.1804,

 

     ##### (døypt KK, Bergen 12.2.1804 – lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det er merkeleg kor «anonym» denne huslyden er.  Eg har sjekka undersøkjingskommisjonen 1804 og finn yngste sonen, tilsynelatande åleine(!): http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=6998&merk=6998#ovre

 

Men denne siste delen av lista frå 1804 synest vera som ei «tilleggsliste»...(?)

 

Når det gjeld Anna Marie Olsdotter, finn eg ho som 24 år gamal i FT1801, men det er minst tre eller fire jenter med dette namnet som er fødde i og kring Bergen på den tidi, og kva for ei det kan vera, er ikkje godt å seia...

 

Eg står ganske so «fast» når det gjeld denne huslyden og vonar no at «nye auge» kan sjå fleire fakta?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ved dåpen til Marthe Carine i 1802 er den en Jon Olsen og en Lars Olsen blant fadderne: 

 

Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. A 6 (1790-1820), Fødte og døpte 1802, side 78. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8676&idx_id=8676&uid=ny&idx_side=-80
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321610522.jpg

 

Ved dåpen til Ole Andreas er Lars Olsen og Niels Olsen faddere:

Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. A 6 (1790-1820), Fødte og døpte 1804, side 91. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8676&idx_id=8676&uid=ny&idx_side=-94
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321610536.jpg

 

Legger for ordens skyld også inn dåpen til Hans Andreas:

 

Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. A 6 (1790-1820), Fødte og døpte 1804, side 91. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8676&idx_id=8676&uid=ny&idx_side=-94
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321610536.jpg

 

Det ser ut som Hans døde 7. mars 1801, 6 uker gammel:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=68320&merk=68320#ovre

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000192015

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye interessante innlegg!

 

Eg søkte òg etter dødsfall for borni, men fann ikkje nokon av dei!  Du er berre fantastisk, Grethe!  Eg hadde nok ein sterk mistanke om at Hans Andreas måtte vera avliden, og no veit me det sikkert!

 

Dette med John, Lars og Nils Olssøner som fadrar for borni kan absolutt vera interessant, men akk so vanskeleg å leita etter...

 

Anna Marie Olsdotter, fødd i Bergen 30.4.1777 av Ole Abelson og Anna Marie Marcusdotter har fleire søsken, mellom anna ein bror John, fødd 20.5.1785, men han er vel i yngste laget til å stå faddar i 1802?  Og ingen søsken Nils eller Lars!

 

Ingen av dei andre Anna Marie Olsdotter fødde i Hordaland med Bergen 1776-1778 har søsken som høver!  I Sogn og Fjordane finst det ikkje nokon Anna Marie Olsdotter fødde i dette tidsrommet!

 

Med omsyn til dødsfallslista for Henrik Hansson Krogen, so står det vel berre «myndige arvinger», og då er me like langt...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Etter meir enn to års «dvale» vil i vbeld gjerne få henta fra att denne kjempeutfcordringi frå 2016.

 

Eg har sjølv i kveld sjekka konfirmantlistene for Krosskyrkja i Bergen frå 1816 til og med 1824, men finn ingen av dei to borni Martha Karine eller Ole Andreas, og ikkje heller finn eg dei i vigselsregisteri for Bergen.

 

Kvar i all verdi kan det ha vorte av dei?  Eg kjem heller ikkje nokon veg med Anna Marie Olsdotter, korkje opphav eller lagnad...

 

Men dersom Henrik var huseigar i 23. rode nr. 108 i 1815, burde pantebøkene kanskje hjelpa oss vidare, hadde dei berre ikkje vore so vanskelege å leita seg fram i...?

 

Her følgjer «for ordens skuld» eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Henrik Hansson {Krogen}, f. {i Luster} kring 1775,

Henrik H. Krogen flytte til Bergen sist i 1790-åri i samband med verneplikti, og der gifte han seg 11.10.1801 med Anna Marie Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar? – kan ho ha brør John, Lars og Nils??)

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli hennar? – 1801: 24 år)

 

Henrik Krogen var

 

##### (yrket? – militær grenader – 1801 losjerande i 18-110, kan henda 1815 huseigar i 23-108!?)

 

og han og Anna vart buande i Bergen

 

##### (Christiesgate?)

 

der Henrik d. i koleraepidemien 14.1.1849.  Anna d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Me kjenner til tre born etter dei:

a. Hans Andreas Henrikson Krogen, f. i Bergen 2.1.1801, vart gravlagd i Bergen 7.3.1801.

b. Martha Karine Henriksdotter Krogen, f. i Bergen 10.3.1802,

 

     ##### (døypt KK, Bergen 14.3.1802 – lagnaden hennar?)

 

c. Ole Andreas Henrikson Krogen, f. i Bergen 8.2.1804,

 

     ##### (døypt KK, Bergen 12.2.1804 – lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 24.3.2016 den 10.17, Lars E. Øyane skrev:

c. Ole Andreas Henrikson Krogen, f. i Bergen 8.2.1804,

 

     ##### (døypt KK, Bergen 12.2.1804 – lagnaden hans?)

 

 

https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000155368

 

Nr. 10 - utflyttet 09.01.1829 til Bergen: avskjediget slave Ole Andreas Henriksen, 26 år: 

Østfold fylke, Fredrikstad i Fredrikstad, Ministerialbok nr. 4 (1816-1834), Utflyttede 1829, Side 606-607
https://media.digitalarkivet.no/view/7451/255

 

https://lokalhistoriewiki.no/Slaveriet_i_Fredrikstad

 

Den Norske Rigstidende 27.05.1830

 

Ole Andreas Henrichsen .jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk, Grethe, for eit imponerande innlegg frå i aftes.  Du har ein eigen evne til å snusa deg fram til slike spennande dokument.

 

So då vart han, som vanleg var på den tidi, for tredje gongs tjuveri dømt til livsvarig fengsel på Bergenhus festning.

 

Men desse oppplysningane reiser fleire interessante utfordringar:

 

** Korleis i all verdi kan han ha hamna i fengselet i Fredrikstad?  Var det kanskje på den kanten av landet at han hadde vore dømt for andre gongs tjuveri (som til vanleg var straffa med tre års fengsel)?  Eller var han kan henda overført dit frå Bergenhus eller ein annan stad?  Av kyrkjeboki ser eg at det var fleire «slavar» som forlét fengselet i Fredrikstad på den tidi, men bortsett ifrå ein som vart sendt til Krisdtiansand, var det ingen av dei andre som hadde heimstaden sin so langt borte!

 

** Eit anna aktuelt spørsmål er kvar det vart av Ole Andreas etter han vart dømt på ny i 1830?  Ein av mine tiptippar vart dømt for same type bròtsverk tidleg på 1840-talet, men etter eit par år på Bergenhus vart han overført til Akershus der han døydde!

 

** Eg ser at det var sorenskrivaren i Nordhordland som var dommar i denne saki.  Kan det tenkjast at Ole Andreas og søsteri hans vart sende til oppfostring «på strilelandet» dersom til dømes mori døydde tidleg??  Den nøyaktige bustaden (oppfostringsstaden) vil vel kanskje gå fram av sakspapiri ved første og andre gongs tjuveri...?

 

Eg vil oppmoda Lars Ove og Ivar til å sjå litt på denne saki.  Kanskje dei kan finna noko meir?

 

Elles takkar eg på ny for framifrå bistand til kanskje endeleg å skaffa hòl på denne «byllen» som ætti til Henrik Hansson Krogen står for!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for eit svært so spennande og interessant innlegg.

 

Eg lyt tilstå eg har vanskar med å verta heilt «klok» på denne karen.  Me får jo her inntrykk av at han har butt på Sørlandet, men truleg lyt me inn i saksdokumenti for å fnna fleire detaljar...?

 

Kanskje søsteri Martha Karine budde på Sørlandet...?  Flytte dei ned i lag?

 

Eg kan berre vona på at det vil dukka opp fleire opplysningar om Ole Andreas, kanskje om lagnaden hans etter 1830, og eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 10 måneder senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne saki som har lege «i dvale» i snart eitt år. Eg oppdagar i kveld at eg ikkje er i stand til å henta fram att vedlegget til Ivar frå innlegg #8, so eg veit ikkje nøyaktig kva som stod der, men det er jo tydeleg at saki hadde noko med Sørlandet å gjera....

 

Elles er jo Martha Karine Henriksdotter (Krogen) framleis som sokki i jordi, og me veit ikkje kva som skjedde med Ole Andreas Henrikson (Krogen) etter at han i 1830 vart dømd til arbeid på livstid på Bergenhus festning!?

 

Kvar er fangeprotokollane for Bergenhus frå 1830-åri??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips i denne saki og vonar at nye opplysningar vil dukka opp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for attgjevingi av saki frå 1825.  Eg hugsar eg las dette då det kom opp første gongen, og eg konkluderte med at Ole Andreas måtte ha vore «undervegs» på Sørlandet.  Men det let seg vel vanskeleg gjera å finna ut nøyaktig KVAR på Sørlandet han var, utan å gå inn i rettsprotokollar frå distriktet.  Ingen fangeprotokollar for området er skanna eller utlagde i Digitalarkivet...

 

Eg har sendt eit spørsmål til Digitalarkivet om saki og vonar Statsarkivet i Kristiansand kan hjelpa vidare...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg har i dag motteke eit skriv frå Statsarkivet i Bergen som mellom anna seier følgjande:

 

«Historie - Slaveriet ved Bergenhus festning 1830-1831


Syner til henvending. Vi har gjort oppslag i Listebog for Capitain Wagtmesteren 1824-1832 i arkivet etter Slaveriet ved Bergenhus festning. Her finn vi Ole Andreas Henrichsen Krogen som innkomen 2. kvartal 1830. Han er også på lista over alle innsatte per 31. desember 1830. Vidare finn vi han på ei liste over slavar som er føreslått flytta til de søndenfjeldske Fæstninger. Han er ikkje på lista over fangar på slaveriet per 31. desember 1831.»

 

Dette tyder på at Ole Andreas må ha vorte flytt til eit anna «slaveri» i året 1831, men til kva for eitt?

 

Eg har elles sett lite vetta på Panteregisteret for Bergen, og finn denne innførsli for 23. rode 108:

 

«Skiøde til Jochum H. Hansen publ. 28.5.1812»: https://media.digitalarkivet.no/view/13155/95?indexing=

 

Denne innførsli gjev ingen assosiasjonar til Henrik Hansson (Krogen), so kanskje er det likevel ein annan person.

 

Eg har no teke for meg konfirmasjonslistene frå Domkyrkja fram til 1821 og Krosskyrkja fram til 1822, men ser ikkje spor etter korkje Martha Karine eller Ole Andreas som konfirmantar, og eg lurer veldig på om dei kanskje miste mor deira svært tidleg og so vart oppalne «på landet».  Det er nemnt i oppslaget frå 1830 at Ole Andreas då først vart dømd i Nordhordland!

 

Eg står ganske so «bom fast» i denne saki, men kanskje er det nokon som ser ei løysing?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Henrik Hansson {Krogen}, f. {i Luster} kring 1775,

Henrik H. Krogen flytte til Bergen sist i 1790-åri i samband med verneplikti, og der gifte han seg 11.10.1801 med Anna Marie Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar? – kan ho ha brør John, Lars og Nils??)

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli hennar? – 1801: 24 år)

 

Henrik Krogen var

 

##### (yrket? – militær grenader – 1801 losjerande i 18-110, kan henda 1815 huseigar i 23-108!?)

 

og han og Anna vart buande i Bergen der Henrik d. i koleraepidemien 14.1.1849.  Anna d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Me kjenner til tre born etter dei:

a. Hans Andreas Henrikson Krogen, f. i Bergen 2.1.1801, vart gravlagd i Bergen 7.3.1801.

b. Martha Karine Henriksdotter Krogen, f. i Bergen 10.3.1802,

 

     ##### (døypt KK, Bergen 14.3.1802 – ikkje konf. DK til 1821 eller KK til 1822 - lagnaden hennar?)

 

c. Ole Andreas Henrikson Krogen, f. i Bergen 8.2.1804,

 

     ##### (døypt KK, Bergen 12.2.1804 – ikkje konf. DK til 1821 eller KK til 1822 - lagnaden hans?)

 

     ##### (Ole Andreas Henrikson Krogen vart i Kristiansand 10.11.1825 dømt for (andre gongs) tjuveri til fire års fengsel i nærmeste festning - sat i Fredrikstad - lauslaten 9.1.1829 og flytt til Bergen - 1830 dømt for tredje gongs tjuveri - vart overført frå Bergenhus i 1831, men KVAR? - sønnafjells!)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å klara opp i denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.