Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Gjertrud Andrea (1861) og Jacob Edvard (1877) Helkvist - søsken frå Sogndal som «forsvinn» til Amerika, men kvar vart det av dei der borte?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Den svenske bøkkaren Carl Erik, til dagleg kjend som Erik HELKVIST (1814-1892) kom kring 1850 til Sogndal og gifte seg der i 1851 med Bertha Jacobsdotter, kjend som «Flinte-Bertha» frå Kroken i Luster (1832-1897).  Dei fekk elleve born i lag; av dei utvandra sju til Amerika, fem døtrer til Chicago, IL (ei av dei vidare til Oregon og ei til Minnesota, og ogso mori utvandra til Chicago, IL og døydde der etter at Carl Erik døydde som legdelem i Sogndalsfjøra!

 

Dei som utvandra, synest alle å ha kalla seg Helkvist, bortsett ifrå ei søster som nytta Carlson som jentenamn då ho gifte seg!

 

Etter dette sit me att med to «problemborn»:

 

* Gjertrud Andrea Helkvist (Carlson eller Erickson?), fødd i Sogndal 10.1.1861, utvandra ugift i 1888

 

* Jacob Edvard Helkvist (Carlson eller Erickson?), fødd i Sogndal 24.12.1877, utvandra ugift i 1893

 

Då søsteri Johanna (Smith) døydde i Oregon i 1938, vart alle dei dålevande søskeni ramsa opp i obituarien hennar, men Jacob og Gjertrud var tydeleg avlidne før.  Dei hadde likevel tid nok til å verta både gifte og sikra etterslekti!

 

Kvar vart det so av dei to?  Reiste dei òg til Chicago, IL?  Reiste dei vidare ein annan stad?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Jacob i Census 1900 https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:M9QZ-8B7

Name  Jacob Hodquist
Event Type  Census
Event Year  1900
Event Place  Hazel Run & Minnesota Falls Townships, Yellow Medicine, Minnesota, United States
Gender  Male
Age  23
Marital Status  Single
Race  White
Race (Original)  W
Relationship to Head of Household  Servant
Relationship to Head of Household (Original)  Servant
Birth Date  Dec 1877
Birthplace  Norway
Immigration Year  1892
Father's Birthplace  Norway
Mother's Birthplace  Norway

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg er imponert!  Hjarteleg takk til Lars J. for eit skikkeleg overraskande innlegg!

 

Dette er «vår» mann, og han budde i 1900 like i nærleiken av søsteri Elisabeth Marie (1873-1945) som var gift med Salomon Mickelson (1846-1906).  Dei farma i Friendship township, Yellow Medicine Co., MN, men flytte i 1905 til ein «homestead» nær Dakota Siding, MB!  Ho vart enkje året etter og flytte då attende til Hazel Run, MN

 

Kan Jacob ha følgt søsteri og svogeren i 1905 til Manitoba?  Ikkje godt å seia...

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi so langt.  Eg held fingri vel krossa for fleire spennande funn!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Om eg var imponert i morges, so er eg minst like imponert no!  Hjarteleg takk til Sven for eit utruleg spennande funn av Gjertrud Andrea Helkvist og huslyden hennar.  Og ikkje berre det; vedkommande som har sett opp familietreet på ancestry.com, har forska mykje på denne Helkvist-ætti, sjølv om ikkje alt synest å stemma heilt...

 

For å ta Gjertrud Andrea, so har eg no sett opp eit oppdatert manuskript for ho, som ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Gjertrud Andrea Eriksdotter Helkvist, kjend som Gertrude Carlson, f. i Sogndal 10.1.1861, utvandra til Amerika i 1888 og gifte seg i Vancouver, Wash. 5.4.1890 med August Sprick frå

 

     ##### (family tree seier August Heinrich Sprick, f. i Örlinghausen, Lippe i Nordrhein-Westphalen 11.4.1851, men ifølgje FamilySearch døydde han 14.4.1851 – foreldri: Johann Berend Sprick og kona Hanne Katharine Obermeyer)

 

     Han var f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hans? - fødselsår 1854 både i 1900 og i 1910!)

 

     .4.1854, men utvandra til Amerika i

 

     ##### (utvandringsåret hans? – 1877? – 1900/1910: 1882 – 1930: 1879!)

 

     August og Gertrude slo seg ned som farmarar i Preston township, Clark Co., Wash., men flytte først på 1920-talet som pensjonistar til Portland, Ore. der Gertrude d. 20.9.1926.  August Sprick d.

 

     ##### (exact date and place of his death? – buried Lincoln Memorial Park, Portland, OR!)

 

     1937.  Dei fekk sju born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Som de ser, stolar eg ikkje heilt på dette familietreet når det gjeld opphavet i Tyskland til August Sprick.  Han er jo oppgjeven vera avliden berre tre dagar gamal!  Elles ser det ut til å vera fleire personar med namn August Sprick som alle kjem frå «Landkreis» Lippe og som attpåtil er fødde om lag på same tid! 

 

Det er forresten merkeleg at kyrkjegarden har dødsår på August i 1937.  Han er ikkje registrert avliden i Oregon, og heller ikkje i Washington, med mindre namnet er feilstava...  Hmm, ikkje so lett dette...  Kanskje ein obituary kan finnast?  Uansett vil eg freista kontakta Lincoln Memorial!

 

Forfattaren av dette familietreet, som tydeleg ættar frå Johanna Helkvist Smith, har ikkje finne ut kvar det vart av Jacob Edvard Helkvist.  Kanskje fór han til Manitoba, som eg har gissa på ovanfor?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips når det gjeld denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vart for nokre dagar sidan merksam på eit dødsfall i Chicago, IL for ein Jacob Erickson som KUNNE høve med den me leiter etter.

 

Eg har i kveld motteke ein kopi av dødsattesten hans, som syner:

 

Jacob Erickson, single coachman, 23 years and 3 months, died in Chicago, IL July 1, 1901,

            residing on 202 N. Carpenter street, buried Mt. Olive

 

Me veit at «vår» Jacob Helkvist var fødd i Sogndal 24.12.1877, so Jacob i Chicago, IL har eit avvik i alder på om lag tre månader, og det er etter mitt syn litt for mykje...

 

Då lyt me truleg leita meir i Yellow Medicine Co., MN...!?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne sakna vetlebroren Jacob Edvard Helkvist

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.