Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Maria Bottolfsdotter Dale, fødd Luster 1867 - enkje i Sogndal 1920 med to søner - lagnaden hennar og til yngstesonen Bertin Eriksen/Helkvist?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har stått fast på denne saki i mange år, men kan henda er det no på tide å freista finna ut av dette?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Maria Bottolfsdotter Dale, var f. i Luster 24.12.1867.

Maria Bottolfsdotter flytte i 1890‑åri til Sogndalsfjøra i Sogndal, og der gifte ho seg 23.12.1895 med søskenbarnet Nils Peder Erikson Helkvist, son av husmannsdotteri Bertha Jacobsdotter frå Teigen under Kroken (1832‑1897) og f. i Sogndal 13.6.1858.  Nils Helkvist var salmakar, og han og Maria busette seg i Sogndalsfjøra i Sogndal der Nils d. som legdelem 27.2.1920. 

 

##### (Nils kalla seg for Eriksen ved dødsfallet!! – seinare lagnad for Maria? – må vera fari frå Sogndal!!)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Maria og Nils fekk ein son i lag, men Maria hadde òg ein son frå før:

a. Kristian Ingvaldson Dahle, son av Maria og skomakar og husmannsson Ingvald Larsson frå Stegane under Åsen (1874-1902), var f. i Luster 23.9.1891 og d. i Bergen 7.4.1960.  Kristian gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans? – truleg Haugesund kring 1918? - eldste son Marius var fødd i Haugesund 3.7.1919!)

 

     med Svanhild Nathalie Olsdotter Hansen frå Hatteberg, Fana prestegard i Fana, f. i Fana 21.5.1896.  Ho d. i Stavern, Brunlanes 19.2.1975.  Kristian Dahle flytte kring 1908 til Christiania der han tok utdanning til møbelsnikkar og sidan til fiolinmakar.  Han og Svanhild budde nokre år i Haugesund, men flytte i 1924 til Bergen og budde sidan der.  Dei fekk to søner i lag.

b. Bertin Nilsson Helkvist, f. i Luster 24.9.1894,

 

     ##### (n. 1900 – seinare lagnad? – broren Kristian søkte ein eller annan gjennom Frelsearméen kring 1950 som var utvandra til Amerika eller Canada – truleg var det Bertin!?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

For mange år sidan hadde eg kontakt med yngste sonen til Kristian, og han var det som fortalte meg om denne «leiteaksjonen» gjennom Frelsearméen.  Sjølv hadde han ingen opplysningar om kvar det hadde vorte av bestemori Maria!

 

Merkeleg nok kan eg ikkje finna spor etter denne huslyden i FT1910!

 

Eg kan elles leggja til at Maria hadde ei søster Severina Vik, fødd 1874, som vart gift med ein bakar i Sauda og døydde der kring 1955.  Mor deira, Kari Jacobsdotter, hadde dei to jentene utanfor ekteskap før ho sjølv utvandra til Amerika og stifta familie der!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Nummer 113

 

Kildeinformasjon: Rogaland fylke, Haugesund i Haugesund, Klokkerbok nr. B 10 (1920-1931), Ekteviede 1923, side 41.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4423&idx_id=4423&uid=ny&idx_side=-42
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060614010042.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for nytt verdifullt innlegg!

 

Då er vigsli komi «på plass»!

 

Eg takkar på ny for kva som kan finnast om mori Maria og broren Bertin!  Og kanskje finn noko dei i 1910?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Legger for ordens skyld inn dødsfallet til Nils Peter Eriksen Hellkvist:

 

Sogn og Fjordane fylke, Stedje i Sogndal, Klokkerbok nr. A 2 (1908-1924), Døde og begravede 1920, side 234. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5269&idx_id=5269&uid=ny&idx_side=-182
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060817010070.jpg

 

Finnes det ingen dødsmelding på Nils som sier noe mer om eventuelle etterlatte?

 

Jeg har lett etter konfirmasjonene til Kristian og Bertin, men i 1900 står det udtraat, int. sam på faren Nils Helkvist. Kanskje det forklarer at jeg ikke finner guttene i konfirmantlistene. Men Maria og guttene tilhører statskirken i 1900....!

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Rogaland fylke, Haugesund i Haugesund, Fødselsregister nr. 1 (1916-1919), Fødte og døpte 1919, side 193. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1772&idx_id=1772&uid=ny&idx_side=-197
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050901061037.jpg

 

 

1306707 Marius  Dahle  0307  1919  0708  1998      m  R 30  8  26  Farvell far Takk for alt  Vis Solheim Bergen

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye innlegg!

 

Dødsmeldingi etter Nils Peter Helkvist vart undersøkt for fleire år sidan, utan resultat.  Han var jo «fattiglem»...

 

Men merkeleg er det at me ikkje kan finna huslyden i FT1910!  Der skulle jo òg dissentarar vera medkomne...  Kan dei (mellombels) ha butt utanfor Sogndal?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og innspel!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Vivian Sandven

Hei! Jeg har muligens ny informasjon vedrørende Nils Helkvist (Eriksen)

 

Min oldemor Sofie Jensen (født Helkvist) var født i Sogndalfjæra i Sogn og Fjordane. Moren hennes Birthe Ølmheim døde når hun var 4 år gammel og hun vart oppdratt av slektninger på morssiden. Far hennes heiter Nils Hellvist og var salmaker av yrke. Det vart sagt at han døde når hun var 6 år gammel, men vi vet svært lite om han. Det står at han var født i 1858.

 

Jeg har prøvd å nøste opp i den delen av slekta, siden det er svært lite vi vet om den. Jeg snublet over denne tråden, og lurte på om Nils Helkvist som du har skrevet om er den samme personen? Jeg har forstått att Helkvist ikke var ett vanlig etternavn i Sogn og Fjordane og at den stammer fra Sverige. Jeg antar derfor at Sofie Hellkvist (min oldemor) var muligens eit resultat av eit utenomekteskapelig forhold med Nils Helkvist og Birte Ølmheim?

 

Jeg blir veldig takknemlig for alle svar! Og hvis noen ønsker dokumentasjon på Sofie og hennes slekt, send gjerne ein privat melding!

 

Mvh Vivian

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Vivian for eit spennande innlegg!

 

Det kan ikkje herska mykje tvil om at me talar om den same Nils Helkvist.  Du skriv ikkje kva år oldemori di er fødd, men foreldri hennar var nok ikkje gifte, og Nils levde heilt fram til 1920.

 

Eg har ikkje finne svar på fleire av dei spørsmåli som stod òpne i mars ifjor (jmf. innlegg #1).  Kvar det vart av enkja etter Nils Helkvist er soleis framleis eit stort «mysterium», men då Nils døydde i 1920, budde eldste son hennar i Christiania eller kan henda i Haugesund.  Sidan busette han seg i Bergen.  Hin sonen Bertin var tydeleg forsvunnen!  Då Nils Helkvist døydde i 1920, kalla han seg Nils Eriksen, og dersom enkja hans òg skreiv seg for Eriksen, er det nesten som å leita etter «nåli i høystakken»...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips som kan løysa denne «floken», og fleire detaljar om Sofie Hellkvist vil likeins vera av interesse...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Til Vivian.

Fint om du kan bruke fullt navn som visningsnavn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Klokkerboken

Faren til Sofie står som Nils Karlsen Helkvist.

Nr 10

https://media.digitalarkivet.no/view/6928/33

 

----

 

Ser av dette temaet at far til Nils Peter Eriksen Helkvist, f.13.6.1858,var Carl Erik Helquist f.1815 Luleå Sverige.

 

 

 

 

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for framhenting av opplysningar om denne dotteri etter Nils Erikson Helkvist.  Sofie vert soleis ei HALVSØSTER av Bertin Nilsson Helkvist, fødd i Luster 24.9.1894, berre eit par månadar etter Sofie, men eg tviler på om dei nokon gong visste om kvarandre, eller???

 

Det står framleis som ei stor «gåte» kvar det vart av Bertin, og er sikker på at ogso Vivian ville verta glad om me greidde finna ut av det!

 

Eg er sjølvsagt òg interessert i å finna lagnaden til mor hans Bertin, Maria Bottolfsdotter, fødd i Luster 24.12.1867...  Ein eller annan stad der ute MÅ dei jo vera, men eg reknar med det var Bertin som vart etterlyst gjennom Frelsearméen.  Kanskje finst han i det minste på ei passasjerliste???

 

Eg takkar på ny for alle gode tips når det gjeld lagnadane til Bertin og mori Maria!l

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Vivian Sandven

Hei igjen!

Jeg har muligens funnet ny informasjon vedrørende Marie Bottolfsdatter Helkvist. Min oldemor Sofie Jensen (Nilsdatter) vart født 16 Juli 1894, kun to måneder før Bertin. Jeg tviler på at de viste om hverandre, jeg tror faktisk ikke at min oldemor kjente far sin i det hele tatt. Hennes mor heitte Birte Ølmheim og døde i 1898, så min oldemor vart oppdratt av søsteren til Birte, Kristi Olsdatter.

 

Mor til Marie Helkvist var enke etter Botolf Christensen, som hun har tre døtre med. Marie, Mari og Severina. Senere giftet hun seg med Halvor Olsen som hun har 8 barn med. Etter hans død immigrerte hun til Minnesota i USA rundt 1902 med barna sine. Også søsteren til Nils Helkvist, Elisabeth Marie Hellvist immigrerte til Minnesota i 1892 og giftet seg der. Men det jeg lurer på er hvordan Nils og Marie er søskenbarn? Er det noen som har navn? Jeg har ikke funnet Bertin eller Marie i registrene, men jeg tror det er stor sannsynlighet for at hun skiftet navn og flyttet til Minnesota sammen med mor sin og søsken!

 

Håper jeg har kunnet bidra med litt informasjon.

 

Mvh Vivian 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum
4 minutter siden, Vivian skrev:

Hei igjen!

Jeg har muligens funnet ny informasjon vedrørende Marie Bottolfsdatter Helkvist. Min oldemor Sofie Jensen (Nilsdatter) vart født 16 Juli 1894, kun to måneder før Bertin. Jeg tviler på at de viste om hverandre, jeg tror faktisk ikke at min oldemor kjente far sin i det hele tatt. Hennes mor heitte Birte Ølmheim og døde i 1898, så min oldemor vart oppdratt av søsteren til Birte, Kristi Olsdatter.

 

Mor til Marie Helkvist var enke etter Botolf Christensen, som hun har tre døtre med. Marie, Mari og Severina. Senere giftet hun seg med Halvor Olsen som hun har 8 barn med. Etter hans død immigrerte hun til Minnesota i USA rundt 1902 med barna sine. Også søsteren til Nils Helkvist, Elisabeth Marie Hellvist immigrerte til Minnesota i 1892 og giftet seg der. Men det jeg lurer på er hvordan Nils og Marie er søskenbarn? Er det noen som har navn? Jeg har ikke funnet Bertin eller Marie i registrene, men jeg tror det er stor sannsynlighet for at hun skiftet navn og flyttet til Minnesota sammen med mor sin og søsken!

 

Håper jeg har kunnet bidra med litt informasjon.

 

Mvh Vivian 

 

Ang anmodningen i  #10

 

Håper du nå kan endre til fullt navn som visningsnavn istedet for Vivian

 

https://www.digitalarkivet.no/content/181/endre-visningsnavn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Vivian Sandven

Beklager! Nå har jeg ordnet det

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Vivian for nytt innlegg om denne huslyden!

 

Eg trur det kan vera naudsynt med litt «oppklaring» i denne huslyden:

 

For det første, Maria Bottolfsdotter og Nils Peder Helkvist var søskenborn gjennom mødrene:

 

* Bertha Jacobsdotter «Flinte-Berta» (1832-1897) var mor til Nils Peder Helkvist, medan

 

* Kari Jacobsdotter «Flinte-Kari» (1848-1914) var mor til Maria Bottolfsdotter.

 

Søstrene var fødde og oppvaksne på plassen Teigen under garden Kroken (indre) i Luster.

 

«Flinte-Berta» og mannen Carl Erik Helkvist, som hadde to døtrer frå eit tidlegare ekteskap i Norrköping i Sverige, budde i Sogndalsfjøra og fekk elleve born i lag; ei dotter døydde som barn, ei dotter budde i Sogndal og ei dotter budde i Gudvangen.  So var det Nils Peder som døydde i Sogndal i 1920.  Dei øvrige sju borni utvandra alle til Amerika og har til dels stor etterslekt der borte!

 

«Flinte-Kari» var berre gift den eine gongen med Halvor Olson Dale (1840-1892), og dei budde på ein husmannsplass i Bringebakken under Dale prestegard i Luster til Kari i 1896 utvandra til Amerika.  Ho hadde fem born med Halvor, men ei dotter døydde som barn.  Dei øvrige utvandra til Amerika og har stor etterslekt.  Dei nytta namnet Halvorson i Amerika!

 

«Flinte-Kari» hadde òg to born før ho vart gift.  Bottolf Christenson Høyum (1847-1926) var far til Maria, medan Rasmus Rolfson Tveite på Vossestrand (1835-    ) var far til Severina.  Severina voks opp hjå far sin, men vart sidan gift og busett i Sauda.

 

Det er ein svært so interessant tanke at Maria Bottolfsdotter kan ha utvandra til Amerika.  Me veit at mannen Nils Peder Helkvist døydde som legdelem i Sogndalsfjøra i 1920, men eg har alltid forundra meg over at korkje Nils Peder Helkvist eller kona Maria har vore å finna i FT1910.  Heller ikkje sonen Bertin!  Kan dei alle ha vore i Amerika på den tidi??  I so fall må Nils Peder vera komen attende, sidan han døydde i Sogndal!!

 

No veit me at eldste sonen til Maria, Kristian Ingvaldson Dahle (1891-1960), alt kring 1908 flytte til Christiania der han tok utdanning som møbelsnikkar og sidan som fiolinmakar.  Han vart gift og fekk to søner.  Den yngste av sønene fortalte meg for mange år sidan at faren kring 1950 hadde kontakta Frelsesarméen for å finna att ein eller annan slektning i Amerika.  Me har alltid trutt det var halvbroren Bertin, men kanskje var det mor si han leitte etter?  Kanskje Frelsesarméen veit meir om dette?

 

For ordens skuld, om nokon ønskjer søkja etter desse i passasjerlister til Amerika (mellom 1900 og 1910), so var dei fødde:

 

Nils Peder (Erikson) Helkvist, fødd i Sogndal 13.6.1858

Maria Bottolfsdotter, kona hans, fødd i Luster 24.12.1867

Bertin Nilsson, son deira, fødd i Luster 14.9.1894

 

Bertin vart IKKJE konfirmert i Sogndal!

 

Eg takkar igjen for alle gode tips om lagnadane til Maria og huslyden hennar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.