Gå til innhold
Arkivverket

Carl Erik Nilsson Helquist (1814-1892) og første ekteskapet hans i Norrköping, Sverige med Christina Maria Lindquist (1814-1842)?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Carl Erik Nilsson Helquist, sidan kjend som Erik Helkvist, var fødd i Norrköping, Sverige 20.2.1814 som son av Nils Peter (Nilsson) Helquist og kona Cathrina Pehrsson.

 

Som enkjemann kom Carl Erik som bøkkar kring 1850 til Sogndal der han gifte seg att med ei jente frå Luster og fekk elleve born med ho før han døydde som legdelem i Sogndal 6.5.1892.

 

No har det på eit familietre hjå ancestry.com dukka opp opplysningar om første ekteskapet hans i Norrköping, og desse opplysningane er eg interessert i å sjekka og eventuelt «utdjupa»:

 

Første kona skal ha vore Christina Maria Lindquist, oppgjevi fødd i Norrköping 6.4.1814 og avlidi same stad 4.1.1842.  Dei må ha gift seg kring 1836 og fekk to døtrer i lag:

 

* Maria Charlotta Helquist, fødd i St. Olai, Norrköping 1.4.1837, døydde same stad 22.6.1838

 

* Erica Christina Helquist, fødd i St. Olai, Norrköping 14.5.1839, lagnad ukjend

 

Eg er interessert i å få sjekka desse namni og datoane og har dessutan følgjande spørsmål:

 

** Dato og stad for vigsli til Carl Erik Helquist og Christina Maria Lindquist?

 

** Kva yrke er notert på Carl Erik Helquist, medan han budde i Norrköping?

 

** Står det noko om kva tid Carl Erik Helquist forlot Norrköping og kvar han fór?

 

** Kva var dei fulle namni på foreldri til Christina Maria Lindquist, kva yrke hadde faren og kvar var dei fødde?

 

** Kva var yrket til far hans Carl Erik Helquist, og kvar var han og Cathrina fødde?

 

** So til sist, finst det opplysningar om lagnaden til Erica Christina Helquist, fødd 14.5.1839?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Carl Eric Hellquist ble viet med Christina Maria Lindquist 24. juli 1836 i St. Olai, Norrköping.

 

AID:v39420.b228.s447

post-3741-0-76127700-1459000228_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra Sveriges Dödbok 1901-2013:

 

18390514

Hellqvist, Erika Kristina

Fattighuset

Död 18/8 1917.

Kyrkobokförd i Skönberga (Östergötlands län, Östergötland).

Född 14/5 1839 i Norrköpings Sankt Johannes (Östergötlands län, Östergötland).

Ogift kvinna.
--------------
Motsvarande folkbokföringsförsamling(ar) 1/1 2014:
Söderköping Sankt Anna, Söderköpings kn (Östergötlands län, Östergötland)

Födelseförsamling i källan:
Norrköpings Sankt Johannes (Östergötlands län)

Källor:
DB, FS
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for interessante og nyttige innlegg!

 

Då er både det første og det siste spørsmålet forsovidt løyste!  Eg reknar med det ikkje er so mykje å tilføya med omsyn til Erika Kristina Hellqvist - eventuelt kva yrke ho hadde eller kvar ho budde?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne svenske huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Christina Maria Lindquist ble født 26. april, døpt 27 april  1814 i St. Olai Norrköping av foreldrene skreddergesell Peter Lindquist og Christina Höglund.

Erica Christina ble født 14. mai, døpt 19. mai 1839 i St. Olai Norrköping. Yrket til faren er vanskelig å lese pga svak skrift, men det ser ut som det starter med

tunn....

 

AID:v39420.b145.s281

post-3741-0-39037200-1459023051_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Carl Eric Hellquist flytter fra Norrköping 30.mars 1842, men klarer ikke å lese hvor han flytter. Linje 3 fra toppen

 

AID:v39407.b36.s65

post-3741-0-89404500-1459023670_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for nye interessante innlegg!

 

Men det er då svært so vanskeleg denne skrifti skal vera...  Eg greier heller ikkje å tyda det som står der..., men spennande er det uansett å vita at Carl Erik flytte frå Norrköping alt i 1842!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne svenske huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.