Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Henrik Hansson Krogen (1775-1849) - frå Luster til Bergen - gift med Anna Marie - lagnaden til denne huslyden?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei utfordring som har lege «i dvale» i mange år og som kort var oppe til drøfting i det gamle Brukarforum under tema #9176 (https://forum.arkivverket.no/topic/95101-9176-anna-marie-olsdotter-ei-naal-i-bergens-hoeystakk/?hl=%2Bhenrik+%2Bhansson+%2Bbergen), men utan at det gav noko resultat.

 

Eg har no leitt litt meir etter faktaopplysningar, men utan eigentleg å vera komen so mykje lenger.  Her kjem ein status av manuskriptet mitt pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Henrik Hansson (Krogen), f. i Luster kring 1775,

Henrik H. Krogen flytte til Bergen sist i 1790-åri i samband med verneplikti, og der gifte han seg 11.10.1801 med Anna Marie Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar?)

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli hennar? – 1801: 24 år)

 

Henrik Krogen var

 

##### (yrket? – militær grenader – 1801 losjerande i 18-110, kan henda 1815 huseigar i 23-108!?)

 

og han og Anna vart buande i Bergen

 

##### (Christiesgate?)

 

der Henrik d. i koleraepidemien 14.1.1849.  Anna d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Me kjenner til tre born etter dei:

a. Hans Andreas Henrikson Krogen, f. i Bergen 2.1.1801,

 

     ##### (døypt KK, Bergen 7.1.1801 – «moderen ligger i barselseng hos Niels Lassesen i 15-35» - skal vera 15-31! – lagnaden hans?)

 

b. Martha Karine Henriksdotter Krogen, f. i Bergen 10.3.1802,

 

     ##### (døypt KK, Bergen 14.3.1802 – lagnaden hennar?)

 

c. Ole Andreas Henrikson Krogen, f. i Bergen 8.2.1804,

 

     ##### (døypt KK, Bergen 12.2.1804 – lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det er merkeleg kor «anonym» denne huslyden er.  Eg har sjekka undersøkjingskommisjonen 1804 og finn yngste sonen, tilsynelatande åleine(!): http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=6998&merk=6998#ovre

 

Men denne siste delen av lista frå 1804 synest vera som ei «tilleggsliste»...(?)

 

Når det gjeld Anna Marie Olsdotter, finn eg ho som 24 år gamal i FT1801, men det er minst tre eller fire jenter med dette namnet som er fødde i og kring Bergen på den tidi, og kva for ei det kan vera, er ikkje godt å seia...

 

Eg står ganske so «fast» når det gjeld denne huslyden og vonar no at «nye auge» kan sjå fleire fakta?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Ved dåpen til Marthe Carine i 1802 er den en Jon Olsen og en Lars Olsen blant fadderne: 

 

Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. A 6 (1790-1820), Fødte og døpte 1802, side 78. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8676&idx_id=8676&uid=ny&idx_side=-80
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321610522.jpg

 

Ved dåpen til Ole Andreas er Lars Olsen og Niels Olsen faddere:

Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. A 6 (1790-1820), Fødte og døpte 1804, side 91. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8676&idx_id=8676&uid=ny&idx_side=-94
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321610536.jpg

 

Legger for ordens skyld også inn dåpen til Hans Andreas:

 

Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. A 6 (1790-1820), Fødte og døpte 1804, side 91. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8676&idx_id=8676&uid=ny&idx_side=-94
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321610536.jpg

 

Det ser ut som Hans døde 7. mars 1801, 6 uker gammel:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=68320&merk=68320#ovre

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000192015

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye interessante innlegg!

 

Eg søkte òg etter dødsfall for borni, men fann ikkje nokon av dei!  Du er berre fantastisk, Grethe!  Eg hadde nok ein sterk mistanke om at Hans Andreas måtte vera avliden, og no veit me det sikkert!

 

Dette med John, Lars og Nils Olssøner som fadrar for borni kan absolutt vera interessant, men akk so vanskeleg å leita etter...

 

Anna Marie Olsdotter, fødd i Bergen 30.4.1777 av Ole Abelson og Anna Marie Marcusdotter har fleire søsken, mellom anna ein bror John, fødd 20.5.1785, men han er vel i yngste laget til å stå faddar i 1802?  Og ingen søsken Nils eller Lars!

 

Ingen av dei andre Anna Marie Olsdotter fødde i Hordaland med Bergen 1776-1778 har søsken som høver!  I Sogn og Fjordane finst det ikkje nokon Anna Marie Olsdotter fødde i dette tidsrommet!

 

Med omsyn til dødsfallslista for Henrik Hansson Krogen, so står det vel berre «myndige arvinger», og då er me like langt...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Etter meir enn to års «dvale» vil i vbeld gjerne få henta fra att denne kjempeutfcordringi frå 2016.

 

Eg har sjølv i kveld sjekka konfirmantlistene for Krosskyrkja i Bergen frå 1816 til og med 1824, men finn ingen av dei to borni Martha Karine eller Ole Andreas, og ikkje heller finn eg dei i vigselsregisteri for Bergen.

 

Kvar i all verdi kan det ha vorte av dei?  Eg kjem heller ikkje nokon veg med Anna Marie Olsdotter, korkje opphav eller lagnad...

 

Men dersom Henrik var huseigar i 23. rode nr. 108 i 1815, burde pantebøkene kanskje hjelpa oss vidare, hadde dei berre ikkje vore so vanskelege å leita seg fram i...?

 

Her følgjer «for ordens skuld» eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Henrik Hansson {Krogen}, f. {i Luster} kring 1775,

Henrik H. Krogen flytte til Bergen sist i 1790-åri i samband med verneplikti, og der gifte han seg 11.10.1801 med Anna Marie Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar? – kan ho ha brør John, Lars og Nils??)

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli hennar? – 1801: 24 år)

 

Henrik Krogen var

 

##### (yrket? – militær grenader – 1801 losjerande i 18-110, kan henda 1815 huseigar i 23-108!?)

 

og han og Anna vart buande i Bergen

 

##### (Christiesgate?)

 

der Henrik d. i koleraepidemien 14.1.1849.  Anna d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Me kjenner til tre born etter dei:

a. Hans Andreas Henrikson Krogen, f. i Bergen 2.1.1801, vart gravlagd i Bergen 7.3.1801.

b. Martha Karine Henriksdotter Krogen, f. i Bergen 10.3.1802,

 

     ##### (døypt KK, Bergen 14.3.1802 – lagnaden hennar?)

 

c. Ole Andreas Henrikson Krogen, f. i Bergen 8.2.1804,

 

     ##### (døypt KK, Bergen 12.2.1804 – lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
På 24.3.2016 den 10.17, Lars E. Øyane skrev:

c. Ole Andreas Henrikson Krogen, f. i Bergen 8.2.1804,

 

     ##### (døypt KK, Bergen 12.2.1804 – lagnaden hans?)

 

 

https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000155368

 

Nr. 10 - utflyttet 09.01.1829 til Bergen: avskjediget slave Ole Andreas Henriksen, 26 år: 

Østfold fylke, Fredrikstad i Fredrikstad, Ministerialbok nr. 4 (1816-1834), Utflyttede 1829, Side 606-607
https://media.digitalarkivet.no/view/7451/255

 

https://lokalhistoriewiki.no/Slaveriet_i_Fredrikstad

 

Den Norske Rigstidende 27.05.1830

 

Ole Andreas Henrichsen .jpg

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Grethe, for eit imponerande innlegg frå i aftes.  Du har ein eigen evne til å snusa deg fram til slike spennande dokument.

 

So då vart han, som vanleg var på den tidi, for tredje gongs tjuveri dømt til livsvarig fengsel på Bergenhus festning.

 

Men desse oppplysningane reiser fleire interessante utfordringar:

 

** Korleis i all verdi kan han ha hamna i fengselet i Fredrikstad?  Var det kanskje på den kanten av landet at han hadde vore dømt for andre gongs tjuveri (som til vanleg var straffa med tre års fengsel)?  Eller var han kan henda overført dit frå Bergenhus eller ein annan stad?  Av kyrkjeboki ser eg at det var fleire «slavar» som forlét fengselet i Fredrikstad på den tidi, men bortsett ifrå ein som vart sendt til Krisdtiansand, var det ingen av dei andre som hadde heimstaden sin so langt borte!

 

** Eit anna aktuelt spørsmål er kvar det vart av Ole Andreas etter han vart dømt på ny i 1830?  Ein av mine tiptippar vart dømt for same type bròtsverk tidleg på 1840-talet, men etter eit par år på Bergenhus vart han overført til Akershus der han døydde!

 

** Eg ser at det var sorenskrivaren i Nordhordland som var dommar i denne saki.  Kan det tenkjast at Ole Andreas og søsteri hans vart sende til oppfostring «på strilelandet» dersom til dømes mori døydde tidleg??  Den nøyaktige bustaden (oppfostringsstaden) vil vel kanskje gå fram av sakspapiri ved første og andre gongs tjuveri...?

 

Eg vil oppmoda Lars Ove og Ivar til å sjå litt på denne saki.  Kanskje dei kan finna noko meir?

 

Elles takkar eg på ny for framifrå bistand til kanskje endeleg å skaffa hòl på denne «byllen» som ætti til Henrik Hansson Krogen står for!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe

1825 samme avis

image.png.26818a4fc6a590e62a79fd008f0cbcab.png

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for eit svært so spennande og interessant innlegg.

 

Eg lyt tilstå eg har vanskar med å verta heilt «klok» på denne karen.  Me får jo her inntrykk av at han har butt på Sørlandet, men truleg lyt me inn i saksdokumenti for å fnna fleire detaljar...?

 

Kanskje søsteri Martha Karine budde på Sørlandet...?  Flytte dei ned i lag?

 

Eg kan berre vona på at det vil dukka opp fleire opplysningar om Ole Andreas, kanskje om lagnaden hans etter 1830, og eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.